Jan 25, 2011

Arne Garborg - 160 år

I dag er det bursdagen til Arne Garborg. Han ville blitt 160 år, hadde han levd. På søndag posta eg "Til deg, du hei", og fekk ei lenke til denne snutten med song og bilete av Lustigkulle i kommentarfeltet. Det passar å lytte til denne, på Garborg sin bursdag:


Det går også an å feire dagen med å lese anten Fred eller Bondestudentar, eller ein av dei andre romanane til Garborg. Då kan ein la seg imponere av dei gode og truverdige karakterskildringane, som gjer at ein både får sympati for hovudpersonane samtidig som ein kjenner på ei viss distanse til vala dei gjer. Eg trur begge romanane er modne for ei omlesing.

6 comments:

scribo said...

Arne Garborg er aktuell på Litteraturhuset i Oslo i kveld, ny bok presenteres: "Med lykti i hand" - Garborg som diktar og tenkjar".
Porgram her :http://www.litteraturhuset.no/program/2011/01/arnegarborg.html

Lena said...

Eg las Bondestudentar da eg tok nordisk. Ei likandes bok:)

astridterese said...

Takk for tips om hvilken dag det er. Jeg tok meg den frihet å bringe tipset ditt over på bloggen min.

torbjørn hauken said...

Så skal vi ikke glemme at han vendte blikket ut mot verden også, det var en grunn til at han blir kalt 'jærbuar og europear'.

Bai said...

Det er sant Torbjørn. Eg trur eg har den biografien ein plass, men eg har ikkje lese han endå. Men for meg som sitt her i hovudstaden og ikkje har anna hav å skue utover enn ein brunsvart fjord, er det å lese Garborg som oftast knytta til eit sakn etter jærlandskapet.

linesbibliotek said...

Jeg syntes "Fred" var en nydelig bok, og overraskende relevant for vår egen tid. Men jeg klarer nok ikke å lese "Bondestudentar" på én dag, for det vanskelige språket krever mye tid og konsentrasjon, selv om det er verdt strevet.