Dec 12, 2009

12. desember - Olav H. Hauge

For nokre dagar sidan skreiv eg om det biletet av Olav H. Hauge, som Knausgård gir i Min Kamp, første bok. Dagens dikt formidler det biletet av Hauge, som eg vil halde fast i.

"Den draumen
"

Det er den draumen me ber på
at noko vidunderlig skal skje,
at det må skje -
at tidi skal opna seg,
at hjarta skal opna seg,
at dører skal opna seg,
at kjeldor skal springa -
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund
skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.

3 comments:

torbjørn hauken said...

Eit sabba dikt - eigentleg, men det er kanskje blitt så kjent og (mis)brukt(?) at det har mista mykje av krafta det hadde?! Kan det seiast å ha blitt klisjeaaktig? (Eg håper eg ikkje sårar deg med dette, men eg meiner det finst dikt som blir 'oppbrukte', og kanskje det er i ferd med å skje med dette?)

Bai said...

Det skal meir til for å såre meg :)

Eg er enig i at det har blitt brukt mykje, og har lett for å bli klisjeaktig. Det er veldig sterkt, men vi har høyrd og lese det så mange gonger at det har mista litt av styrken. Eg tenkte på akkurat dette då eg valde det ut; våger eg poste eit dikt som er så "oppbrukt"? Eller blir det bare tåpeleg, viss eg skal gi meg ut for å velgje dikt med omhu?

Samtidig kjenner eg at eg vil det, fordi det eigentleg er så godt. Og fordi det var i dette diktet eg oppdaga Hauge som 16-åring, noko som blei inngangsporten til lyrikkinteressa eg har utvikla etterkvart. Og nettopp på grunn av denne første-opplevinga mi, trur eg aldri dette diktet kjem til å bli oppbrukt for meg - sjølv om eg irriterer meg over at det blir brukt "overalt".

Eg skjønner godt kva du meiner med "oppbrukte" dikt. Songen "Eg ser" av Bjørn Eidsvåg er litt sånn for meg - eigentleg ein flott tekst, men så mykje brukt at eg har slutta å lytte til han.

torbjørn hauken said...

Eg forstår jo godt kvifor du tar det med etter det du no skriv. Fint at du kan halde på di eiga oppleving av diktet utan omsyn til 'kommersialiseringa' av det.