Jan 2, 2011

Veka som har gått - 52

Vi er akkurat ferdig med den store oppsummeringsveka, veka kor alle medier oppsummerer fjoråret. Kuturåret blir oppsummert denne veka. Dagbladet oppsummerer året som har gått, kulturåret 2010 står til ein 2´ar, medan Aftenposten ber oss stemme på sin favoritt. Også årets beste bøker blir presenterte, og i Aftenposten forsøker Åmås å trekke fram alternativ til dei norske bøkene og peikar på tidsskrifta og magasina. Og Åmås har rett, vi gløymer ofte desse, når vi snakkar om kva som er verdt å lese. Fleire av kritikarane i både Aftenposten og Morgenbladet trekk fram innsatsen til Pedro Carmona-Alvarez og Gunnar Wærness ved samlinga, oversettinga og utvelginga av 34 poetar frå 25 land i antologien Verden finnes ikke på kartet, ein antologi som står høgt på ønskelista mi. Dagsavisen si liste er vel den som, så vidt eg ser, har eit størst særpreg i valet av titlar. Også her finn vi sjølvsagt Beate Grimsrud, Gaute Heivoll, Jonathan Franzen og Tore Rem, men dei har også fleire forfattarnamn og titlar som har fått mindre plass i den store diskusjonen i året som har gått. Det er likevel ingen av dei norske avisene som slår The New York Times liste over 100 notable books of 2010. Dette er verkeleg rett webside, for dei som vil oppdage nye forfattarskap og hente leseinspirasjon.

Under overskrifta Lurte 100 000 nordmenn... avslører Dagbladet omsider at bloggen "Flinke piker", som blant anna har fått mykje merksemd av kronprinsparet er ein bløff. Jentene Linnea, Chantal og Emma er oppdikta, og det er ein anonym skribent som står bak bloggen. Men er det unikt at akkurat denne bloggen ikkje er skrivne av desse tre? Er ikkje blogging ei form for gestalting av eit offentleg eg, også blant oss som utgir oss for å vere oss sjølve?

Aftenposten startar ein ny språkserie. Dette er eit svært godt initiativ, som det blir spennande å følgje. Her er det spennande artiklar om utviklinga av nyord, språkutviklinga i Oslo-Øst, bruk av engelsk, dialektar og nynorskens status. Det kjem ikkje klart fram om det er desse fem oppslaga, eller om det kjem fleire i same serien. Sjølv liker eg å lese om språk i avisene, og håper heilt klart på det siste.

Orhan Pamuk skreiv eit essay i bloggen til The New York Review of Books den 25. desember, med tittelen The Fading Dream of Europe. Dette godt skrivne essayet presenterer det tyrkiske synet på Europa, først som "the rosy land of legend" og korleis dette draumelandet har utvikla seg til å bli ein Europeisk Union i forvirring og full av indre problem. Pamuk spør om ikkje Europa burde vende blikket bort frå flyktningeproblematikken og heller sjå innover, for å beskytte seg sjølv og sin kultur: "But if Europe is to protect itself, would it be better for it to turn inward, or should it perhaps remember its fundamental values, which once made it the center of gravity for all the world’s intellectuals?" Eit essay til ettertanke, som er vel verdt å lese.

6 comments:

Anonymous said...

Fantastisk! Kan ikke du ha noen sånne oppsummerende poster titt og ofte? Gjerne en i uka. Oppsummere globale kulturelle begivenheter en gang i uka. Mmmm....hadde vært fint.

Bai said...

Jo, eg tenkte eg skulle ha det som mål å komme med ein slik post i veka. Eg har lenge lese Petter Malmberg si spalte "åtte länkar en lördag" (http://buttertarordet.blogspot.com/ og leika litt med ideen om å gjere noko liknande sjølv. Nå er planen å samle lenkar og notere litt, medan eg surfer og les nettaviser, og poste desse notatane i løpet av helga.

Så kjekt at du likte innlegget.

Ugla said...

Du poster jo fortere enn jeg rekker å henge med på nå ;-D
Sånt liker vi!
Lister og oppsummeringer er bra, da slipper jeg å lete selv.

torbjørn hauken said...

Skal si du har fått overskudd etter de bloggfrie månedene, og det kan du jo trenge med alt du drar i gang for tiden! Ikke misforstå, jeg synes du alltid er verd å lese,, og gleder meg selv spesielt over at du relanserer 'lyrikk på en søndag'! Stå på!!

Bai said...

Ugla og Torbjørn: Det kjem sikkert til å roe seg litt, så snart eg kjem i gang med å jobbe igjen. Men plutseleg var alle ideane tilbake, og då er det ingenting som er betre enn å bare bruke dei.

Hanneles bok-paradis said...

Nya ord är alltid spännande, språket förändras hela tiden.