Showing posts with label Av Philip Roth. Show all posts
Showing posts with label Av Philip Roth. Show all posts

Jun 2, 2009

Lesestoff i sommarsola

Bloggen har blitt nedprioritert dei siste dagane, til fordel for det utruleg fine veret. Eg har prioritert å smøre meg inn med solkrem og ta med bøkene mine ut dei siste dagane. Her kjem ei rask presentasjon av det eg har lese:

Utskudd av Sadie Jones var ei, for meg, ukjendt bok av ein ukjendt forfattar. Eg hadde gløymd å avbestille ho i bokklubben.

Vi møter Lewis som mister mora si som tiåring og følgjer han gjennom tenåra. Lewis blir sett på som eit håplaust tilfelle av fleire av sambygdingane. Folkesnakket og folk sine haldningar til Lewis gjer at han får vanskeleg for å vise fram dei gode sidene ved seg sjølv og historia til Lewis blir ein stadig meir negativ spiral. Lewis er ein plaga gut, som trenger å bli sett. Den vesle nabojenta Kit ser han og dei to utvikler eit spesielt forhold.

Utskudd er ei mørk og dyster historie, som viser korleis mennesker kan påverke kvarandre både på godt og vondt. Det er ei veldig god bok.






William Goldings Lord of the Flies er ein klassikar det kanskje ikkje er nødvendig å seie så mykje om. Eit fly har styrta og ei gruppe born er aleine på ei aude øy, kor dei må klare å samle inn det dei treng av mat på eiga hand. Det danner seg raskt to grupperingar på øya, med to leidarar. For Ralph er bålet det viktigaste. Bålet gjer det mogleg å vise forbipasserande skip at det er folk på øya og dermed representerer det det langsiktige håpet om å bli redda. Den andre gruppa har ein leiar som er i stand til å skaffe dei kjøt, og dermed gjere borna mette umiddelbart. Det er ei sterk og grusom forteljing om kva slags krefter som bur i folk.

Seinast i det siste nummeret av Morgenbladet, var det ein notis om at Lord of the Flies var anbefalt å lese på BI, fordi det var ei bok som sa langt meir om ulike formar for leiarskap enn fleire psykologibøker. Så denne boka frå 1954 er framleis aktuell.






Den siste boka eg har lese den siste tida er Hvermann av Philip Roth. Boka åpner med ei skildring av gravferda til den namnlause hovudpersonen, kor vi møter dottera som forguder faren og dei to sonane som avskyr han. I fortellinga om livet til hovudpersonen er dei mange møtene med døden sentrale. Forteljarstemma høyer til den gamle mannen som ser tilbake på livet sitt, som misliker den han sjølv har blitt og som ikkje har ei forklaring på kvifor livet har utvikla seg som det har gjort. Han framstår til tider som ein usympatisk type, særskilt når han fortel om då han sveik den andre kona si til fordel for den tredje kona, som var halvparten så gammal som han. Han forsøker å begrunne og forklare bort dei svika han har gjort, men han framstår ikkje som ein som tar ansvar for måten livet har utvikla seg.

Forteljinga er kort, med sine 156 sider er det vanskeleg å vite om eg skal kalle ho ein kort roman eller ei lang novelle. Den namnlause karakteren og tittelen Hvermann, gir inntrykk av at boka handlar om noko som gjeld alle menneske. Døden står som eit sentralt tema i teksten og undergangsstemninga er dominerande. Denne kombinasjonen av det allmennmenneskelege og det forgjengelege, gjer at boka blir ei påminning om døden som den uungåelege avslutninga på livet.

Jan 26, 2009

Philip Roth

Indignation
Jonathan Cape 2008
233 sider


Dette orange og grønne coveret fanga blikket mitt i bokahandelen ein dag i haust. Kanskje fordi det liknar på ein orienteringspost i skogen? Eg er ikkje heilt sikker, men det var noko med coveret på boka som gjorde at eg bare måtte kjøpe henne. Då eg i tillegg la merke til at det var Philip Roth som stod bak boka var saken avgjort. Her kan de lese første kapittelet.

Indignation begynner som ein utviklingsroman, ein amerikansk jødisk gut, Marcus Messner, son av ein kosher-slaktar er i 1950 den første i familien som skal ta høgare utdanning. Like etter at den klassiske ramma er presentert, med heimen og tilhøva der og Marcus som reiser bort. Eg leser dei første 50 sidene og lurer på kva overskrifta "under morphine" betyr, før det oppklårande avsnittet kjem og hentar romanen ut frå den klassiske utviklingsromanen sine rammer:

"And even dead, as I am and have been for I don't know how long, I try to reconstruct the mores that reigned over that campus and to recapitulate the troubled efforts to elude those mores that fostered the series of mishaps ending in my death at the age of nineteen"
(s.54)

Dermed blir det som begynte som ein klassisk utviklingsroman ei forteljing frå ein døyande gut som har levd eit alt for kort liv. Forteljinga om den jødiske straight-A-studenten som rømmer frå sin paranoide far, som ikkje finner seg til rette mellom romkameratane sine og som mest av alt fryktar å miste college-plassen sin og bli sendt til Korea for å døy, er lett å lese og fengande. Marcus er ein narscisistisk, sjølvsentrert og konfliktsky ung gut, som ikkje tek noko særleg initiativ i forhold til dei rundt seg. Han brukar snarare mykje energi på å vere oppgitt, sint eller indignert over korleis livet hans utviklar seg, medan han sjølv bare følgjer med, passivt og utan ta ansvar. Han har ingen konkrete mål, verken for studia eller for livet vidare, men han trur at dersom han jobbar hardt nok vil alt ordne seg for han. I eigne auge er han den mest seriøse og den mest pliktoppfyllande studenten, ikkje eingong proffessorane tek det faglege arbeidet alvorleg nok for Marcus.

Marcus har potensial til å gjere det stort, han er intelligent og velartikulert. Han blir sett av Dean Caudwell, som inviterer han til ein prat om problema med å venne seg til det sosiale livet på skulen. Caudwell framstår på den eine sida som ein trugsel for den sjølvretteferdige Marcus, men på den andre sida framstår han, for lesaren, som ein omtenksam mann som tilbyr Marcus rettleiing, noko Marcus sjølvsagt avslår, og kanskje er det dette som er det første alvorlege feilsteget Marcus tek.

Den siste setningen i romanen er:
"(...) and thus have postponed learning what his uneducated father had been trying so hard to teach him all along: of the terrible, the incomprehensible, way one's most banal, incidential, even comical choises achieve the most disproportionate result."
(s. 231)

Dette er men andre ord ein roman som manar til å ta ansvar for eigne val og eigne handlingar, gjennom å vise eit fatalt eksempel på korleis livet blir for ein som ikkje gjer det.