Showing posts with label Leseliste. Show all posts
Showing posts with label Leseliste. Show all posts

Apr 27, 2011

1001 bøker du må lese før du døyr


Lista over 1001 bøker du må lese før du døyr, florerer for tida i bloggland. Etter å ha bladd gjennom lista, har eg funne ut to ting. For det første har eg lese svært få av desse bøkene. 36 av 1001 bøker, er allereide lesne. For det andre er det svært mange av desse bøkene eg har kjøpt inn med den intensjonen å lese, eller har på vil-lese-lista mi.

Derfor har eg gått saman med nokre venner, blant anna Ugla og Amylin, og avtalt å lese ei bok frå lista i månaden. Ikkje fordi slike lister nødvendigvis betyr så mykje, men fordi det er ein morsom måte å motivere seg til å komme gjennom klassiske verk ein lenge har tenkt på å skulle lese. Og som sagt er det jo svært mange av desse bøkene, eg allereide har planlagt å lese, på eit eller anna nivå.

Dagen etter at eg hadde avtalt med desse venninnene mine å lese frå lista, oppdaga eg at linesbibliotek har starta eit samlesingsprosjekt, med utgangspunkt i denne lista. Ho har sett opp bøker frå lista, som skal lesast og bloggast innan gitte datoar. Den første er Elskeren av Marguerite Duras, som skal bloggast innan 22. mai. Eg henger meg like gjerne på denne også, og slår dermed to fluer i eit smekk.

Jan 6, 2011

Kva skal vi glede oss til i år?

Bok i P2 presenterer ein del av titlane som kjem til å komme ut i løpet av våren. Her blir bloggarane Janke, Knirk og Bokdama spurt om kva dei gleder seg til. Eg synest det er veldig stas at bokbloggarar blir lagt stadig meir merke til av dei institusjonaliserte mediene.

Lista Nrk presenterer er ikkje komplett, men ho inneheld mange spennande titlar. Eg gleder meg til desse bøkene kjem ut:

Ingrid Betancourt: Selv taushet tar slutt.
Siri Hustvedt: Sommeren uten menn.
Jon Fosse: Kortare stykke.
Sofi Oksanen: Baby Jane.
John Ajvide Lindquist: Lille stjerne.
Arto Paasillinna: En lykkelig mann.

Kva vil du glede deg til å lese, i vår?

Jun 13, 2010

Snart ferie

Eg trudde livet skulle bli stappfullt av fritid, så snart eg fekk masteroppgåva mi ut av verda. Det eg hadde gløymd å tenke på, var at så snart oppgåva gjekk i trykken, fekk eg 60 tentamenar og 30 bookreports som skulle rettast og karaktersettast, saman med 30 prøvar. Medan eg satt og retta for harde livet, kom spes-ped-ansvarleg og etterlyste halvårsrapportar for elevar med tilpassa opplæring, som skulle vore inne for to dagar sidan. Og då eg endeleg trudde eg var ferdig og kunne puste letta ut, fekk vite at eg bare var dagar unna siste frist for å sette terminkarakterar. Det var først på fredag, då eg var ferdig med alt, at eg fann ut kor eg skulle leite for å finne alle datoane.

Eg var nemleg så heldig å få eit to månadars vikariat på ein barne- og ungdomsskule, medan eg dreiv og søkte jobb. Og det har vore spennande, lærerrikt og veldig utfordrande. Men eg har ikkje hatt mykje fritid, og så lenge eg er sterkt plaga med allergi, har den vesle fritida eg har hatt gått med til å sove.

Nå kjenner eg at det skal bli veldig fint med 9 veker ferie. Eg har jo til og med fått lønn i juni, noko som er nytt av året.

Eg har likevel klart å halde liv i lyrikkutfordringa, men eg skammar meg litt over at eg ikkje har hatt overskot til å svare på kommentarar og besøke alle dei spennande bloggane eg vanlegvis pleier å lese. I dag har eg sitte med google reader og bladd igjennom over tusen postar i alle dei fine bloggane eg les, og eg har funne mykje inspirasjon til lesestoff eg vil lese i sommar.
  • Thauke gir ei god presentasjon av Uwe Tellkamp si bok Tårnet, denne veka. Dette er eit forfattarnamn eg tidlegare har lese mange godord om, hos Ingrid, og begge desse bloggarane har vist seg å komme med tilrådingar som har falt i smak tidlegare.
  • Ingrid gir også gode smakebitar frå Ingeborg Bachmann si bok Malene. Bachmann er ein forfattar eg har vore nysgjerrig på, sidan ein av mine medstudentar har skrive masteroppgåva si om henne.
  • Labben presenterer The New York Trilogy av Paul Auster, ein forfattar eg har blitt veldig glad i. Også denne trilogien står på lista mi over bøker eg skal lese i sommar.
  • Karin snakkar varmt om Fred Uhlman si bok Forsoningen, det er ei bok ho ikkje finn eit passande adjektiv til å beskrive. Det betyr vel bare at ho må lesast.
  • Eg har også nyleg henta Utrensking av Sofie Oksanen på biblioteket, etter nokre månadar på venteliste. Denne boka har Liv lese den siste veka, og ho gir meg høge forventningar.
  • Solgunn skryter også av ei perle av ein for meg ukjend forfattar, Gøhril Gabrielsen.
  • Lyran informerer om at Barbara Kingsolver har vunne Orange-prisen. Eg har lenge hatt lyst til å lese The Poisonwood Bible, som mange har snakka varmt om, og nå står også Lacuna på leselista mi.
Nå gjenstår bare 2 undervisningsdagar, ein elevavslutningsdag og ein opprydningsdag. Også kan eg avslutte veka med ein god tur til biblioteket, før ein lang og - om eg skal få seie det sjølv - velfortent - lærarferie.

Apr 6, 2010

Dei beste og dei verste bøkene

Elin og Beatelill samla tidlegare denne månaden inn bokbloggarane sine beste og verste bøker. Elin la ut si liste nå i kveld, og eg har brukt den siste timen på å samanlikne desse to, noko som i og for seg eg ganske interessant.

Følgjande titlar er på begge listene:
  • Da Vinci- koden. Dan Brown
  • Stormfulle høyder. Emily Brontë
  • Alkymisten. Pablo Coelho
  • Zahir. Pablo Coelho
  • The heart of darkness. Joseph Conrad
  • Oliver Twist. Charles Dickens
  • Styrtet engel. Per Olof Enquist
  • Korrigeringer. Jonathan Franzen
  • Fluenes herre. William Golding
  • Mysterier. Knut Hamsun
  • Victoria. Knut Hamsun
  • Tusen strålende soler. Kahled Housseini
  • Menn som hater kvinner. Stieg Larsson
  • Naiv. Super. Erlend Loe.
  • Breaking Dawn. Stephanie Meyer (Breaking Dawn er på verste og "Twilight-serien" er på beste).
  • Ut og stjæle hester. Per Petterson
  • The Catcher in the Rye. J. D. Sallinger
  • Parfymen. Patrick Süskind
  • Lord of the Rings. J. R. R. Tolkien
  • Kjærlighet. Hanne Ørstavik
I tillegg til desse 20 titlane har følgjande 15 forfattarar fått bøker på begge listene (dette er dei forfattarane som ikkje har identiske titlar):
  • Ingvar Ambjørnsen
  • Lars Saabye Christensen
  • Umberto Eco
  • Anne Karin Elstad
  • Jostein Gaarder
  • Karl Ove Knausgård
  • Sue Monk Kidd
  • Stephen King
  • Barbara Kingsolver
  • Selma Lagerlöf
  • Henning Mankell
  • Ian McEwan
  • Gert Nygårdshaug
  • Margit Sandemo
  • Herbjørg Wassmo
Eg synest at dette er eit godt utgangspunkt for ein diskusjon om litterær kvalitet. Kva kriterier er det vi har brukt for å nominere desse 35 som både er best og verst? Og korfor er det nokon forfattarar og titlar som blir elska og hata samtidig? Kva er det som kjenneteikner desse? Og korfor er det bestselgjarane med store opplagstal som hamnar på begge listene?

Mar 31, 2010

Første kvartal 2010

Det er 31. mars, og vi har gjort unna ein fjerdedel av 2010.
Desse tre månadane har eg lese desse bøkene:

Januar: 4 bøker, 1 gitt opp.

Johan Theorin: Skumringstimen
Karin Fossum: Den som elsker noe annet
Arnaldur Indridason: Vinterbyen
Åsa Larsson: Solstorm
Mo Hayder: Tokyo (gitt opp halvvegs).
Samlepost med omtaler her.

Februar: 2 bøker. 1 gitt opp.

Chrs Cleave: Little Bee. Omtale her.
Bjarte Samuelsen: Tang. Omtale her.
Bergljot K. Nordahl: Magda.

Mars: 6 bøker.

Siri Hustvedt: The Blindfold. Omtale her.
Jo Nesbø: Marekors
Thomas J. R. Marthinsen: Du. Omtale her.
Terje Thorsen: Dikt til en nonne
Elfride Jelinek: Elskerinnene. Omtale her.
Haruki Murakami. Kafka on the Shore. (Halvferdig).

Eg har altså lese 11,5 bøker denne første fjerdedelen av året, og begynt på 2 til som eg ikkje har lese ferdig. Det er jo ikkje så verst, med tanke på at eg ikkje har hatt ei kjensle av at eg har hatt tid til å lese så mykje som eg har hatt lyst til.

Høgdepunkta har vore Bjarte Samuelsens Tang, Siri Hustvedts The Blindfold, Thomas J. R. Marthinsens Du og sjølvsagt Murakami si Kafka on the Shore, som eg ikkje er heilt ferdig med.

Mar 24, 2010

Fridagar

Det er snart påske, og det beste med fridagar er å kunne liggje i senga og lese bok til midt på formiddagen, utan å ha dårleg samvit for at ein ikkje har stått opp. Dei siste dagane før ferien må brukast til planleggjing og innsamling av godt eigna ferielektyre. Og i år er eg godt i gang. Det gjeld å vere tidleg ute i påsketida, for bibliotek og bokhandlarar stenger jo så mange av dagane.

For tida held eg på å lese Murakami, Kafka on the Shore, ei bok eg lenge har trudd at eg har lese, men som eg til mi overrasking oppdaga at eg ikkje hadde lese likevel. Neste bok ut er Daniel Kehlmann: Berømmelse. En roman i ni historier, som eg henta på biblioteket for eit par dagar sidan. Eg har også lånt Arnfinn Nordbø si bok Betre død enn homofil. Denne har eg vore veldig nysgjerrig på, sidan ho kom ut, og eg gleder meg til å lese ho. Her om dagen fekk eg i tillegg låne boka Precious, av Sapphire, boka bak filmen med same namn av Ugla (det står "Based on the novel PUSH" på coveret, og eg har ikkje heilt funne ut kva det betyr. Kva er ein roman basert på ein roman?). For å vere på den sikre sida har eg nå også bestilt Keiseren av Portugalia av Selma Lagerlöf, De gjorde et barn fortred av Tove Ditlevsen og Hvordan helbrede en fanatiker av Amos Oz på biblioteket. Eg trur eg skal vere godt førebudd til ferien nå.

Er det fleire som legg grundige leseplanar for ferien? Eller tek du det litt meir som det kjem?

Feb 22, 2010

Listene mine

Akkurat nå har eg 6 bibliotekbøker heime. Eg har lese ei av dei og held på med ei anna. Eg har 3 bøker på venteliste. Eg har sett 13 bøker på huskelista mi, etter at eg oppdaga denne funksjonen i MappaMi på Deichmanske for 2 veker sidan. Eg har 4 bøker eg har kjøpt, som ligg under nattbordet og skal lesast. Eg har 2 leseeksemplarer eg skal lese og skrive om for eit anna medium enn bloggen min. Eg har bokmerka "mer enn 60 artikler" som har fått labelen "Til leseliste" i Google reader. Tre av dei er frå i dag, då eg kom heim og fann 112 ulesne bloggpostar i Google reader. Eg har stadig fleire, stadig lengre lister over kva eg skal lese etter gode tips i kommentarfelta mine. Spørsmålet nå er bare om eg kan klare å finne tid til å lese meg gjennom desse listene, når eg stadig får nye innspel til nye tekstar eg bare må lese.

Oct 7, 2009

Man booker prisen 2009

Hilary Mantel vann med boka Wolf Hall. Og heller ikkje denne gongen rakk eg lese vinnaren før ho vann. Eg har heller ikkje rukket å lese dei andre bøkene på lista, slik eg sa eg skulle. Sjølv om eg har fått kjøpt inn to av dei, Sarah Waters og Sarah Hall. Så eigentleg kan eg ikkje seie så mykje om kor vidt det er fortent eller ikkje, dette året heller.

Eight Months on Gazzah Street har riktignok stått på lese-lista mi lenge. Kanskje eg endeleg får somla meg til å lese Mantel, nå.

May 13, 2009

Bøker eg vil lese

Eg har lenge hatt ei mental liste over bøker eg til ein kvar tid vil lese. Denne lista er lite systematisk og dårleg organisert. I nokre tilfelle tar ho fysisk form, men ofte er ho svært abstrakt.

Den mest konkrete delen av leselista mi, er ein stabel med bøker eg har kjøpt, som endå ikkje har fått plass i bokhylla fordi dei skal lesast først. Denne stabelen er spredt litt rundt omkring, noko som har ein tendens til å medføre støv og rot, så eg leiter etter ein betre løysning på korleis eg skal organisere desse skal-snart-lese-bøkene mine.

Leselista mi kan også ta form av ei skrivebordsskuffe med avisutklipp av bokmeldingar frå ulike aviser. I denne skuffa har eg også heile aviser med ikkje-utklipte bokmeldingar. Eg har ambisjonar om å putte desse i ein perm og organisere dei. Permen er til og med klar, men innhaldet er fattigsleg i og med at utklippa mine blir liggjande i ei skuff.

Den mest strukturerte forma for leseliste, er den virituelle leselista. Den består av ei mappe i "Bokmerker" kor eg linker til bøker eg har lese om. Den siste tida har eg også oppdaga ei rekke spennande og gode bokbloggar som eg følgjer gjennom Google Reader. Innimellom dukker det opp omtalar av bøker eg svært gjerne vil lese. Då fester eg ei slik google-stjerne til innlegget og markerer det med labelen "Til Leseliste". Dette fungerer svært godt, og har ingen biverknadar i form av rot og støv.

Ulempa med samtlege av desse listeformene er at eg ikkje er så veldig flink til å ta dei med meg til biblioteket eller bokhandelen. Dermed hugser eg ikkje alltid kva eg har liggjande av avisutklipp i skuffa eller linkar i favorittar. Dette minner meg om at eg må investere i ei notisbok til dette formålet.

Eg har lyst til å dele nokre av dei bokomtalane frå andre bloggar, som eg har notert.
Denne lista skal eg forsøke å ta med meg, neste gong eg skal på eit bibliotek eller i ein bokhandel. Kanskje eg kan klare å få med meg nokre av desse bøkene heim igjen, då.

May 4, 2009

Mai-lesing

Eg har mange leseplanar for mai, etter å ha meldt meg på fleire leseutfordringar saman med dei andre bokbloggarane.

Eg skal lese månadens lesesirkelbok, Fluenes herre av William Golding. Denne har eg lenge hatt på den mentale vil-lese-lista mi, så eg er veldig glad for at nokon andre har bestemt meg for å lese ho denne månaden.

Eg skal også lese En dag i Ivan Denisovitsjs liv av Alexandr Solzjenitsyn, som er ei reise til Aust-Europa med Lyrans "Jorden rundt på 8 bøker".

Og sist men ikkje minst skal eg lese månadens nobelprisvinnar, Harold Pinter. For nokre dagar sidan fekk eg eit nyheitsbrev frå Nationalteateret, kor det står at dei skal sette opp Hjemkomsten med premiære 22. mai. Så eg vil forsøke å både lese og sjå dette stykket. Det er noko spesielt med det å sjå eit stykke på teater, like etter at ein har lese dramaet. Det blir som å få oppleve teksten frå to ulike perspektiv. Og det liker eg.

Feb 9, 2009

Mammutkatalogen er ute

Det er høgsesong for å få mykje bok for pengane. Årets mammut-tusenlapp skal brukast på:

  • 03 Pedro Camona-Alvarez: Hjemmelekser. 99,-

  • 08 Anonym: Kindereggeffekten. 99,-

  • 15 Harry Bernstein: Den usynlige muren. 99,-

  • 88 Mikael Niemi: Mannen som døde som en laks. 89,-

  • 92 Arto Paasilinna: Kollektivt selvmord. 129,-

  • 94 Orhan Pamuk: Det tause huset. 149,-

  • 114 Margit Walsøe: Kjære Voltaire. 99,-

  • 254 Michael Coren: C.S. Lewis, mannen som skapte Narnia. 79,-

  • 260 Jacob Foresll: Astrids bilder. 159,-

  • 623 Charles Baudelaire: Kunsten og det moderne liv. 79,-


Og for å anbefale nokre bøker eg har lese, kan eg gå god for desse:

  • 29 Fjodor Dostovjevskij: Brødrene Karamasov. 89,-

  • 38 Gustave Flaubert: Madamme Bovary. 69,-

  • 40 Jon Fosse: Andvake. 99,-

  • 49 Frode Grytten: Rom ved havet. Rom i byen. 119,-

  • 55 Johan Harstad: Hässelby. 149,-

  • 60 Edvard Hoem: Mors og fars historie. 99,-

  • 637 Arne Melberg: Selvskrevet. Om selvframstilling i litteraturen. 79,-



Oct 5, 2008

Eg har så lyst til å lese...

Eg har ein stor stabel med bøker som eg har lyst til å lese ligggande på eit bord på "kontoret" mitt.

Sara Stridsberg: Drömfakulteten.
Walt Withman: Gresstrå
Khaled Hosseini: Tusen strålende soler
Samuel Beckett: Malloy, Malone dies og The unnamable
John Milton: Paradise Lost
Yann Martel: Historien om Pi
Edward Hoem: Ave Eva
Frode Grytten: Flytande bjørn








Per Olov Enquist: Boken om Blanche og Marie.
Peter Høeg: Kvinnen og apen.
Tove Ditlevsen: Vilhelms værelse.
Stig Dagerman: Ormen
J. M. Coetzee: Barndom Ungdom.
Albert Camus: The stranger.
Tristan og Isolde.
Doris Lessing: The golden notebook.
Doris Lessing: The grass is singing
Joseph Conrad: Razumov
Haruki Murakami: After dark.








Mark Haddon: A spot of botter.
Carl Frode Tiller: Bipersonar
Mark Haddon: The curious incident with the dog that night.
Per Olov Engquist: Nedstörtad Engel
Thomas Mann: Buddenbrooks
Kader Abdollah: Huset ved moskeen
William Faulkner: Larmen og Vreden
Fernando Pessoa: Uroens bok
Jon Fosse: Melancholia I og II
Thomas Espedal: gå - eller kunsten å leve et villt og poetisk liv.
Orhan Pamuk: Det hvite slottet.
Virginia Woolf: Jacobs room.






Desse... og mange fleire bøker har eg lyst til å lese. Nokon gonger blir eg glad av å sjå denne stabelen med bøker. Då tenker eg at eg kjem til å få stor glede av å lese alle desse bøkene. Andre gonger blir eg litt lei meg når eg ser denne stabelen. Då tenker eg at det er så mange fleire bøker som skulle ha vore i denne stabelen og at eg aldri kjem til å få tid til å lese alt eg skulle ønske eg hadde tid til å lese.