Showing posts with label Av Selma Lagerlöf. Show all posts
Showing posts with label Av Selma Lagerlöf. Show all posts

May 1, 2010

Keiseren av Portugalia

Keiseren av Portugalia
Selma Lagerlöf 1914
Omsett av Per Quale
Oktober forlag
230 sider


Eg har lese om att boka Keiseren av Portugalia. Sist eg las ho, var i samband med særemnet mitt om Selma Lagerlöf på vidaregåande. Det er ti år sidan. Boka var flott då og ho var flott nå. Men eg ser at det er andre ting som gjer inntrykk på meg som lesar nå, enn den gongen.

Boka handlar om husmannen Jan på Skrolycka og forhaldet hans til dottera, Klara Fina Gulleborg, som er oppkalla etter sola. Dottera blir som ei sol i det triste livet til Jan, og gjennom oppveksta hennar blir han meir og meir overtydd om at dottera hans er noko heilt spesielt. På grunn av at familien får økonomiske problem, må Klara Gulla reise heimefrå for å tene penger. Ho sender foreldra dei pengane dei treng, for å betale gjelda, og så høyrer dei ikkje frå henne på 15 år. Dette øydelegg gamle Jan. Han blir sjuk av lengsle etter veslejenta, og når rykta begynner å fare i bygda om at Klara Gulla sitt levesett i byen ikkje er som foreldra skulle ønske, blir Jan gal. Han får det føre seg at Klara Gulla er keisarinne av Portugalia, og sjølv går han rundt og omtaler seg som keisaren, faren til keisarinna. Han blir sett på som ein skrulling av sambygdningane, der han går og syng songar med keisarstaven og kasketten som han har fått.

Då eg las boka for ti år sidan, var det forteljingane om Klara Gulla si oppvekst og om den store sorgen til faren som gjorde størst inntrykk. Denne gongen er eg meir fascinert over forteljarstemma i boka. For forteljarstemma har ei slik blanding av empati og distanse til hovudpersonen Jan, at det er som om lesaren får ta del i to sider av forteljinga heile tida. Eg får sjå Jan frå både innsida og utsida på same tid. Og denne karakterframskrivinga blir gjort på ein elegant måte, utan overflødige forfattarkommentarar. I første delen, om barneåra til Klara Gulla får eg sjå både den store kjærleiken og korleis denne grensar til det usunne, gjennom måten kjærleiken blir beskrive. Og når keisaren går omkring i bygda, ser eg både denne opphøgde sida som er knytta til Jan si sjølvforståing og samtidig den latterlege figuren som sambygdingane ser.

Denne tragiske og samtidig vakre historia blir heilt spesiell, gjennom måten ho blir fortald på. Selma Lagerlöf er ein dyktig forteljar!

Apr 13, 2009

Tematrio - Jerusalem

Det var så vidt eg ikkje gløymde at det var mandag i dag. Men heldigvis kom eg på det, og fekk med meg Lyrans tematrio.

Denne veka er det ikkje så åpenbart for meg kva eg skal svare, men etter å ha tenkt meg godt om (og lagt inn rom for ei litt vidare tolking av spørsmålet enn kva teksten strengt tatt gir rom for) har eg komt fram til eit svar.



Berätta om tre romaner som har någon koppling till Jerusalem och/eller Mellanöstern!

1. Lyran ber om romaner. Og eg kjem på ein roman som heilt åpenbart er ein roman, som har kopling til Jerusalem og Midtausten, nemleg Selma Lagerlöfs Jerusalem. Denne handlar om ei gruppe svenske bønder som reiser til Jerusalem for å leve i eit religiøst kollektiv der. Eg las boka då eg var 17, like etter at filmen hadde kome ut, så eg hugser ikkje så mange detaljar. Men eg hugsar at dette var den første Selma Lagerlöf-boka eg las, og at ho åpna augene mine for eit stort og flott forfattarskap.

Sånn i farta, trur eg Jerusalem er den einaste romanen eg kjem på at eg har lese, med handlinga lagt til Jerusalem. Eg kan sjå mot Midtausten og nevne Orhan Pamuk, men den einaste romanen eg har lese av han fortalte eg om i nobel-trioen, så eg lar han liggje. Derimot ser eg litt bort frå spørsmålet om romanar og trekker fram to andre bøker med handling lagt til Midtausten.

2. Jobs bok i Bibelen er ingen roman, men likevel ei episk forteljing som eg er svært glad i. Boka stammar frå Midtausten, og eg trur dette er den sterkaste litterære drøftinga av mennesket sine vilkår eg nokon gong har lese. Boka er bygd opp med ei rammeforteljing og ei lang rekke dialogar. I rammeforteljinga får lesaren vite at Job er ein rettferdig mann og at Gud let Satan sette han på prøve gjennom å ta frå han alt og ramme han med sjukdom. Vidare får vi lese ei rekkje dialogar mellom Job og dei tre vennene hans, kor vennene til Job forsøker å forklare kvifor han som er rettferdig må lide. Job held fast på at dette er urettferdig og at svara til vennene ikkje er gode nok. Til slutt blir Job frikjendt av Gud, eller av ei tale i stormvinden. Dei spørsmåla som blir stilde her, blir stilde igjen og igjen, i eit utal av dei verka som har blitt kanoniserte som viktige verk i verdslitteraturen. Kvifor må mennesket lide? Eg veit ikkje om det er eit spørsmål ein kan finne svar på, men Jobs bok gir i alle fall ei svært god drøfting av dette spørsmålet.

3. Diwan-trilogien av Gunnar Ekelöf er heller ingen roman, men eit episk dikt kor handlinga er lagt til Midtausten, eller Orienten. "Diwan över Fursten av Emgion" (1965), "Sagan om Fatumeh" (1966) og "Vägvisare till underjorden" (1967) utgjer tilsaman ein omfattande diktsyklus. Trilogien inneheld ei rekke poetiske høgdepunkt. Eg blir i alle fall ikkje ferdig med å lese desse dikta, igjen og igjen, slik det gjerne er med Ekelöf si dikting.