Det som har slått meg medan eg har lese denne 638 sider lange boka er lesetempoet mitt. Eg bruker omlag halvannan time på å lese rundt hundre sider. Dette er eit langt høgare tempo enn eg vanlegvis les i. Då eg for eksempel las Tårnet av Uwe Tellkamp (som eg framleis bare har tatt pause frå), brukte eg omlag ein månad på dei første 600 sidene. Mot ei helg denne gongen. Og eg les sjeldan hundre sider på under to timar. Eg har tidlegare hatt eit slikt lesetempo ved lesing av bøker med liknande spenningskurve, Harry Potter-bøkene for eksempel. Men til vanleg les eg ikkje så fort. Eg veit ikkje kor mange sider eg vanlegvis les i timen, eg har ikkje tatt tida. Men eg brukte fire til fem timar på den 130 sider lange Elskeren. Og eg brukte ein liten dag på å lese den 115 sider lange Morgon og kveld, av Jon Fosse.
Eg kjenner jo til pageturnar-omgrepet, likevel blir eg litt fascinert over at hjernen min er i stand til å absorbere denne mengda ord på så kort tid. Er det den intense og jagande handlinga, som gjer at eg blar om side etter side, for å finne ut korleis det går? Eller er det det heller motstandslause språket, som gjer at eg les fortare? Eg stoppar jo sjeldan opp for å fordøye Nesbø sitt språk, (med unnatak av dei tre gongene eg kom over leddsetningar som stod som sjølvstendige setningar, og eg måtte stoppe litt opp for å fange samanhengen).
Ein kan vere snar, og knytte denne forskjellen til diskusjonen om litterær kvalitet. Men eg trur det i mange tilfelle kan vere litt forhasta. Det er, som nemnd, ein mangel på motstand i Nesbø sitt språk. Dette er ein plausibel forklaring på korfor det går så mykje fortare å lese denne boka, enn Duras og Fosse sine bøker. Dei to sistnemnde har jo eit svært poetisk språk, eit språk som krev pausar og som innbyr til ei langsommare lesing. Når eg tenker på Panserhjerte kjenner eg ei intensitet. Men når eg tenker på Morgon og kveld, kjenner eg den roa forteljinga om Johannes sin siste dag er prega av. Og dette er ein annan skilnad mellom bøkene. Eg får ei litt hektisk og oppkava kjensle av å lese Nesbø, og eg merkar med meg sjølv at eg treng lengre pausar mellom bøker av denne typen. Eg får ei heilt anna ro av å lese bøker som eg les meir langsomt. Og sjølv om det kan vere morsomt med ei slik intens lesaroppleving som eg har hatt i helga, liker eg den roa eg opplever, når eg les bøker med ei mindre jagande og hektisk handling.
Eg veit ikkje heilt kor eg vil med dette innlegget, bortsett frå å dele fascinasjonen over kor fort det kan gå an å lese, innimellom. Eg trur det må ha noko med måten boka er skriven på å gjere.


dessverre fungerer dårleg for ryggen min for tida. Å liggje på ryggen med boka i armkroken på sida, og hovudet vridd mot venstre, går greit i omlag eit kvarter. Så begynner dette også å bli ubehageleg. Eg sett meg opp og flytter meg ut i solstolen, kor eg kan lene meg tilbake med støtte i ryggen. Med boka i fanget, treng eg bare eit lite knekk i nakken, for å ha god utsikt til teksten. Det fungerer ei stund, men etter 45 minutter er nakken så stiv i knekken at eg må finne på noko nytt. Eg vurderer å finne fram ei lettare bok, helst ei med under 200
slik eg pleidde liggje då eg var lita jente. Etter omlag ein halvtime på golvet er eg tilbake ved den evindelege korsryggproblematikken. I tillegg er det litt hardt og ukomfortabelt å liggje på golvet i lengda. 