Jun 15, 2010

Mathea Martinsen frå Haugerud

Kjersti Annesdatter Skomsvold
Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg
Oktober forlag, 2009.
124 sider


Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg er ein roman eg la merke til då eg las gjennom haustlista til Oktober. Eg synest tittelen er så utruleg fin, og har lenge sagt at den boka skal eg lese, bare fordi ho har ein fin tittel. Eg har likevel brukt litt tid på å komme så langt at eg fekk tak i boka, og i mellomtida har Kjersti Annesdatter Skomsvold vunne Tarjei Vesaas debutantpris, og hausta mange godord for debutromanen sin. Etter å ha lese boka kan eg ikkje seie anna enn at ho fortener alt saman!

Mathea Martinsen er ei einsam gammal dame med som ventar på å døy. Ho har vore usynleg store deler av livet. Sjølv ikkje då ho i skulegården blei truffe av lynet to gonger og overlevde, blei ho lagt merke til av andre enn Epsilon, som skulle bli ektemannen hennar. Tankerekkjene hennar er prega av ei ambivalens, ho sliter med ei form for sosial angst. Ho våger ikkje snakke til personalet i butikken og er redd for å treffe naboen i oppgangen. Då burettslaget held dugnad, blir ho inne og bakar rundstykker til dei som arbeider, men ho våger ikkje gå ut og servere rundstykka ho har baka. Samtidig vil ho så inderleg gjerne bli sett og hugsa for ettertida.

Boka har eit leikande og humoristisk språk, noko som gjer Mathea Martinsen sine refleksjonar om kvardagen og livet og døden til noko unikt, sjølv om tematikken gammal, einsam dame er langt frå ny. Men språket gjer at einsemda blir skildra på ein ny måte, med ei svært enkel og til tider litt naiv stemme, slik vi ser i dette utdraget, kor Mathea gjer eit forsøk på å bli hugsa for ettertida:

Jeg har kommet et skritt videre i livet, men jeg må ta enda et. Man kan ikke stå stille, da ender man opp i dvale og før du vet ordet av det har livet forsvunnet mellom fingrene på deg. Jeg må ringe Opplysningen og spørre etter Mathea Martinsen fra Haugerud, for kanskje de har statistikk over de mest etterspurte og høyest elskede menneskene i landet. Opplysningens topp-ti, og jeg akter ikke å sitte her muggen over å ikke være på lista. Jeg akter å gjøre noe med det.
Jeg øver med øverste halvdel av ansiktet i speilet, jeg spør etter Mathea Martinsen fra Haugerud, fort og sakte, emosjonelt og likegyldig, med og uten pannelugg. Til slutt har jeg replikken inne.
(s. 87)

Kjersti Annesdotter Skomsvold fortener alle dei lovorda ho har fått. Dette er ein roman som lever opp til forventningane.

6 comments:

Anonymous said...

Jaaaaa! Den er så fin!

torbjørn hauken said...

Eg og må få seie meg heilt einig!

Anonymous said...

Også enig :)

Beatelill said...

Jepp, jeg er også enig :) Fikk forresten en mail fra forfatteren hvor hun takket så mye for det jeg hadde skrevet om boka hennes. Kjempekoselig :)

Bai said...

Så morsomt! Det er morsomt at forfattarane faktisk legg merke til oss bloggarar også.

Bai said...
This comment has been removed by the author.