Jan 8, 2011

Veka som har gått - 1

Denne veka har blogginga og nettiketten fått stor plass i dei norske avisene, etter at den 15 år gamle rosabloggaren Voe slutta å blogge, på grunn av all hetsen ho har fått av andre bloggar og i anonyme kommentarar. Same dag som Voe la ned bloggen, meldte også Aftenposten at "barnebloggarar er fritt vilt". Her kan vi lese om ei ti år gammal jente, som med rosabloggarane som forbilete har blitt grovt mobba over internett. Det å opprette ein blogg og utlevere seg sjølv i denne, er å ta eit val om å gå inn i ei offentleg sfære. Men er det inga grense for kva folk som tar dette valet må tåle? Er det etisk og moralsk riktig å seie at dette må ein tåle, når ein først vel å gå inn i denne offentlegheita, eller er dei anonyme kommentatorane ansvarlege, også på nett? Det er skremmande å lese om Ole Morten Knudsen i slettmeg.no, som fortel at når nokon blir mobba lenge nok over YouTube eller facebook, blir dei "kjendisar" og då blir vanskelegare å slette dei frå servaren. Ein viktig debatt om ansvar for adferd på nett er aktualisert, og eg trur ikkje han kjem for seint.

Kva er det som gjer at lyrikken får så lite merksemd i dei store mediene, spør Byavisen, etter at Henning Bergsvåg si siste lyrikksamling bare fekk ei omtale i BT. Bergsvåg forklarer dette med geografiske omsyn, NRK seier at dei har for få lyrikkanmeldarar. Det blir også peika på at debutantar tar fokus frå etablerte, men lite kjende forfattarar. Knut Olav Åmås meiner at sjølv om lyrikken er ein sjanger som er mindre i omfang enn roman og sakprosa, er han ikkje marginalisert. Overskrifta på denne kommentaren er "Om sutring og lyrikk", henta frå Åmås si uttaling:
"Jeg tror for øvrig ikke det spiller noen stor rolle hvor mye plass vi bruker, hvor kompetente artikler vi trykker og hva jeg sier som kulturredaktør:Det norske lyrikkfeltets alltid like pessimistiske sutrere vil uansett alltid insistere på å innta en bedrøvelig offerrolle. Kanskje det skremmer folk bort fra lyrikkfeltet?"
Mitt inntrykk er at lyrikkinteressa er stor, i visse kretsar. Inntrykket mitt er også at det er vanskeleg å finne fram til dei gode diktsamlingane, bare ved å følgje med på medieomtaler. Ein må gjere ein stor eigeninnsats, for å få med seg kva slags diktsamlingar som blir gitt ut, til tross for at interessa er det. Men i staden for å sutre over manglande omtale i norske medier, vil eg heller trekke fram ein svært god tekst frå New York Review of Books sin blogg. I "Lost Rituals, Found Poems" fortel Cristopher Benfrey om korleis vi kan leite etter vakre mønstre eller "lost poems" i tekst.

Maria Amelie si bok Ulovlig norsk blir sendt i P2 sitt "Verdt å lese" frå og med denne veka. Eg anbefaler også den sterke kommentaren hennar i Aftenposten, kor ho seier "Jeg er en illegal, ikke et menneske".

Norsk film skal ha 40 premiærer i år. Filmbransjen er uroleg for at ingen vil sjå alle filmane, og at små privatfinansierte selskap vil gå konkurs, samtidig som andre spår ein god vår for norsk film.

Morgenbladet foreslår også å hylle norsk film, ved å la Sara Johnsen flytte inn i Grotten, medan Erlend Loe held ein knapp på Knausgård. (Eg har ikkje komme lengre enn til bok 2 i Min Kamp, men vil verkeleg Knausgård flytte til Oslo?) Om du heller meiner at Mari Boine, Jon Fosse eller Jan Erik Vold skal få æresbustaden ved Slottet, er det bare å gå inn på Dagbladet og stemme (det kjem ikkje fram kor stor gjennomslagskraft denne avstemminga har).

6 comments:

Ingrid said...

Mycket intressant! Tack för sammanfattningen. Det är märkligt det där med lyrikens plats i den undanskymda vrån- och jag tycker också att det är oerhört svårt att hänga med i nyutgivningar. Det är så tidskrävande att söka rätt på allt och som sagt... inte mycket blir recenserat på tidningarnas kultursidor. Jag tycker att det mest verkar som om samma böcker blir omnämnda i nästan alla tidningar......
Och- det där med nätmobbing är ju fruktansvärt. (för att uttrycka det alldeles för enkelt).

knirk said...

ÅÅåå, dette er så bra. Jeg blir fylt.

Ugla said...

SUPERT!
Jeg trenger en liker-knapp.

Bai said...

Ja, Ingrid, det med lyrikken sin plass i media er interessant. Og eg synest det kan verke som om diktsamlingar blir mindre omtala enn andre verk. Det irriterer meg litt at dette skal avvisast som "sutring". Og ja, det er grusomt med den nettmobbinga, men det er bra at det endeleg kjem ein diskusjon om det.

Knirk og Ugla - så bra de liker det. Ugla, du får lage ein til meg, det er du som kan slikt ;)

torbjørn hauken said...

Det du har startet med denne spalten er utrolig flott, og Åmås - eller en annen kulturredaktør - burde kjenne sin besøkelsestid og gi deg hard valuta for å få enerett på å trykke det, så kunne du kanskje sagt fra deg litt undervisning! Nå gleder jeg meg til relanseringen av lyrikkposten din.

Bai said...

Undervisning er jo også formidling (retting, derimot...). Men å skrive er morsomt, og då når ein kanskje ut til eit litt meir interessert publikum, i alle fall innimellom.

Kjekt at du liker oppsummeringa mi. Det var ein fiks ide.

Nå har eg bladd litt i tidlegare lryikkposta og friska opp lyrikkteorien litt. Det er rart korleis detaljane falmar i løpet av eit halvår med norrøn tid og folkediktning. Så nå er eg klar til i morgon.