Showing posts with label Frå England. Show all posts
Showing posts with label Frå England. Show all posts

Nov 3, 2011

Lydbøker

Nå er formen endeleg stigande igjen, og eg gleder meg over å orke stadig meir. Eg har vore plaga av svimling, kvalme vondt i hovudet, som eit resultat av ein infeksjon i indre øyret, nær eller på balanseorganet. Eller med andre ord, ei forkjøling som veks litt utav proporsjoner. Dette har også påverka synet mitt slik at når eg har forsøkt å lese, har bokstavane dansa rundt på papiret og det har vore veldig slitsomt å forsøke å ta inn synsinntrykk. Dei første dagane var det så vondt å feste blikket at eg ikkje orka sjå på tv. Men nå er formen stigande og eg nærmar meg klar for den vanlege kvardagen igjen, med både jobb og bøker og alt anna som følgjer med.

Men kva gjer ein, når ein verken orkar å lese bøker eller sjå på tv? Ein søv sjølvsagt ein god del, men den tida ein er vaken skal jo også fordrivast. Dermed har eg forsøkt å gi lydbøker ein ny sjanse. Eg har aldri likt lydbøker, for eg opplever så sjeldan at opplesinga passar inn med slik eg ville ha lese boka, om eg hadde lese med mi eiga stemme, inni meg. Tempoet blir ofte annleis og trykket og vektinga av ulike ord og setningsledd blir styrt av nokon andre enn meg. Eg liker det ikkje. Det tar frå meg litt av den råderetten over språket og boka, som eg gjerne vil ha, som lesar. 

Likevel, eg har lasta ned lydbokavspelaren på ordflyt.no, kor det er timesvis med lydbokmateriale til gratis avspeling og mp3-lydbøker som kan kjøpast. Først høyrde eg meg gjennom Stormfulle høyder av Emilie Brontë. Lesinga var litt heseblesande og masete, eg trur eg ville likt boka endå betre om eg hadde fått lese ho i mitt eige tempo. Men eg klarte henge med på opplesinga. Stormfulle høyder er ei spennande bok, full av gotikk og romantikk, framstilt på ein måte bare 1800-tals forfattarane kan framstille gotikken og romantikken. Kvar gong eg les bøker frå denne seinromantiske og gotiske perioden, spør eg meg sjølv korfor eg ikkje les fleire slike bøker. 

Handlinga i Stormfulle høyder begynner i nåtid med at den omreisande forteljaren, Herr Lockwood, kjem til Wuthering Heights, ein avsidesliggjande gard, langt frå allfarveg. Her får han ein kjølig velkomst av Heathcliff, ei ung kvinne og ein ung mann. Stemninga på godset er trykkande og ubehageleg og det blir ikkje betre av at Lockwood forsøker å småprate med folka. Når Lockwood skal sove, blir han skremd av ein spøkelsesliknande skapnad som banker på vindauget og vil inn til han, ein skapnad som Heathcliff viser seg å kjenne til. Dagen etter møter han Nelly, den tidlegare husholderska på Wuthering Heights, som fortel historia om Heathcliff som blei brakt til garden til familien Earnshaw som eit mørkt og underleg fosterbarn. Han veks opp saman med Catherine og broren Hinley, og medan han Heathcliff og Catherine utvikler eit heilt spesielt vennskap, er det stadig rivalisering mellom Hinley og Heathcliff. Og denne gamle kvinna som fortel om livet ho har levd på Wuthering Heights, er ramma for forteljinga om Heathcliff og Catherine og familien deira. 

Medan Nelly fortel om barndommen til ungane på garden til Earnshaw-familien, får eg sterk sympati for Heathcliff. Den mørke guten er annleis enn dei andre, og han er så var for inntrykk frå folk rundt han. Men etterkvart som han blir vaksen, utvikler han seg til å bli ein inkarnasjon av vondskapen. Boka presenterer til ei viss grad ulike årsaker til at Heathcliff blir vond, utan at ho analyserer dette for inngåande. Som lesar hamnar eg i ei konflikt mellom minnet om den sympatiske og stakkarslege fattigguten som stadig blir misforstått og antipatien mot Heathcliff og dei vonde handlingane han utfører, som vaksen. Den kompliserte relasjonen til Catherine, som etterkvart gifter seg med naboguten Edward Linton, driv han inn i galskapen og vondskapen. Grensene mellom liv og død blir utviska, og den intenst spennande romanen utforskar korleis det verste i mennesket kan vokse fram. 

Det er noko med karakterskildringane og forteljarstilen som greip meg veldig, då eg lytta til Stormfulle høyder. Nelly er heile tida ein sentral person i forteljinga si, likevel er ho heile tida objektiv, nøktern og observerande. Sjølv om Heathcliff blir framstilt som den vonde og den gale, er ho aldri vurderande. Ho tar ikkje parti og sjølv om ho er ueinig med karakterane innimellom, blir handlinga fortald, rett fram. Dette er ei styrke i boka. Det plasserer meg som lesar (eller lyttar) i ei observatørrolle, og eg må sjølv ta stilling til det som blir fortald. Dette er også med på å bygge opp spenning i boka og gjere Stormfulle høyder på lydbok til ei vellukka lyttaroppleving, til tross for den litt heseblesande lesemåten til innlesar Unni Jortveit. 

Full av optimisme, etter denne lydbokåpenbaringa, lastar eg ned Idioten av Dostovjevskij, eit langt meir ambisiøst og overmodig lydbokprosjekt. Eg har høyrd dei første 45 minutta fire gonger, og sovna kvar gong. Eg liker innlesinga betre i denne boka, så det kan hende eg kjem til å forsøke igjen, men då skal eg ikkje liggje med hovudet på mjukt underlag. Eg gav opp Idioten og lasta ned Seierherrene av Roy Jacobsen. Her har eg lytta meg fram til andre verdskrigen, men også her slit eg med at lydboklytting i og for seg er litt søvndyssande. Så dette er ei bok eg kjem til å lese ferdig, på normalt vis, i tekstutgåve. 

Nå er heldigvis både auger og hovud og leseevne på veg tilbake der det skal vere, og eg kan kose meg med bøker som eg pleier, medan eg venter på at kroppen skal bli heilt ferdig med å kvitte seg med dette rusket. 

Jul 14, 2011

The Boy in the Striped Pyjamas

The Boy in the Striped Pyjamas
John Boyne
Random House Childrens books. 2006.
130 sider



The Boy with the Striped Pyjamas er Bruno si forteljing. Den vesle guten på snart 9 år kjem heim ein dag og oppdager at tjenestejenta Maria pakkar saman tinga hans. Mora forklarer at heile familien skal flytte, og dei reiser frå det flotte huset kor Bruno pleier å skli på rekkverka til eit mindre hus utan rekkverk. Bruno liker ser ikkje der, ikkje minst fordi han ikkje har nokon venner, men også fordi huset er så mykje mindre og han ikkje kan gå på oppdagingsferd i det nye huset. Det er også mange fleire soldatar som går inn og ut av faren sitt kontor. Bruno kjenner seg einsam, i det nye huset. Frå soveromsvindauget ser han eit inngjerda område, og bak gjerdet er det fullt av folk i stripete pyjamasar:
For months now Bruno had been looking out of his bedroom window at the garden and the bench with the plaque on it, the tall fence and the wooden telegraph poles and all the other thnings he had written to Grandmother about in his most recent letter. And as often as he had watched the people, all the differend kinds of people in their striped pyjamas, it had never really occured to him to wonder what that was all about.
It was as if it were another city entirely, the people all living and working together side by side with house where he lived. And were they really so different? All of the people in the camp wore the same clothes, those pyjamas and their striped cloth caps too; and all the people who wandered through his house (with the exeption of Mother, Gretel and him) wore uniforms of varying quality and decoration and caps and helmets whit bright red-and-black armbands and carried guns and always looked terribly stern, as if it all was very important really and no one should think otherwise.
What exactly was the difference? he wondered to himself. And who decided which people wore the striped pyjamas and which wore uniforms?
Bruno vil gjerne leike med desse barna, og har problem med å forstå dei voksne, når dei seier at det er dei i dei stripete pyjamasane som er stengt ute frå resten av verda og ikkje Bruno som er stengt ute frå dei. Etterkvart våger Bruno seg bort til gjerdekanten, kor han blir kjend med guten Samuel. Desse to utviklar eit vennskap gjennom gjerdet som er svært annleis frå dei andre vennskapa Bruno kjenner til.

Det er Bruno som fortel si eiga historie, og alt han ikkje forstår blir også vidarefortalt gjennom niåringen. Eg bruker litt tid på å skjønne at den nye heimplassen "Out-With" er nedskriven med Bruno sin uttalefeil, og først når Bruno ser over gjerdet og ser folka med dei stripete pyjamasane skjønner eg kor dei har flytta. Perspektivet til Bruno er naivt. Han veit ikkje kva Auswitch er. Han veit ikkje at det er krig og han skjønner ikkje at faren er kommandant ved ein konsentrasjonsleir:
After walking for the best part of an hour starting to feel a little hungry, he thought that maybe that was enough exploration for one day and it would be a good idea to turn back. However, just at that moment a small dot appeared in the distance and he narrowed his eyes to try to see what it was. Bruno remembered a book he had read in which a man lost in the desert and because he hadn´t any food or water for several days had started to imagine that he saw wonderful resturants and enormous fountains, but when he tried to eat or drink from them they disappeared into nothingness, just handfuls of the sand. He wondered whether that was what was happening to him now.
But while he was thinking this his feet were taking him, step by step, closer to the dot in the distanec, which in the meantime had become a speck, and then began to show every sign of turning into a blob. And shortly after that the blob became a figure. And then, as Bruno got even closer, he saw that the thing was neither a dot nor a speck nor a blob nor a figure, but a person.
In fact it was a boy.
Det enkle, barnlege språket og dei omstendelege ressonementa, gjer at lesaren forstår meir enn det Bruno sjølv forstår. Dette er også med på å skape ei spenning i teksten. Bruno er bortskjemd og han skjønner ikkje kor vondt denne guten i den stripa pyjamasen har det. Når Samuel fortel at han måtte flytte frå vennene sine, fortel Bruno at det måtte han også. Han ser at Samuel er tynn, og tar med mat til han, men som oftast ender han opp med å spise opp sjokoladekaka på vegen, fordi det er så langt å gå. Og når Bruno klager over at det ikkje går an å leike oppdagar i eit så lite hus, som bare har tre etasjar mot dei fem etasjane i Berlin, merkar eg at eg blir irritert på denne bortskjemde ungen. Samtidig kjenner eg sympati for han, for det er ikkje hans feil at dei voksne vil skåne han for verkelegheita, og ikkje fortel kva som skjer rundt han.

The Boy in the Striped Pyjamas er ei veldig sterk bok, både fordi ho fortel om det grusomme som skjedde i Auswich frå eit nytt perspektiv, men også fordi ho viser korleis den velmeinte beskyttinga Bruno veks opp med, slår heilt feil. Bruno blir uvitande om det som skjer rundt han, noko som får eit svært tragisk utfall. På coveret står det "It hunts your mind for days", og det stemmer. Eg får ikkje historia til Bruno og Samuel ut av hovudet. Ho har gjort inntrykk.

Jun 23, 2011

Never Let Me Go

Never Let Me Go
Kazuo Ishiguro
Faber and Faber, 2005.
282 sider.



Never Let Me Go er ei bok det er vanskeleg å skrive eit handlingsreferat frå. Ikkje fordi ho ikkje har handling, men fordi eit handlingsreferat vil avsløre for mykje. Boka handler om den 31-år gamle Kathy som fortel om oppveksta si. Til å begynne med, verkar det som ein vanleg oppvekstroman, men vi forstår raskt at oppveksta til Kathy og vennene Tommy og Ruth på pensjonatskulen Halisham er langt frå vanleg.

Kathy fortel, men ho forklarer ikkje lesaren det ho sjølv er innforstått med. Dermed blir det brukt mange ord og uttrykk som verkar uforståelege i starten. Eg trudde først eg hadde gått glipp av noko, og las dei første kapitla to gonger. Etterkvart skjønte eg at det skulle vere slik. Eg skulle ikkje forstå alt, før boka sjølv avslørte det. Mykje av spenninga i Never Let Me Go ligg dermed i denne meisterlege oppbygginga, kor lesaren gradvis forstår meir og meir.

Kontrasten mellom det idylliske livet på pensjonatskulen og skrekkvisjonen av eit samfunn som boka etterkvart viser seg å skildre er også sterk. Og dette er også med på å drive boka framover. Forteljinga om Kathy, Tommy og Ruth vekker sterke kjensler i meg, eg blir sint og eg blir redd. Og sjølv om eg heile tida er i den så godt fortalde historia, vekker boka også ein refleksjon rundt aktuelle etiske problemstillingar.

Never Let Me Go er verkeleg ei bok det er verdt å lese! Eg har funne ut at boka også er filmatisert, og eg merkar at eg er nysgjerrig på filmen. Eg trur eg kjem til å sjå han om ei stund.

Du kan lese meir om Never Let Me Go hos Bokmerker og Migrating Coconuts.

Mar 13, 2011

6/52 "Wakefield" av Nathanael Hawthorne

Vi er i slutten av veke 11 og eg er litt på etterskot med novelleblogginga. Mi sjette novelle i år er novella "Wakefield" av Nathanael Hawthorne, åpningsnovella i samlinga Karavane, sett saman av Gordon Hølmebakk.

Det er vanskeleg å skrive eit godt handlingsreferat frå denne novella, utan å kopiere omtala som blei posta på Linesbibliotek for nokre veker sidan. Handlinga dreier seg rundt den eksentriske figuren Mr. Wakefield, som plutseleg ein dag bestemmer seg for å gå frå kona si og flytte inn i eit rom i nabogata. Her blir han i 20 år, og han går turar og ser på korleis kona taklar det at han er borte, før han like brått bestemmer seg til å vende tilbake til ho som har levd som enke i 20 år. For Wakefield er dette eit eksperiment. Han vil sjå korleis dei nærmaste reagerer på at han blir borte. Og som ein utanforståande observatør, blir han ståande utføre heimen sin og sjå på den sørgjande kona, som etterkvart held ei gravferd for mannen som er borte.

Heile ideen i novella er ganske absurd, samtidig som det er eit spennande tankeeksperiment. Ønsket om å finne ut korleis folk vil reagere, om ein blir borte, er vel eit ønske mange har. Men korleis kan dette eksperimentet settast ut i livet? Det er litt interessant at novella ikkje direkte tek tak i konsekvensene av Wakefield si handling, men at ho heller fokuserer på kva slags person det er som kan gjere noko slikt. Eg får lyst til å vite meir om korleis kona, som gradvis aksepterer at mannen er borte har det, og kva som eigentleg er motivasjonen til denne mannen. Og ikkje minst, korfor tek ho i mot han, når han kjem tilbake? Alt dette er spørsmål den korte novella reiser, utan å svare på. Og det er kanskje det som kjenneteiknar ei god novelle, at ho reiser spørsmål ho ikkje svarer på.


Dec 28, 2010

Eg har oppdaga Neil Gaiman

Coraline
Neil Gaiman
Adaptert til teikneserieroman av P. Craig Russell
2008


Like før jul kom eg over boka Coraline på biblioteket. Då eg såg boka, kom eg til å tenke på Elin som har snakka varmt om Neil Gaiman. Eg har lenge vore nysgjerrig på Gaiman og på korleis det er å lese teikneserieromanar, ein sjangar eg til nå ikkje har lese noko særleg av. Etter å har gjort litt research, skjønner eg jo at denne utgåva ikkje er Gaiman si originale utgåve, men eg likte ho godt likevel.

Coraline bur i eit gammalt hus saman med mor og far. I dette huset finn ho, som Alice og som Lucy, ei dør til ei anna verd. Den nysgjerrige jenta går gjennom døra, der ho møter "the other mother" og "the other father" ei mor og ein far som har knappar til auge.

Etter at Coraline har åpna døra til det andre, blir ikkje verda slik ho eingong var. Coraline må tilbake til den andre verda for å redde seg frå den andre mora. Spenninga mellom "det eigentlege" og "det andre" er sterkt tilstades gjennom forteljinga. Denne spenninga blir stadig sterkare, etterkvart som "det andre" blir meir og meir skremmande. Spenninga blir også understreka og forsterka av dei detaljerte teikningane til P. Craig Russell. Eg får frysningar på ryggen av den andre mora si hand og dei dansande rottene. Spelet mellom skuggar og lys, mørkre og fargar er også med på å formidle historia om Coraline på ein veldig spennande måte.

Det blir ikkje siste gongen eg les verken Gaiman eller ein teikneserieroman. Og eg er veldig nysgjerrig på filmen, nå.

Mar 2, 2010

Dikt i den søvnlause natta

"To sleep"
William Wordsworth

(Eg har googla "insomnia+poem" i håp å i alle fall finne noko spennande å lese på internettet sidan eg ikkje søv)

A flock of sheep that leisurely pass by
One after one; the sound of rain, and bees
Murmuring; the fall of rivers, winds and seas,
Smooth fields, white sheets of water, and pure sky;

I've thought of all by turns, and still I lie
Sleepless; and soon the small birds' melodies
Must hear, first uttered from my orchard trees,
And the first cuckoo's melancholy cry.

Even thus last night, and two nights more I lay,
And could not win thee, Sleep! by any stealth:
So do not let me wear tonight away:

Without Thee what is all the morning's wealth?
Come, blessed barrier between day and day,
Dear mother of fresh thoughts and joyous health!
Eg veit ikkje når dette diktet blei skrive, men Wordsworth døydde jo i 1850. Dette diktet reiser eit spørsmål hos meg: Kor lenge har folk talt sauar, når dei ikkje får sove? Og kor kjem denne saueteljinga frå?

Feb 12, 2010

Middelmådig om viktig tematikk

Little Bee
Chris Cleave
Originaltittel: The Other Hand (2008)
Oversatt av Guro Dimmen
Aschehoug forlag 2010
268 sider.



Nå har eg lese leseeksemplaret av boka Little Bee, som Aschehoug sendte meg, i slutten av januar. Det har vore ei blanda lesaroppleving, men eg er usikker på om eg ville ha lese boka i det heile tatt, om ho ikkje hadde dumpa ned i postkassa mi. For det er gjennom omslaget på ei bok at ein får førsteinntrykket, når ein leitar i bokhandlarhyllene etter noko å lese. Og dette omslaget ville eg nok neppe ha plukka opp. Det er bilete av ei afrikansk jente i ein solnedgang på ei strand, omslaget er orange og både biletet og typografien på framsida gir meg assosiasjonar til ein middelmådig kjærleiksroman.

Etter at oljeselskapa har plyndra landsbyen som jenta som kaller seg Little Bee har vekse opp i, rømmer ho og storesøstera mot havet. Dei blir henta inn av soldatar på ei strand, kor dei også møter eit britisk ektepar som har reise på ferie for å reparere ekteskapet etter kona Sarah si affære. Her utspelar det seg ei rekkje groteske scener, før den yngste av dei to søstrene bergjer livet og flykter til Storbritannia i lasterommet på eit skip. Når ho kjem fram blir ho parkert på eit interneringssenter i to år, før ho slipper ut utan papirer. Då oppsøker ho ekteparet Andrew og Sarah. Og det er her historia om Little Bee og hennar vennskap med Sarah og sonen Charlie, denne fireåringen som går rundt og vil vere Batman, begynner.

Forteljinga vekslar mellom å bli fortald frå Little Bee og Sarah sin synsvinkel. Sarah er i utgangspunktet, før Little Bee dukkar opp, i eit vanskeleg ekteskap, med Andrew og saman har dei sonen Charlie som ho forgudar over alt på jord. Ho har samtidig ei affære med Lawrence. Sarah er sjefsredaktør for eit suksessrikt magsin og har på mange måtar alt ei 32 år gammal kvit kvinne utføre London kan drøyme om. Denne forteljarinnstansen er truverdig. Møtet med Little Bee, korleis dette møtet forandrer henne og tankane ho som i utgangspunktet er ei velståande kvit kvinne gjer seg i møtet med denne flyktningen er truverdig. Og dei kapitla som er skrivne med Sarah som førstepersonsforteljar er gode.

Dei kapitla som er skrivne med Little Bee som førstepersonsforteljar er derimot svake. Når eg les klarer eg ikkje fri meg frå tanken om at denne historien er skrive av ein 36 år gammal britisk mannleg journalist. For det er ikkje denne afrikanske tenåringsjenta som fortel. Det er den kvite mann sine forestillingar om korleis ei afrikansk tenåringsjente ville ha fortald historia si, eg har lese. Og desse forestillingane held rett og slett ikkje vatn. Dei blir ikkje truverdige, og eg blir stadig minna om at forfattaren er vestleg, når eg les dei liksom-afrikanske erindringane. Det svekker heile forteljinga. Eg liker ikkje å bli minna om forfattaren, medan eg les ei bok. Dei stadige refleksjonane om forskjellane mellom afrikansk og britisk liv, dei som skulle ha skapa nærvær mellom lesar og forteljarstemme, blir påtrengande. Formuleringa "Hvis jeg hadde fortalt denne historien til jentene der hjemme, ville de spurt meg" blir gjenteken i så mange samanhengar, at det heile bare blir platt:

Jeg våknet på Sarahs sofa. Først skjønte jeg ikke hvor jeg var. Jeg måtte åpne øynene og se meg omkring. Det lå puter av oransje silke på sofaen. De var brodert med fugler og blomster. Solen falt inn gjennom vinudet, og disse vinduene hadde oransje fløyelsgardiner som gikk helt ned til gulvet. Det sto et salongbord med glasstopp der, og glasset var så tykt at det så grønt ut fra siden. På hyllen lå det blader. Et av dem tok for seg mote, et annet hvordan man kunne gjøre hjemmet vakrere. Jeg satte meg opp og plasserte føttene på gulvet. Gulvet var dekket av tre.
Hvis jeg hadde fortalt denne historien til jentene der hjemme, ville de spurt meg: Hvordan kan et bord være laget av en salong, og hva er fløyel, og hvorfor hadde ikke kvinnen du besøkte samlet veden ved siden av huset som alle andre? Hvorfor lot hun det bare ligge utover gulvet, var hun virkelig så lat? (s. 133)
Desse refleksjonane kunne vore interessante, dersom forteljarstemma bak Little Bee si historie hadde vore truverdig. Men så lenge denne illusjonen om afrikansk jente i London stadig blir broten, mister også denne typen avsnitt den krafta dei kunne ha hatt.

Språket er også til tider irriterande fullt av klisjéar. Eg veit ikkje om dette er forfattaren eller oversettaren, men det er ein anna faktor som får meg til å lese boka med eit snev av irritasjon. Innimellom skin dei engelske formuleringane gjennom oversettinga, andre gonger er samanlikningane og bileta bare påtrengande klissete, som når Sarah tenker:
Jeg husker at jeg med et stikk av dårlig savittighet innså at det ikke lenger fantes noen grunn til at jeg burde være her - langt unna mitt hjertes sentrum, en skibrudden i dets forstad. (s. 93)
Det tragiske druknar litt i den utruleg komiske samanlikninga.

Det er ikkje tvil om at forfattaren har gjort grundig research. Og tematikken, om oljeselskapa som jamner landsbyar med jorda og vitnet som må flykte for å ikkje bli drepen, om den papirlause flyktningen si frykt for å bli deportert og problemstillingane knytta til det å huse ein illegal flyktning er svært viktig. Dette er ein tematikk eg som sitt trygt i heimen min har godt av å få eit innblikk i. Og nettopp derfor synest eg det er synd at det formelle og forteljartekniske gir Little Bee eit slikt middelmådig preg.

Dersom du vil lese litt meir positive omtalar av denne boka, kan eg foreslå at du stikker innom bloggane til Stinema, Anita eller Beatelill. Dei var litt meir begeistra enn eg.

Jun 2, 2009

Lesestoff i sommarsola

Bloggen har blitt nedprioritert dei siste dagane, til fordel for det utruleg fine veret. Eg har prioritert å smøre meg inn med solkrem og ta med bøkene mine ut dei siste dagane. Her kjem ei rask presentasjon av det eg har lese:

Utskudd av Sadie Jones var ei, for meg, ukjendt bok av ein ukjendt forfattar. Eg hadde gløymd å avbestille ho i bokklubben.

Vi møter Lewis som mister mora si som tiåring og følgjer han gjennom tenåra. Lewis blir sett på som eit håplaust tilfelle av fleire av sambygdingane. Folkesnakket og folk sine haldningar til Lewis gjer at han får vanskeleg for å vise fram dei gode sidene ved seg sjølv og historia til Lewis blir ein stadig meir negativ spiral. Lewis er ein plaga gut, som trenger å bli sett. Den vesle nabojenta Kit ser han og dei to utvikler eit spesielt forhold.

Utskudd er ei mørk og dyster historie, som viser korleis mennesker kan påverke kvarandre både på godt og vondt. Det er ei veldig god bok.






William Goldings Lord of the Flies er ein klassikar det kanskje ikkje er nødvendig å seie så mykje om. Eit fly har styrta og ei gruppe born er aleine på ei aude øy, kor dei må klare å samle inn det dei treng av mat på eiga hand. Det danner seg raskt to grupperingar på øya, med to leidarar. For Ralph er bålet det viktigaste. Bålet gjer det mogleg å vise forbipasserande skip at det er folk på øya og dermed representerer det det langsiktige håpet om å bli redda. Den andre gruppa har ein leiar som er i stand til å skaffe dei kjøt, og dermed gjere borna mette umiddelbart. Det er ei sterk og grusom forteljing om kva slags krefter som bur i folk.

Seinast i det siste nummeret av Morgenbladet, var det ein notis om at Lord of the Flies var anbefalt å lese på BI, fordi det var ei bok som sa langt meir om ulike formar for leiarskap enn fleire psykologibøker. Så denne boka frå 1954 er framleis aktuell.






Den siste boka eg har lese den siste tida er Hvermann av Philip Roth. Boka åpner med ei skildring av gravferda til den namnlause hovudpersonen, kor vi møter dottera som forguder faren og dei to sonane som avskyr han. I fortellinga om livet til hovudpersonen er dei mange møtene med døden sentrale. Forteljarstemma høyer til den gamle mannen som ser tilbake på livet sitt, som misliker den han sjølv har blitt og som ikkje har ei forklaring på kvifor livet har utvikla seg som det har gjort. Han framstår til tider som ein usympatisk type, særskilt når han fortel om då han sveik den andre kona si til fordel for den tredje kona, som var halvparten så gammal som han. Han forsøker å begrunne og forklare bort dei svika han har gjort, men han framstår ikkje som ein som tar ansvar for måten livet har utvikla seg.

Forteljinga er kort, med sine 156 sider er det vanskeleg å vite om eg skal kalle ho ein kort roman eller ei lang novelle. Den namnlause karakteren og tittelen Hvermann, gir inntrykk av at boka handlar om noko som gjeld alle menneske. Døden står som eit sentralt tema i teksten og undergangsstemninga er dominerande. Denne kombinasjonen av det allmennmenneskelege og det forgjengelege, gjer at boka blir ei påminning om døden som den uungåelege avslutninga på livet.

May 20, 2009

Ian McEwan - Lørdag

Saturday
Oversatt av Halvor Kristiansen
Lørdag
Gyldendal 2005
270 sider


I Lørdag møter vi den lykkeleg gifte og veltrente hjernekirurgen, Henry Perowne, som bur i eit stort og dyrt hus sentralt i London saman. Rosalind, kona er vellukka advokat og sonen Theo er ein lovande gitarist. Denne laurdagen skal dottera Daisy komme heim frå Paris med prøvetrykket av diktsamlinga ho skal gi ut. Det er ein svært trygg, rik og vellukka familie som har det godt og er glade i kvarandre. Handlinga i romanen er lagt til ein laurdag i februar 2003. Perowne våknar midt på natta og ser eit brennande fly flyge over London. I og med at det skal vere demonstrasjonar mot Storbritania si deltaking i krigen i Irak denne dagen, er dette urovekkande. Frykta for terror og redsla for at alt det trygge skal gå i grus blir aktivert med synet av dette flyet, og er eit av dei gjennomgåande tema i boka. På veg til ein squash-kamp kolliderer Henry Perowne med ein brutal type, Baxter. Perowne kjem unna konfrontasjonen med å audmjuke Baxter ved hjelp av sine kunnskaper som lege. Seinare viser det seg at Baxter ønsker å få gjenoppretta ryktet sitt, og kjem etter Perowne for å ta igjen.

Eg klarte ikkje bli heilt engasjert av Lørdag. Historia er fortald gjennom Henry Perowne sine synsvinkel, men i tredjeperson. Til tross for denne tredjepersonsforteljinga har lesaren tilgang til alle tankane og kjenslene til Perowne, og ikkje til dei andre karakterane. Dermed ligg synsvinkelen og forteljaren sine sympatier hos Perowne. Likevel blir hovudpersonen omtala med etternamn gjennom heile romanen. Dette irriterer meg, fordi det skaper ei unødvendig distanse mellom hovudpersonen, som skal vinne min sympati og meg som lesar. Lørdag har ei spennande forteljing med mange interessante betraktningar om samtida, kulturen og verdssamfunnet anno 2003. Historia om Perowne og familien hans, og etterkvart om Baxter si rolle i forhold til dei andre karakterane er spennande og godt fortald. Eg vil gjerne vite kva som skjer vidare på handlingsplanet. Men likevel er det noko i teksten som skaper ei distanse til karakterane på det personlege planet. Sidan dette er ein roman der den personlege utviklinga, tankane og kjenslene til karakterane har fått stor vekt, blir denne distansa forstyrrande. Dermed blir eg verken overbegeistra eller målbunden etter å ha lese Lørdag.

Apr 15, 2009

Doris Lessing

The grass is singing
Perennial 1950
205 sider



Mi første bok i Litteraturas nobelprisvinnar-utfordring er The grass is singing av Dorris Lessing. Etter å ha lese denne boka lurer eg fælt på kvifor eg ikkje har lese Lessing tidlegare. Boka blei rett nok kjøpt inn for over eit år sidan, og har blitt liggande i skal-lese-stabelen min ganske lenge, men likevel - eg gleder meg allereide til å lese meir av denne dama.

I første kapittel bli Mary Turner drepen av tenaren Moses. Det neste kapitlet blir eit sprang tilbak i tid, og vi får høyre historia om Mary sin barndom, ungdom og voksne liv. Mary er ei sjølvstendig og urban kvinne som, etter å ha opplevd eit sosialt press mot det å vere singel, ender opp med å gifte seg med bonden Dick Turner. Ho flytter frå byen, kor ho trivst både med jobb og fritidsaktiviteter til ein gård på landet i Rhodesia. Ho mistrivst sterkt med livet på gården. Mannen Dick jobbar så godt som heile døgnet, utan å tene særleg mykje pengar. Mary blir nedtrykt, irritabel og etterkvart deprimert av dette livet på farmen.

Forteljarstemma i boka held ei distanse til karakterane og denne distansa smittar over på lesaren. Dette er eit effektivt grep, som gjer at Mary blir skildra som ein person med svært mange usympatiske trekk på ein truverdig måte. Eg merkar at eg som lesar blir irritert på henne, fordi ho ikkje tar litt meir ansvar. Ho mistrivst på farmen, men ho gjer ikkje noko med dette. Ho misliker ektemannen sin og klandrar han for si ulykke. Men ho forsøker ikkje å ta initiativ til å gjere situasjonen betre for seg sjølv.

Bøndene sitt forhold til the natives, som arbeidar for dei er rystande. Det var heilt sikkert slik forholdet mellom svart og kvit var under kolonitida, men det er likevel sterkt å lese om mennesker som blir behandla som dyr og som ikkje har rett til å snakke til dei dei arbeidar for. For meg som lever i Norge i år 2009 er dette ein uverkeleg tanke. The grass is singing gir eit innblikk i eit tankesett som er veldig fjernt frå mitt, og som eg opplever som svært brutalt.

The grass is singing er ei bok som gir meirsmak - og då er det jo godt at Lessing har skrive så mange bøker som ho har, så eg får anledning til å lese meir!

Feb 7, 2009

Mark Haddon

The curious Incident of the Dog in the Night-time
Vintage 2004
271 sider



Eg er ferdig med denne boka nå og eg må bare fortelje at eg likte ho veldig, veldig godt. Sidan dette er ei lesesirkelbok skal eg ikkje skrive eit alt for omfattande blogginnlegg før lesetida er brukt opp. Men dette er verkeleg ei god bok eg anbefaler.