Showing posts with label 2010-talet. Show all posts
Showing posts with label 2010-talet. Show all posts

Oct 3, 2011

1Q84


Takk for mange veldig hyggelege tilbakemeldingar på forrige innlegg. Eg har bestemt for å ikkje forsvinne. Men eg trur ikkje eg har kapasitet til å ha så mange faste spaltar og fleire vekentlege oppdateringar. Så det blir ei oppdatering i ny og ne, når eg har lyst til å skrive litt, framover. Også droppar eg alle plikt-oppdateringane eg har ein tendens til å pålegge meg sjølv. 

Sidan sist har eg lese Murakami, bok 1 og 2 av 1Q84. Det er ingenting mindre enn eit moderne storverk, og den beste Murakami-boka eg har lese til nå. Sjølv om vi finn mange av dei særtrekka til Murakami, som eg liker så godt i denne boka, er ho samtidig heilt annleis. Eg gleder meg til bok 3 kjem ut, allereide. 




I 1Q84 følger vi dei to hovudpersonane Aomame og Tengo i annankvart kapittel. Aomame er ei ung jente som har brote med familien som høyrer til den religiøse sekta "vitnefolket", og som i tillegg til å vere kampsportinstruktør på eit treningssenter, hjelper ei gammal dame med å ta livet av menn som har mishandla kvinner. Tengo er ein mattelærar og forfattar som ennå ikkje har gitt ut nokre bøker. Han er flink med språk, men slit med å få på plass ei handling. Ein dag blir han kontakta av ein redaktør, som har fått inn romanen Luftpuppe, som har veldig god handling men som treng eit betre bearbeida språk. Tengo kjenner seg meir eller mindre pressa til å fullføre denne boka, som viser seg å bli ein bestselgjar. Og etterkvart utvikler han også eit sterkt vennskap med den 17-år gamle jenta Fukaeri. 

Desse to blir dratt inn i ei anna verd, ei parallell verkelegheit, som er heilt lik den vanlege verda, bortsett frå nokre detaljar: 
Aomame strakte hals og så opp mot himmelen. Selv om blikket var vendt oppover, var tankene på vandring langt bakover i tid. Hun tenkte på årene med Tamaki, på alt de hadde snakket om. Og på den gangen de hadde kjælt med hverandre... Med ett slo det henne at nattehimmelen hun så opp på, ikke var helt som den pleide. Noe var forandret. Hun fikk en svak, men tydelig fornemmelse av at det var noe som ikke stemte.
Det tok en stund før det gikk opp for henne hva det var. Og selv da det gikk opp for henne, hadde hun vanskelig for å stole på det hun så. Hun trodde ikke sine egne øyne.
På himmelen hang det to måner. En stor og en liten. Like ved siden av hverandre. Den store så ut som den vanlige månen. Gul og nesten full. Men ved siden av den var det en annen måne. Den så annerledes ut. Den var litt skeiv og fargen var svakt grønn, som om den var dekket av mose. Dét var det hun så. 
Både Aomame og Tengo oppdager og avdekker, frå kvart sitt hold, gradvis at dei er i denne parallelle verkelegheita, med to månar, kor "little people" representerer eit stadig meir trugande bakteppe. Utviklinga er intens og spennande, og som lesar får ein gradvis større innsikt i stadig meir overraskande avsløringar, og ein blir stadig nødt til å stille spørsmål ved kva som eigentleg er og kva som ikkje er. Eller som Fukaeri, jenta som snakkar utan spørsmålsteikn, seier: "Hva er virkeligheten."

Samtidig som denne avdekkinga av av forholdet mellom 1984 og 1Q84, dei to verkelegheitene foregår, er det mange mindre historier i denne 751 sider lange romanen. Vi får høyre om både Aomame og Fukaeri si oppvekst i sterkt religiøse sekter, vi får høyre om Tengo som må vere med faren ut på lisensinnkreving, istadenfor å leike med dei andre ungane og vi får høyre om korleis desse barna, som var annleis allereide som barn har vokse opp og utvikla sterke, usynlege bånd mellom seg. Vi får høyre om dei einsame, dei som lever i si eiga verd og sitt eige tankeunivers, og som opplever det vanskeleg å forholde seg til andre mennesker. Vi får høyre om utforsking av kropp og seksualitet og vi får delta i erotiske eventyr, som heller ikkje er gjennomsnittelege. Og vi får etterkvart høyre korleis alt dette blir fletta saman, i ei verkelegheit som bare kanskje er verkeleg. 

Forteljinga i 1Q84 er annleis enn alt anna eg har lese, og det er kanskje her spenninga ligg. Handlinga ligg på eit plan, kor det surrealistiske og det realistiske blir blanda saman, og det er ikkje mogleg å vite kva som er det eigentlege, til slutt. Og det er kanskje det at Murakami får til å skrive fram denne uvissheita, som er den enorme styrka hans. 

Eg gleder meg til bok 3 kjem ut. 

Jun 7, 2011

Innsirkling 2


Innsirkling 2
Carl Frode Tiller
Aschehoug, 2010.
400 sider


Innsirkling 2 er ei bok eg ikkje heilt har klart å bestemme meg for om eg gleda meg til å lese eller ikkje. Ikkje for det at eg ikkje liker Tiller. Eg blei mektig imponert over den gode evna hans til å skildre ein svært usympatisk hovudperson på ein sympatisk måte, då eg las Skråninga. Og den same kjensla fekk eg då eg las Innsirkling, for nokre år sidan. Karakterskildringane hans er sterke og truverdige. Og i Innsirkling-prosjektet kjem også evna til å gå inn i karakterane og sjå dei frå ulike synsvinklar veldig godt til sin rett. Tiller har overbevist tidlegare, og likevel var eg skeptisk. Eg har nemleg ein aversjon mot oppfølgjarar, ikkje minst når dei får same tittelen som første bok eller film, men med eit total bak. Og sjølv om boka er ein del av ein trilogi, så kunne ho ha fått ein sjølvstendig tittel.

Det viste seg at skepsisen var ubegrunna. Innsirkling 2 svarar på første boka på ein god måte, trass tittelen, og eg kjende lenge på at eg hadde sansen for Tiller sitt prosjekt. For dei som ikkje kjenner bøkene, er utgangspuntket at David har sett inn ei annonse i avisa om at han har hukommelsestap og vil vite kven han er. I første boka fortel først ein nær venn frå ungdomstida, deretter ei venninne frå same tida og så stefaren om sitt forhold til David. Samtidig som vi får lese breva desse tre har skrive, får vi også følgje desse tre, der dei er i livet sitt. Bok to fortsett på same måten, med same vekslinga mellom nåtidsforteljing og brev til David om barndommen. Dermed får vi bli kjende med personane frå fleire vinklar. Vi får både følgje dei frå eit utanfråperspektiv, samtidig som vi får lese sjølvframstillinga deira.

I den delen kor barndomskompisen Tom Roger fortel om seine barneår og tidlege tenår, er spenninga mellom desse to perspektiva svært god. Tom Roger er også den mest interessante karakteren, i begge Innsirkling-bøkene. Han svarar til alle dei sterotype assosiasjonane vi kan finne på å knyte til ein Tom Roger. Han er ein småkriminell type, med fleire usympatiske karaktertrekk, som særleg kjem til uttrykk i måten han behandlar sambuaren på. Og den meisterlege evna Tiller har til å skildre ein slik karakter, frå Skråninga, kjem også fram her. For uansett kor ufin og ufordrageleg han er, så får eg sympati for Tom Roger. Familien hans, bakgrunnen hans og oppveksta han har hatt gjer at eg forstår han og han blir eit heilt menneske for meg, medan eg les.

Likevel er eg ikkje udelt positiv. Eg liker ikkje siste delen. Her blir det avslørst at David ikkje lid av hukommelsestap likevel, men at han driv med eit kunstprosjekt. Og det er forsåvidt greit, men vidare blir avsløringane som kjem fram usannsynlege. Dette bryt med den gode, nøkterne og realistiske forteljinga som pregar dei tidlegare delane. Eg synest det er øydeleggjande at plottet beveger seg over til såpeoperamateriale mot slutten. Den eldre dama som fortel denne delen, Paula, blir i tillegg ein mindre truverdig og mindre overbevisande karakter enn dei fem tidlegare. Det unike med skildringa dei andre karakterane, er jo det at vi heile tida skjønner motivasjonen for at dei handlar som dei gjer, sjølv om vi kanskje ikkje anerkjenner adferda deira. Men eg skjønner ikkje motivasjonen for at Paula handlar som ho gjer. Og dermed kjennest det som om Tiller stikk hol på sitt eige prosjekt og punkterer heile innsirklinga, idet både handling og personar blir mindre truverdige.

Det er sagt at Innsirkling skal vere ein trilogi, og eg kjem nok til å lese siste boka også, til tross for at Innsirkling 2 hadde ein amputert slutt. Og før siste boka går i trykken, håper eg forlaget kan spandere på seg ein korrekturlesar.

Apr 26, 2011

Skuffande, til Hustvedt å vere

Siri Hustvedt
Sommeren uten menn
Omsett av Bodil Engen
Aschehoug, 2011
204 sider


Nei, denne gongen er eg skuffa over Siri Hustvedt. Eg hadde så høge forventningar til Sommeren uten menn at sjølv om Janke har sagt at ho ikkje innfridde, trudde eg dette skulle bli bra. Men Janke hadde rett. Dette var ikkje bra. Sommeren uten menn er ikkje i nærleiken av å nå opp til tidlegare bøker, som Det jeg elsket, The Sorrows of an American og The Blindfold, som eg har lese med stor begeistring.

Eg liker Siri Hustvedt si heilt unike evne til å diskutere kunst, kropp og menneske på eit relativt tungt filosofisk plan, utan at det forstyrrer handlinga. I dei tidlegare bøkene, har ho fått til dette på ein svært elegant og imponerande måte. Særleg i Det jeg elsket, er denne evna utprega sterk, og det er det som gjer denne romanen til ein av mine favorittar. Men i Sommeren uten menn, blir denne styrken ein klamp om foten. Det er som om Hustvedt ikkje når heilt opp til seg sjølv. Dei filosofiske kommentarane og poesidiskusjonane som blir lagt til hovudpersonen blir påtatte og står utføre handlinga. Det blir ikkje ein integrert del av eit meisterverk, som i Det jeg elsket, men ei oppstykking av den heilskapen som potensielt sett kunne vore god. Eller som Janke så fint formulerte det: "Det blir masete og distraherende når hun hele tiden intellektualiserer handlingen." Som her:
Det kommer kanskje ikke som noen overraskelse på deg at hjernen vår ikke er særlig forskjellig fra hjernen til vår pattedyrslektning rotta. Min egen rottemann har tilbrakt livet sitt med å forfekte et subkortiakalt, opprinnelig, affektivt selv som er felles for artene og pekt på våre felles hjerneområder og nevrokjemier. Først i de senere år har han begynt å relatere dette kjernepunktet i mysteriene i høyere nivåer av refleksjon, speiling og selvbevissthet - hos aper, delfiner, elefanter, mennesker og til og med duer (det aller siste) - og publiserer avhandlinger om de forskjellige systemene i dette mystiske vi kaller selv, beriker sin forståelse med fenomenologi, med sitater fra den strålende Merleau-Ponty og den dunkler Edmund Husserl, takket være SIN KONE, som geleidet ham gjennom filosofien skritt for skritt, gikk tilbake til Hegel, Kant og Hume når det var nødvendig (selv om mannen har mindre bruk for dem, hans interesse er legemliggjørelse, ja, Leib, Schema corporel), og leste oppmerksom hvert ord han hadde skrevt mens hun med flid og omhu rettet feil og pirket på språket. Nei, stønner du, ikke hun, ikke hun av ringe høyde, med røde krøller og frodig barm! Ikke den kvinnelige poeten. Jo, slik er det, og jeg spøker ikke. Den store Boris Izcovich har gjentatte ganger gått på jakt etter ideer i hjernen til sin egen kon, har til og med kreditert henne for bidragen. Og så? Og så? sier du. Er ikke det i orden, da? Det er IKKE i orden, for DE tror ham ikke. Han er Filosofikongen og Rottevitenskapsmannen.
Den irriterande bruken av versaler for å utheve viktige ord og den forvirrande vekslinga mellom bruk av første- og tredjeperson, kan kanskje tilskrivast slurv frå forlaget si side. Men Hustvedt må ta støyten for å øydeleggje eit svært godt utgangspunkt for ein spennande roman, men kvasifilosofiske flosklar som ho ikkje klarer å integrere i teksten, denne gongen.

Utgangspunktet for handlinga er godt. Kva skjer, når ektemannen etter 30 år skal ta ein "pause" frå ekteskapet, og det viser seg at Pausen er en ung, fransk kollega? Jo, hovudpersonen Mia får eit nervøst samanbrot, blir innlagt på ein psykiatrisk klinikk med ei kortvarig psykosediagnose, før ho reiser til mor si i Bonden i Midtvesten. Her er ho ein heil sommar, og bortsett frå den 4 månadar gamle Simon, omgås ho bare kvinner i ulike aldrar denne sommaren. Mia er professor i poesi, skriv dikt og denne sommaren underviser ho tenåringsjenter i diktskriving. Samtidig blir ho involvert i dei eldre enkene nabolaget sin lesesirkel og ho blir godt kjent med Lola, mora til to små barn og kona til ein usympatisk alkoholikar. Dermed er ramma sett for å utforske relasjonar og kvinneroller i eit mannefritt miljø.

Utgangspunktet er altså interessant. Det er rom for den store feministiske romanen anno 2010-talet. Det er ei ramme som åpnar for å samanlikne kvinna si oppvekst, frå tida då Abigail og hennar 88 år gamle dotter Regine var unge med dei 13 år gamle poesikurselevane til Mia sin kvardag i dag. Og som poesiforskar og -lærar er det rom for mange spennande språkelege og filosofiske tankesprang. Men det heile blir for ambisiøst og faller saman, og i staden for ein stor roman, blir Sommeren uten menn ei rekke lausrivne betrakningar som kunne vore interessante kvar for seg, men som dessverre ikkje heng heilt saman.


Mar 12, 2011

Fri, men til kva?

Freedom
Jonathan Franzen
Open Market Paperback, 2010
561 sider




Eg begynner å skjønne at når Torbjørn Hauken anbefaler ei bok, bør ho lesast. Og Freedom er ikkje eit unntak. Dei siste vekene har eg vore sterkt gripen av Jonathan Franzen sitt dystre og misantropiske univers.

Vi følgjer ekteparet Patty og Walter Berglund, deira vennekrets og ungane deira Joey og Jessica. I innleiingskapittelet er det ein utanforståande observatør som fortel om Berglund-familien si framtoning i nabolaget. I neste del er det Patty som har synsvinkelen, og vi får ta del i hennar oppvekst og studietida hennar fram til ho møter Walter. Og slik vekslar synsvinkelen vidare, mellom desse to, vennen og rockestjerna Richard Katz og sonen Joey. Forteljarteknisk er dette eit interessant grep, som styrer sympatiane til meg som lesar i ulike retningar. Eg ender opp med å eigentleg ikkje like nokon av karakterane, samtidig som eg får forståing for korfor dei handlar som dei gjer, og dermed ikkje klarer å mislike dei heller.

Patty er i utgangspunktet stjerne på basketballaget, medan Walter i utgangspunktet er ein idealist som leitar etter ei løysing på dei globale, økonomiske problema. Den egosentriske kvinna og den idealistiske mannen, blir stadig meir karikerte. Det stadig vanskelegare forholdet mellom dei to, står heile tida i sentrum for romanen. Samtidig tematiserer romanen, gjennom Walter sitt engasjement i miljørørsla dei globale problema knytta til overbefolkning og manglande ressurser. Walter si politiske overbevisning reiser ei rekke viktige spørsmål, sjølv om ho etterkvart driv den fugleelskande idealisten over i ein galskap som blant anna får utslag i ei patetisk krigføring mot kattane i nabolaget.

Gjennom dei mange, svært gode skildringane og det presise språket malar Franzen eit stort episk portrett av ei gruppe amerikanske gjennomsnittsmenneske som har fridom til å gjere det dei vil. Samtidig problematiserer han måten dei forvaltar denne fridommen på, både i eit globalt perspektiv og på eit mellommenneskeleg nivå. Freedom er ei stor lesaroppleving, sjølv om ho i periodar nesten fekk meg til å miste trua på mennesket.




Mar 11, 2011

Det politiske dramaet er tilbake

Eg har sett "Endelig skjer det noe", regissert av Thomas Seeberg Torjussen. Og eg gleder meg over at det politiske dramaet, dramaet som vil seie noko om verda og som kritiserer samfunnsforhalda, er tilbake i eit så vellukka stykke.

Regissør og hovudrolleinnehavar Thomas Seeberg Torjussen er ein backpacker som blir tatt til fange av den mest ettersøkte terroristen i verda, Vemeth. Innimellom den komiske - for ikkje å seie hysterisk morsomme - situasjonen som oppstår når gisselet drikk te og høyrer på ABBA saman med terroristen, reiser stykket viktige spørsmål om vestleg kulturimperialisme og korvidt dei fredsbevarande styrkene faktisk bevarer freden.

Eg lo så eg rista, under forestillinga, samtidig gleder det meg at Torjussen viser vilje og mot til å stille problem under debatt, i god, gammal Brandes-ånd.

Om du ikkje klarer å få tak i billettar til denne forestillinga på Torshov, kan du jo kose deg med dette YouTube-klippet så lenge.

Feb 9, 2011


Sonja Nordenswan
Blues från ett krossad världshus
PQR, 2010
278 sider


Eg er litt seint ute i Knirk si nordiske samlesing. Denne helga har eg lese Blues från ett krossad världshus av Sonja Nordenswan, ein sterkt handlingsdriven roman om kvinner i tre generasjonar.

Eg er fascinert over forsida til denne romanen. Dei blåkvite vinterfargane og linjene i biletet er skjøre og sårbare, samtidig som dei er noko massivt over dei. Det abstrakte biletet får meg til å tenke på sprekker i glass eller is. Houvdpersonen i boka, den schizofrene 18-åringen Smaragda, har også nokre av dei same eigenskapene over seg, dette sårbare og knuselege, men samtidig solide.

I innleiinga presenterer Smaragda seg sjølv og Dora, som er den stemmen som av og til tek kontroll. Smaragda har vore inne til psykiatrisk behandling, etter at Dora beordra henne å svømme ut til eit fiskeanlegg og befri regnbogelaksen. Dette frisleppet av laksen, er den schizofrene jenta sitt forsøk på å bote på slektningane sitt misbruk av fiskane. Vidare fortel Smaragda om korleis ho og Dora kom fram til at dette var ei tvingande nødvendig botshandling.

Smaragda har vokse opp saman med mormor og onkelen, Stefan. Ho har ingen far og ingen morfar, og får minne om mora, som døydde ung. I første delen av boka er samtalane mellom mormor og Smaragda sentrale. Mormor fortel om oppveksta si, og etterkvart får Smaragda vite kven som er morfaren hennar. Når Smaragda så fyller 18, får ho lese dagbøkene som mora har etterlate seg. Dermed får den døde mora fortelje si historie til dottera. Spørsmålet om kven morfaren og faren er, er heile tida drivkrafta gjennom forteljinga. Forteljinga om slekta tek oss med til the swinging sixties i London og den spente situasjonen til fattige arbeidarar i Belfast på slutten av 80-talet. Gjennom kronologiske tilbakeblikk får vi følgje mormor si forteljing og Smaragda si lesing av dagbøkene etter mora. Og kronologien spring heile tida fram til nåtid (2007), kor Smaragda kommenterer, bearbeider og evaluerer det ho får vite. Dette gir innimellom gir boka eit litt repetetivt preg. Det er som om det som er viktig, skal understrekast i så stor grad, at eg innimellom kjenner meg litt undervurdert som lesar.

Smaragda har lengta etter å få vite sanninga om faren sin og morfaren sin. Samtidig har det at ho ikkje har visst kven dei er, gitt henne draumar å leve i. Etterkvart som ho får vite sanninga, må ho også forhalde seg til det ho får vite. Ho får verken kontakt med satanistmorfaren sin eller slektningane til faren, som ho lengtar etter. Og sjølv om dei sanningssøkande drivkreftene i Smaragda er intense, har dei også eit snev av ambivalens. Dette reflekterer eg-personen litt rundt, samtidig som det intense vitebegjæret ikkje gjer desse refleksjonane heilt truverdige.
Det kjem ikkje heilt tydeleg fram av teksten kva det er som utløyser personlegheitssplittinga og Dora sin entrè i Smaragda sitt liv. Men denne ambivalensen ligg der som ein viktig faktor, saman med avvisninga Smaragda opplever når ho forsøker å få kontakt med familien på farssida.

Blues från ett kråssad världshus er ein generasjonsroman med godt språk og ei fengjande handling. Men på det forteljartekniske sviktar boka litt. Det er som om den implisitte forfattaren sin rettleiande funksjon blir for dominerande, og eg som lesar får ikkje lov til å oppleve forteljinga på eiga hand.

Feb 1, 2011

Mellom oss


Ruth Lillegraven
Mellom oss
Tiden norsk forlag, 2011
249 sider


Eg har lese Ruth Lillegraven sin romandebut Mellom oss. Tittelen på boka, Mellom oss, gir assosiasjonar til det fortrulege og tillitsfyllte. Uttrykket "men dette blir mellom oss", er noko folk ofte kan seie, når dei har delt noko i tillit. Men i Lillegraven sin roman er det ikkje tillit og tryggleik mellom hovudpersonane. Mellomromma "mellom oss" er fyllt av hemmeleghalding, dårleg kommunikasjon og manglande tillit.

Handlinga i boka kretsar kring Tonje, mora og besteforeldra hennar. Tonje har eit hemmeleg liv. Alle rundt henne trur ho jobbar på eit krisesenter, medan ho eigentleg er prostituert. Farmor har skjønt dette, men ho held det hemmeleg for Tonje. Mor seier heller ingenting til Tonje, når ho finn det ut. Farmor sitt hemmelege liv er knytta til at ho var medlem i etterretningsstenesta under krigen, medan mor til Tonje har halde hemmeleg korleis faren til Tonje avviste dei, etter at han hadde reist frå dei. Og farfar snakkar ikkje om tida i Natzweiler. Desse store tinga som dei ikkje snakkar om, ligg mellom dei og forstyrrar for å byggje opp kommunikasjon og tillit.

Forteljarteknikken i boka byggjer opp om tematikken på ein svært spennande måte. Forteljarstemma følgjer ein og ein person, i eit og eit kapittel, og har heile tida bare innsyn i tankane til den personen i det kapitlet. Dette er effektivt med på å byggje opp mot tematikken i boka, gjennom at lesaren på ein elegant måte blir plassert i mellomrommet mellom desse karakterane. Lesaren får innsyn i dei forskjellige personane sine tankar og kjensler, og lesaren får vite det dei andre ikkje får vite.

Handlinga spring også i tid. Dei ulike karakterane sine forteljinger blir fortald frå 1943-1945, tida rundt EEC-avstemminga i 1972 og i nåtid, som er 2002-2003. Kvart kapittel har ein dato og namnet på den person vi følgjer som overskrift. Dette var forvirrande då eg begynte å lese. Lesetida mi har blitt innskrenka etter at eg begynte å jobbe, så eg les stort sett på bussen og i helgene. Og dette er ikkje ei bok som er eigna til å busslesing. Eg gløymde kven karakterane var i forhald til kvarandre og eg gløymde å lese datoane grundig, og skjønte ikkje samanhengen mellom dei ulike delane. Men når eg sette meg ned og las samanhengande over fleire timar, merka eg at dette var eigentleg eit godt grep. Men det er eit grep som krev litt fokus av lesaren.

Mellom oss er ei god bok, ganske lenge. Dei vanskelege relasjonane er truverdige, heilt til det nærmar seg slutten på forteljinga. Mot slutten løyser nesten alt seg. Alle får vite om alt dei andre har skjult og det heile lukkar seg inn i ei nyskapt tillit og gjenreising av det øydelagte. Symbolikken rundt det gamle høgfjellshotellet som gradvis blir restaurert og får tilbake prakta si parallelt med at dei øydelagde relasjonane blir fiksa på, tippar litt over og blir litt platt. For det er skildringa av det som er vanskeleg mellom personane, som er genialt i denne boka. Det er måten boka inviterer lesaren inn i mellomromma mellom menneska, som gjer boka verdt å lese. Mot slutten løyser alt seg, og mellomromma blir mindre. Eg trur Mellom oss er ein av dei romanane som ville stått sterkare, utan ei tilnærma happy ending.

Takk til Tiden, for leseeksemplar.


Jan 23, 2011

Smakebit på en søndag - 3


Dagens smakebit på ein søndag er henta frå boka Mellom oss av Ruth Lillegraven som eg les nå om dei vanskelege relasjonane mellom menneske:

Så var mora der også, står i gangen i stor pels og lue og kyssar Dagny på kinna. Dei held kvarandre i hendene. Alltid dette ukompliserte og hjartelege mellom dei. Eit felleskap ho aldri heilt har skjøna seg på. Av og til kjenner ho noko som liknar sjalusi. Dagny skal helst vere berre hennar. Og Ranveig er så open og hjarteleg når ho er åleine med Dagny, så annleis enn når det er berre dei to. s. 83

Jan 13, 2011

3/52 "Slik skjer det ikke" av Line Berg

Tittelnovella i debutsamlinga til Line Berg, Slik skjer det ikke, er dagens lesaroppleving. Hovudpersonen kryssar sebrastripene over vegen og blir påkøyrd. Denne ulykka fører henne til sjukehuset, kor ho møter legestudenten, som ho seinare presenterer for foreldra sine. Også kjem vendepunktet, for "slik skjer det ikke"...

"Slik skjer det ikke" er ei novelle med ei klassisk spenningskurve og eit veldig tydeleg vendepunkt. Tittelen peikar fram mot slutten, noko som er med på å dempe overraskinga. Novella er ganske enkelt så oppskriftsmessig byggja opp, at det grensar mot det kjedelege. Men så er det språket då, som gjer teksten verdt å lese likevel. Bare sjå:
Du ser at den unge gutten har falt sammen ved siden av bilen, og nå er det folk som løper bort til ham, tar rundt ham og sier at det gikk bra, de stryker ham på ryggen og gjentar at det gikk bra, og du hører ham si at det bare var en time siden han fikk lappen, at det var hans aller første tur alene, han skulle bare ned til sentrum og plukke opp en kompis. Det var han som kjørte inn i deg og slengte deg opp på sebrastripene der du egentlig skulle gått. Men alle krysser jo gata der uansett, noen meter før stripene, det er jo mye kjappere, og du tenker, hvis du bare hadde gått på stripene, ville ikke dette skjedd. Du får lyst til å rope til gutten at det ikke var hans feil.
Det forteljartekniske grepet med å leggje stemma til ein du-person er også med på å skape spenning og gjere novella til ei god lesaroppleving.

Eg kjenner eg begynner å like dette novelleprosjektet godt. Det passar veldig bra å ta ein novelle-lese-pause, i den travle kvardagen. Noveller passar godt, når lesetida er knapp.

Dec 29, 2010

Din nestes hus


Din nestes hus
Jette A Kaarsbøl 2009
Oversatt av Trude Marstein
Cappelen Damm 2010
396 sider


Det begynner vel å nærme seg 6 år sidan eg las Den lukkede bok av Jette Kaarsbøl. Dette var ei bok som begeistra meg stort og som etterkvart fekk veldig gode kritikkar. I 2009 kom Kaarsbøl med si bok nummer to - Din nestes hus, som eg endeleg har fått lese. Eg har vore nysgjerrig på denne boka ei stund, både fordi eg likte debutromanen til Kaarsbøl så godt, og fordi det er delte meiningar om boka. For mens Knirk rosar boka la Janke ho bort, halvlesen.

I boka møter vi den landskjende arkitekten og forteljar-eget Laus Lindborg, som blir dregen inn i ei midtlivskrise, etter at faren døyr. Han reiser til bygda Store Randing, kor faren som også er arkitekt, har teikna eit bibliotek. Her skal faren gravleggjast. Laus blir kjend med presten Stig og den 20 år yngre kona hans Alma. Tilbake i København bestemmer Laus seg for å ta ein pause frå jobben, ekskjærasten Maj og elskerinna Claudia. Han reiser tilbake til St. Randing under påskot av å skulle jobbe med eit fotoprosjekt. Her innleier han eit forhald til prestekona Alma. Motivasjonen for Laus sitt oppbrot, er som Janke peikar på, uklar, som mange av dei andre vala Laus gjer. Dette er med på å skape ei kunstig distanse mellom meg som lesar og hovudpersonen, noko som går ut over lesaropplevinga og som gjer forteljinga mindre truverdig.

Forteljinga er forsøkt framstilt scenisk. Kaarsbøl viser fram epsiodar og viser kva Laus og dei andre karakterane seier og gjer. Innimellom får lesaren innblikk i Laus sine tankerekker, men då ser han ofte tilbake på scener frå tidlegare i livet. Dette er eit spennande grep, men eg opplever at det fungerer dårlig i denne romanen. Forteljinga får eit hakkete og oppstykka preg. Vi får vite svært lite om kva Laus eigentleg tenker og kva slags kjensler eg-personen har, noko som også gjer at samanhengane blir borte. Eg får ikkje forståing for Laus, handlingane hans og vala hans. Kombinasjonen med eg-forteljaren gjer at det blir ei avstand mellom lesar og forteljar, som eg opplever som forstyrrande.

Når det er sagt er Kaarsbøl sitt språk og mange av skildringane svært gode. Eg tar meg i å humre over formuleringar og eg lar meg røre av skildringane av einskilde bifigurar. Romanen gir for eksempel eit veldig truverdig og levande portrett av den fire år gamle prestedottera Emilie. Den overvektige tenåringsjenta Meggie blir også skildra på ein rørande måte, og eg blir glad i desse to jentene.

Eg har brukt over ein månad på å lese ferdig denne boka, og fleire gonger har eg vurdert å leggje ho bort. Forteljinga er hakkete og eg får ikkje heilt tak på hovudpersonen, som burde bære forteljinga. Samtidig er det mange flotte element, sterke karakterskildringar og morsomme uttrykksmåter, som driv romanen framover til tross for at forteljinga blir svekka av dei forteljartekniske grepa.

Om det var verdt tida det tok å lese ho ferdig? Eg er faktisk ikkje sikker.

Aug 17, 2010

Før jeg brenner ned

Gaute Heivoll
Før jeg brenner ned
304 sider
Tiden, 2010.

Den siste helga i ferien skulle eg bruke til å vere i fjellet og gå turar i områda rundt hytta. Men eg hadde tatt med meg Gaute Heivoll sin siste roman, Før jeg brenner ned, ein roman som var så fengslande, at det var såvidt eg kom meg ut døra. Eg måtte bare lese eit kapittel til...

Før jeg brenner ned er ein roman basert på dei sanne historiane om pyromanen som gjekk laus i Finsland i Vest-Agder, våren 1978, den unge guten som startar ti brannar og som nesten tek livet av fire eldre menneske. Samtidig er det historia om den vesle guten som blei døypt i Finsland kyrkje den 5. juni 1978, medan heile bygda var på utkikk etter pyromanen. Og denne guten er Gaute Heivoll, forfattaren og det forteljande eget i romanen. For parallelt med den spennande forteljinga om brannane frå 1978 skriv Heivoll svært gripande om då han fann ut at han skulle skrive denne forteljinga, samtalane med dei som hugsar denne tida i 1978 og etterkvart sin eigen barndom og oppvekst i bygda der det brann. Og på ein gripande måte blir historia til dei to gutane frå Finsland fletta inn i kvarandre: Dei er begge eineborn. Dei er begge litt aleine, litt annleis enn andre born i skuletida. Dei er begge flinke og snille gutar, og folk har tru på at dei skal kunne bruke evnene sine til noko stort. Dei lærer begge å spele piano av Theresa. Og dei opplever begge ting i livet som får galskapen til å blusse opp inni seg. Men der pyromanen begynner å tenne på hus, begynner forfattaren å skrive. Denne parallellføringa av forteljingane skaper ein god komposisjon av romanen og samtidig gir han boka eit svært godt driv.

Boka har eit svært sterkt spenningselement, til tross for at lesaren tidleg får vite kven pyromanen er og at han blir arrestert. Spenninga blir på eine sida bygga opp om korleis han vil bli avslørt, samtidig er det også ei sterk spenning knytta til forfattaren og eget si eiga historie. Begge historiene er ei samanblanding av fakta og fiksjon, som skapar ei anna form for spenning. I eit intervju i Dag og tid for to veker sidan sa Heivoll om denne samanblandinga:
Lov å lyga
Heivoll har oppsøkt fleire av dei som opplevde pyromanen og fått dei til å fortelja om dramaet.
– Men eg måtte ta nokre steg til sides for røyndomen for å få til å skriva historia, og difor har det vorte ein mosaikk av fakta og dikting. Eg har fiksjonalisert brannstiftaren. Både han og foreldra hans har fått andre namn, medan andre er omtalte med sine eigne namn. Eg vart nøydd til å byggja opp pyromanen frå botnen av.
– Vil du kalla boka ein «dokumentarroman»?
– Nei, eg kallar det ein roman. Boka må ikkje lesast bokstavleg eller dokumentarisk. Skrivinga førde til ei erkjenning om at det faktisk er lov til å lyga – først og fremst om meg sjølv.
Romanen har fleire lag, han er både forteljing og metaforteljing, i og med at forfattaren skriv seg sjølv og skriveprosessen inn i teksten. Denne samanblandinga av fakta og fiksjon, av forteljing og metaforteljing er svært elegant og ho fungerer godt og gir forteljinga eit godt driv. Og denne eksperimenteringa med fleire lag av verkelegheit i forteljinga går ikkje på bekostning av den gode historien som blir fortald.

Før jeg brenner ned
er noko så sjeldan som ein velskriven og spennande pageturnar, med høg litterær kvalitet. Eg kjende sjølv på redsla og frykta, etterkvart som ho spreidde seg hos bygdefolket, og eg blei rørt av eget si forteljing. Skildringane av bygda er levande, og eg som knapt nok kjende igjen Nodeland, som er eit togstopp på Sørlandsbanen, satt med ei kjensle av å bli kjend med vegane, folka, vatna og naturen i Finsland. Dette er ein ubeskriveleg godt skriven roman, og Heivoll fortener all den skryten han har fått for boka. Det er bare synd at eg las ho så fort. Ho kunne gjerne vart litt lenger.

Jul 9, 2010

Utrenskning

Eg er heime frå ferie igjen, fleire lesaropplevingar rikare. Den første boka eg las ferdig medan eg var på tur, var Sofi Oksanen si bok, Utrenskning.

Sofi Oksanen
Utrenskning
Oktober forlag 2010
322 sider




Sofi Oksanen vann Nordisk råds litteraturpris for denne boka, og eg må bare slutte meg til den etterkvart store gruppa folk som seier at dette var velfortent! Utrenskning er ei svært god bok, og eg vil gjerne lese meir av Oksanen.

Handlinga er lagt til ei lita bygd i Estland, dels i 1992, like før det første presidentvalet i det sjølvstendige Estland og dels til tida under og etter 2. verdskrigen, då Estland var ein del av det kommunistiske Sovjet. Aliide har budd på den vesle garden der ho veks opp på heile livet, og ein dag i 1992 kjem det plutseleg den unge jenta Zara til garden. Aliide er skeptisk, men slepper etterkvart denne jenta som viser seg å vere ei russisk jente som har levd i ei gjeld ho ikkje heilt skjønner kor kjem frå, til halliken sin. Zara har røymd frå denne halliken, og søker tilflukt hjå Aliide. Men etterkvart finn Aliide ut at akkurat hennar gard ikkje var så tilfeldig vald av jenta.

Parallelt med historia om Zara som har røymd til Aliide sin gard, blir også historia om Aliide og søstera Ingel, som forelskar seg i den same guten like før andre verdskrig bryt ut, fortald. Dette er både ei sterk menneskeleg historie, om korleis relasjonane mellom dei to søstrene utvikler seg og samtidig ei historie om mentaliteten til folk under sovjettida. Søstrene må velgje kor dei vil plassere lojaliteten sin, og dei tek to svært ulike val, noko som også pregar relasjonen mellom dei.

Utrenskning er ei svært god bok. Karakterane er truverdige og har både sympatiske og usymatiske trekk, i tillegg til at det historiske og skildringa av mentaliteten til ulike folk til ulike tider er svært sterkt og godt skildra. Forteljinga er rik på detaljar, til tider grufulle og groteske detaljar, men likevel er boka svært godt skrive. Utrenskning er ei bok som har gjort inntrykk på meg, og eg veit at det er ei slik bok eg vil hugse.

Jun 25, 2010

Feriedikt

Nå tek lyrikkutfordringa "Lyrikk på ein søndag" ferie til august. Eg synest likevel det er litt fint å poste eit dikt i ny og ne, så innimellom dukkar det opp nokre feriedikt.

Her er eit frå den flotte diktsamlinga til Ingvill Solberg (også kjent som Lille Søster):

Hvis syltetøyet i kjelleren kunne snakke, ville det
fortelle om min mor.
Jeg spør: Var min mors hender triste der nede ved
bærbuskene var de raske, var de varsomme?
Den sure ripsen, den mørke solbæra, sukkeret og
syltepulveret, de så min mors ansikt.
Min mor sto ved kjelen hele kvelden og ble varm,
hele august måned luktet hun søtt.
Det ble mørkere om kveldene, og min far bar
syltetøyglassene ned i kjelleren.
Jeg spør: Var min fars hender varme?
(Frå Den yngste. 2010).
Den yngste er ei svært god diktsamling, som eg anbefaler alle å lese. Dikta er korte og kvardagslege, i eit enkelt språk. Dei aller fleste tekstane er knytta til relasjonar i familien og søskenflokken, som vi kan kjenne oss igjen i.

Den yngste
er ei diktsamling som fortener å bli lesen!

Jun 10, 2010

Ein nyoppdaga favorittforfattar!

Richard Yates
Påskeparaden
Originaltittel: The Easter Parade
Omsett av Agnethe Øye
218 sider
Oktober - 2010


Inspirert av Ingrids boktankar har eg fått lyst til å lese Richard Yates. Og sist eg var på biblioteket fann eg den nyleg omsette Påskeparaden i hylla. Den første setningen i boka er:
Ingen av Grimes-søstrene skulle få et lykkelig liv.
Også får vi følgje søstrene Sarah og Emliy Grimes, frå oppveksta på 1930-talet saman med den smånevrotiske mora Pookie, som stadig flytter til ein ny og betre bustad, slik at søstrene ikkje får slå seg til ro nokon plass. Faren skriv overskrifter i The Sun, og er den store helten til jentene, men dei treffer han sjeldan. Sarah gifter seg med ein semibritisk "gentlemann", og flytter til eit herskapshus på ein plass utafor allfarvei, kor ho lever livet som husfrue og mor til tre gutar bak ei flott fasade. Emily får eit stipend, studerer engelsk og blir intellektuell. Ho slår seg ikkje til ro med nokon mann, men går frå det eine forhaldet til det andre, og finn heller aldri nokon jobb ho slår seg til ro i, i New York.

Dette er ei velskriven bok om liva til dei to kvinnene. Eg blir oppslukt av boka, lever meg inn i denne realistiske fortellinga og får sterk sympati for søstrene. Samtidig lar Yates sin skrivemåte meg halde ei viss distanse til desse kvinnene, gjennom den tidvis gode ironien som blir bygga opp i teksten. Påskeparaden er både trist og tragisk, og samtidig full av humoristiske skildringar.

Takk til Ingrid, som introduserte Yates for meg.

May 30, 2010

Lyrikk på ein søndag - I

Denne veka har vi komme til bokstaven I i utfordringa.

1. Eg såg det svenske programmet "Babel" på SVT, tidlegera denne veka. Her dreidde debatten seg om "poetarnas front i ingenjörslandet Sverige". Og eg trur Norge har så mykje til felles med Sverige, som ingenørland. I programmet blir lyrikken si svake stilling i Sverige (og andre land med ytringsfridom) kontrastert med lyrikken si sterke stilling i diktatur, kor korte dikt er ein ytringsform som er langt lettare å spreide, enn mange andre ytringsformar.

Spørsmålet som programleidar Erik Schüldt stilde er i alle fall relevant også for den norske litterære marknaden:
Är Sverige ett så inrutat ingenjörsland att vi inte klarar av poesi? Att vi inte står ut med det vi inte förstår? Är det därför en minimal skara poeter debuterar varje år för att sen ändå reas ut på nästa års bokrea?

Kva tankar gjer du deg omkring dette?
(Eg anbefaler deg forresten å ta deg tid til å sjå programmet. Det er eit godt program).

2. India, og dei omkringliggjande landa i "Orienten", var til stor inspirasjon for mange modernistiske diktarar. Presenter eit dikt frå India eller eit anna asiatisk land.

3. Presenter eit dikt av ein diktar på I.

-------------------------------------------

1. Eg meiner at det er vanskeleg å sette fingeren på årsakane til at diktsamlingar selgjer såpass dårleg som dei gjer her til lands, og eg trur det kan vere fleire faktorar som spelar inn. Dette med "ingenjörsland" vs. diktatur, som Schüldt presenterer er interessant, men det er noko eg ikkje har tenkt så mykje over før eg såg "Babel", tidlegare i veka. Eg trur kanskje det er ein forklaringsmodell som har noko føre seg. Men det er bare ein av fleire forklaringsmodellar.

Vi har stor tilgang på underhaldning, så stor tilgang at noko blir vald bort. Og då er det kanskje ikkje så unatruleg at mange velgjer bort det mange oppfatter som "tunge" diktsamlingar. Eg trur mange har fordommar mot lyrikk, fordommar som er skapte gjennom skuleåra, kor lærebøkene var meir opptekne av dei vanskelege metaforane og symbola, enn av det å oppleve teksten. Og eg trur dette er ein anna faktor som pregar dette at debutantane bare ender opp i salsstablar, året etter.

2. Eg vil presentere eit dikt av den indiske diktaren Jibanananda Das, gjendikta av Paal Brekke:

EN ÅKER, ØDE GOLD

En åker her, der noen engang høstet. Nå
strødd med råttent løv, eggeskall, ormeskinn
Tungt snubler jeg fram. Der bortenfor
sover en jeg kjente. Dypt. Kledt i blomster

Der ligger en og sover. Som jeg ofte
møtte, gikk forbi, og møtte igjen
Jeg subber i fuktig løv, gresshopper
spiller. Men hun? tier

3. Dagens forfattar på I er Ingvill Solberg, også kjent i bloggsfæra som Lille Søster. Ho har skrive ei svært god diktsamling, som heiter Den yngste, og som eg var så heldig å få eit leseeksemplar av i posten. Eg jobbar med ei meir heilheitleg omtale - og varm anbefaling - av denne boka, men inntil vidare kan eg presentere ein smakebit her:
Jeg drar og besøker mine brødre, jeg flyr over åkrer
og skoger og enger, helt ut til det ytterste skjæret, der
brødrene har slått seg ned. De fanger fisk i de kraftige
nebbene og lever fredelig side om side mens vannet slår
mot steinene. Hver vår legger brødrene egg som ikke
blir til unger, og de skriker mot den kalde vinden, og
vinden kaster skrikene tilbake.
Og:
Min brors natt
er en blekblå måne
som lyser over

mitt søsterhode,
som våker over
mitt søstersinn

der hundre
harer løper
over skaren.
Dette er ei samling gode tekstar. Måtte ikkje denne diktsamlinga "reas ut på nästa års bokrea".

May 29, 2010

Precious

Precious, based on the novel Push
Sapphire
Vintage books, 2010.
137 sider


Eg har lese boka bak kinofilmen Precious, som eg har fått låne av Ugla. Det har vore ei sterk bok som eg har brukt lang tid på.

Boka fortel historia om Claireece Precious Jones, ei 18 år gammal jente som er gravid for andre gong. Første dottera, den utviklingshemma jenta Lill' Mongo, fødte ho då ho var 12. Begge graviditetane er eit resultat av faren sine overgrep. Precious bur saman med mora, som reagerer på faren sine overgrep med sjalusi og sinne mot dottera. Boka startar med at Precious blir kasta ut få den offentlege skulen, fordi ho er gravid. Ho får hjelp til å komme i kontakt med Miss Rain, ein lærar som underviser ei lita gruppe analfabete elevar i Harlem. Miss Rain har tru på Precious, noko som fører til at Precious etterkvart viser store framsteg. Samtidig med at sonen Abdul blir født, lærer ho å lese og skrive. Etterkvart kjem ho seg vekk frå heimen og begynner å drøyme om eit betre liv for seg sjølv og borna sine.

Boka er sterk. Og samanlikna med andre bøker som fortel liknande historier, er ho overraskande klisjefri. Forteljinga Precious fortel, har eit stream-of-counciousness-preg, og verkar som ein lang monolog, med stadige sprang mellom fortid og nåtid. Den oppbrotne kronologien og mangelen på struktur, er med på å gi eit inntrykk av ei ekte forteljing, frå ein person til ein anna. Også språket i boka er med på å byggje opp om fortejinga si autentisitet, og gjere ho truverdi og ekte. Språket gjenspeglar Precious si gradvise utvikling frå analfabet til lesedyktig. Dei tidlege avsnitta er krevande å lese. Mange av orda er skrivne lydrett, noko som gjer at eg må lese "høgt" for å få tak i teksten:
"Precious! Precious!" my muver hollering but my head not here it in four years when I had the first baby. I was standing at this sink when the pain hit me, and she hit me.
"Precious!"
My hand slip down in the dishwater, grab the butcher knife. She bedda not hit me, I ain' lyin'! If she hit me I will stab her ass to def, you hear me!
"Precious! You done lost your mind? Just standing up there staring into spaces. I'm talkin' to you!"
Like thas something.
"I was thinkin'," I say.
"You thinkin' while I'm talkin' to you?"
She says this like I'm burnin' hunnert dollar bills.
(s. 13)
Etterkvart som Precious lærer å skrive, begynner ho å skrive dikt. Tekstane minner om rap-tekstar, med sitt enkle innhald og klare rytmar. Desse dikta, som er innfelde i romanen, er fulle av håp. For sjølv om historia om Precious er ei grusom historie, som tidvis er vond å lese, er ho full av håp om ei betre framtid for denne jenta:
mornin
by Precious Jones

Mornin is a rooteen
up at 6 a. m.
wash teef, dress
wash Abdul teef, face, booty
dress him
Breakfast for kid
we go to ktichen
fix him someting
good from what's there
what's there for baby
is good
oatmeal
cream wheat
rice cream
appul sauc
or egg toast
bacon I don't let Abdul eat bacon
Put Abdul wif a kiss
in nother woman arms
rootine b
r
e
ak
i run get dress
fix tea (don't like coffee)
grab books
walk
mornin wet the streets
amung the vakent trees
is secrit plots
of green diamonds
call grass.

Mar 9, 2010

Ei god samling forteljingar


Eg koser meg med Thomas J. R. Marthinsens bok Du. På coveret står det "Fortellinger". Og dette er ei samling med forteljingar, nokon grensar mot novella, andre står igjen som korte prosastykker. Men dei er fine. Dei er fortalde til mange ulike du-personar, frå eit eller fleire eg, eg er litt usikker. Dei er prega av at forteljaren er ein utanforståande i forhald til hovudpersonen, og dette gjer at det blir lagt stor vekt på dei ytre, sanselege tinga som blir skildra.

Eg les ei forteljing, stoppar opp og tar ein liten pause før eg les neste. Dette er ei bok eg kjem til å bruke lang tid på, sjølv om ho bare er omlag 200 sider. Eg vil lese sakte og få med meg detaljane og stemninga i alle dei korte tekstane.

Feb 12, 2010

Middelmådig om viktig tematikk

Little Bee
Chris Cleave
Originaltittel: The Other Hand (2008)
Oversatt av Guro Dimmen
Aschehoug forlag 2010
268 sider.



Nå har eg lese leseeksemplaret av boka Little Bee, som Aschehoug sendte meg, i slutten av januar. Det har vore ei blanda lesaroppleving, men eg er usikker på om eg ville ha lese boka i det heile tatt, om ho ikkje hadde dumpa ned i postkassa mi. For det er gjennom omslaget på ei bok at ein får førsteinntrykket, når ein leitar i bokhandlarhyllene etter noko å lese. Og dette omslaget ville eg nok neppe ha plukka opp. Det er bilete av ei afrikansk jente i ein solnedgang på ei strand, omslaget er orange og både biletet og typografien på framsida gir meg assosiasjonar til ein middelmådig kjærleiksroman.

Etter at oljeselskapa har plyndra landsbyen som jenta som kaller seg Little Bee har vekse opp i, rømmer ho og storesøstera mot havet. Dei blir henta inn av soldatar på ei strand, kor dei også møter eit britisk ektepar som har reise på ferie for å reparere ekteskapet etter kona Sarah si affære. Her utspelar det seg ei rekkje groteske scener, før den yngste av dei to søstrene bergjer livet og flykter til Storbritannia i lasterommet på eit skip. Når ho kjem fram blir ho parkert på eit interneringssenter i to år, før ho slipper ut utan papirer. Då oppsøker ho ekteparet Andrew og Sarah. Og det er her historia om Little Bee og hennar vennskap med Sarah og sonen Charlie, denne fireåringen som går rundt og vil vere Batman, begynner.

Forteljinga vekslar mellom å bli fortald frå Little Bee og Sarah sin synsvinkel. Sarah er i utgangspunktet, før Little Bee dukkar opp, i eit vanskeleg ekteskap, med Andrew og saman har dei sonen Charlie som ho forgudar over alt på jord. Ho har samtidig ei affære med Lawrence. Sarah er sjefsredaktør for eit suksessrikt magsin og har på mange måtar alt ei 32 år gammal kvit kvinne utføre London kan drøyme om. Denne forteljarinnstansen er truverdig. Møtet med Little Bee, korleis dette møtet forandrer henne og tankane ho som i utgangspunktet er ei velståande kvit kvinne gjer seg i møtet med denne flyktningen er truverdig. Og dei kapitla som er skrivne med Sarah som førstepersonsforteljar er gode.

Dei kapitla som er skrivne med Little Bee som førstepersonsforteljar er derimot svake. Når eg les klarer eg ikkje fri meg frå tanken om at denne historien er skrive av ein 36 år gammal britisk mannleg journalist. For det er ikkje denne afrikanske tenåringsjenta som fortel. Det er den kvite mann sine forestillingar om korleis ei afrikansk tenåringsjente ville ha fortald historia si, eg har lese. Og desse forestillingane held rett og slett ikkje vatn. Dei blir ikkje truverdige, og eg blir stadig minna om at forfattaren er vestleg, når eg les dei liksom-afrikanske erindringane. Det svekker heile forteljinga. Eg liker ikkje å bli minna om forfattaren, medan eg les ei bok. Dei stadige refleksjonane om forskjellane mellom afrikansk og britisk liv, dei som skulle ha skapa nærvær mellom lesar og forteljarstemme, blir påtrengande. Formuleringa "Hvis jeg hadde fortalt denne historien til jentene der hjemme, ville de spurt meg" blir gjenteken i så mange samanhengar, at det heile bare blir platt:

Jeg våknet på Sarahs sofa. Først skjønte jeg ikke hvor jeg var. Jeg måtte åpne øynene og se meg omkring. Det lå puter av oransje silke på sofaen. De var brodert med fugler og blomster. Solen falt inn gjennom vinudet, og disse vinduene hadde oransje fløyelsgardiner som gikk helt ned til gulvet. Det sto et salongbord med glasstopp der, og glasset var så tykt at det så grønt ut fra siden. På hyllen lå det blader. Et av dem tok for seg mote, et annet hvordan man kunne gjøre hjemmet vakrere. Jeg satte meg opp og plasserte føttene på gulvet. Gulvet var dekket av tre.
Hvis jeg hadde fortalt denne historien til jentene der hjemme, ville de spurt meg: Hvordan kan et bord være laget av en salong, og hva er fløyel, og hvorfor hadde ikke kvinnen du besøkte samlet veden ved siden av huset som alle andre? Hvorfor lot hun det bare ligge utover gulvet, var hun virkelig så lat? (s. 133)
Desse refleksjonane kunne vore interessante, dersom forteljarstemma bak Little Bee si historie hadde vore truverdig. Men så lenge denne illusjonen om afrikansk jente i London stadig blir broten, mister også denne typen avsnitt den krafta dei kunne ha hatt.

Språket er også til tider irriterande fullt av klisjéar. Eg veit ikkje om dette er forfattaren eller oversettaren, men det er ein anna faktor som får meg til å lese boka med eit snev av irritasjon. Innimellom skin dei engelske formuleringane gjennom oversettinga, andre gonger er samanlikningane og bileta bare påtrengande klissete, som når Sarah tenker:
Jeg husker at jeg med et stikk av dårlig savittighet innså at det ikke lenger fantes noen grunn til at jeg burde være her - langt unna mitt hjertes sentrum, en skibrudden i dets forstad. (s. 93)
Det tragiske druknar litt i den utruleg komiske samanlikninga.

Det er ikkje tvil om at forfattaren har gjort grundig research. Og tematikken, om oljeselskapa som jamner landsbyar med jorda og vitnet som må flykte for å ikkje bli drepen, om den papirlause flyktningen si frykt for å bli deportert og problemstillingane knytta til det å huse ein illegal flyktning er svært viktig. Dette er ein tematikk eg som sitt trygt i heimen min har godt av å få eit innblikk i. Og nettopp derfor synest eg det er synd at det formelle og forteljartekniske gir Little Bee eit slikt middelmådig preg.

Dersom du vil lese litt meir positive omtalar av denne boka, kan eg foreslå at du stikker innom bloggane til Stinema, Anita eller Beatelill. Dei var litt meir begeistra enn eg.