Jun 13, 2010

Snart ferie

Eg trudde livet skulle bli stappfullt av fritid, så snart eg fekk masteroppgåva mi ut av verda. Det eg hadde gløymd å tenke på, var at så snart oppgåva gjekk i trykken, fekk eg 60 tentamenar og 30 bookreports som skulle rettast og karaktersettast, saman med 30 prøvar. Medan eg satt og retta for harde livet, kom spes-ped-ansvarleg og etterlyste halvårsrapportar for elevar med tilpassa opplæring, som skulle vore inne for to dagar sidan. Og då eg endeleg trudde eg var ferdig og kunne puste letta ut, fekk vite at eg bare var dagar unna siste frist for å sette terminkarakterar. Det var først på fredag, då eg var ferdig med alt, at eg fann ut kor eg skulle leite for å finne alle datoane.

Eg var nemleg så heldig å få eit to månadars vikariat på ein barne- og ungdomsskule, medan eg dreiv og søkte jobb. Og det har vore spennande, lærerrikt og veldig utfordrande. Men eg har ikkje hatt mykje fritid, og så lenge eg er sterkt plaga med allergi, har den vesle fritida eg har hatt gått med til å sove.

Nå kjenner eg at det skal bli veldig fint med 9 veker ferie. Eg har jo til og med fått lønn i juni, noko som er nytt av året.

Eg har likevel klart å halde liv i lyrikkutfordringa, men eg skammar meg litt over at eg ikkje har hatt overskot til å svare på kommentarar og besøke alle dei spennande bloggane eg vanlegvis pleier å lese. I dag har eg sitte med google reader og bladd igjennom over tusen postar i alle dei fine bloggane eg les, og eg har funne mykje inspirasjon til lesestoff eg vil lese i sommar.
  • Thauke gir ei god presentasjon av Uwe Tellkamp si bok Tårnet, denne veka. Dette er eit forfattarnamn eg tidlegare har lese mange godord om, hos Ingrid, og begge desse bloggarane har vist seg å komme med tilrådingar som har falt i smak tidlegare.
  • Ingrid gir også gode smakebitar frå Ingeborg Bachmann si bok Malene. Bachmann er ein forfattar eg har vore nysgjerrig på, sidan ein av mine medstudentar har skrive masteroppgåva si om henne.
  • Labben presenterer The New York Trilogy av Paul Auster, ein forfattar eg har blitt veldig glad i. Også denne trilogien står på lista mi over bøker eg skal lese i sommar.
  • Karin snakkar varmt om Fred Uhlman si bok Forsoningen, det er ei bok ho ikkje finn eit passande adjektiv til å beskrive. Det betyr vel bare at ho må lesast.
  • Eg har også nyleg henta Utrensking av Sofie Oksanen på biblioteket, etter nokre månadar på venteliste. Denne boka har Liv lese den siste veka, og ho gir meg høge forventningar.
  • Solgunn skryter også av ei perle av ein for meg ukjend forfattar, Gøhril Gabrielsen.
  • Lyran informerer om at Barbara Kingsolver har vunne Orange-prisen. Eg har lenge hatt lyst til å lese The Poisonwood Bible, som mange har snakka varmt om, og nå står også Lacuna på leselista mi.
Nå gjenstår bare 2 undervisningsdagar, ein elevavslutningsdag og ein opprydningsdag. Også kan eg avslutte veka med ein god tur til biblioteket, før ein lang og - om eg skal få seie det sjølv - velfortent - lærarferie.

6 comments:

labben said...

Nyt ferien, det høres virkelig ut som om du har fortjent den =)

Jeg lurte forresten på om du har noen tips til hvilke bøker jeg bør lese av Paul Auster? Jeg har nemlig kun lest den jeg blogget om, og har ikke peiling på resten av hans forfatterskap.

Kristin H said...

Ha en herlig verlfortjent ferie. Og gratulerer med ferdig masteroppgave:)

Bai said...

Labben, eg har lese Orakelnatt, Illusjonenes bok og Brooklynsk Dårskap, og blogga om dei: http://boklesebloggen.blogspot.com/search/label/Av%20Paul%20Auster.

Eg vil seie at Brooklynsk Dårskap er den beste, men med hårfin margin. Dei to andre er også gode. Han er ein slik forfattar eg får lyst til å lese alt av!

Takk Kristin!

Anita said...

Kos deg!

Janicke said...

Forsoningen er en av de beste bøkene som finnes!! Den er utrolig bra! Kos deg masse! Det er så deilig å tenke på at det blir en lang sommer, selv om man av erfaring vet at den er borte i en vind. Vi får krysse fingrene, håpe på godt vær og alt somer bra med sommer i Norge!!

Hanneles bok-paradis said...

jag har Oksanens bok signerat ;)