Showing posts with label Treff. Show all posts
Showing posts with label Treff. Show all posts

Aug 2, 2010

Treff!

Det er 2. august og kvardagen kjem fortare enn vi anar. Og i kvardagen treng vi pausar - og Kristin hos Bokmerker.org og eg har funne ut at vi bokbloggarar bør har ein pause saman ein gong - eller snarare bestemt eit treff.

Derfor: den 22. august kl. 16.00 blir det eit bokbloggartreff ein eller anna plass i Oslo, kanskje med quiz. Datoen er vald, fordi dagen etter kjem Murakami til byen, så vi trur kanskje det er mange med litteraturinteresse som er i området den helga. Ifølgje facebook er det allereide 13 mennesker som har sagt at dei er interesserte i å komme på dette treffet, noko eg synest er stort (Kristin sa ho syntest det var fantastisk, då det bare var 9 påmelde på facebook, så eg trur ho også gleder seg over alle 13).


Kristin har gjort ein super innsats med å invitere folk, i bloggar både eg og ho les, men dersom du kjenner at du burde fått ein invitasjon og ikkje har fått det er det bare å invitere seg sjølv. Er du på facebook kan du melde deg på sjølv her. Viss ikkje kan du leggje igjen ein kommentar i kommentarfeltet, så skal eg sørge for at du får nærmare informasjon om kor vi skal møtast.