Dec 23, 2009

Ferielesing

Eg har tatt meg fri i jula og eg treng å ferielese litt. Etter det mest intense halvåret eg kan hugse, kjenner eg at eg trekker mot det tanketomme og enkle. Eg er trøytt og sliten av all tenkinga, samtidig er eg rastlaus. Eg trenger nokre feriebøker, men ikkje kva som helst. Eg har lyst på ei eller to feriebøker som ikkje krev noko som helst av meg som lesar, anna enn at eg klarer å la meg engasjere av handlinga. Gjerne krim. I alle fall noko med mykje handling og lite rom for lesardeltaking. Det er det motsette av kva eg vanlegvis vel å lese, så eg har ikkje noko passande heime. Men nå er det det eg treng. Hovudet mitt har tatt ferie og tankane mine er i kvilemodus. Det kjennest godt. Eg har ikkje lyst til å tvinge tankane i gang igjen. Det er deilig å kjenne denne hangen til ro og til det enkle, ikkje minst nå som det er ferie og eg kan ta meg tid til det. Eg har lyst til å bare sitte stille, lese ei bok og plutseleg merke at det har gått nokre timar, medan eg har vore borte-vekk i ei eller anna spennande handling.

Dei siste dagane har eg lese to sider av Runway av Alice Munro og to sider av Kafka on the beach av Murakami. Også les eg dei same to sidene ein gong til. Også tenker at dette er jo god tekst, men eg hugser ikkje kva eg har lese. Også legg eg boka vekk, fordi eg veit at eg kjem til å vere meir opplagt seinare, og då er det dumt å øydeleggje ei eigentleg god bok, nå som eg ikkje er i humør til å lese denne. Eg har stått framføre bokhylla mi, og tenkt at eg har for komlisert litteratursmak. Det er dumt å ikkje ha ei bok til eit kvart humør liggjande. Og akkurat nå er eg ikkje i humør til å lese noko av det eg har liggjande.

Eg må ta meg ein tur til biblioteket i dag. Eg håper eg kanskje skal komme heim med ei Harry Hole-bok og den første Twillight-boka på engelsk. Sistnemnde er kanskje litt vel optimistisk. Kanskje den første boka til Johan Theorin. Eg likte Nattefokk. Kanskje eg finn ei bok av Elizabeth George eller P. D. James eg ikkje har lese. Eg håper å kunne finne noko eigna ferielesning. Biblioteket har ope fram til kl. 18 i dag. Det burde gi meg god tid til å finne ei eller to passande feriebøker.

I mellomtida tar eg gjerne i mot forslag til gode og engasjerande bøker, som ikkje krev noko av meg i betydningsdanningsprosessen.

2 comments:

torbjørn hauken said...

Eg tok nok bloggferie før deg og såg ikkje dette unnlegget før no, men eg vonar du fann det du trong på biblioteket. Tenkte eg ville kome med eit tips om ein eg heilt tilfeldig kom over og som eg fekk hakeslepp av: Enrique Vila-Matas: "Bartleby & Co". (Å kjenne Melvilles novelle om 'Bartleby' er kjekt i denne samanhengen, men ikkje naudsynt) Vila-Matas er Katalaner og boka kom på Solum i 2003, omsetjar er Christian Rugstad. kanskje ikkje akkurat det du var ute etter til ferien, men no er vel kvardagen over oss snart likevel!

Hobbygåsa said...

Godt nytt år til deg også!