Nå er det tid for å fortsette der vi slapp med søndagslyrikken. Siste posten før sommaren var knytta til bokstaven L, og her kjem M.
Dersom du ikkje har vore med og reflektere rundt lyrikken og sprørsmåla eg har stilt tidlegare, er du likevel velkommen til å henge deg på nå. For å delta, svarer du på dei tre lyrikkoppgåvene under i eigen blogg, og så legg du igjen ein kommentar, slik at eg finn svaret ditt.
Du er også velkommen til å delta i diskusjonen rundt spørsmåla, i kommentarfeltet, dersom du ikkje vil svare på heile utfordringa i eigen blogg.
1. Den franske filosofen og kunstteoretikaren Maurice Merleu-Ponty er oppteken av måten mennesket sansar og persiperer verda på, i The Phenomenolgy of Perception. Han vil at kunsten, også litteraturen, skal sjå verda på ein opprinneleg måte og dermed sjå verda slik ho eigentleg er. Han brukar malaren sitt blikk som eksempel. Malaren ser tingen og gjenskaper han, og må dermed sjå tingen som han er. Malaren sitt blikk skil seg frå kvardagsmennesket sitt blikk, fordi i kvardagen ser vi tingen for å sette han inn i ein samanheng og skape ei meining rundt tingen. Mennesket har ofte hastverk med å skape meining rundt tingen, og dette i hastverket gløymer vi å sjå tingen slik han er. Overført til litteraturen kan den lyriske skildringa vere ei hjelp til å sjå ting som dei er, ikkje bare å sette dei inn i ei meiningssamanheng.
Presenter eit dikt, som viser fram tingen, slik han er.
2. Metaforen er eit mykje brukt omgrep i diktanalyse. Ein metafor er definert som eit språkleg bilete eller ei samanlikning, som ikkje gjer nytte av ordet "som". Sidan ordet "som" ikkje er brukt, er ikkje samanlikninga åpenbar, og det blir opp til lesaren å finne fram til dette språklege biletet. Tradisjonell lyrikkforskning har lagt stor vekt på biletbruk i det heile tatt og metaforbruk spesielt, i forståing og lesing av dikt. Samtidig er fleire av dei nyare retningane i forlenginga av fenomenologi og dekonstruksjon meir kritiske til å overdrive vektlegginga av metaforar. Eit for stort fokus på å leite etter metaforar i teksten, er med på å ta fokuset vekk frå språket og tingen. Eller sagt med den danske Tranströmer-forskaren Birgitte Steffen Nielsen sine ord:
”Vi må undlade at erstatte allegorien med en betydning, fiktionen med en sandhed - og i stedet for sådanne oversættende, erstattende operationer forsøge at fornæmme tekstens liv” (Den grå stemme, 2002)
Kva tenker du om å lese med vekt på metaforar og språklege bilete? Er det viktig å avsløre metaforane i diktet, eller er liker du betre å lese som Nielsen og "forsøge at fornæmme tekstens liv"?
------------------------------------
1. Eg er veldig glad i lese som Merleau-Ponty. Faktisk var det slik at det at eg oppdaga teoriane og lesemåtane hans i ulike emne eg fulgte i 2005, var med på å utgjere ein viktig motivasjon for at eg endte opp med å skrive den masteroppgåva eg skreiv. Eg er veldig glad i å tenke at lyrikk (eller i det heile tatt litteratur) skal vise fram noko slik det er.
"Mitt" dikt i dag, kom eg over i bloggen til Ingrid i sommar. Det er skrive av Ragnar Thoursie, ein diktar eg gjerne vil lese meir av:
"Det ofattbara"2. Sjølv om eg er veldig glad i måten fenomenologar som Merleau-Ponty les tekstar på, trur eg det er viktig å ikkje sjå heilt bort i frå betydninga til metaforen. Bruken av metaforar kan vere med på å forsterke den umiddelbare opplevinga av diktet, gi teksten ei djupare meining og vise fram det språket elles ikkje vil klare å vise fram. Faren med ei vektlegging av metaforbruken er at diktlesinga blir ei oversettingsoppgåve, slik Nielsen beskriver i sitatet over. Denne oversettinga krev at lesaren kjenner igjen og identifiserer metaforane, noko som ofte kan synast vanskeleg og vere med på å forsterke ei utbredt oppfatning av at diktet er ein utilgjengeleg tekst. Eg trur at mange dikt krev at vi ser nærare på metaforbruken, men at det likevel er viktig å hugse på at diktet er noko meir enn bruken av metaforar. Diktet kan også vere det det er, i overflata. Og dei umiddelbare assosiasjonane ein får, ved å lese diktet er minst like gyldige, som dei tolkningane ein kan trekke ut av teksten ved å leite fram og oversette metaforane. Og det treng ikkje alltid vere så stor avstand mellom desse to.
Det vanliga, det ofattbara.
Tre gamla sitter framåtlutade i sin handikappbuss,
med öppen mun åser de undret.
Det är ett par dagar in i maj, vårmånaden,
undrens tid. På en natt har grönska fallit över träden.
I sjuttio, åttio år har de sett det återkomma,
ändå är de likna gripna nu som för första gången.
Den plötsliga grönskan i träden en morgon i maj.
Det vanliga.
Det ofattbara.
(Frå Sångar från äldreomsorgen).
3. "Rose" av Marie Takvam er eit dikt, kor metaforbruken er sentral for forståinga av diktet:
Fordi eg er kvinne
sette dei håret mitt opp i krans
slipte neglene mine
måla munnen min raud,
ville skape meg om til ei rose.
Nå i kveldssola
ser eg skuggen min drage seg ut,
bli til eit kvasst sverd.
3 comments:
Men så glad jag blir att du fortsätter med Lyrik på en söndag! Tack för det Bai. Nu ska jag ta mig en ordentlig funderare kombinerat med titt i mina hyllor- jag återkommer på min blogg med svar!
Takk for det, Ingrid. Eg må jo nesten fortsette der eg slapp, synest eg.
Da har jeg levert (et slags) svar!
Post a Comment