Showing posts with label Om biblioteket. Show all posts
Showing posts with label Om biblioteket. Show all posts

Jun 28, 2010

Biblioteket - igjen...

Her om dagen skreiv eg om kor fint det er å kunne låne bøker på biblioteket. Og det er fint. Etter at internettet har fått oversikt over hyllene kan eg bare logge meg inn på "mappa mi" og registrere bøker eg har lyst til å lese, etterkvart som eg les om dei i dei mange bloggane og avisene og dei andre mediene kor eg les om bøker. Eg liker det.

Likevel sit eg her nå, med eit slags problem. For i løpet av våren har eg reservert ein del bøker, med lange ventelister, blant anna Thomas Espedal si bok Imot kunsten, Kjersti Annesdatter Skomsvold si bok Jo fortere jeg går, jo mindre blir jeg, Utrenskning av Sofi Oksanen, De fattiga i Lodz av Steve Sem-Stenberg, Børnene av Ida Jessen og Påskeparaden av Richard Yates. I løpet av våren har eg vore inne og skjekka kor mange det er framføre meg i køen med jamne mellomrom, og det har gått sakte men sikkert frå over 80 og ned til ingen.

I slutten av veke 22 og begynnelsen av veke 23, fekk eg 6 epostar frå biblioteket: "Boken du reserverte kan hentes på Bjerke filial", stod det. I alle saman. Og alle bøkene har venteliste vidare, så eg skjønte raskt at eg måtte lese fort og mykje med ein gong. Men eg fekk ikkje lese fort og mykje med ein gong, for eg skulle rette ein heil minnepinne full av tentamenar og sette ein haug med karakterar først.

Nå sit eg her og ser på bøkene. Lånetida er gått ut og eg innser at eg må stille meg bakerst i den nye køen dersom eg skal få lese Imot kunsten av Thomas Espedal. Eller kjøpe boka.

Jun 21, 2010

Biblioteket

Då eg var lita var eg veldig glad i biblioteket. Eg fekk lov å gå dit etter skulen, og sitte og bla i bøker. Ein gong eg og venninna mi gjekk aleine, kom vi heim med over 20 bøker kvar, og etter det fekk eg ikkje lov til å låne meir enn 5 bøker kvar gong. Vi budde i ei lita bygd, og då vi flytta til ein større by kor det var lengre til biblioteket, var dette noko av det eg sakna mest - å kunne gå til biblioteket aleine. Foreldra mine køyrde meg gjerne, men då hadde eg opptil 20 minutter på meg til å finne bøkene eg skulle ha. Eg måtte vente nokre år før eg fekk lov til å sykle eller ta buss, dei tre kilometrane til biblioteket. Men då eg endeleg var gammal nok, kunne eg sitte i timesvis - anten å lese, eller å gjere lekser.

På eit eller anna tidspunkt begynte eg å samle på bøker sjølv, og då eg flytta heimefrå hadde eg fleire hyllemeter med bøker eg drog med meg frå hybel til hybel. Flyttelassa blei stadig tyngre, takka vere inn-og utmeldingar av diverse bokklubbar, mamutsalg, loppemarknad og antikvariat. Eg klarer ikkje la vere å kjøpe bøker. Etter ei stund utvikla denne trangen til å kjøpe bøker seg til eit stadig sterkare behov for å eige bøker - finne dei fram igjen og bla i dei, lese avsnitt om igjen og bla litt i dei. Dette påverka mitt forhald til biblioteksbøker. Men klimakset i min aversjon mot biblioteksbøker oppstod då eg ein dag las ei bok kor sidene var klistra igjen av ei svært illeluktande og motbydeleg væske. Det var kvalmande og ekkelt! Og etterkvart begynte eg å mislike dei, særleg viss dei verka veldig møkkete - eg klarte ikkje lese møkkete biblioteksbøker på senga, utan å tenke på kva folk kunne ha finne på å ta i medan dei las bøkene.

Dei siste åra har vi budd i eit oppussingsprosjekt, kor alle overflødige gjenstandar er pakka ned. Dette har gått ut over boksamlinga mi. Det er unødvendig å samle på bøker, så lenge bøkene bare blir fulle av byggjestøv. Skattejakting i antikvariat og på loppemarknad har blitt nedprioritert, og eg har gått tilbake til å låne bøker på biblioteket igjen. I det siste har eg til og med klart å lese møkkete biblioteksbøker på sengekanten. Biblioteket er flott. Eg liker det. Særleg etter at internettet inntok hyllene deira, og eg bare kan klikke meg inn og reservere bøker etterkvart som eg les om dei i bloggar og andre medier. Det er også veldig koseleg å hente bøker på biblioteket, og merke at ho eine som jobbar der legg merke til det eg har reservert og gjerne snakker varmt om boka eg gleder meg til å lese. Samtidig har eg ei lang liste bøker etterkvart, som eg har lese og levert tilbake, men som eg vil kjøpe, slik at eg kan bla i dei. Eg må bare vente til eg får eit rom til boksamlinga mi.

Eg drøymer nemleg om mitt eige "bibliotek". Eg kjem neppe lengre enn til eit kombinert gjesterom og arbeidsrom, med bokhyller langs heile veggane, og god plass til ei stadig aukande boksamling. Men likevel, det skal vere eit rom fullt av bøker. Og med ein godstol til å lese i og kanskje eit lite bord til tekoppen og vinglasset. Eg gleder meg allereide. Og i mellomtida les eg bibliotekbøker og leitar etter fine bokhyller i interiørblader.