Dec 31, 2010

Oppsummering av 2010

Leseåret 2010 har vore prega av lange periodar med lite tid, ork og overskot til å lese. I vår, like før eg leverte masteren min, var det veldig hektisk og det blei lite tid til bøker. I haust har eg vore ny i norsklærarjobben. Mykje av tida eg elles ville brukt til å lese skjønnlitteratur, har gått med på å lese elevtekstar og repetere pensum.

Etter å ha tald opp, kjem eg til 32 bøker eg har lese ferdig, og 3 bøker eg har lagt bort. 21 av bøkene er skrivne av nordiske forfattarar, 13 av desse er norske. 2 av dei tre bøkene la bort, er skrivne av norske debutantar. Av dei bøkene som ikkje er nordiske, er 11 skrivne i USA eller England og 2 i Japan. 27 av bøkene er skrivne frå 2005 og fram til i dag. Bare 3 av bøkene eg las i år, er skrivne for meir enn ein generasjon sidan, og kan kallast klassikarar.

Høgdepunkta kan oppsummerast slik:

Den beste boka:
I år er det påfallande lite vanskeleg å plukke ut ei beste bok. Det er Utrensking av Sofi Oksanen som blir ståande som den sterkaste lesaropplevinga i 2010.

Det nyoppdaga forfattarskapet:
Takka vere Ingrid har eg også oppdaga Richard Yates. Eg har lese Påskeparaden, og eg veit heilt sikkert at eg kjem til å lese meir av han.

Den største overraskinga:
I sommar stod eg på flyplassen, svært skuffa over at novellesamlinga Den du ringer kan ikke nås for øyeblikket av Lisa Niemi viste seg å ikkje vere leseleg. Alle dei andre bøkene mine var pakka ned i baggasjen, og eg trong noko å lese på, på flyturen. Eg kjøpte Rebecca av Daphne du Maruier i kiosken, fordi det var det beste eg fann der. Boka viste seg å vere ei langt større lesaroppleving enn eg kunne forestille meg.

Årets guilty-pleasure:
Mi gode venninne Amylin er hekta på Twilight-serien. Etter å ha høyrd henne snakke om Bella og Edward i nokre timar, samanlagt, måtte eg også finne ut kva dette var. Eg har lese tre av dei fire bøkene nå, og både Twilight og New Moon har vore bøker eg har kosa meg med. Etter Eclipse kjende eg at eg trong ein pause. Det blei litt mykje av det same.

Den største nedturen:
Som eg skreiv her om dagen blei eg veldig skuffa over Din nestes hus av Jette A. Kaarsbøl. Boka svara ikkje til forventningane i det heile tatt.

Det største forfattarmøtet:
Den største opplevinga knytta til eit forfattarmøte, var Murakamifestivalen på litteraturhuset i august. Eg lo så tårene trilla, då Frode Grytten hadde sitt foredrag om Murakami, bøkene hans og den japanske kulturen. Og eg blei svært sjarmert over Murakami sjølv, då han seinare blei intervjua, og på gebrokkent engelsk fekk presentert nokre av tankane sine kring forfattarskapet.

Den beste debutanten:
Både Du av Thomas J.R. Martinsen og Jo fortere jeg går jo mindre blir jeg av Kjersti Annesdotter Skomsvold er svært gode debutar. Eg veit faktisk ikkje kva for ein som er best av desse to, og dei er så forskjellige at det nesten blir kunstig å skulle samanlikne dei. Dei kjem på delt førsteplass i debutantkategorien, og begge kjem høgt oppe på lista over bøker som er verdt å lese.

Mål for 2011
Eg ser jo at dei bøkene eg vel er innafor eit snevert geografisk og historisk område. Eg har definitivt lese mest nordisk samtidslitteratur, dette året. Målet mitt for 2011 er å lese fleire klassikarar og å lese fleire bøker frå andre område enn Norden, USA og England.

Dec 30, 2010

Pakke i posten

Om 2-4 dagar får eg bokpakke i posten. Eg liker å få bokpakke i posten.


Eg har meldt meg på den nordiske samlesinga, som Knirk står bak. Vi skal lese bøkene som er nominerte til Nordisk Råds Litteraturpris og blogge om dei, fram til prisutdelinga i april. Eigentleg skal Vågen av Harald Voetmann lesast og bloggast innan 2. januar, men med mindre dei 2-4 dagane blir til 1 dag, er ikkje gjennomførbart. Men boka skal lesast og bloggast så snart som mogleg.

Elles har eg eit teknisk spørsmål, dersom det er nokon som brukar Safari her. Er det eg som gjer noko gale, som ikkje får til å blogge via Safari, eller går ikkje blogspot og Safari saman?

Dec 29, 2010

Din nestes hus


Din nestes hus
Jette A Kaarsbøl 2009
Oversatt av Trude Marstein
Cappelen Damm 2010
396 sider


Det begynner vel å nærme seg 6 år sidan eg las Den lukkede bok av Jette Kaarsbøl. Dette var ei bok som begeistra meg stort og som etterkvart fekk veldig gode kritikkar. I 2009 kom Kaarsbøl med si bok nummer to - Din nestes hus, som eg endeleg har fått lese. Eg har vore nysgjerrig på denne boka ei stund, både fordi eg likte debutromanen til Kaarsbøl så godt, og fordi det er delte meiningar om boka. For mens Knirk rosar boka la Janke ho bort, halvlesen.

I boka møter vi den landskjende arkitekten og forteljar-eget Laus Lindborg, som blir dregen inn i ei midtlivskrise, etter at faren døyr. Han reiser til bygda Store Randing, kor faren som også er arkitekt, har teikna eit bibliotek. Her skal faren gravleggjast. Laus blir kjend med presten Stig og den 20 år yngre kona hans Alma. Tilbake i København bestemmer Laus seg for å ta ein pause frå jobben, ekskjærasten Maj og elskerinna Claudia. Han reiser tilbake til St. Randing under påskot av å skulle jobbe med eit fotoprosjekt. Her innleier han eit forhald til prestekona Alma. Motivasjonen for Laus sitt oppbrot, er som Janke peikar på, uklar, som mange av dei andre vala Laus gjer. Dette er med på å skape ei kunstig distanse mellom meg som lesar og hovudpersonen, noko som går ut over lesaropplevinga og som gjer forteljinga mindre truverdig.

Forteljinga er forsøkt framstilt scenisk. Kaarsbøl viser fram epsiodar og viser kva Laus og dei andre karakterane seier og gjer. Innimellom får lesaren innblikk i Laus sine tankerekker, men då ser han ofte tilbake på scener frå tidlegare i livet. Dette er eit spennande grep, men eg opplever at det fungerer dårlig i denne romanen. Forteljinga får eit hakkete og oppstykka preg. Vi får vite svært lite om kva Laus eigentleg tenker og kva slags kjensler eg-personen har, noko som også gjer at samanhengane blir borte. Eg får ikkje forståing for Laus, handlingane hans og vala hans. Kombinasjonen med eg-forteljaren gjer at det blir ei avstand mellom lesar og forteljar, som eg opplever som forstyrrande.

Når det er sagt er Kaarsbøl sitt språk og mange av skildringane svært gode. Eg tar meg i å humre over formuleringar og eg lar meg røre av skildringane av einskilde bifigurar. Romanen gir for eksempel eit veldig truverdig og levande portrett av den fire år gamle prestedottera Emilie. Den overvektige tenåringsjenta Meggie blir også skildra på ein rørande måte, og eg blir glad i desse to jentene.

Eg har brukt over ein månad på å lese ferdig denne boka, og fleire gonger har eg vurdert å leggje ho bort. Forteljinga er hakkete og eg får ikkje heilt tak på hovudpersonen, som burde bære forteljinga. Samtidig er det mange flotte element, sterke karakterskildringar og morsomme uttrykksmåter, som driv romanen framover til tross for at forteljinga blir svekka av dei forteljartekniske grepa.

Om det var verdt tida det tok å lese ho ferdig? Eg er faktisk ikkje sikker.

Dec 28, 2010

Eg har oppdaga Neil Gaiman

Coraline
Neil Gaiman
Adaptert til teikneserieroman av P. Craig Russell
2008


Like før jul kom eg over boka Coraline på biblioteket. Då eg såg boka, kom eg til å tenke på Elin som har snakka varmt om Neil Gaiman. Eg har lenge vore nysgjerrig på Gaiman og på korleis det er å lese teikneserieromanar, ein sjangar eg til nå ikkje har lese noko særleg av. Etter å har gjort litt research, skjønner eg jo at denne utgåva ikkje er Gaiman si originale utgåve, men eg likte ho godt likevel.

Coraline bur i eit gammalt hus saman med mor og far. I dette huset finn ho, som Alice og som Lucy, ei dør til ei anna verd. Den nysgjerrige jenta går gjennom døra, der ho møter "the other mother" og "the other father" ei mor og ein far som har knappar til auge.

Etter at Coraline har åpna døra til det andre, blir ikkje verda slik ho eingong var. Coraline må tilbake til den andre verda for å redde seg frå den andre mora. Spenninga mellom "det eigentlege" og "det andre" er sterkt tilstades gjennom forteljinga. Denne spenninga blir stadig sterkare, etterkvart som "det andre" blir meir og meir skremmande. Spenninga blir også understreka og forsterka av dei detaljerte teikningane til P. Craig Russell. Eg får frysningar på ryggen av den andre mora si hand og dei dansande rottene. Spelet mellom skuggar og lys, mørkre og fargar er også med på å formidle historia om Coraline på ein veldig spennande måte.

Det blir ikkje siste gongen eg les verken Gaiman eller ein teikneserieroman. Og eg er veldig nysgjerrig på filmen, nå.

Dec 26, 2010

Bøkene eg ikkje fekk til jul

Eg skal ikkje klage over julegåvene mine. Eg er superfornøgd, ikkje minst med den fine macen som igjen gjer det mogleg å blogge. Eg blei også veldig glad for dunjakka eg fekk. Nå kan eg jo gå ut av huset utan å få frostskader. Og det viktigaste i jula i år er ikkje gåvene i det heile tatt. Det viktigaste er å ha god tid til å vere saman med dei ein er glad i, utan å stresse med jobb og anna kvardagsstress. Og å kjenne på saknet etter dei ein er glad i, men som ein ikkje lenger får vere saman med.

Likevel - eg ønsker meg alltid bøker til jul og eg får som oftast ikkje bøker til jul. Eg lurer på om dei tenker at det er kjedeleg å gi meg bøker, eller om dei er redde for at det ikkje skal falle i smak. Fleire av mine nærmaste har jo ved ulike høve sagt at eg er så kresen at dei ikkje vågar å kjøpe bøker til meg, fordi eg ikkje liker det alle andre liker. Det får eg ikkje til å stemme. Eg liker mykje av det andre liker, eg liker bare mykje meir enn det alle andre liker.

For å komme frykta for å kjøpe feil bok i møte, har eg begynt å sette opp ønskeliste. Ifjor sette eg opp ei lang ønskeliste, med bøker eg ville lese. Då tenkte eg at lista kanskje var for lang. I år sette eg opp ei kort og oversikteleg liste over dei bøkene eg ønska meg mest. Lista såg slik ut:

Bøker:
Jonathan Franzen ”Korrigeringer” og ”Frihet” (norsk eller eng.)
Paul Auster sine siste romaner (eng.)
Carl Frode Tiller: ”Innsnirkling 2”
Beate Grimsrud: ”En dåre fri”

Eg fekk ingen bøker i år heller. Og eg hadde eigentleg gleda meg til å lese Jonathan Franzen i romjula. Nå er det ikkje synd i meg. Nå som det store spareprosjektet eg har hatt i haust er blitt avlyst, kan eg godt kjøpe nokre av dei bøkene eg har lyst på. Men eg synest det er koseleg å få bøker også. Det er ei slik barnleg glede over det å åpne ein fint innpakka pakke og finne ei bok ein har lyst til å lese.

Dec 25, 2010

Tittei - her er eg!

Eg er på vei tilbake til bloggosfæra igjen, nå på superfin, ny julegåve-mac.

Hurra for nytt skrivetøy og god jul til alle saman - om det nå skulle vere slik at det er nokon lesarar igjen her, då.

Eg gleder meg ein heil haug til å hente ny inspirasjon og gode lesetips hos dykk igjen.