Nå er formen endeleg stigande igjen, og eg gleder meg over å orke stadig meir. Eg har vore plaga av svimling, kvalme vondt i hovudet, som eit resultat av ein infeksjon i indre øyret, nær eller på balanseorganet. Eller med andre ord, ei forkjøling som veks litt utav proporsjoner. Dette har også påverka synet mitt slik at når eg har forsøkt å lese, har bokstavane dansa rundt på papiret og det har vore veldig slitsomt å forsøke å ta inn synsinntrykk. Dei første dagane var det så vondt å feste blikket at eg ikkje orka sjå på tv. Men nå er formen stigande og eg nærmar meg klar for den vanlege kvardagen igjen, med både jobb og bøker og alt anna som følgjer med.
Men kva gjer ein, når ein verken orkar å lese bøker eller sjå på tv? Ein søv sjølvsagt ein god del, men den tida ein er vaken skal jo også fordrivast. Dermed har eg forsøkt å gi lydbøker ein ny sjanse. Eg har aldri likt lydbøker, for eg opplever så sjeldan at opplesinga passar inn med slik eg ville ha lese boka, om eg hadde lese med mi eiga stemme, inni meg. Tempoet blir ofte annleis og trykket og vektinga av ulike ord og setningsledd blir styrt av nokon andre enn meg. Eg liker det ikkje. Det tar frå meg litt av den råderetten over språket og boka, som eg gjerne vil ha, som lesar.
Likevel, eg har lasta ned lydbokavspelaren på ordflyt.no, kor det er timesvis med lydbokmateriale til gratis avspeling og mp3-lydbøker som kan kjøpast. Først høyrde eg meg gjennom Stormfulle høyder av Emilie Brontë. Lesinga var litt heseblesande og masete, eg trur eg ville likt boka endå betre om eg hadde fått lese ho i mitt eige tempo. Men eg klarte henge med på opplesinga. Stormfulle høyder er ei spennande bok, full av gotikk og romantikk, framstilt på ein måte bare 1800-tals forfattarane kan framstille gotikken og romantikken. Kvar gong eg les bøker frå denne seinromantiske og gotiske perioden, spør eg meg sjølv korfor eg ikkje les fleire slike bøker.
Handlinga i Stormfulle høyder begynner i nåtid med at den omreisande forteljaren, Herr Lockwood, kjem til Wuthering Heights, ein avsidesliggjande gard, langt frå allfarveg. Her får han ein kjølig velkomst av Heathcliff, ei ung kvinne og ein ung mann. Stemninga på godset er trykkande og ubehageleg og det blir ikkje betre av at Lockwood forsøker å småprate med folka. Når Lockwood skal sove, blir han skremd av ein spøkelsesliknande skapnad som banker på vindauget og vil inn til han, ein skapnad som Heathcliff viser seg å kjenne til. Dagen etter møter han Nelly, den tidlegare husholderska på Wuthering Heights, som fortel historia om Heathcliff som blei brakt til garden til familien Earnshaw som eit mørkt og underleg fosterbarn. Han veks opp saman med Catherine og broren Hinley, og medan han Heathcliff og Catherine utvikler eit heilt spesielt vennskap, er det stadig rivalisering mellom Hinley og Heathcliff. Og denne gamle kvinna som fortel om livet ho har levd på Wuthering Heights, er ramma for forteljinga om Heathcliff og Catherine og familien deira.
Medan Nelly fortel om barndommen til ungane på garden til Earnshaw-familien, får eg sterk sympati for Heathcliff. Den mørke guten er annleis enn dei andre, og han er så var for inntrykk frå folk rundt han. Men etterkvart som han blir vaksen, utvikler han seg til å bli ein inkarnasjon av vondskapen. Boka presenterer til ei viss grad ulike årsaker til at Heathcliff blir vond, utan at ho analyserer dette for inngåande. Som lesar hamnar eg i ei konflikt mellom minnet om den sympatiske og stakkarslege fattigguten som stadig blir misforstått og antipatien mot Heathcliff og dei vonde handlingane han utfører, som vaksen. Den kompliserte relasjonen til Catherine, som etterkvart gifter seg med naboguten Edward Linton, driv han inn i galskapen og vondskapen. Grensene mellom liv og død blir utviska, og den intenst spennande romanen utforskar korleis det verste i mennesket kan vokse fram.
Det er noko med karakterskildringane og forteljarstilen som greip meg veldig, då eg lytta til Stormfulle høyder. Nelly er heile tida ein sentral person i forteljinga si, likevel er ho heile tida objektiv, nøktern og observerande. Sjølv om Heathcliff blir framstilt som den vonde og den gale, er ho aldri vurderande. Ho tar ikkje parti og sjølv om ho er ueinig med karakterane innimellom, blir handlinga fortald, rett fram. Dette er ei styrke i boka. Det plasserer meg som lesar (eller lyttar) i ei observatørrolle, og eg må sjølv ta stilling til det som blir fortald. Dette er også med på å bygge opp spenning i boka og gjere Stormfulle høyder på lydbok til ei vellukka lyttaroppleving, til tross for den litt heseblesande lesemåten til innlesar Unni Jortveit.
Full av optimisme, etter denne lydbokåpenbaringa, lastar eg ned Idioten av Dostovjevskij, eit langt meir ambisiøst og overmodig lydbokprosjekt. Eg har høyrd dei første 45 minutta fire gonger, og sovna kvar gong. Eg liker innlesinga betre i denne boka, så det kan hende eg kjem til å forsøke igjen, men då skal eg ikkje liggje med hovudet på mjukt underlag. Eg gav opp Idioten og lasta ned Seierherrene av Roy Jacobsen. Her har eg lytta meg fram til andre verdskrigen, men også her slit eg med at lydboklytting i og for seg er litt søvndyssande. Så dette er ei bok eg kjem til å lese ferdig, på normalt vis, i tekstutgåve.
Nå er heldigvis både auger og hovud og leseevne på veg tilbake der det skal vere, og eg kan kose meg med bøker som eg pleier, medan eg venter på at kroppen skal bli heilt ferdig med å kvitte seg med dette rusket.
2 comments:
Eg er heilt samd; lydbøker er omtrent som å sjå ein annan ete eit godt måltid som ein vil nyte sjølv. Fortsatt god bedring å ha problem med synet er skrekkeleg!
Jeg begynte også på Seierherrene som lydbok, men gikk over til tekstutgaven i andre del. Syntes første del egnet seg godt som lydbok, og Bjørn Sundquist er en god innleser. Ellers har jeg litt problemer med lydbøker, men prøver av og til likevel.
God bedring!
Post a Comment