Showing posts with label Frå Russland. Show all posts
Showing posts with label Frå Russland. Show all posts

Nov 14, 2011

13/52 "The Cloak" Nicolai Gogol

Novelle nummer 13 er også henta frå Best Russian Short Stories, og er kanskje den mest kjende russiske novella som er skriven. Eg har lese den 27 sider lange "The Cloak" av Nicolai Gogol, som ifølgje Martha Norheim er verdas beste novelle.

Hovudpersonen har fått det komiske namnet Akaky Akakiyewitch, oppkalla etter sin far. Akakiyewitch arbeider som avskrivar i eit departement og han er ein mann som lever for pliktene sine og arbeidsoppgåvene sine. Han blir skildra som ein litt enkel, komisk figur:
Outside this copying, it appeared that nothing existed for him. He gave no thought to his clothes. His uniform was not green, but a sort of rusty-meal colour. The collar was low, so that his neck, in spite of the fact that it was not long, seemed inordinately so as it emerged from it, like the necks of the plaster cats which pedlars carry about on their heads. And something was always sticking to his uniform, either a bit of hay or some trifle. Morover, he had a pecuiliar knack as he walked along the street, of arriving beneath a window just as all sorts of rubbish was being flung out of it; hence he always bore about on his hat scarps of melon rinds, and other such articles. (s. 32)
Det er kaldt i St. Petersburg, og når vinteren kjem merkar Akakiyewitch at den gamle kappa hans er utslitt. Han forsøker å overtale skreddaren til å reparere kappa, men stoffet er for tynnslitt. Akakiyewitch treng ei ny kappe. Men lønninga strekk ikkje til, og han må spare på alt frå klesvask til mat for å få råd til denne nye kappa. Og denne sparinga bringer eit nytt perspektiv inn i livet til Akakiyewitch, håpet om ei betre framtid:
To tell the truth, it was a little hard for him at first to accustom himself to these deprivations. But he got used to them at length, after a fashion, and all went smoothly. He even got used to being hungry in the evening, but he made up for it by treating himself, so to say, in spirit, by bearing ever in mind the idea of his furture cloak. From that time forth, his existence seemed to become, in some way fuller, as if he were married, or as if some other man lived in him, as if, in facet he were not alone, and some pleasant friend had consented to travel with thick wadding and a strong lining incapable of wearing out. He became more lively, and even his character grew firmer, like that of a man who has made up his mind, and set himself a goal. (s. 40)
Når han endeleg har spart saman pengane som trengst og får sydd den nye kappa, blir han sett og lagt merke til på kontoret. Han blir til og med invitert på ein fest, heime hjå ein av kollegaene hans. Likevel blir gleda over den flotte, nye og varme kappa kortvarig. På veg heim frå festen, seint om kvelden går han som ein ny mann, då han blir rana og kappa hans blir stolen. Akakieywitch forsøker på alle moglege måtar å bli tatt på alvor av politiet, som ikkje etterforskar saken om den stolne kappa hans tilstrekkeleg. Samtidig er han nødt til å bruke den gamle, slitne kappa, noko som gjer at han blir alvorleg sjuk i den kalde vinteren. Og det går som det må gå. Etter å ha brukt opp alle kreftene sine på kampen mot byrokratiet, døyr den fattige avskrivaren. Men han dukkar opp igjen og får hemna seg over byrokraten som avviste han, likevel.

"The Cloak" er ei novelle som skildrar korleis den svake må bukke under for autoriteten og slik sett maler eit svært realistisk bilete av eit urettferdig samfunn kor ressursene ikkje er riktig fordelt. Dette er ein tematikk eg etterkvart har lese mange tekstar om, sjølv om Gogol si novelle frå 1842 er blant dei tekstane som er tidleg ute med å behandle denne problemstillinga. Det som gjer "The Cloak" til ei heilt unik novelle er den humoristiske og komiske måten den tragiske historia til Akakieywitch blir fortald. Språkføringa er svært elegant, og eg klarer ikkje la vere å trekke på smilebåndet over dei mange finurlege formuleringane, som er med på å gjere novella til eit stykke god forteljarkunst.



Nov 4, 2011

11/52 og 12/52: To noveller av Tolstoj

11/52: "Herre og dreng"

Etter å ha lese om novella "Herre og dreng" av Lev Tolstoj, i Lines Bibliotek, har eg hatt lyst til å lese denne novella. I går fann eg fram antologien Karavane, og oppdaga at "Herre og dreng" stod der.

Novella handlar om godseigaren Vasilij Andreitsj, ein rik mann som tener seg stadig rikare på å utnytte dei fattige folka rundt seg. Drengen Nikita er lojaliteten sjølv og han jobbar hardt for Andreitsj, til tross for at han eigentleg veit at verken betalinga eller den behandlinga han får hos godsherren er som det burde vere. Andreitsj skal reise til nabobyen og kjøpe meir skog, og vil trosse snøstormen og kulda for å reise. Drengen Nikita blir med, med hullete støvlar og for tynne klede, sjølv om han veit at det er galskap å leggje ut på ridetur i det veret. Andreitsj tar på seg to varme pelsar og har knappast tid til å vente på at drengen Nikita skal kle seg for uveret.

I snøstormen har vegen snødd igjen og dei rir seg bort. To gonger kjem dei til nabolandsbyen og blir tilbudt husvere for natta, men begge gongene avslår Andreitsj. Han har ikkje råd til å utsetje handelen han skal gjennomføre, han kan jo risikere at nokon andre får avtalen framføre han. Styrt av den griske herren sitt begjær etter meir makt og meir pengar, legg dei Andreitsj og Nikita ut i snøstormen og nattemørket nok ein gong. Verken hesten eller tenaren klarar meir, og dei stoppar i snødrivet. Og medan Nikita tenker på korleis hesten og han sjølv skal overleve i kulda og forsøker å grave seg ned i snøen, sitt den griske godseigaren i vogna, lunt innpakka i dei to pelsane sine. Det blir skildra ein stor kontrast mellom den fattige og kloke drengen, som har omtanke for dyr og andre enn seg sjølv og den griske og rike herren, som ikkje ein gong er i stand til å fatte kor kaldt det er for han som ikkje er like godt kledd som seg sjølv:
"Det ville vært varmere å sitte sammen, men her er ikke plass til to," sa han.
"Jeg skal nok finne en plass," svarte Nikita. "Jeg må bare dekke over hesten, den er jo aldeles svett, stakkar. - Lett litt på deg," tilføyde han, gikk bort til sleden og trakk dekkenet frem under Vasilij Andreitsj.  
Han brettet det dobbelt og la det over ryggen til Brunen, etter å ha tatt av selen og seleputene:
"Nå blir det varmere for deg," sa han og spente seleputene og bakselen på plass igjen over dekkenet. "De har vel ikke bruk for den strien der? La meg få litt halm også," sa han da han var ferdig med hesten og kom bort til sleden igjen.  
Nikita trakk frem både det ene og det andre under Vasilij Andreitsj, gikk bak slederyggen og gravde seg en grop i sneen, som han la halm i. Så trakk han luen godt ned i pannen og over ørene, pakket seg inn i kaftanen, la sekkestrien over seg og satte seg på halmen inntil bastryggen på sleden, som beskyttet ham mot vind og sne.  
Vasilij Andreitsj ristet misbilligende på hodet til det Nikita foretok seg, slik han pleide å gjøre til bøndenes dumhet og mangel på dannelse. Så begynte han å gjøre seg selv i stand for natten. Han slettet ut halmen som var igjen i sleden, pakket den tettere rundt sidene, stakke hendene i ermene og la hodet til rette i et hjørne ved forenden, som dekket han for vinden. 
Han hadde ikke lyst til å sove. Han lå og tenkte, tenkte på det ene som var hans høyeste mål, meningen, lykken og stoltheten i hans liv; - nemlig hvor mye penger han hadde tjent og hvor mye han ennå ville kunne tjene, hvor mye folk han kjente hadde tjent og eide av penger, på hvilken måte de hadde tjent og tjente penger, og hvordan han i likhet med med dem ennå ville kunne tjene veldig mye penger. Kjøpet av Gorjatsjkinoskogen var en sak av enorm betydning for ham. Han håpet å kunne tjene kanskje ti tusen med ett slag på denne skogen. I tankene begynte han å verdsette skogen som han hadde sett om høsten, og hvor han hadde talt alle trærne innenfor en omkrets av to desjatiner.  (Karavane, s. 77). 
Heldigvis skjer det ei endring i Andreitsj si haldning til Nikita, før drengen frys ihjel. Og denne omvendinga er eit lyspunkt i ei ellers svært dyster novelle. For "Herre og dreng" er ei novelle kor både person- og miljøskildringane er grundige, gode og levande. Dei er så grundige, så gode og så levande at eg kjenner eg begynner å fryse når eg les skildringa av hovudpersonane som er ute i kulda. Line gir ei veldig god omtale av novella, ho skildrar ubehaget ved å lese "Herre og dreng", eit ubehag eg også opplevde som påtrengande, då eg las novella.
"Ubehaget ved å lese novellen skyldes ingen feil ved Tolstojs skrivekunst, snarere tvert imot. Novellens poeng er likevel ikke å forårsake angst hos leseren, selv om den gjør det. Det er Vasilij Andreitsjs omvendelse det handler om" (Lines bibliotek). 
12/52: "God Sees the Truth, but Waits"

Imponert over Tolstoj sin skrivekunst, finn eg fram novellesamlinga Best Russian Short Stories for å sjå om eg finn fleire Tolstoj-noveller. Og det gjer eg, den korte novella "God Sees the Truth, but Waits" er bare sju sider lang og er dermed ei langt meir finslipt novelle enn  den 40 sider lange "Herre og dreng".

I "God Sees the Truth, but Waits" møter vi handelsmannen Ivan Dimitrich Aksionov, som skal reise til ei messe. Kvelden før han skal dra drømmer kona at han har grått hår når han kjem heim igjen, og ho trygler Aksionov om å ikkje reise likevel. Ho meiner denne draumen er eit dårleg teikn. Aksionov avfeier henne og reiser likevel. Om kvelden tar han inn på eit vertshus, kor han møter ein annan handelsmann og dei to drikk te saman, før dei går til sengs. Dagen etter blir Aksionov oppsøkt av to politimenn, som fortel at den andre handelsmannen er drepen. Politiet finn ein blodig kniv i baggasjen til Aksionov og han blir uskuldig dømd for drapet. 


I løpet av dei 26 åra Aksionov er i Sibir, blir han ein vel ansett og høgt respektert fange, både blant medfangar og voktarar. Han blir skildra som ein varm og klok mann og folk kjem til han for å be om råd, når det trengs. Så etter 26 år kjem Makar Semyonitch til fangeleiren. Han er arrestert for å ha stole ein hest, men bagatelliserer saken og seier at han skulle bare låne hesten for å komme seg heim. Det viser seg at Semyonitch er frå same plassen som Aksionov og at han kjenner til Aksionov si sak: 
"Perhaps you know who killed the merchant?" asked Aksionov.
Makar Semyonich laughed and replied: "It must have been him in whose bag the knife was found! If some one else hid the knife there, He´s not at thief till he´s caught, as the saying is. How could any one put a knife into your bag while it was under your head? It would surely have woke you up."  
When Aksionov heard these words, he felt sure this was the man who had killed the merchant. He rose and went away. All that night Aksionov lay awake. He felt terribly unhappy, and all sorts of images rose in his mind. There was the image of his wife as she was when he parted from her to go to the fair. He saw her as if she were present; her face and her eyes rose before him; he heard her speak and laugh. Then he saw his children, quite little, as they were at that time: one with a little cloak on, another at his mother´s breast. And then he remembered himself as he used to be - young and merry. He remembered how he sat playing the guitar in the porch of the inn in his mind, the place where he was arrested, and how free from care he had been. He saw, in his mind, the place where he was flogged, the executioner, and the people standig around; the chains, the convicts, all the twenty-six years of his prison life, and his premature old age. The thought of it all made him so wretched that he was ready to kill himself. (Best Russian Short Stories, s 78).
Aksionov skjønner at det er Semyonich som er den skuldige i drapet han sjølv er dømd for. Han får også moglegheit til å hemne Semyonich, men lar det vere, for han kan jo ikkje vite sikkert at mistanken han har er riktig. Mot slutten tilstår Semyonich at han er den skuldige, men det er for seint for den gamle. Han får ikkje leve til han blir frikjend.

Tittelen "God Sees the Truth, but Waits", kaster eit spesielt lys over novella. Som lesar skjønner ein, i lys av denne tittelen, at Aksionov har rett når han hevdar si uskuld. Og på spørsmålet om korfor Gud ventar, sjølv om han har sett sanninga, gir ikkje novella noko svar.

Medan tematikken i "Herre og dreng" dreier seg om egoisme og vilje til sjølvoppofring som to motpolar er også "God Sees the Truth, but Waits" oppbygd rundt to personlegheiter som står i sterk kontrast til kvarandre. Og Aksionov viser fleire av dei same, forbilledlege eigenskapene som også Nikita har, i relasjonen til Semyonich. Og sjølv om det er eit element av forsoning i begge novellene viser også begge novellene korleis mennesker kan vere kvarandre sine verste fiendar.

Ein ting er sikkert, etter desse to novellene. Eg kjem til å lese meir av Tolstoj.

May 1, 2011

9/52 "The Queen of Spades" av Alexander Pushkin


Nå har eg prøvekøyrd den fine, sølvgrå Sony Readeren min, med ei 28 sider lang russisk novelle. Labbens las "The Queen of Spades", som ei av dei første novellene sine, og inspirerte meg også til å lese denne. Den første eboka eg lasta ned på readeren min, blei gratisversjonen av Best Russian Short Stories frå bookdepository.

"The Queen of Spades" er skriven i 1834 og er prega av den gotiske seinromantikken. Den tyskætta soldaten Hermann er svært redd for å ta sjansar og spele bort arva si, så han er bare tilskodar når dei andre soldatane speler kort. Medan dei andre soldatane speler, fortel ein av dei ei historie om bestemora si. Ho hadde skaffa seg ei stor spelegjeld i Paris, då ho var ung. Då lærte ho noko om korta, som hjelpte henne til å vinne tilbake det ho hadde tapt. Etter det har ho ikkje spelt kort. Ho har heller ikkje delt dette hemmelege, med verken sonar eller barnebarn. Hermann blir besatt av å arve denne hemmelegheita, og han går i gang med ein plan kor han sjarmerer tjenestejenta til den gamle dama for å komme inn i huset. Her forsøker han å truge til seg denne hemmelege kjelda til rikdom:
“If your heart has ever known the feeling of love,” said he, “if you remember its rapture, if you have ever smiled at the cry of your new born child, if any human feeling has ever entered into your breast, I entreat you by the feelings of a wife, a lover, a mother, by all that is most sacred in life, not to reject my prayer. Reveal to me your secret. Of what use is it to you?...May be it is connected with some terrible sin with the loss of eternal salvation, with some bargain withthe␣ devil... Reflect,——you are old; you have not long to live——I am ready to take your sins upon my soul. Only reveal to me your secret. Remember that the happiness of a man is in your hands, that not only I, but my children, and grandchildren will bless your memory and reverence you as a saint...”

The old Countess answered not a word.
Etter dette, døyr den gamle hertuginna. Den seinromantiske gotikken er ikkje framand for spøkelser, og den gamle kjem til Hermann, ufrivillig, seier ho og gir han hemmelegheita likevel. Han skal satse på korta tre, sju og ess, så vil han vinne. Hermann forsøker å spele, som hertuginna har fortald han, og han vinn over 90 000 rubler, før han taper på siste kortet. Det viser seg at esset han trudde han hadde, var "The Queen of Spades", som liknar på hertuginna og som blinkar til han frå kortet. Dermed blir Hermann driven inn i galskapen, og resten av livet sitt han på eit sjukehusrom og seier "Three, seven, ace" om og om igjen.

"The Queen of Spades" er ei svært spennande novelle og som sagt er dei gotiske elementa sterkt tilstade i teksten. Eg grøsser og får frysningar nedover ryggen, når den gamle hertuginna heimsøker Hermann etter gravferda. Eg liker også forteljarstemma, som liksom rettleidar lesaren og som på godt, gammalt 1800-talsvis kjem med viktige tillegg og kloke visdomsord innimellom forteljinga.For eksempel blir det femte avsnittet i novella innleia med: "Two fixed ideas can no more exist together in the moral world that two bodies can occupy one and the same idea in the physical world". Og betre kan vel ikkje Hermann si fiksering på å få greie på hertuginna sin hemmelegheit beskrivast.

May 18, 2009

Jorda rundt på 8 bøker: En dag i Ivan Denisovitsj liv av Aleksandr Solzjenitsyn

Jorda rundt på 8 bøker starter i Aust-Europa, og eg har vald å lese En dag i Ivan Denisovitsj liv denne månaden. Dette er ei av dei mange bøkene eg lenge har tenkt på at eg skulle ha lese.

Sidan det framleis er mai ei stund til, skal eg ta meg ein tur på biblioteket og sjå om eg får tak i Kafkas Forvandlingen også, og forlenge opphaldet i Aust-Europa med denne.

Men først, litt om En dag i Ivan Denisovitsj liv.

En dag i Ivan Denisovitsj liv
Aleksandr Solzjenitsyn
USSR 1962
Oversatt av Natalia Fredriksen
Tiden Norsk Forlag 1963
214 sider

Ivan Denisovitsj Sjukhov er dømd til ti års straffearbeid i ein russisk fangeleir, etter å ha blitt anklaga for spionasje. En dag i Ivan Denisovitsj liv er historia om ein dag i denne fangeleiren, frå morgonrevelja til sola går ned.

"Klokka fem klang som alltid reveljen - hammerslag mot en skinnestump utenfor stabsbrakka. Kimingen trengte svakt inn gjennom det fingertjukke rimlaget på rutene og stilnet snart. Vokteren var ikke lysten på å slå lenge i denne kulda."

Første avsnittet i boka presenterer lesaren for den uuthaldelege kulda, voktaren og brakkene fangane bur i. Vidare gir boka detaljerte skildringar av livet til fangane sett gjennom Sjukhovs auge. Desse skildringane er til tider i overkant detaljerte for min smak, arbeidet fangane gjer blir for eksempel gjenfortald på eit slikt detaljnivå at det nesten blir litt langdrygt. Samtidig er kanskje dette eit poeng i seg sjølv, murararbeidet Sjukhov gjer denne dagen er langdrygt og hardt i den uuthaldelege kulda. Mykje av dagen til Sjukhov og dei andre fangane går med på å finne på små ting han kan gjere for å gjere dagen lettare og sikre seg goder. Ved å vere hjelpsom og vennleg mot dei rette personane, kan han kanskje skaffe seg ein ekstra porsjon suppe eller brød i løpet av dagen.

Eg lar meg imponere over den usentimentale og nøkterne tonen i forteljinga. Sjukhov ser ikkje på seg sjølv som eit offer, til tross for at han blir drive til slavearbeid i fleire titals minusgrader. Han tar sjølv ansvar for å gjere det beste utav akkurat denne dagen, og denne grunnleggjande haldninga til livet er beundringsverdig. Eg er vanlegvis ikkje så veldig glad i å trekke inn biografiske element frå forfattaren sitt liv i lesinga av bøker, men i forhold til En dag i Ivan Denisjovitsj liv klarer eg ikkje å sjå vekk i frå at denne romanen er basert på forfattaren sine eigne erfaringar frå straffearbeid i fangeleir. Den grunnleggjande positive haldninga til Ivan Denisovitsj gjer romanen til ei sterk lesaroppleving, og lesaropplevinga blir endå sterkare sett i lys av forfattaren si eiga historie.