Mar 31, 2010

Første kvartal 2010

Det er 31. mars, og vi har gjort unna ein fjerdedel av 2010.
Desse tre månadane har eg lese desse bøkene:

Januar: 4 bøker, 1 gitt opp.

Johan Theorin: Skumringstimen
Karin Fossum: Den som elsker noe annet
Arnaldur Indridason: Vinterbyen
Åsa Larsson: Solstorm
Mo Hayder: Tokyo (gitt opp halvvegs).
Samlepost med omtaler her.

Februar: 2 bøker. 1 gitt opp.

Chrs Cleave: Little Bee. Omtale her.
Bjarte Samuelsen: Tang. Omtale her.
Bergljot K. Nordahl: Magda.

Mars: 6 bøker.

Siri Hustvedt: The Blindfold. Omtale her.
Jo Nesbø: Marekors
Thomas J. R. Marthinsen: Du. Omtale her.
Terje Thorsen: Dikt til en nonne
Elfride Jelinek: Elskerinnene. Omtale her.
Haruki Murakami. Kafka on the Shore. (Halvferdig).

Eg har altså lese 11,5 bøker denne første fjerdedelen av året, og begynt på 2 til som eg ikkje har lese ferdig. Det er jo ikkje så verst, med tanke på at eg ikkje har hatt ei kjensle av at eg har hatt tid til å lese så mykje som eg har hatt lyst til.

Høgdepunkta har vore Bjarte Samuelsens Tang, Siri Hustvedts The Blindfold, Thomas J. R. Marthinsens Du og sjølvsagt Murakami si Kafka on the Shore, som eg ikkje er heilt ferdig med.

Mar 30, 2010

Sofi Oksanen vann Nordisk Råds litteraturpris

Vinnaren er kåra og Sofi Okanen får Nordisk Råds litteraturpris for romanen Utrenskning.

Sjølv står eg "bare" på 84. plass på ventelista på Deichmanske bibliotek. Etter å ha høyrd mange lovord om både denne og andre av hennar romanar, angrar eg på at eg avbestilde boka, då ho var hovudbok i Litteraturklubben Epp, tidlegare i vinter. Men ein kan vel ikkje kjøpe alt ein har lyst på heller. Så nå får eg heller vente tålmodig og finne ut om ho er ein verdig vinnar ein gong utpå sommaren, tenker eg.

Mar 28, 2010

Lyrikk på ein søndag - A

Forrige veke var det verdas poesidag. Denne dagen blei vedteken som offisiell FN-dag i 1999, for å skape meir merksemd omkring poesi rundt omkring i verda.

Eg trur det er viktig å skape meir merksemd omkring lyrikk, og eg har lyst til å bidra til å skape meir merksemd omkring lyrikk i den vesle delen av verda som er omkring meg. Derfor har eg lyst til å utfordre dykk som les bloggen min til å bli med på ei lyrikkutfordring. Eg bruker alfabetet som utgangspunkt, og stiller nokre spørsmål om lyrikk kvar søndag. Viss du vil vere med, kan du kopiere ABC-biletet over og svare på spørsmålet i eigen blogg eller i kommentarfeltet her. Dersom du svarer i eigen blogg, er det fint om du legg igjen ein kommentar, slik at eg finn deg igjen.

Håper du har lyst til å bli med på denne utfordringa.

A-spørsmål:
1. Det er snart april, og det går mot vår. Presenter eit vårdikt.
2. Nemn ei diktsamling på A som du har lyst til å lese, eller ei diktsamling på A som du anbefaler andre å lese.
3. Presenter eit dikt av ein diktar på A.

Mine tre svar er
1.
"Daffodils"
av William Woodsworth:
I wandered lonely as a cloud
That floats on high o'er vales and hills,
When all at once I saw a crowd,
A host, of golden daffodils;
Beside the lake, beneath the trees,
Fluttering and dancing in the breeze.

Continuous as the stars that shine
And twinkle on the milky way,
They stretched in never-ending line
Along the margin of a bay:
Ten thousand saw I at a glance,
Tossing their heads in sprightly dance.

The waves beside them danced, but they
Out-did the sparkling leaves in glee;
A poet could not be but gay,
In such a jocund company!
I gazed—and gazed—but little thought
What wealth the show to me had brought:

For oft, when on my couch I lie
In vacant or in pensive mood,
They flash upon that inward eye
Which is the bliss of solitude;
And then my heart with pleasure fills,
And dances with the daffodils.

2.
Eg har lenge hatt Inger Christiansen si diktsamling Alfabet på leselista mi, men eg har ennå ikkje rekke å lese ho. Denne ser eg fram til å lese.

3.
"Ensomhet"
av Arild Nyquist
Ensomhet, sier du. Det
er greit med litt
ensomhet bare det ikke
blir for mye. Da åpner jeg døren
og roper ut i natten: kom inn
kom inn - her er ensomhet nok
for to! ja for fire! Og
på riktig ille dager
roper jeg: her er ensomhet nok
for et helt orkester

Mar 26, 2010

Bokavhengig?

Bokmania presenterte ei rekke kriterier for bokavhengigheit i . Dei ser slik ut:
1. Om du är på middag eller fest slutar det alltid med att du diskuterat minst en bok under kvällen.
2. Om du har en timme ledigt, ensam hemma, slutar det ofelbart med att du läser.
3. Du säger om bio: "Ja, filmen var okej, men jag har läst boken också, och den var bättre".
4. Du vill inte erkänna det, men dömer ibland ut människor som säger att de aldrig läser.
5. Du får panik när någon bok blir riktigt omtalad, och du har missat den.
6. Om du har barn försöker du indoktrinera dem till att bli små bokmalar.
7. Du kan inte tänka dig att slänga böcker, ens om de är usla.
Eg nikker anerkjennande til kriterium 1-5 og 7. Og einaste grunnen til at eg ikkje nikker til kriterium 6, er at eg ikkje har barn.

Så ja, eg er nok litt avhengig, ja. Men er bøker det verste ein kan vere avhengig av då?

Mar 25, 2010

Lista til Beatelill er ferdig

Beatelill si liste over bokbloggarar sine 5 favorittbøker er ferdig, 210 bøker lang. Det er jo morsomt å sjå over slike lister og sjå kor mange av desse bøkene ein har lese, men endå meir spenannde synest eg det er å bruke ei slik liste som eit utgangspunkt for bøker eg har lyst til å lese seinare.

Resultatet frå den jobben Beatelill har tatt på seg og gjort er ei liste som du kan finne her. Ei rask gjennomtelling viser at eg har lese 70 av desse. Og at det er langt fleire bøker på denne lista, som eg har veldig lyst til å lese.

Eit kvardagsdikt

”På gjensyn”

Jeg elsker dig, min gate
med støv og sten og sand –
en dal igjennem byen
det store ørkenland
Her har jeg alt og lenges til,
og lenges, det er alt jeg vil

Et hjemlig sted på jorden
er ganske godt å ha,
så kan man si: På gjensyn,
når man drar derifra.
Og er det blott en gatesprekk:
man lenges dit når man er vekk.

Rudolf Nilsen

Mar 24, 2010

Fridagar

Det er snart påske, og det beste med fridagar er å kunne liggje i senga og lese bok til midt på formiddagen, utan å ha dårleg samvit for at ein ikkje har stått opp. Dei siste dagane før ferien må brukast til planleggjing og innsamling av godt eigna ferielektyre. Og i år er eg godt i gang. Det gjeld å vere tidleg ute i påsketida, for bibliotek og bokhandlarar stenger jo så mange av dagane.

For tida held eg på å lese Murakami, Kafka on the Shore, ei bok eg lenge har trudd at eg har lese, men som eg til mi overrasking oppdaga at eg ikkje hadde lese likevel. Neste bok ut er Daniel Kehlmann: Berømmelse. En roman i ni historier, som eg henta på biblioteket for eit par dagar sidan. Eg har også lånt Arnfinn Nordbø si bok Betre død enn homofil. Denne har eg vore veldig nysgjerrig på, sidan ho kom ut, og eg gleder meg til å lese ho. Her om dagen fekk eg i tillegg låne boka Precious, av Sapphire, boka bak filmen med same namn av Ugla (det står "Based on the novel PUSH" på coveret, og eg har ikkje heilt funne ut kva det betyr. Kva er ein roman basert på ein roman?). For å vere på den sikre sida har eg nå også bestilt Keiseren av Portugalia av Selma Lagerlöf, De gjorde et barn fortred av Tove Ditlevsen og Hvordan helbrede en fanatiker av Amos Oz på biblioteket. Eg trur eg skal vere godt førebudd til ferien nå.

Er det fleire som legg grundige leseplanar for ferien? Eller tek du det litt meir som det kjem?

Mar 21, 2010

...og dei fem verste...

Elin etterlyser dei fem verste bøkene vi har lese, i forlenginga av Beatelill si liste over dei beste, jamfør forrige innlegg. Denne gongen har eg vald ut 5 bøker eg ikkje likte, til tross for at dei har fått strålande mottaking. Ikkje fordi eg av prinsipp vil vere pretensiøs og ikkje like bestselgjarar, for eg liker ein god del bestselgjarar også. Men fordi eg rett og slett ikkje klarer å forstå korfor desse bøkene har fått den gode mottakinga dei har fått.


Alkymisten av Paulo Cohelo kjem høgt opp på den lista, for min del. Mange har omfavna denne, men eg blir nesten kvalm av den kvasifilosifiske, kvasireligiøse, svermariske skrivemåten.
DaVinci-koden står også på denne lista. Eg veit ikkje om denne krever begrunning, utover ei henvisning til avisa Thelegraph si liste over Dan Brown sine 20 verste setningar.
Og medan vi er inne på konspirasjonsteoriar trur eg Gert Nygårdshaug si bok, Fortellernes marked er eit eksempel på ei dårleg historie kor det må ligge uendeleg mange timar research bak. Litt synd at han ikkje klarer å gjennomføre og skrive ein god roman rundt dette materialet. Her har eg skrive meir.
Tusen strålende soler av Kahled Hosseini er ei tredje bok eg ikkje likte. Her har eg skrive om korfor eg la ho bort etter 150 sider.
I sommar las eg også ei Liza Marklund bok, eg trur ho heitte Sprengeren. Språket var slitsomt dårleg og forteljinga var heller ikkje direkte engasjerande.

Mine fem favorittar

Beatelill, dama bak bloggen Beate blogger om bøker, vil lage ei liste over bøker vi bokbloggarar meiner at "alle burde lese", og utfordrer alle til å komme med sine topp-fem bøker.

Eg synest alltid det er så vanskeleg å plukke ut dei fem beste eller den beste boka, fordi ei slik utvelgjing fører til at eg må ekskludere mange andre gode bøker. Derfor har eg brukt litt tid på å tenke meg om, etter at Beatelill skreiv dette innlegget på fredag.

Eg har komme fram til fem bøker eg liker veldig godt:

Morgon og kveld av Jon Fosse. Bloggpost her.
Det jeg elsket av Siri Hustvedt. Bloggpost her.
Mnem av Simon Stranger. Bloggpost her.
Drömfakulteten av Sara Stridsberg.
The Wind-up Bird Chronicle av Haruki Murakami.

Dersom du har lyst til å vere med å skrive Beatelill si liste over bøker alle burde lese, kan du skrive eit innlegg i eigen blogg eller i kommentarfeltet på Beatelill sin post her. For at ho skal få oversikt over alle listene i alle bloggane rundt omkring, er det viktig at du uansett gir beskjed om kva slags bøker du har foreslått.

Mar 19, 2010

Elfriede Jelinek - Elskerinnene

Elfriede Jelinek
Elskerinnene
Die Liebhaberinnen, 1975
Omsett av Elisabeth Beanca Halvorsen
Gyldendal forlag, 2006
173 sider


Elskerinnene er ei lettlesen bok som fortel ei tung historie. I sjølve romanteksten blir det nemnd at dette er ikkje ein heimstadroman og det er heller ikkje ein kjærleiksroman. Likevel er det litt av begge deler. Og mykje meir. Det er romanen om dei to elskande jentene, Brigitte og Paula. Brigitte er ei byjente som jobbar på fabrikk kor ho syr snøreliv og BH'ar. Ho vil gifte seg med Heinz, fordi han har ei framtid, han skal bli bedriftseigar. Ho nærmast jaktar på Heinz, avskyr gymnasiasten Susi som Heinz er interessert i og når ho endeleg blir gravid med han ser ho på framtida si som sikra. Paula er bygdejente. Ho har ikkje tenkt vidare over framtida, men blir gravid med Erich, den vakre men dumme guten, som drikk mykje og som bare er oppteken av motorar og bilar sjølv om han ikkje kan køyre bil sjølv. Foreldra til Paula sørgjer for å få dei to gifte, for at dottera deira ikkje skal vere eit uekte barn.

Annakvart kapittel handlar om Brigitte og annakvart kapittel handlar om Paula. Språket er svært enkelt, eg får assosiasjonar til ei barnebok gjennom måten historia blir fortald på. Fråveret av store bokstavar, både i starten av setningar og namn er påfallande. Det same er bruken av forkortingar i teksten.
selv om brigitte hater heinz, vil hun likevel ha ham, så han kan tilhøre bare henne og ingen andre.
når b. hater heinz allerede før hun overhodet har fått ham, hvordan vil hun ikke da hate ham når hun en gang, noe som er svært tvilsomt, har fått ham for evig og alltid og ikke lenger må anstrenge seg for å få ham.
men foreløpig må brigitte skjule hatet sitt med omhu, fordi hun fremdeles er ingen, nemlig en syerske av brystholdere og vil bli noen, nemlig kona til heinz.
(s. 78)
Dei komplekse kjenslemessige og til tider svært vaksne problemstillingane desse to jentene står ovafor gjennom romanen, mister litt av alvoret gjennom dette barnlege og lette språket. Kontrasten mellom språkføring og innhald er til tider svært påfallande. Avstanda mellom det som blir fortald og måten det blir fortald på, er med på å gi heile teksten eit ironisk preg. Eg veit ikkje kva eg skal synest om desse to kvinnene. Historiene deira handlar tidvis om eit tøft liv, samtidig som forteljarmåten gjer at eg ikkje heilt klarer å kjenne sympati for dei. Det er som om dei gjennom forteljarmåten og språket framstår som ganske patetiske. Dette skaper også ei spenning i romanen som også driv den elles så enkle forteljinga framover.

Elskerinnene er ei bok eg kjem til å hugse. Ho er noko meir enn ei dyster forteljing om kvinnene sitt lodd og deira plass i samfunnet, for nokre tiår sidan. Og det er språkføringa og det forteljartekniske som gjer at ho står i ei særstilling, samanlikna med andre bøker om same tematikk. Det er ei svært god bok.

Mar 18, 2010

The Blindfold - Siri Hustvedt

The Blindfold
Siri Hustvedt
Picador USA, 1992
224 sider

Eg liker Siri Hustvedt. Eg liker henne betre og betre jo meir eg les av henne. Eg liker måten ho skriv på og emna ho skriv om. Ho er i ferd med å få status som ein av mine favorittforfattarar.

The Blindfold er boka om Iris Vegan, ei ung student-jente som bur i New York, og hennar vanskelege famling og leiting etter eigen identitet. Boka er delt i fire delar, og kronologien mellom desse fire delane i forhald til kvarandre er tidvis uklar. Eg har prøvd å skrive eit lite samandrag av handlinga i desse fire delane, men det blei så platt, oppramsingsprega og lite vellukka at eg rett og slett hoppar over handlingsreferatet frå denne boka. Eg nøyer meg med å seie at i desse fire delane av boka møter Iris ulike menneske og ulike gjenstander som preger henne på ulike måtar. Identitetsforvirring, kjønnsroller og forhald til dei rundt Iris, pregar forteljinga.

Fleire av 1900-talet sine store filosofiske spørsmål blir tematiserte i denne romanen. I tillegg til spørsmål om kjønn og identitet, blir spørsmål om forhaldet mellom språk og verkelegheit reiste. Iris får i oppdrag å skildre ei rekke gjenstander, og i denne prosessen blir spørsmåla om språket eigentleg strekker til aktualisert. Forhaldet mellom liv og kunst, verkelegheit og fiksjon er eit anna spørsmål som blir reist i boka. Det er fleire episodar der Iris på ulike måtar går inn i eit kunstverk. Fotografvennen George tek eit bilete av henne, som begynner å leve sitt eige liv. Ho møter kunstkritikaren Paris, som ber henne skildre maleriet "Tempest" av Giorgione. Her tek ho plassen til mannen i venstre hjørnet og skildrer biletet frå hans synsvinkel. Seinare kler Iris seg ut i gutteklede og tek samtidig namnet og historia til Klaus, hovudpersonen i ei novelle ho arbeider med å omsetje. Også sjølve forteljarståstaden og skildringa av Iris som ein person med ustabile og upålitelege karaktertrekk, er med på å reise spørsmål om kva som er sant og kva som ikkje er sant, innad i forteljinga. Kan ho fortelje ei sann historie om sitt eige liv, eller er ho - med eit sideblikk til tittelen - "blinda" av sin eigen ståstad?

The Blindfold er ei veldig god bok. Ho er velskriven og rommar veldig mykje. Som sagt: Eg liker Siri Hustvedt. Og på tirsdag var eg så heldig at eg fekk med meg Bokprogrammet på NRK, som handla om henne. Så nå ser eg fram til eg skal få tak i den siste boka til Hustvedt.

Mar 17, 2010

The Orange Prize - longlist

Longlista for Orange-prisen er klar. Eg synest alltid slike lister som denne er veldig spennande. Ikkje fordi nominasjonar til prisar nødvendigvis har så mykje å seie - det er mange bøker som er veldig gode, sjølv om dei aldri blir nominerte. Likevel er det nesten alltid opptil fleire spennande namn på slike lister, som eg kanskje ikkje ville funne fram til sjølv. Favoritteksempelet mitt er Man Booker-prisvinnar Aravind Adiga med boka White Tiger, ei svært god bok, som eg ikkje høyrde om før ho blei aktuell i samband med denne prisen.

Årets longlist ser slik ut:
Rosie Alison The Very Thought of You
Alma Books

Eleanor Catton The Rehearsal
Granta

Clare Clark Savage Lands
Harvill Secker

Amanda Craig Hearts and Minds
Little, Brown

Roopa Farooki The Way Things Look to Me
Pan Books

Rebecca Gowers The Twisted Heart
Canongate

M.J. Hyland This is How
Canongate

Sadie Jones Small Wars
Chatto & Windus

Barbara Kingsolver The Lacuna
Faber and Faber

Laila Lalami Secret Son
Viking

Andrea Levy The Long Song
Headline Review

Attica Locke Black Water Rising
Serpent’s Tail

Maria McCann The Wilding
Faber and Faber

Hilary Mantel Wolf Hall
Fourth Estate

Nadifa Mohamed Black Mamba Boy
HarperCollins

Lorrie Moore A Gate at the Stairs
Faber and Faber

Monique Roffey The White Woman on the Green Bicycle
Simon and Schuster

Amy Sackville The Still Point
Portobello Books

Kathryn Stockett The Help
Fig Tree

Sarah Waters The Little Stranger
Virago
For meg er det mange ukjente namn på denne lista. Wolf Hall av Hillary Mantel (som vann Man Booker prisen i fjor) og The Little Stranger av Sarah Waters er riktignok innkjøpt, men ennå ikkje lese. Eg har også stor tru på Sadie Jones, etter å ha lese Utskudd og eg les gjerne fleire bøker av henne.

Har du nokre favorittar i blant dei nominerte?

Mar 9, 2010

Ei god samling forteljingar


Eg koser meg med Thomas J. R. Marthinsens bok Du. På coveret står det "Fortellinger". Og dette er ei samling med forteljingar, nokon grensar mot novella, andre står igjen som korte prosastykker. Men dei er fine. Dei er fortalde til mange ulike du-personar, frå eit eller fleire eg, eg er litt usikker. Dei er prega av at forteljaren er ein utanforståande i forhald til hovudpersonen, og dette gjer at det blir lagt stor vekt på dei ytre, sanselege tinga som blir skildra.

Eg les ei forteljing, stoppar opp og tar ein liten pause før eg les neste. Dette er ei bok eg kjem til å bruke lang tid på, sjølv om ho bare er omlag 200 sider. Eg vil lese sakte og få med meg detaljane og stemninga i alle dei korte tekstane.

Mar 7, 2010

Å skildre det ubeskrivelege

Akkurat nå er eg nesten ferdig med å lese The Blindfold av Siri Hustvedt. I første delen av boka skal hovudpersonen Iris beskrive ein bomullsdott:
That night I worked for hours on the description. I held the cotton ball with a pair of tweezers up to the light, trying to find words that would express it, but the thing was lost to language; it resisted it even more that the glove. And when i tried metaphors, the object sank so completely into the other thing that I abandoned making comparisons. What was this piece of waste? As i sat sniffing the fibers and poking at the brown stain with a needle, I was overwhelmed by a feeling of disgust. The cotton ball tld me nothing. It was a blank, a cipher; it probably had no connection to anything terrible, an yet I felt as if I had intruded on a shameful secret, that I had seen what I should not have seen. (s.25).
Eg trur dette er den beste skildinga av det ubeskrivelege eg har lese nokon gong. Opplevinga av at språket kjem til kort og at orda ikkje strekk til, er så godt skildra i denne enkle hendinga.

Det er ganske enkelt godt skrive.

Mar 5, 2010

Nå venter eg

I natt sendte eg over hundre sider lyrikkanalyse til veiledaren min. Eg trur at eg nesten er ferdig med masteroppgåva mi, og er veldig spent på om han er einig med meg. Eg trur eigentleg det, for vi har jo snakka saman undervegs. Men likevel er det spennande. Nå venter eg. Eg ser på snøen utføre vindauget og ventar. Kva elles kan eg gjere?

Mar 3, 2010

Gunnar Ekelöf på facebook

Eg kom over denne fansida til Gunnar Ekelöf gjennom eit google-søk. Eg synest det er litt stusseleg å sjå at han bare har 19 fans. Han fortener betre.

Torgrim Eggen til Chateau Neuf


Denne veka skulle eg gjerne ha fått med meg Forfatteraften på Chateau Neuf, igjen. I morgon klokka 20. kjem Torgrim Eggen.

Eg får det sjølvsagt ikkje til å passe, men eg kan jo anbefale andre å stikke innom Neuf. Dei pleier ha billeg drikke og god stemning på torsdagane.

Eg fekk forresten boka Jern frå Litteraturklubben Epp for nokre dagar sidan. Så stabelen over bøker er framleis voksande. Heldigvis er det ikkje så lenge til eg har mykje fritid og kan lese mykje. Eg gleder meg.

Mar 2, 2010

Kva er lesing for deg?

Lyran presenterte tidlegare i dag eit sitat om kva lesing er for henne. Dette handla om at ein roman ikkje er ein allegori, men at lesing handlar om å tre inn i ei oppleving. Eg fekk assosiasjonar til to av Gunnar Ekelöf sine mange utsegn om kva diktet og kunsten er for han. I essayet "Självsyn", skriv han om kva dikting er for han:
Dikt är för mig mystik och musik. Mystik är för mig inte att spikra fast abstrusa teser, det är själva den djupa livsupplevelsen, förnimmande av det evigt undanglidande, skiftande, återkommande i allt som har med bild, ton, tanke, känsla och liv att göra. ”Ordning” finns där enda som en liknelse, en icke identisk återupprepning, och om det också står mig fritt att (av praktiska skäl så att säga) uppfatta än det ena, än det andra som ett hovudtema, vet jag att alla dessa temata i grunden är likvardiga och lika flytande och att det är själva rörelsen, dansen, som är det verkliga huvudtemat. Meningen med det hela? Ja, meningen med livet är väl bara at vi skall leva det – och uppleva det.
Frå "Självsyn" i Blandade kort (Skrifter, bind 7 s. 113).

I eit anna tekstfragment skriv han:
All konst bör vara ren sinnesnjutning. All stor konst är det. Meningen, metafysiken hör inte till konsten. En dikt betyder ingenting, dess betydelse er fullständigt oväsentlig; alla tiders surrealismer är misslyckade i den mån de presenterar känslotankar i stället för färgar och former. Allt spekulativt skall bort ur konsten till förmån för den rena lungna sinnesnjutningen. (Vilket inte utesluter att en sak som föreställer något kan vara betydligt mycket vackrare än en sak som inte föreställer något; men meningen har inte någon som helst betydelse för konstvärkets skönhet.)
(Skrifter, bind 8 s. 59).

Dette stemmer ganske godt med kva lesing er for meg.
Kva er lesing for deg?

Dikt i den søvnlause natta

"To sleep"
William Wordsworth

(Eg har googla "insomnia+poem" i håp å i alle fall finne noko spennande å lese på internettet sidan eg ikkje søv)

A flock of sheep that leisurely pass by
One after one; the sound of rain, and bees
Murmuring; the fall of rivers, winds and seas,
Smooth fields, white sheets of water, and pure sky;

I've thought of all by turns, and still I lie
Sleepless; and soon the small birds' melodies
Must hear, first uttered from my orchard trees,
And the first cuckoo's melancholy cry.

Even thus last night, and two nights more I lay,
And could not win thee, Sleep! by any stealth:
So do not let me wear tonight away:

Without Thee what is all the morning's wealth?
Come, blessed barrier between day and day,
Dear mother of fresh thoughts and joyous health!
Eg veit ikkje når dette diktet blei skrive, men Wordsworth døydde jo i 1850. Dette diktet reiser eit spørsmål hos meg: Kor lenge har folk talt sauar, når dei ikkje får sove? Og kor kjem denne saueteljinga frå?