Jan 23, 2011

Smakebit på en søndag - 3


Dagens smakebit på ein søndag er henta frå boka Mellom oss av Ruth Lillegraven som eg les nå om dei vanskelege relasjonane mellom menneske:

Så var mora der også, står i gangen i stor pels og lue og kyssar Dagny på kinna. Dei held kvarandre i hendene. Alltid dette ukompliserte og hjartelege mellom dei. Eit felleskap ho aldri heilt har skjøna seg på. Av og til kjenner ho noko som liknar sjalusi. Dagny skal helst vere berre hennar. Og Ranveig er så open og hjarteleg når ho er åleine med Dagny, så annleis enn når det er berre dei to. s. 83

5 comments:

Mari - Escape In A Book said...

Flott smakebit! Jeg har boken stående i bokhyllen, merker jeg klør i fingrene etter å plukke den ned.

Bai said...

Eg fekk leseeksemplar av Tiden, og så langt tenker eg at boka er mellom middels og over middels. Det er mange forteljarstemmar, i dei ulike kapitla, og truverdigheita til dei ulike stemmane varierer. Innimellom fungerer forteljarteknikken og innimellom er det forvirrande.

annkolaas said...

Denne har eg veldig lyst til å lese.

Anonymous said...

Jeg var fullstendig oppslukt og veldig begeistra.

Bai said...

Knirk, eg gjorde eit stort lesejafs i går, og eg trur det er ei bok som i størst mogleg grad bør lesast samanhengande. Ho var forvirrande, då eg prøvde å lese eit og eit kapittel på bussen. Men etter ein søndagslesedag i sofakroken, blei eg ikkje så reint lite oppslukt eg også.