Jan 23, 2011

Lyrikk på ein søndag - N

Det er søndag igjen, og eg har hatt fjorten dagar til å tenke ut nye spørsmål på N.

1. N står for nasjonalisme, eller det nasjonale. Og sjølv om nasjonalisme er eit omgrep som har fått stadig fleire negative konnotasjonar knytta til seg dei seinaste tiåra, er det jo framleis nokre dikt som vekkar nasjonalkjensla i oss. Presenter eit dikt, som vekkar ei positiv nasjonalkjensla hos deg.

2. N kan også stå for natta. Presenter eit dikt om natta.

3. Presenter ein diktar på N.

------------------------

1. Eit dikt som får meg til å kjenne meg nasjonalistisk, er Arne Garborg si innleiing til Haugtussa: "Til deg, du hei og bleike myr". Naturskildringane i dette diktet malar eit bilete av det finaste norske landskapet eg veit, nemleg jærlandskapet:

Til deg, du Hei og bleike Myr
med Bukkeblad,
der Hegre stig og Heilo flyr,
eg gjev mitt Kvad.

Til deg, du visne Lyng um Haug,
der Draumar sviv,
eg gjev min Song um Dimd og Draug
og dulde Liv.

Eg kjenner deg, du Trollheim graa,
du Skugge-Natt!
Eg rømde rædd; men stundom maa
eg sjaa deg att.

Eg kjenner deg, du Havsens Marm
med Galdre-Song;
du gauv meg Gru i rædde Barm
so mang ein Gong.

Eg kjenner Striden tung og sein
mot Trolldoms Vald.
Gud hjelpe oss for brotne Bein
og Mannefall!

Eg kjener deg — eg kjenner deg,
som ikkje vann! —
Eg saag din Strid, eg veit din Veg
i Skugge-Land.

Eg røynde sjølv den Striden stygg
i mange Aar,
med ville Mod, med bøygde Rygg,
med svære Saar.

Du um meg sviv, du hjaa meg sit,
du arme Aand!
I meg du enno riv og slit
i dine Baand.

Eg veit det vel: dei sterke Troll,
den Vilje rik;
ein Baat i Foss, eit Kvad i Moll,
sløkkt i eit Skrik. —

*

Men Lerka stig fraa gløymde Grav
med Sigers Ljod;
og Vinden stryker inn av Hav
so frisk og god.

Og um me kjenner Graat og Gru
og Saknad saar,
so maa me Lerkesongen tru,
som lovar Vaar.


2. Eg liker godt våkenattstemninga som blir skildra i "Storby-natt"
av Rudolf Nielsen:

Jeg går og drømmer i den lange gate
på bunden av den milevide by.
Så langt jeg øiner løper denne flate
som skinner med en glans lik valset bly
i skjæret fra de høie buelamper.
For det er natt. Og det er lyst og godt
her nede på de asfalterte dybder.
Forlengst er dagen og dens mørke gått.

Nu er tiden da de gode sover.
En klokke slår den annen time inn.
Det runger langsomt fra et sted høit over
de mange buelampers hvite skinn.
Som i en veldig tunnel klinger lyden
av mine skritt imellom vegg og vegg.
En kvinne smyger hånden i min lomme,
og henger ved mig som en sulten klegg.

En prikk av lys blir synlig langt derhenne
hvor gaten ender i en loddrett sprekk.
Der differ av en lyd jeg skulle kjenne...
Og prikken blev en bil. Men den er vekk.
Jeg hører motorsurret langsomt svinne
langt inne mellem disse tause hus.
Men fjernt, som fra en kjempestor konkylje
slår byen ut sitt monotone sus.

Og varm av lykke går jeg og kjenner
i dette dyp har jeg mitt hjem, min rot.
For her er alltind skapt av menneskehender -
fra lyset ned til stenen ved min fot.
Her blinker ingen stjerner gjennem natten
som stumme trusler om en evighet,
her hvisker ikke mulmet mot mitt øre
sin uforståelige hemlighet.

3. For litt sidan las eg Mario Vargas Llosa si bok, Rampejenta. Her les hovudpersonen dikt av Neruda for elskarinna si. Eg kjøpte ei samling av dikt i utval, som eg har bladd litt i dei siste dagane. Pablo Neruda skriv i ein anna sjanger enn det eg ofte les, men eg liker han likevel godt. Mange av dikta hans har ein politisk undertone, der dei skildrar og kritiserer tilhøva i Latin-Amerika på siste halvdelen av 1900-talet, og eg har vald ut eit dikt som er svært representativt, for det eg har lese så langt.

"Massakrane"

Men då vart blodet gøymt
under røtene vart det vaska bort
og fornekta
(det var så langt borte), regnet frå Sør skylde det frå jorda
(så langt borte var det), salpeteret fortærde det på slettene;
og døden for folket var som han alltid har vore;
som om ingen og ingenting var døde,
som om dei var steinar dei som fall
på jorda, eller i vatn i det store havet.

Frå Nord til Sør, der dei knuste
eller brende sine døde,
vart dei gravlagde i mørkret,
eller brende i den stille natta,
knoklane deira vart samla i eit hol
eller spydde ut i havet:
ingen veit kvar dei er nå,
dei har inga grav, og spreidde
blant røtene til fedrelandet
ligg dei pinte fingrane:
dei nedskotne hjarto deira:
smila til chilenarane:
dei tapre mennene frå sletta:
kapteinane som kommanderer stilla.

Ingen veit kvar mordarane
grov ned desse kroppane,
men dei skal komma opp frå jorda
og krevja attende blodet til dei falne
når folket reiser seg på ny.

Midt på torget hende dette brotsverket.

Ingen vokstrar gøymde det reine blodet
til folket mitt, og sanden på sletta svelgde det ikkje.

Ingen løynde dette brotsverket.

Dette brotsverket vart utført midt i fedrelandet.

9 comments:

astridterese said...

"Til deg, du hei og bleike myr" er nydelig. Også, selvfølgelig, fordi jærlandskapet er det som ligger mitt hjerte nærmest :-) Enig med deg der!

Ingrid said...

Rudolf Nielsens dikt tycker jag mycket om- den har så mycket stämning i sig. Nu har jag lagt upp tre dikter, jag också.

Bai said...

Ikkje sant, Astridtherese. Det er ei vakker skildring av eit vakkert landskap. Kjekt at du la igjen kommentar, slik at eg fann fram til bloggen din :)

Ja, Rudolf Nielsen er flink til å få fram stemningar.

lustigkulle said...

Hej Bai! Jag hittade hit genom Ingrid och har svarat på din utmaning. Arne Garborgs dikt, för mig en helt okänd diktare, är mästerlig med alla vackra alliterationer!

Bai said...

Velkommen Lustigkulle! Veldig kjekt med fleire deltakarar.

Arne Garborg er flink å skrive. Eg har lese mykje av prosaen hans, men "Til deg du hei" er og blir det vakraste han har skrive. Du har rett i at bruken av allitterasjonar er meisterleg.

torbjørn hauken said...

Jeg er med!

lustigkulle said...

Jag hittade detta YouTube-clip där "Til deg, du hei og bleke myr" sjungs av Lynni Treekrem. Vidunderligt!

Vi borde umgås mer över gränserna i Norden - det är så nära, vi delar så mycket!

(om inte länken ovan fungerar: http://www.youtube.com/watch?v=1hk2BXRA0j8 )

Petter Malmberg said...

Jag har tre (eller snarare två) på N HÄR

Bai said...

Takk for lenke, Lustigkulle! Det var ein vakker versjon.

Ja, vi burde omgås meir over grensene, det har du heilt rett i. Eg er veldig glad i å lese svenske bokbloggar. Også er det jo morosmt å oppdage "nye" tekstar, som jo viser seg å vere gamle klassikarar. Eg gløymer ikkje då eg "oppdaga" Ekelöf og Boye, for 6 år sidan. Både forfattarane og forfattarskapa var heilt nye for meg, og eg hadde mange store lesaropplevingar hausten 2005 (og har hatt det seinare også).

Malberg: Kjekt at du også er med igjen!