Feb 18, 2011

Mann eller menn?

Til deg som pakkar dei forhåndsbestilte mammutbøkene på Ark: Eg hadde bestilt denne Mann i Mørket av Paul Auster, fordi eg liker Paul Auster.



Eg hadde ikkje bestilt Menn i mørke av Asbjørn Sunde. Eg er ikkje så interessert i sabotasjeaksjonar under andre verdskrigen.



Feb 17, 2011

5/52 "Nå løper du" av Bjarte Breiteig

"Nå løper du" av Bjarte Breiteig frå novellesamlinga Folk har begynt å banke på (2006) er ei sterk novelle med eit ganske opplagt fasade-skuggeside-motiv.

Forteljarsynsvinkelen ligg hos Jørn, den vellukka småbarnsfaren som arrangerer ein fest for Britt. Innleiingsvis får vi vite at Britt begynner å bli betre. Gjennom innsynet i Jørn sine tankar og kjensler, får lesaren gradvis inntrykk av at Britt driv med sjølvskading og har ganske store problem. Utover i novella skjønner vi imidlertid at det er ikkje Britt som skadar seg sjølv, likevel, men Jørn.

Eg liker historier som blir fortalde frå den usympatiske sitt perspektiv. Dei blir ofte meir nyanserte, enn tekstar kor hovudpersonen er utelukkande sympatisk. I "Nå løper du" blir lesaren ståande som ein utanforståande som ser, og som gradvis skjønner kva det eigentleg er som foregår. Novella er godt fortald og eg gleder meg til å lese fleire av Breiteig sine noveller.

Feb 9, 2011


Sonja Nordenswan
Blues från ett krossad världshus
PQR, 2010
278 sider


Eg er litt seint ute i Knirk si nordiske samlesing. Denne helga har eg lese Blues från ett krossad världshus av Sonja Nordenswan, ein sterkt handlingsdriven roman om kvinner i tre generasjonar.

Eg er fascinert over forsida til denne romanen. Dei blåkvite vinterfargane og linjene i biletet er skjøre og sårbare, samtidig som dei er noko massivt over dei. Det abstrakte biletet får meg til å tenke på sprekker i glass eller is. Houvdpersonen i boka, den schizofrene 18-åringen Smaragda, har også nokre av dei same eigenskapene over seg, dette sårbare og knuselege, men samtidig solide.

I innleiinga presenterer Smaragda seg sjølv og Dora, som er den stemmen som av og til tek kontroll. Smaragda har vore inne til psykiatrisk behandling, etter at Dora beordra henne å svømme ut til eit fiskeanlegg og befri regnbogelaksen. Dette frisleppet av laksen, er den schizofrene jenta sitt forsøk på å bote på slektningane sitt misbruk av fiskane. Vidare fortel Smaragda om korleis ho og Dora kom fram til at dette var ei tvingande nødvendig botshandling.

Smaragda har vokse opp saman med mormor og onkelen, Stefan. Ho har ingen far og ingen morfar, og får minne om mora, som døydde ung. I første delen av boka er samtalane mellom mormor og Smaragda sentrale. Mormor fortel om oppveksta si, og etterkvart får Smaragda vite kven som er morfaren hennar. Når Smaragda så fyller 18, får ho lese dagbøkene som mora har etterlate seg. Dermed får den døde mora fortelje si historie til dottera. Spørsmålet om kven morfaren og faren er, er heile tida drivkrafta gjennom forteljinga. Forteljinga om slekta tek oss med til the swinging sixties i London og den spente situasjonen til fattige arbeidarar i Belfast på slutten av 80-talet. Gjennom kronologiske tilbakeblikk får vi følgje mormor si forteljing og Smaragda si lesing av dagbøkene etter mora. Og kronologien spring heile tida fram til nåtid (2007), kor Smaragda kommenterer, bearbeider og evaluerer det ho får vite. Dette gir innimellom gir boka eit litt repetetivt preg. Det er som om det som er viktig, skal understrekast i så stor grad, at eg innimellom kjenner meg litt undervurdert som lesar.

Smaragda har lengta etter å få vite sanninga om faren sin og morfaren sin. Samtidig har det at ho ikkje har visst kven dei er, gitt henne draumar å leve i. Etterkvart som ho får vite sanninga, må ho også forhalde seg til det ho får vite. Ho får verken kontakt med satanistmorfaren sin eller slektningane til faren, som ho lengtar etter. Og sjølv om dei sanningssøkande drivkreftene i Smaragda er intense, har dei også eit snev av ambivalens. Dette reflekterer eg-personen litt rundt, samtidig som det intense vitebegjæret ikkje gjer desse refleksjonane heilt truverdige.
Det kjem ikkje heilt tydeleg fram av teksten kva det er som utløyser personlegheitssplittinga og Dora sin entrè i Smaragda sitt liv. Men denne ambivalensen ligg der som ein viktig faktor, saman med avvisninga Smaragda opplever når ho forsøker å få kontakt med familien på farssida.

Blues från ett kråssad världshus er ein generasjonsroman med godt språk og ei fengjande handling. Men på det forteljartekniske sviktar boka litt. Det er som om den implisitte forfattaren sin rettleiande funksjon blir for dominerande, og eg som lesar får ikkje lov til å oppleve forteljinga på eiga hand.

Feb 7, 2011

Mamutsalget

I år har eg funne mykje eg har lyst til å kjøpe i mamutkatalogen. Etter å ha sletta alle bøkene eg har lese frå før, utanom Jenny av Sigrid Undset som eg saknar å ha i bokhyllene mine, er lista framleis litt i lengste laget. Spørsmålet nå er treng eg verkeleg desse bøkene?


David Golder
Irène Némirovsky
- Ja, fordi Labben stadig snakkar så varmt om Irène Némirovsky, og fordi eg las Storm i juni for ei stund sidan og likte ho så veldig, veldig godt.

Mann i mørket
Paul Auster
- Ja, fordi eg liker Paul Auster, og fordi eg ikkje har lese denne.

Min kamp. Tredje bok
Karl Ove Knausgård
- Ja, fordi eg bare har lese dei første to binda. Eg hadde aldri trudd eg skulle vente heilt til boka kom på mamutsalg, då eg stod i dei milelange bibliotekkøane for å få lese bind 2.

Jenny
Sigrid Undset
- Kanskje, men eg vil jo gjerne lese denne også fleire gonger.

Kunzelmann & Kunzelmann
Carl-Johan Vallgren
- Ja, fordi eg allereide har lånt boka som på mystisk vis forsvann, utan at eg fekk lese ho og eg dermed har betalt 350 i erstatning til biblioteket for ho allereide. Då bør eg få boka.

Noveller i samling
Frode Grytten
- Ja, fordi det er Frode Grytten.

Tårnet
Uwe Tellkamp
- Ja, fordi både Torbjørn og Ingrid har snakka varmt om denne boka. Og eg stolar på dei.

Du trenger ikke mer enn 6
Dag Evjenth
- Denne er eg litt usikker på, men konseptet med å skrive noveller på 6 ord verkar veldig spennande.

Rapport om Adam
Jean Marie Gustave Le Clézio
- Denne treng eg kanskje ikkje. Eg kan jo låne ho på biblioteket.

Sjelenes herre
Irène Némirovsky
- Ja, også denne fordi fordi Labben stadig snakkar så varmt om Irène Némirovsky, og fordi eg likte Storm i juni.

Dikt i samling
Halldis Moren Vesaas
- Ja, sjølvsagt!

Tingene er dine øyne :skandinavisk poesi
Håvard Rem
- Ja, fordi eg liker skandinavisk lyrikk og fordi eg liker antologiar.

U alminnelig
Kjell Arnold Nyhus
- Ja, Jon Fosse og mystikken høyrest spennande ut.

Etter denne gjennomgangen har eg komme fram til at eg kan stryke to av bøkene på lista, men at eg treng resten. Også kom eg til å tenke på at eg har gløymd å bla gjennom sakprosabøkene, så det kan hende eg treng endå fleire bøker...

4/52: "Kjærasten" av Lars Mæhle

Eg les fleire noveller enn dei eg får skrive om, men eg merkar at eg leitar etter 52 gode noveller, som det er verdt å skrive om og ikkje bare 52 vilkårlege noveller. Og den siste gode novella eg har lese, er "Kjærasten" frå novellesamlinga Korea av Lars Mæhle.

"Kjærasten" handlar om Jon som kjem heim og presenterar den nye kjærasten sin for familien. Første del av novella er i hovudsak bygd opp av replikkar, mor Sigrun og far Torgny som går og ventar på å få treffe kjærasten og besteforeldra som kjem til kaffi og dialogen mellom desse. Jon er deprimert, men alle rundt han ser at han smilar når han presenterer kjærasten Hanne. Bestefaren synest ikkje noko om denne depresjonen og meiner det er fordi dei unge tenkar for mykje og at guten har nervene etter bestemora. Kaffiselskapet går i oppløysing med at Jon og Hanne trekker seg tilbake, bestemora gret og mora står igjen med eit fat småkaker ho ikkje har fått servere. Etter kaffiselskapet sovnar Jon og går Hanne ein tur saman med faren til Jon og fortel at dei er eigentleg ikkje kjærastar. Dei bare latar som, for då blir dei rundt så glade.

Replikkvekslingane i den første delen av novella er verkeleg gode! Den korte novella, som sjanger, krev jo eit komprimert språk, og desse replikkane er verkeleg finslipte og tilspissa, slik at språket blir effektivt. Mellom replikkane kjem alt fram - den litt spente stemninga og den manglande forståinga, generasjonskilla og orda som sårar utan at det var meininga.

Når Jon og Hanne kjem heim, er foreldra så glade for at Jon endeleg smilar. Dei meiner det er kjærleiken som gjer han godt. Også viser det seg at dette bare er eit spel dei to har sett i gang, for å glede dei rundt seg. Foreldra blir glade på deira vegne, fordi dei er glade i kvarandre. Og sjølv gleder Hanne og Jon seg over at foreldra blir glade på deira vegne. Novella tematiserer dermed ei underleg form for omsorg. Personane bryr seg om kvarandre, i den grad at dei ønsker å sjå kvarandre glede seg, men likevel sårar dei kvarandre med orda dei seier til kvarandre.

Novella står i novellesamlinga Korea. Takk til Samlaget for leseeksemplar.


Feb 6, 2011

P

Det er søndag. Eg prøver å komme på lyrikkrelaterte ord på P.

Prosopopeia går an. Persepsjon var eg inne på då eg trakk inn Merleau-Ponty på M. Det er for snart å gå inn på persepsjon ein gong til. Prosalyrikk. Pedagogisk diktning. Presenter ein forfattar på P er jo på mange måtar ein planke. Personifikasjon. Parrim. P kan vere mykje anna også. Palmer. Pagoder. Pølser. Prat. Pilgrimsreise. Pantheon. Paris.

Denne søndagen vil eg kvile og slappe av med ein kopp kaffi. Eg vil lese vidare i Blues från ett krossad världshus og gå ein tur i det som ser ut som vårsola. Eg vil ikkje lage oppgåver. Eg vil ikkje produsere. Det er jo søndag. Det er fridag.

Om du vil, kan du velgje tre vilkårlege ord på p og bruke dei. Eller du kan gjere som meg og ta ein p-pause. Eg begynner å grue meg til bokstaven Q skal utfordre kreativiteten min ytterlegare neste veke. Heldigvis har eg allereide nokre tankar til både R og S. Eg må bare komme forbi p-en og q-en først. Dei står litt i vegen, akkurat nå.

Feb 1, 2011

Mellom oss


Ruth Lillegraven
Mellom oss
Tiden norsk forlag, 2011
249 sider


Eg har lese Ruth Lillegraven sin romandebut Mellom oss. Tittelen på boka, Mellom oss, gir assosiasjonar til det fortrulege og tillitsfyllte. Uttrykket "men dette blir mellom oss", er noko folk ofte kan seie, når dei har delt noko i tillit. Men i Lillegraven sin roman er det ikkje tillit og tryggleik mellom hovudpersonane. Mellomromma "mellom oss" er fyllt av hemmeleghalding, dårleg kommunikasjon og manglande tillit.

Handlinga i boka kretsar kring Tonje, mora og besteforeldra hennar. Tonje har eit hemmeleg liv. Alle rundt henne trur ho jobbar på eit krisesenter, medan ho eigentleg er prostituert. Farmor har skjønt dette, men ho held det hemmeleg for Tonje. Mor seier heller ingenting til Tonje, når ho finn det ut. Farmor sitt hemmelege liv er knytta til at ho var medlem i etterretningsstenesta under krigen, medan mor til Tonje har halde hemmeleg korleis faren til Tonje avviste dei, etter at han hadde reist frå dei. Og farfar snakkar ikkje om tida i Natzweiler. Desse store tinga som dei ikkje snakkar om, ligg mellom dei og forstyrrar for å byggje opp kommunikasjon og tillit.

Forteljarteknikken i boka byggjer opp om tematikken på ein svært spennande måte. Forteljarstemma følgjer ein og ein person, i eit og eit kapittel, og har heile tida bare innsyn i tankane til den personen i det kapitlet. Dette er effektivt med på å byggje opp mot tematikken i boka, gjennom at lesaren på ein elegant måte blir plassert i mellomrommet mellom desse karakterane. Lesaren får innsyn i dei forskjellige personane sine tankar og kjensler, og lesaren får vite det dei andre ikkje får vite.

Handlinga spring også i tid. Dei ulike karakterane sine forteljinger blir fortald frå 1943-1945, tida rundt EEC-avstemminga i 1972 og i nåtid, som er 2002-2003. Kvart kapittel har ein dato og namnet på den person vi følgjer som overskrift. Dette var forvirrande då eg begynte å lese. Lesetida mi har blitt innskrenka etter at eg begynte å jobbe, så eg les stort sett på bussen og i helgene. Og dette er ikkje ei bok som er eigna til å busslesing. Eg gløymde kven karakterane var i forhald til kvarandre og eg gløymde å lese datoane grundig, og skjønte ikkje samanhengen mellom dei ulike delane. Men når eg sette meg ned og las samanhengande over fleire timar, merka eg at dette var eigentleg eit godt grep. Men det er eit grep som krev litt fokus av lesaren.

Mellom oss er ei god bok, ganske lenge. Dei vanskelege relasjonane er truverdige, heilt til det nærmar seg slutten på forteljinga. Mot slutten løyser nesten alt seg. Alle får vite om alt dei andre har skjult og det heile lukkar seg inn i ei nyskapt tillit og gjenreising av det øydelagte. Symbolikken rundt det gamle høgfjellshotellet som gradvis blir restaurert og får tilbake prakta si parallelt med at dei øydelagde relasjonane blir fiksa på, tippar litt over og blir litt platt. For det er skildringa av det som er vanskeleg mellom personane, som er genialt i denne boka. Det er måten boka inviterer lesaren inn i mellomromma mellom menneska, som gjer boka verdt å lese. Mot slutten løyser alt seg, og mellomromma blir mindre. Eg trur Mellom oss er ein av dei romanane som ville stått sterkare, utan ei tilnærma happy ending.

Takk til Tiden, for leseeksemplar.