Showing posts with label Frå Sverige. Show all posts
Showing posts with label Frå Sverige. Show all posts

Oct 6, 2011

Gratulerer Tomas Tranströmer!

I år seier eg også "Äntligen!", og jubler over at svenska akademien endeleg har våga å gi sin eigen, store lyrikar, Tomas Tranströmer nobelprisen. Det er han vel unt.

Tranströmer har skrive mange flotte dikt, her er to av mine favorittar:

"Stationen"
Ett tåg har rullat in. Här står vagn efter vagn,
men inga dörrar öppnas, ingen går av eller på.
Finns några dörrar ens? Därinne vimlar det
av instängda människor som rör sig av och an.
De stirrar ut genom de orubbliga fönstren.
Och ute går en man längs tåget med en slägga.
Han slår på hjulen, det klämtar svagt. Utom just här!
Här sväller klangen ofattbart: ett åsknedslag,
en domkyrkoklockklang, en världsomseglarklang
som lyfter hela tåget och nejdens våta stenar.
Allt sjunger. Ni skal minnas det. Res vidare!


"Minnena ser mig"
En junimorgon då det är för tidigt
att vakna men för sent att somna om. 
Jag måste ut i grönskan som är fullsatt
av minnen, och de följer mig med blicken. 
De syns inte, de smälter helt ihop
med bakgrunden, perfekta kameleonter. 
De är så nära att jag hör dem andas
fast fågelsången är bedövande.

Birgitte Steffen Nielsen har skrive ei avhandling om Tranströmer som heiter Den grå stemme, og det er ei veldig passande overskrift for Tranströmer sitt forfattarskap. For stemmen hans er grå, i den forstand at dikta hans er jordnære og kvardagslege, det same er billetbruken. Og samtidig er Tranströmer sine dikt heilt spesielle. Han er absolutt ein diktar som fortener å bli verdsett med nobelprisen. Eg håper vi slepper å måtte forhalde oss til sure amerikanarar, som gnåler om kameraderi igjen. Eg jubler over at Svenska Akademien endeleg våger å gi prisen til ein av sine eigne, igjen. 

May 22, 2011

Lyrikk på ein søndag - Sverige

Det er søndag og vi reiser til Sverige.

Presenter ein svensk diktar og eit dikt.

-------

Ein av dei første svenske diktarane eg blei kjend med, var Karin Boye. Ho har skrive mange flotte dikt, og det mest kjende (det som eg også skal presentere i kveld) er diktet "Ja visst, gör det ont". Eg blir aldri heilt ferdig med denne teksten, og eg kan lese det om og om igjen. Det er verkeleg eit av dei sterkaste dikta eg veit om:
"Ja visst gör det ont"

Ja visst gör det ont när knoppar brister.
Varför skulle annars våren tveka?
Varför skulle all vår heta längtan
bindas i det frusna bitterbleka?
Höljet var ju knoppen hela vintern.
Vad är det för nytt, som tär och spränger?
Ja visst gör det ont när knoppar brister,
ont för det som växer
och det som stänger.

Ja nog är det svårt när droppar faller.
Skälvande av ängslan tungt de hänger,
klamrar sig vid kvisten, sväller, glider -
tyngden drar dem neråt, hur de klänger.
Svårt att vara oviss, rädd och delad,
svårt att känna djupet dra och kalla,
ändå sitta kvar och bara darra -
svårt att vilja stanna
och vilja falla.

Då, när det är värst och inget hjälper,
Brister som i jubel trädets knoppar.
Då, när ingen rädsla längre håller,
faller i ett glitter kvistens droppar
glömmer att de skrämdes av det nya
glömmer att de ängslades för färden -
känner en sekund sin största trygghet,
vilar i den tillit
som skapar världen.

Mar 9, 2011

Eit kvardagsdikt

"Din värme" av Karin Boye

Din värme, din mjuka värme

ber jag om,

som strömmade långt innan mänskan

på jorden kom.

I urskogsgömmenas duniga

fågelnästen

bar samma skyddande värme

livets fästen.


Ur ångestbrinnande himlar

sjunker vi ner

i boets mörker, där livet

ej frågar mer.

Ty molnens lekar är hägring

och spegelstänk,

men allt som föds och föder

är djupets skänk.


Det dagas, och rymden ljuder

av vingesus.

Den svävande fågeln jublar:

Jag lever av ljus!

Men gömt i det tysta vilar

hans ve och väl.

Din värme, din djupa värme

ger mig själ.


Frå För trädets skuld. 1937.

May 1, 2010

Keiseren av Portugalia

Keiseren av Portugalia
Selma Lagerlöf 1914
Omsett av Per Quale
Oktober forlag
230 sider


Eg har lese om att boka Keiseren av Portugalia. Sist eg las ho, var i samband med særemnet mitt om Selma Lagerlöf på vidaregåande. Det er ti år sidan. Boka var flott då og ho var flott nå. Men eg ser at det er andre ting som gjer inntrykk på meg som lesar nå, enn den gongen.

Boka handlar om husmannen Jan på Skrolycka og forhaldet hans til dottera, Klara Fina Gulleborg, som er oppkalla etter sola. Dottera blir som ei sol i det triste livet til Jan, og gjennom oppveksta hennar blir han meir og meir overtydd om at dottera hans er noko heilt spesielt. På grunn av at familien får økonomiske problem, må Klara Gulla reise heimefrå for å tene penger. Ho sender foreldra dei pengane dei treng, for å betale gjelda, og så høyrer dei ikkje frå henne på 15 år. Dette øydelegg gamle Jan. Han blir sjuk av lengsle etter veslejenta, og når rykta begynner å fare i bygda om at Klara Gulla sitt levesett i byen ikkje er som foreldra skulle ønske, blir Jan gal. Han får det føre seg at Klara Gulla er keisarinne av Portugalia, og sjølv går han rundt og omtaler seg som keisaren, faren til keisarinna. Han blir sett på som ein skrulling av sambygdningane, der han går og syng songar med keisarstaven og kasketten som han har fått.

Då eg las boka for ti år sidan, var det forteljingane om Klara Gulla si oppvekst og om den store sorgen til faren som gjorde størst inntrykk. Denne gongen er eg meir fascinert over forteljarstemma i boka. For forteljarstemma har ei slik blanding av empati og distanse til hovudpersonen Jan, at det er som om lesaren får ta del i to sider av forteljinga heile tida. Eg får sjå Jan frå både innsida og utsida på same tid. Og denne karakterframskrivinga blir gjort på ein elegant måte, utan overflødige forfattarkommentarar. I første delen, om barneåra til Klara Gulla får eg sjå både den store kjærleiken og korleis denne grensar til det usunne, gjennom måten kjærleiken blir beskrive. Og når keisaren går omkring i bygda, ser eg både denne opphøgde sida som er knytta til Jan si sjølvforståing og samtidig den latterlege figuren som sambygdingane ser.

Denne tragiske og samtidig vakre historia blir heilt spesiell, gjennom måten ho blir fortald på. Selma Lagerlöf er ein dyktig forteljar!

Apr 25, 2010

Lyrikk på ein søndag - E

Det er søndag og det er tid for ny runde med lyrikk! Denne veka er det bokstaven E som står i sentrum for oppgåvene. Bli med, bli med!

1. Ekfrase er eit dikt som er skrive til eit anna kunstverk. Som oftast er ekfrasa skrive til billet- eller skulpturkunst, men ho kan også vere retta til andre kunstformar. Presenter eit dikt som er ei ekfrase.

2. Presenter eit dikt av ein diktar på E.

3. Sidan eg ikkje er objektiv, og sidan Gunnar Ekelöf er og blir min diktarfavoritt, vil eg dedikere den siste E-en til han. Har du lese Ekelöf og kva synest du om tekstane hans?

---------------------------

1.
"Till det omöjligas konst" er ei ekfrase av Gunnar Ekelöf, skrive til eit ikon, kor døyparen Johannes er avbilda i fleire situasjonar samtidig.
"Till det omöjligas konst"

Till det omöljigas konst
bekänner jag mig
är därav en troende
men av en tro som kallas vantro.

Jag vet:
Man bekymrar sig här om det möjliga
Låt mig då vara en obekymrad
av vad som är möjligt och omöjligt.

Så bär på ikonerna Johannes Döparen huvudet
dels på helbrägda skuldror
dels och samtidig framför sig på ett fat
Den offrade framställer sig som en offrande
Så bekänner jag mig
till det omöjligas konst
av livskänsla och av självutplåning
samtidigt.
Frå En natt i Otocac. (1961)

2.
Magli Elster er ein anna diktar eg liker godt, med namn på E. Ho har skrive mange flotte dikt, blant anna dette:

"Det umulige"
Det ene jeg ikke kan si deg
jeg skal ikke si det.
Regn, lov at du alltid vil sile ned i strie strømmer
sol, lov at du vil skinne hver time på dagen
stjerner må love å lyse døgnet igjennom
skyenes dunete flykt og vellystblyge rødme må spille over jorden
jorden selv må være nakent brun og grønneste grønn og vill av solen på sneen
trær må bære frøsne knopper og modne blomster på en og samme dag
mann og kvinne er redde barn i skogen og unge, lattermilde
og rolig fylt av en visdom som ingen har sett inn i alene -
alt i samme natt under månen eller under samme sol i lyngen
ingenting av dette er det allerminste under
mot at én er blitt glad i en annen.
Men la meg ikke slippe det over tungen
la meg ikke sende ordene ut og gjøre det virkelige usant
la meg ikke si det
at du aldri skal gå fra meg.

Frå Trikken går i engen (1952)

3.
Gunnar Ekelöf er som sagt min favoritt. Eg har lese det meste av det han har skrive, opptil fleire gonger og eg klarer ikkje bli lei av tekstane hans. Eg oppdagar stadig noko nytt, noko eg ikkje har sett før i dikta hans. Eg trur at fascinasjonen min kanskje grunnar i evna hans til å uttrykke det allmennmenneskelege, slik han sjølv seier det i diktet "Jag tror": "det som är boskap i andra är boskap också i dig" og "det som är botten i andra är botten också i dig".

For å vere på den sikre sida, limer eg inn resten av diktet her:

Jag tror på den ensamma människan
på henne som vandrar ensam
som inte hundlikt löper till sin vittring,
som inte varglikt flyr för människovittring:
På en gång människa och anti-människa.

Hur nå gemenskap?
Fly den övre och yttre vägen:
Det som är boskap i andra är boskap också i dig.
Gå den undre och inre vägen:
Det som är botten i dig är botten också i andra.
Svårt att vänja sig vid sig själv.
Svårt att vänja sig av med sig själv.

Den som gör det skall ändå aldrig bli övergiven.
Den som gör det skall ändå alltid förbli solidarisk.
Det opraktiska är det enda praktiska
i längden.
Frå Färjesång. (1941).

Feb 6, 2010

Krim i vintermørket

Dei siste vekene har eg bare hatt eit krav til det eg har lese, at det skal vere spennande nok handling til at det held meg meir engasjert enn å sjå på TV. Eg har sove dårleg, og dei søvnlause nettene stiller krav til underhaldning samtidig som dei svekkar konsentrasjonen. Dermed har det blitt ein del krim. Eg er ein periode-krimlesar. I periodar sluker eg krim, også blir eg mett og avskyr det. Men 1-2 gonger i året, kjem eg inn i slike krimsluke-periodar. Og det er eigentleg passeleg, for min del. Desse periodane heng ofte saman med at eg er sliten og ikkje orkar å bruke så mykje krefter på å fordøye anna lesestoff.


Johan Theorin er ein veldig fin forfattar. Dette er "snill" krim, kor etterforskning og oppklaring står i fokus, framfør action og spenning. Eg liker det. Språket er også sterkt, og spenningskurva er god og karakterskildringane er sterke, sjølv om dei tenderer mot stereotype innimellom. Det er med andre ord alt ein kan forvente av ein kriminalroman, og ho er absolutt på høgde med dei gode gamle britane.

Hovudpersonane er Gerlof Davidsson, den gamle mannen som bur på gamleheim og dottera Julia som kjem til Öland etter at faren har fått ein sandal i posten. På 60-talet forsvann nemleg sonen til Julia i tåka, og Julia har aldri godteke forklaringa om at han sannsynlegvis har drukna. Dette har prega livet hennar, og ho slit med psykisk sjukdom og tendensar til alkoholisme. Dei nøster opp i gamle hendingar og finn svaret på kva som eigentleg skjedde med Jens, den dagen då heile øya var full av tåke.

Boka er godt egna til å lesast frittståande.





Karin Fossum har også ei språkleg styrke, og god psykologisk innsikt.

I denne Den som elsker noe annet blir vesle Jonas August funne drept i skogen, utan den raude shortsen han hadde på seg då han gjekk. Conrad Sejer forsøker å spore opp overgriparen, medan ein anna gutt forsvinn. Er det ein samanheng mellom desse to sakene, eller er det ikkje det?

Vi følgjer både etterforskarane, paret som fann Jonas August og overgriparen sine forteljingar parallelt, noko som delvis fungerer, sjølv om paret som fann Jonas August i skogen kanskje blir litt i overkant stereotypt. Likevel gir denne forteljarteknikken, og særleg skildringane til overgiparen boka eit svært ubehagelig og samtidig gripande preg.

Dette er ikkje bare god underhaldning ei søvnlaus natt, men også ei bok til ettertanke, nettopp om Den som elsker noe annet.


Eg har høyrt mykje godt om Arnaldur Indridason, og boka Vinterbyen har forsåvidt høg kvalitet og skil seg frå anna nordisk krim. Men eg fekk ei kjensle av å ha gått glipp av forhistoria om etterforskaren Erlendur, familien hans og resten av etterforskningsteamet. Det hender det lønner seg å lese bøker i rett rekkefølgje.

Halvt islandske og halvt thailandske Elias blir funne drepen i snøen utføre blokka der han bur saman med si thailandske mor og halvbror sin. Halvbroren forsvinn, og er utilgjengeleg for intervju, og etterforskningsteamet viklar seg ut og inn av stadige villspor, før dei til slutt, ved ei tilfeldigheit kjem på sporet av gjerningsmannen.

Dette er litt under middels god underhaldning, som kanskje ville vore betre om eg hadde begynt på begynnelsen av serien.



Solstorm er den siste boka eg har lese dei siste vekene. Her blir ein framståande person i ein frikyrkjeleg forsamling myrda og det heile ser rituelt ut. Søstera hans blir ettersøkt, og ho kontakter si barndomsvenninne Rebekka, som er ein vellykka skatterettsadvokat i Stockholm. Noko motvilleg reiser Rebekka nordover for å hjelpe venninna, men møtet med den sekteriske forsamlinga blir tøft for henne, og mange vonde barndomsminne straumer på.

Utover det at handlinga er spennande, synest eg skildringa av det konservative miljøet i forsamlinga, kor Rebekka veks opp er særlig interessant i denne boka. Eg har sjølv flytta frå eit konservativt bedehusmiljø, og kjenner at denne tematikken interesserer meg.







Til slutt må eg ta med boka eg begynte på idet eg var i ferd med å bli mett på krim. Så Tokyo ligg halvlesen under nattbordet mitt, og skal få reise tilbake til biblioteket i den tilstanden.

Grey meiner at ho har lese ein artikkel i eit tidsskrift, som seinare har blitt borte, om noko som skjedde i Manchuria under andre verdskrigen. Ho reiser til Tokyo, utan pengar, for å motbevise at ho er galen, og for å få svar på dette. Her møter ho den motvillige professoren som ikkje ønsker å prate med henne, og etter hundreogfemti sider med pågåande student og motvillig professor, kjende eg at det var nok spenningsromanar for ei stund og la bort boka.

Dec 18, 2009

18. desember - Gunnar Ekelöf, ein gong til

Gunnar Ekelöf fortener også ein post til i denne kalenderen, fordi han er så mangfaldig. Dette diktet problematiserer også språket, gjennom homonymet 'spjäll', (som både er det norske spjeld, som vi har i peisen men også spareribs), men her på ein svært humoristisk måte - noko som jo går igjen i diktsamlinga Strountes. Samtidig, gjennom referansene til "Jeg ser" av Obstfelder, blir dette vesle, humoristiske diktet åpna, mot ei rekke eksistensielle spørsmål. Og så tilslutt denne omskrivinga av Obstfelder: "Jag är visst kommen på fel halvklot!" (mi utheving). På denne halvkloda har vi overskot til å bry oss med desse språklege finurlegheitene. På den andre halvkloda, derimot...

Nå ser eg at eg gjer noko eg ikkje liker å gjere, eg kommenterer diktet, litt for mykje. Eg skulle eigentleg bare forklare forskjellen på 'spjäll' og 'spjäll', fordi heile diktet var ganske meiningslaust for meg, som ikkje har svensk som morsmål, ved første gjennomlesning, nettopp fordi eg ikkje skjønte ribbe-delen. Og utan denne ribba, blir ikkje diktet morsomt i det heile tatt. Då blir det bare rart.

Jag ser på detta spjäll

Jag ser på detta spjäll
Det är rutigt, absolut rutigt
Jag ser på detta andra spjäll
Det är fullkomligt randigt

Det ena är rutigt vare sig det är öppet

eller stängt

Det ger bara lite mer eller mindre luft
Det andra är randigt vare sig man ätit av

det eller ej

men mest när man ätit av det!

O vad skall jag göra med alla dessa spjäll
Vad skall jag göra med alla dessa ord
som eventuellt betyder ett och detsamma
med eller utan ränder!

Jag är visst kommen på fel halvklot!

Dec 17, 2009

17. desember - Göran Sonnevi

Göran Sonnevi er nok ein spennande diktar som eg har lese alt for lite av. Dagens dikt er eit metadikt som tar opp problematiseringa av teiknet og språket si rolle, i god postmodernistisk ånd. Innimellom kan eg kjenne at eg blir litt lei av tekstar som skal dekonstruere og plukke i stykker ein kvar ytring. Og nettopp derfor liker eg dette diktet. Språket er problematisk. Teiknet er problematisk. Og likevel er det noko som blir ståande igjen i diktet, noko som er levande og som er samlande.

Det oavslutade språket
föds oavbrutet på nytt,
krossas, och föds på nytt
Serier på serier av vågor
i det vidöppna fältet
Mellan serierna
nya serier, i mellanrummen
mellan mellanrummen
Mellan tid och tid Mellan tiden
och all annan tid
Oändliga spektrum av tider!
Av rum utanför, i varandra

+

Vad är det som finns? Och
hur finns det?

Det alltmer komplexa tecknet Tecknet
uppbyggt av andra
serier av tecken
rör sig, förgrenat
över jordens yta, också ner
under jorden, och utåt
i universum Tecknets bas
förändras, förändrar
tecknet, förändras själv
av tecknet, av
sina egna delars
komplexifiering
Universum
förändras av tecknet

Tecknet på muren Kan du läsa?
Ska jag läsa det för dig?

+

Vi klyvs Våra tecken
klyvs, nerifrån och upp

Vi klyver varandra
Vi förenas
nerifrån och upp

(Det oavslutade språket -1972).

Dec 14, 2009

14. desember - Karin Boye

"Vinternatt"

Gnistrande knarrande skare hård.
Ensam, ensam är nattens rymd över vita vägar.
Mig fyller bister törst
till vinterrymden.

Springer du snart ej för foten upp,
djupa jordkalla vatten, värld som ibland mig isat,
du starka mörker som
min stjärna gömmer?

Då skall du hisnande hårt och rent
dränka ruttnande lögn som fordom du skonslöst gjorde.
Var är du, bittra hav
av is och sanning?

Dec 11, 2009

11. desember - Tomas Tranströmer

Tomas Tranströmer (f. 1931) blir stadig nemnd når ein snakkar om nobelpriskandidatar. Men ingen trur svenskane våger å gi prisen til ein av sine eigne, og mange meiner at dette er grunnen til at han ikkje vinn. Prisvinnar eller ikkje, han skriv vakre dikt. Og her er ein av mine favorittekstar.

"Stationen"

Ett tåg har rullat in. Här står vagn efter vagn,
men inga dörrar öppnas, ingen går av eller på.
Finns några dörrar ens? Därinne vimlar det
av instängda människor som rör sig av och an.
De stirrar ut genom de orubbliga fönstren.
Och ute går en man längs tåget med en slägga.
Han slår på hjulen, det klämtar svagt. Utom just här!
Här sväller klangen ofattbart: ett åsknedslag,
en domkyrkoklockklang, en världsomseglarklang
som lyfter hela tåget och nejdens våta stenar.
Allt sjunger. Ni skal minnas det. Res vidare!

(Dikter -1954)

Dec 1, 2009

1. desember - Gunnar Ekelöf


Det er tid for å åpne første luka i lyrikkalendaren min, og i dag har eg (sjølvsagt, vil dei som kjenner meg seie) plukka eit dikt av favorittlyrikaren min, Gunnar Ekelöf.


Eg liker "En verklighet. (drömd)" særskilt godt på grunn av den nydelege balansen mellom tung filosofi og enkle, kvardagslege observasjonar. Lytt til lydane i diktet, kjenn på luktene og kjenslene som blir presentert. For det enkle er så sterkt til stade i denne drømde verkelegheita.



En verklighet
(drömd)

Jag tror inte på ett liv efter detta
Jag tror på detta liv
Och nu, när saven slutat stiga och jag har hunnit
Till sensommaren, min årstid, minns jag
Hur ångestfyllt jag förr tyckte syrsorna filade,
Tycker så inte längre.

Det är redan skumt
Och åkervägens smala rödskiftande band
Försvinner in i dungar, löper ut ur dungar:
Om varje vägkrök ett mysterium
Av färgernas och ljusets egenliv
Det är skönt att gå
En gammal gärdsgård är också med
Det är den stund då stenarna tänker som bäst
Det är den stund då denna stora varelse
Andas och doftar. Vilka färger i skymningen!
Trädorna lila, stenar i tankfullt skiftande blått
Och lövskogen så rik på skiftningar
Som vore den sitt eget sus!
Ett gult löv är ännu en dyrbarhet
På ena sidan vägen sädesfält
och på den andra sidan barrskog
och säden gul till röd och i skylarna guldbrun
och den sandröda vägen, jag älskar sådana enkla vägar
bara för gående och för grova fordon efter fromma hästar
Sådana vägar tycks mig lika goda som någon livsfilosofi
Och varje landskap, varje skiftning i landskapet, innehåller alla möjliga landskap
och detta liv innehåller alla möjliga liv:
Syrsornas, lysmaskens, grävlingens – alla tänkbara liv
Och det är detta liv som skall fortsätta, som fortsätter
också högre och högre upp, i andra sfärer
Där pågår just nu detta liv
Som också är kvällsmolnens liv, och stjärnornas, och de befolkade världarnas,
Och de osynligas liv, och de dödas
Ty något annat liv finns inte:
Alla lever de och skall leva
och alla ger av sitt liv åt alla och lånar sitt ljus åt alla
och det är inte ett gott och inte ett ont
Det bara är
Det finns en lyckokänsla som kommer sällan men kommer ändå
Det finns detta vårt fornimmandes vittnesbörd
och detta att vara till.
Flyktigt är allt medvetande
men flyktigt är inte fåfängligt.
Så sluts min bukoliska sång.

Mar 21, 2009

Poesiens dag

I dag er det poesiens dag, og kva passar vel betre enn å presentere sin favorittlyrikar på ein slik dag? Eg vil gjerne dedikere denne bloggposten til Gunnar Ekelöf, den svenske modernisten som debuterte i 1932 og skreiv fram til han døydde i 1968. Denne dokumentaren gir ein veldig fin introduksjon til forfattaren og hans arbeid.

Eit av dei mest kjendte dikta hans, og det diktet som gjorde at eg fekk auga opp for denne lyrikaren er diktet "Jag tror", første gong trykka i Färjesång i 1941.

Jag tror på den ensamma människan,
på henne som vandrar ensam,
som inte hundlikt löper till sin vittring,
som inte varglikt flyr för mänskovittring:
På en gång människa och anti- människa.

Hur nå gemenskap?
Fly den övre och yttre vägen:
Det som är boskap i andra är boskap också i dig.
Gå den undre och inre vägen:
Det som är botten i dig är botten också i andra.
Svårt att vänja sig vid sig själv.
Svårt att vänja sig av med sig själv.

Den som gör det skall ändå aldrig bli övergiven.
Den som gör det skal ändå alltid förbli solidarisk.
Det opraktiska är det enda praktiska
i längden.

Mar 12, 2009

Stieg Larsson

Her kjem ein liten rapport frå sjukesenga. Eg har ikkje hovudet mitt på plass for tida, så eg orkar rett og slett ikkje lese bøker der eg må ha overskot til å oppleve språket for å ha glede av boka. Derfor har eg gått laus på Stieg Larsson bøkene. Dei er veldig velegna sjukelektyre. Dei er handlingsdrivne "pageturnerar" og eg slepp å tenke. Akkurat det eg treng nå.


Menn som hater kvinner
Gyldendal 2007
560 sider.

Som eg har nevnt i ein tidlegare post, blei eg raskt oppslukt av denne boka. Det var spennande lesing, truverdige karakterar og eit nytt og interessant plott som gjorde boka verdt å lese.

Eg reknar med dei fleste har lese boka, men kort fortald handlar ho om journalisten Mikael Blomkvist som blir dømt for injurier etter eit oppslag om ein finanskjempe, som han ikkje kunne dokumentere. Blomkvist får i oppdrag av ein eksentrisk, rik, gammal mann å finne løysninga på ei 35 år gammal mordgåte, kor niesa hans forsvann. Som assistent bruker han den 25 år gamle Lisbeth Salander, som har ein svært fascinerande karakter i boka. Ho er ein inneslutta, folkesky men likevel svært dyktig researcher, med metodar som er litt på kanten. Særleg Salander-karakteren er med på å gjere boka god. Ho er skildra på ein truverdig måte og blir akkurat passe mystisk til at eg får lyst til å finne ut meir om henne.


Jenta som lekte med ilden
Gyldendal 2007
624 sider.

Eg var positivt overraska over Menn som hater kvinner. Og eg var tilsvarande skuffa over Jenta som lekte med ilden. Her blei karakterane for stereotype og det blei litt i overkant mange supermenneske.

Vi følger nok ein gong Blomkvist og Salander, men denne gongen er Salander mistenkt for eit dobbeltdrap på ein journalistkollega av Blomkvist. Salander er etterlyst i media, og går i dekning, medan Blomkvist har ei til tider naiv tru på Salander si uskuld. Her møter vi ein blond kjempe på over to meter, som er ute av stand til å føle smerte og eit par andre karakterar som blir lite truverdige, rett og slett.

Salander er særleg skuffande, kanskje mest fordi eg blei så fascinert over hennar karakter i den første boka. I Jenta som lekte med ilden, kor Salander si oppvekst og fortid har ein dominerande plass, synest eg Lisbeth blir for stereotyp. Dei sidene av henne, som gjorde henne til ein fascinerande karakter i første boka blir for mykje i den andre boka. Ho er ikkje lenger passe mystisk og dette var noko av det eg likte best i Menn som hater kvinner. Ho blir også litt for mykje supermenneske og ho overlever litt for mykje, noko boka taper truverdigheit på.

Eg liker heller ikkje den åpne slutten på boka (vi kan kanskje forklare dette med at forfattaren døydde før utgivinga, eg veit ikkje), fordi dette tvinger meg til å lese den tredje boka også.

Eg kjem aldri til å skjønne dei som seier at dette er dei beste bøkene dei har lese i heile sitt liv, men som lett underhaldning i sjukesenga er dei spennande og underhaldande nok.

Feb 26, 2009

Eg er oppslukt

Eg les ikkje mykje krim. Mest fordi eg las mykje krim før og blei veldig lei. Og fordi eg har så utruleg mange bøker eg vil lese og tida ikkje strekker til. Dermed blir gjerne denne sjangeren nedprioritert. Men mest fordi eg las så mykje krim då eg var yngre og plutseleg blei lei av desperate politiansette som køyrde til og frå politihuset på Grønland.

Det at eg ikkje les så mykje krim, gjer at eg er veldig seint ute med å lese Stieg Larsson sine bøker. Men i går begynte eg på Menn som hater kvinner. Og eg er oppslukt.

Dette er ikkje sånn irriterande, klisjèfull krim som gjev meg ei kjensle av å ha lese dette hundre gonger før. Dette er noko nytt og annleis. Og eg liker det.

Feb 24, 2009

Dr. Glas, Gregorius og Helga Gregorius

I går såg eg reklame på TV om at dramatiseringa av Dr. Glas skal sendast på SVT2 førstkommande laurdag, kl. 21.05. Eg håper ikkje det dukker opp noko anna eg må gjere denne dagen, for eg har lyst til å sjå dette stykket.


For nokre år sidan las eg boka Dr. Glas av Hjalmar Söderberg. Boka, frå 1905 handlar om doktoren som forelskar seg i den unge, vakre Helga Gregorius, som kjem til doktoren for å få hjelp til å takle det kjærleikslause ekteskapet sitt. Ho er gift med den særdeles usympatisk skildra presten, Gregorius.

Doktoren ser på seg sjølv som ein reddande engel som skal befri Helga frå det grufulle ekteskapet ho er fanga i. Spørsmålet om kor vidt det er riktig å ta livet av eit menneske for å redde eit anna, er eit av dei spørsmåla om skuld og ansvar, som blir sentrale i boka.

Dr. Glas er full av denne naturalistiske determinismen, som vi bare kan finne i romanar frå århundreskiftet. Det har blitt ein roman som har blitt ståande som ein av dei viktige svenske romanane frå tidleg 1900-tal.


Nokre år etter at eg hadde lese Dr. Glas kom eg over romanen Gregoius av Bengt Ohlsson. Gregorius er eit svar på Dr. Glas. I Dr. Glas er det doktoren som har forteljarperspektivet. Gregorius er den same historia, fortald med presten Gregorius sine auge. Her får vi eit heilt anna inntrykk av både han sjølv, doktoren og det grufulle ekteskapet som Hjalmar Söderberg har skildra.

Gregorius er utgitt i 2005. Og eg klarer ikkje la vere å synest at det er veldig spennande at ein forfattar svarar på eit hundre år gammal, kanonisert verk, på denne måten. Og i motsetnad til dei mange, smårare forsøka på å skrive for eksempel mr. Darcy si forteljing om møtet med Elizabeth Bennet, er Gregorius eit vellukka svar på Dr. Glas. Ohlsson setter ikkje minst fingeren på den viktige og vanskelege evna til å sjå ei sak frå fleire sider.


For ikkje lenge sidan fortalde ein av dei svenske bokbloggarane eg les, at Birgitta Lindén har skrive Helga Gregorius si historie, i den nye romanen Jag, Helga Gregorius.

Eg har akkurat bestillt denne romanen og eg gleder meg til å lese fru Gregorius sitt svar på dei to andre si historie. Og eg kan ikkje for det, eg synest det er utruleg spennande, av først Ohlsson og så Lindén, å diskutere Söderberg sin tekst gjennom å skrive han om igjen på denne måten.

Eg gleder meg til Jag, Helga Gregorius kjem i posten. Og eg håper at Birgitta Lindén sitt svar på Ohlsson og Söderberg si forteljing vil svare til forventningane eg har.


Og mens eg ventar, vil eg få sjansen til å friske opp hovudtrekka i Dr. Glas førstkommande laurdag.

Feb 6, 2009

Åsa Linderborg

Meg eier ingen
Versal Forlag 2008
275 sider
Dette er ei av dei bøkene eg hadde gløymd å avbestille i bokklubben denne hausten. Eg hadde sett på ho i bokhandelen, tatt i ho fordi eg la merke til denne vesle boka som låg på bordet i bokhandelen, men eigentleg ikkje tenkt på å kjøpe boka. I bokhandelen tenkte eg at eg liker framsida og formatet på denne boka, for boka er 13x18 cm, som eit middels stort bilete. Og det er det boka er. Meg eier ingen er eit bilete av ein oppvekst på 70-talet i Sverige. Boka er eit bilete av det å vere ei lita jente som bur i ei blokkleiligheit saman med ein far som er alkoholikar og jobbar på metallverket. På baksida av boka står det

"Meg eier ingen er Åsa Linderborgs fortelling om dyp kjærlighet til en Pappa som hun samtidig skammet seg over, og om klassetilhørighet og alkoholens makt."

Fordomsfull som eg er, hadde eg forventa ei sentimental suppe av følerier og betraktningar om einsemd og sakn, draumar og lengsler. Og det var vel fordi eg har fått nok av slike bøker at eg ikkje kjøpte boka. Men så var det denne framsida då, som likevel fekk meg til å lese boka. Og denne boka er heilt tom for sentimentale følelsesskildringar, sjølvmedlidande hovudpersonar, ja det er ei oppvekstskildring nesten utan introspeksjon. Boka har ein nøktern og enkel måte å fortelle om denne oppveksta på. Det er som om Linderborg skildrar overflata av det som skjedde. Sjølvsagt får ein som lesar medkjensle for denne vesle jenta som må passe på og dekke over for Pappaen sin, men språket er usentimentalt og direkte. Det blir opp til lesaren sjølv å vurdere kva ein skal føle og kjenne.

"Vi brukte kveldene til å snakke sammen. Om hvordan det var å være arbeider, hvor flink jeg var på skolen, om Nacka Skoglund og sosialismen. Om mamma. Viktige ting, sånt som bare vi visste noe om.
Jeg ville være nær ham hele tiden. Var vi i butikken, holdt jeg ham i buksebeinet, satt jeg på bagasjebrettet, klemte jeg rundt ryggen hans, hvis han gikk på do, fulgte jeg etter ham. Jeg sov tett inntil kroppen hans.
Vi pusset ikke tennene eller vasket oss før vi gikk og la oss. Pappa hadde på seg underbukse og gjerne sokker også. Jeg hadde truse på meg. Vi brukte ikke sengetøy noe særlig. Dyne uten trekk, vi lå ofte rett på Dux-madrassene. Putene var dekket av skitne putevar, mest for at ikke fjærene skulle stikke."
(s. 43)

Eg har vald å sitere dette avsnittet her fordi det er veldig deskriptivt for boka. Det viser både den gode kjærleiken som dottera har til faren sin og fortel samtidig på denne usentimentale og rett-fram-måten, som karakteriserer heile romanen, om den dårlege hygiena i heimen, som er eit av mange eksempel på korleis Åsa og faren sin heim skil seg frå dei andre sine heimar.

Boka gir mange eksempel på det dagens barnevernspedagogar ville ha karakterisert som grov omsorgssvikt. Ho fortel om faren som setter frå seg den vesle jenta utføre barnehagen, før han har åpna, for å rekke jobben sin. Ho fortel om faren som tisser i vasken på kjøkkenet etter å ha drukket øl og spyr opp gårsdagens ølrestar før dei syklar til barnehagen. Ho fortel om faren som ikkje klarer å få lønna si til å vare meir enn eit par dagar, og som må spise middag hos foreldra kvar dag, der han også bommar pengar. Også fortel ho om denne heilt spesielle kjærleiken mellom den vesle jenta og faren sin. Etterkvart som Åsa blir eldre, blir denne kjærleiken vanskelegare, men han er likevel veldig viktig heile livet.

Gjennom den nøkterne og usentimentale språkforma lar Linderborg lesaren få sjå inn i oppveksten til denne jenta med same namn som forfattaren. Det blir som om ho visar fram eit bilete; sjå her, og ta stilling til det du ser sjølv. Det er eit sterkt bilete av den viktige og vanskelege kjærleiken som dottera har til faren. Det er eit bilete det er viktig at vi får lov til å sjå.

Dec 14, 2008

John Ajvide Lindquist - La den rette komme inn

La den rette komme inn
Cappelen 2005
521 sider



Eg har lese ei bok på over 500 sider på ei veke. Eg har ikkje vore sjuk og sengeliggande, eg har ikkje hatt ferie og eg har heller ikkje vore heime og lese meir enn normalt. Men, for å bruke ein oppbrukt klisje i bokomtalar, som eg aldri sjølv hadde trudd eg skulle komme til å bruke, La den rette komme inn er ei bok det verkeleg er vanskeleg å legge frå seg. Sånn heilt på ordentleg. Når eg leser på senga pleier eg vanlegvis å sovne etter ein halvtime, men medan eg har lese La den rette komme inn har eg blitt liggande på sengekanten i timasvis fordi eg bare ikkje kan sovne akkurat nå, det er jo så spennande.

Boka handlar om 12 år gamle Oscar som bur i Blackeberg, ein historielaus drabantby og forstad til Stockholm, og dermed kan ho kallast ein oppvekstroman. Oscar har ei mor som bare vil han godt, ein ansvarslaus og alkoholisert far og han bur i ei blokkleiligheit i Blackeberg i 1981. På skulen blir han mobba på det grovaste, og han har ingen kamerater. Einsemd er eit sentralt tema i historia til Oscar og i romanen elles. Ein dag blir Oscar kjent med ei jente, Eli, som er veldig annleis enn alle andre han kjenner. Ho løyser Rubicks kube på eit blunk, og det er noko med henne som av og til gjer at ho får eit annleis uttrykk i auga.

Historia om Oscar og Eli og det spesielle vennskapet mellom dei to, er også ein kriminalroman i den forstand at det ganske tidleg i romanen blir introdusert eit funn av eit lik. Ein gut er funne hengt opp ned i eit tre, halsen er kutta over og han er tømt for blod. Etterforskarane leikar lenge katt og mus med denne såkalla "ritualmordaren", som etterkvart krever fleire offer. Som lesar får ein tidleg innblikk i ein samanheng som er fjern frå dei ulike forteljande stemmane i romanen.

Boka er også ein grøssar. John Ajvide Lindquist har forsøkt å sette seg inn i korleis det må vere å leve, dersom ein skal leve av menneskeblod. Og i sentrum av historia om Oscar og Eli sitt vennskap og historia om dei mystiske overfalla og drapa, er historia om det å leve eit liv som ikkje toler dagslys, verken i konkret eller overført meining. Det som gjer denne boka veldig spesiell innafor grøssarsjangeren, er at vi tidleg i boka får sympati for vampyren og for dei som står denne nær. Dei skrekkslagne folka som er redde og som ikkje forstår, blir bipersonar eller småkomiske figurar som står i bakgrunnen for forteljinga, som politimannen Staffan og sjukehuspersonalet. Desse forsøker som best dei kan, gjennom forpliktingane dei har gjennom yrka sine å håndtere den uoversiktelege situasjonen i lokalmiljøet. Men dei har ikkje forstått kva som eigentleg hender, og dermed blir deira rollar svært komiske. Dermed er grøssarsjangaren snudd opp ned. Det er ikkje dei uskuldige folka mot det fryktelege og ukjende, men snarare den uskuldige vampyren, som jo ikkje kan hjelpe for at den er smitta, mot dei dumme og uforståande folka. Også her er einsemd eit sentralt tema. Men denne gongen den einsemda vampyren kjenner når den må leve i skjul.

Nokre av skildringane er så tydelege og detaljerte, så konkrete og sanselege, gjennom synsinntrykk, lukter og lydar at det nesten er vemmeleg å lese. Likevel er denne såre undertonen og måten forfattaren har styrt sympatiane til lesaren med på å hjelpe meg med å halde ut det groteske og det skrekkelege i denne romanen. Romanen har mange forteljarstemmer, sjølv om Oscar si stemme er den klaraste og mest dominerande. Desse forteljarane er alltid dei som er annleis og dei som er utstøtt. Ei gruppe mellomaldrande alkoholikarar på den lokale kinesiske kroa blir trukke inn i handlinga, også desse er litt utanfor normen for korleis folk flest skal leve. På mange måtar blir dei skrekkelege og grusomme skildringane litt underordna i den heilskaplege opplevinga av romanen, fordi det er desse såre og einsamme forteljarane som står i sentrum heile tida.

Resultatet er ei god bok. Og ei intens lesaroppleving, som har gjort inntrykk.

Oct 12, 2008

Jonas Hassen Khemiri

Ett öga rött
Norstedts Förlag 2003
252 sider


Ett öga rött har blitt karakterisert som den store svenske innvandrarromanen. Dette er litt øydeleggjande for meg når eg skal lese boka. Ein slik karakteristikk skapar forventningar. Når eg begynner å lese boka med forventningane "store svenske innvandrarromanen" ender eg opp med å sjå etter kva som gjer romanen til ein "innvandrarroman". Dersom ein leser boka med dette innvandrarperspektivet er det lett å miste fleire av dei andre perspektiva i boka av syne. For Ett öga rött er så mykje meir enn ein "innvandrarroman". Det er ein roman om å vere tenåring i Stockholm. Det kunne like gjerne vore ein roman om å vere tenåring i Oslo, men nå har Khemiri lagt handlinga til Stockholm. Det er ein roman om ein gut som leitar etter identiteten sin og som skriver om det han opplever i løpet av ein haust.

Hovudpersonen, Halim, bur saman med faren som driver ein butikk i Stockholm. Han har fått ei skrivebok, ei raud bok med gullornamentikk, og i denne boka skriver han om kvardagen sin. Halim ser på seg sjølv som arabar, sjølv om han er fødd i Sverige og har vekse opp i Stockholm. Han foraktar dei arabarane som forsøker å bli svenskar og han foraktar den svenske integrasjonsplanen som skal ta i frå han den eigentlege etnisiteten hans. Faren har gitt opp kampen, han meiner det er viktig å vere god i svensk språk og at ein må jobbe og tene pengar for å klare seg i Sverige. Halim sitt mål er å bli den viktigaste revolusjonsinnvandraren i Sverige. Boka forteller om drømmer, både med symbolsk betydning og Halim sin lengsel etter å finne sin eigen identitet. Det er ein oppvektsroman, som fortel om ein gut med eit litt anna perspektiv enn dei fleste andre oppvekstromanar. Det er viktig bok som er verdt å lese for alle som omgås ungdommar med minoritetsbakgrunn. Men eg liker ikkje "innvandrarroman-stempelet". Eg synes det snevrar inn boka og gjer henne mindre enn ho eigentleg er.

Ett öga rött er kanskje mest kjent for at ho er skrive på såkalla "rinkebysvensk" - den svenske varianten av kebab-språket, der verbet aldri står på andreplass i setninga og slanguttrykk dominerer. Språket er ein viktig del av stemninga i ei bok, og det å lese denne gebrokne svensken er med på å teikne eit tydeleg bilete av Halim og forsterkar indentitetsforvirringa som hovudpersonen står midt oppi:

"I dag det var sista sommarlovsdagen och därför jag hjälpte pappa i affären. Först vi fyllde skyltfönster och klistrade rea-prislappar och sen vi plockade nya varor. På lagret det var fullaste kaos med dammhöger och spindelväv på hörnen. Jag hjälpte rensa och hittade en påse med gamla Turtlestermosar och kartongar med pincettar och nagelklippare. Också jag hittade massa bucklade tomteblossaskar ock längre in en gammal brandbil jag vann i skollotteri, det var länge sen (kanske i mellanstadium). Pappa ställde ut termos och brandbil och också han hängde några Snobbenhaklappar i skyltfönster. Jag sa det ble för fullt, men pappa sa det är viktigt allt syns utifrån. Sen han bad mig skriva text på pappskylt."

Det tok litt tid å komme inni denne skrivemåten, men etter at eg vende meg til å lese denne ordstillinga synes eg denne måten å bruke språket på fungerer veldig godt, i alle fall i denne boka. Ett öga rött er omsett til norsk, men eg er svært usikker på korleis denne omsettinga er. Ein kan sikkert få fram noko av same effekten på norsk, men eg foretrakk å lese ho på svensk. Det kan hende eg gjekk glipp av nokre slang-uttrykk, men det får heller bare vere.

Ett öga rött er som sagt ei god, og også ei viktig bok, som eg absolutt kan anbefale dykk å lese.