Showing posts with label Om teater. Show all posts
Showing posts with label Om teater. Show all posts

Mar 14, 2011

Innsirkling på teater


På laurdag var eg på teater saman med Ugla og Amylin og ei til venninne og såg oppsetjinga av Innsirkling. Og nei, det er ikkje ofte det blir to teaterturar på ei veke, for min del. Men denne veka blei det slik.

Nå er det eit par år sidan eg las den første Innsirkling-boka, og den andre har eg såvidt fått med meg heim frå biblioteket, så Tiller sitt univers var i utgangspunktet litt fjernt for meg då eg kom til teateret. Innsirkling gjorde inntrykk på meg, då eg las ho, så eg hugsa litt, men detaljane var fjerne for meg. Likevel synest eg Det Norske Teater har sett opp ein glimrande adaptasjon av boka.

For dei som framleis ikkje har fått med seg kva Tiller sitt bokprosjekt handlar om: David har våkna frå koma og fått hukommelsestap. Han sett inn ei annonse i ei avis, om at han treng hjelp til å hugse kven han er. Som lesar (og som tilskodar) møter vi aldri David. Historia om oppveksta hans blir fortald gjennom vennen Jon, venninna Silje og stefaren Arvid sine forsøk på å hjelpe David å finne ut kven han er. Jon fortel om vennskapet deira, som utvikla seg til eit homofilt fohold, noko han framleis ikkje har forsona seg med. Silje fortel om forholdet deira, og om Jon som alltid skulle vere med på slep. Og Arvid er personifiseringa av den naive føresette, som ikkje klarer å henge med på kva som skjer i tenåringen sitt liv. Desse tre har ikkje lenger noko med kvarandre å gjere, og fortel historia om seg sjølv og David på kvar sin måte. Og gjennom desse tre karakterane sine forsøk på å fortelje David kven han er, sirklast det inn ein kontur av ein person som er langt frå udelt sympatisk.

I romanen fortel dei tre sine historier, etter kvarandre, kvar for seg i kvar sin kronologi. I teateret har dei vald å framstille det heile ved at dei tre stort sett er på scena heile tida, og fortel brotstykke av historiene sine, parallelt. Dette fungerer svært bra, i alle fall på scena. Forteljinga om Jon, Silje og Arvid sitt forhold til David er ramma inn i det nåtidige livet deira, der dei tre ikkje har noko med kvarandre å gjere. Perspektivet til den som fortel er heile tida tydeleg tilstade i dei tre historiene, noko som blir understreka av dei store forskjellane i kva dei vel å ta med og ikkje. Dette blir tydelegare i teateroppsetninga, kor dei tre forteljingane blir fortalde parallelt. I boka er Jon si historie avslutta, når Silje si historie begynner, og dei ulike skildringane blir ståande meir kvar for seg. Dermed synest eg det grepet regissør Lasse Kolsrud har gjort, er med på å styrke teaterversjonen.


Biletet er lånt frå Det Norske Teater sine heimesider.

Mathias Eick har komponert musikken til stykket. Eick spelar også trompet i forestillinga, og saman med "Jon" på kontrabass er den stemningsfulle jazzmusikken med på å gjere stykket til ein komplett heilskap. Musikken skaper også eit tydeleg skille mellom tilbakeblikk og nåtid i dramaet, noko som effektivt markerer forskjellen.

Forestillinga vi var på, var den siste i denne omgang, men Innsirkling blir sett opp på ny i slutten av mai. Til dei som syntest boka var god: teaterversjonen er nesten endå betre.

Mar 11, 2011

Det politiske dramaet er tilbake

Eg har sett "Endelig skjer det noe", regissert av Thomas Seeberg Torjussen. Og eg gleder meg over at det politiske dramaet, dramaet som vil seie noko om verda og som kritiserer samfunnsforhalda, er tilbake i eit så vellukka stykke.

Regissør og hovudrolleinnehavar Thomas Seeberg Torjussen er ein backpacker som blir tatt til fange av den mest ettersøkte terroristen i verda, Vemeth. Innimellom den komiske - for ikkje å seie hysterisk morsomme - situasjonen som oppstår når gisselet drikk te og høyrer på ABBA saman med terroristen, reiser stykket viktige spørsmål om vestleg kulturimperialisme og korvidt dei fredsbevarande styrkene faktisk bevarer freden.

Eg lo så eg rista, under forestillinga, samtidig gleder det meg at Torjussen viser vilje og mot til å stille problem under debatt, i god, gammal Brandes-ånd.

Om du ikkje klarer å få tak i billettar til denne forestillinga på Torshov, kan du jo kose deg med dette YouTube-klippet så lenge.

Dec 10, 2008

Jungelboka på Det norske teater

I dag har eg vore på teater og sett Jungelboka, ei sterkt modernisert oppsetting av Rudyard Kipling sitt stykke, med "Dansefeber-Adil" som Mowgli. Slangen Ka hadde iført kleda til The Bride i Kill Bill og Baghera framstod som transvestitt. Apekattane var kledd i kvite klede og snakka ein hysteriska morsom overdriven vestkantdialekt. Bruken av sang og dans i stykket var heilt fantastisk og det blei spelt mykje på tekstane i ulike popsangar.
Adil imponerte gong på gong. For ein balanse, for ein rytme, for ein koordinasjon - det var heilt utruleg å sjå på guten!

Oslopuls har anmeldt stykket under overskrifta "En magnetisk tilstedeværelse", og det er ein passande tittel for ei anmelding av oppsettinga. Sjølv om oppsettinga var veldig mykje utanom det vanlege, var det ei utruleg flott teateroppleving.