Dec 19, 2008

Også kom krigen...


Tidlegare i haust var eg på eit forfattarmøte med Gaute Heivoll som denne hausten har gitt ut den dokumentariske romanen Himmelarkivet. Gjennom romanen forteljer han historia om Louis Hogganvik, som blei arrestert i heimen sin i januar 1945, og som tok livet sitt etter bare 9 dagar i fengsel. Under dette intervjuet sa Heivoll noko om at vi lever i ei brytningstid, kor minnene om krigen og tidsvitna er i ferd med å døy ut, noko som blei stadfesta av kulturredaktøren i Dagsavisen på leiarplass i dag. Snart har vi bare andregenerasjonsforteljarar som kan fortelje oss om denne tida, kor kvardagen så brått forandra seg for store og små nordmenn.

Mine besteforeldre har fortald meg om at dette var ei vanskeleg tid. Dei var unge, men likevel hugser dei mykje frå desse fem åra, då alt var så annleis. Om eg får born nokon gong, vil deira besteforeldre såvidt kunne gjenfortelje kva foreldra deira har fortald. Mine barnebarn vil ikkje ha besteforeldre som veit kva det vil seie å ikkje leve i eit fritt land, håper eg.

Når vi snakkar om krig og elende i her i landet, er vi snare om å minne kvarandre om at vi er då heldige vi, som bur i eit fritt land. Men veit vi eigentleg å verdsette dette? Vi har jo alltid budd i eit fritt land?

Det er 68 år sidan krigen kom nå. Dei som var over 20 år då, nærmar seg 90 nå. Dei begynner å bli gamle, om dei framleis lever. Gaute Heivoll sa det nærma seg "siste sjanse" til å skrive ned historia om dei vanskelege åra, fortald gjennom dei som framleis lever. Og denne hausten har vi sett at det har blitt lansert mange forsøk på å fortelje denne historia.


Allereide før premiæra er filmen om motstandshelten Max Manus blitt den mest omdiskuterte norske filmen i år. Til og med Tikken Manus, som stod midt i historia som er festa til lerettet har rosa denne filmen for å vere ekte og usentimental. Hans Majestet kong Harald var rett nok misnøgd med at Aksel Hennie ikkje likna på Max Manus, men han var også fornøgd med filmen, elles.


Men ikkje alle har vore like begeistra for filmen. Erling Fossen gjekk ut i Aftenposten forrige veke og kritiserte glorifiseringa av mostandskampen:

"Hovedgrunnen til at vi glorifiserer motstandsbevegelsen er for å dekke over den bedrøvelige norske krigsinnsatsen. Norges konvensjonelle krigføring var rett og slett latterlig svak. Forsvaret var i en bedrøvelig tilstand etter mange år med nedrustning, og besto i realiteten av skrapjern, tøyfiller og soldater som knapt visste foran og bak på et gevær."

Historiane frå krigen har blitt fortald av dei som overlevde. Historiane om dei som kjempa har blitt fortald på ein slik måte at dei har fått sin rett, dei som reiste frå familiar og gav opp alt, for å forsvare fedrelandet. For det var jo det dei gjorde. Og det skal heidrast. Kan hende kunne det heile vore langt meir nyansert, som Erling Fossen etterlyser. Men er dette måten å gjere det på? Han går til angrep, gjennom å kritisere ein film som vi vanlege folk ikkje har fått sjansen til å sjå endå, på dei som forsvarte landet, 20 år før han sjølv blei født. Korleis kan han vite så mykje meir enn alle oss andre, som har lese dei same historiebøkene som han, om kva som skjedde på den tida?

Eg trur dei som kjempa den gongen fortener å bli glorifiserte. Og sjølvsagt er det nyansar. Heivoll har fortald ein av dei nyanserande historiene, om antihelten, som ikkje sloss for landet sitt, som ikkje haldt ut i fangenskap, men som rett og slett tok livet sitt etter ni dagar med motgang. Dette er ei fruktbar nyansering av historia. Det er ikkje Fossen sitt utspel.

Eg er glad for at bokhausten bugnar over av krigshistorie, av forteljingar om Gunnar Sønsteby, Jens Chr. Hauge, Kirsten Flagstad, Louis Hogganvik og Max Manus. Det er viktig å få fortald desse historiene, medan vi framleis har folk hos oss som kan korrigere biletet og kommentere det som blir fortald.

Eg gleder meg til å sjå filmen om Max Manus. Og eg er glad for at nokon tek seg bryet med å fortelje meg historiane får denne vonde tida, dei historiane som gjer meg grunn til å glede meg over at eg får bu i eit fritt og trygt land.




Dec 15, 2008

Ei trist melding

I dag tidleg våkna eg, som alle andre her i landet, til overskrifta om at Anne-Cath Vestly døydde i natt. Ho har vore sjuk lenge, likevel er det trist. Eg har aldri møtt denne flotte dama, likevel er ho ein viktig del av min barndom.

Saman med Ole Aleksander Filibombombom lærte ho meg å lese. Eg hugser det ikkje sjølv, men eg har blitt fortald at dette var den første boka eg las på eiga hand. Det eg aldri kjem til å gløyme er historiane om Ole Aleksander Filibombombom, den vesle guten i den store byen.







Seinare var Lillebror og Knerten med på å halde lesegleda ved like. For ikkje å snakke om turgleda, då vi var ute i skogen og leika. Både meg og søster mi kom ofte heim med kvar vår "Knert". Det var ikkje alltid vi klarte bli einige om kven av dei som var mest ekte og hadde finast armar og bein, men dei var alltid med heim frå skogsturane våre.



Eg har mange andre gode minner frå Anne-Cath Vestly sine bøker, Aurora og Sokrates som flytter til Kabelvåg, der dei får ein tørrfiskvenn som heiter Stokkafisso, og Mormor og dei åtte ungane som kjører på lasteplanet på bilen.

Eg synes det er trist at Anne-Cath Vestly er daud. Likevel er eg glad for alt det ho har gjort for lesande ungar gjennom fleire generasjonar. Sjølv om ho nå eg borte, veit eg at bøkene hennar vil leve vidare, og stadig nye born vil få glede av dei. Dette er ei dame som har utretta mykje på dei 88 åra ho har levd. Og eg håper ho vil få bety mykje, for mange framover også.

Dec 14, 2008

Å lage ønskeliste

Eg pleier ikkje få bøker til jul fordi alle seier at dei er så redde for å kjøpe bøker til meg, fordi dei trur ikkje eg kjem til å like det som alle andre liker bare fordi eg er litteraturstudent. Eg synes sjølv dette er litt tullete, men resultatet er like fullt det same, eg får ingen bøker til jul. Derfor har eg laga meg ei ønskeliste nå. Den har eg laga ved å surfe på nettet og kikke på bokhandlarar og i bloggar, så på mange måter er det ei lyst-å-lese-liste som tar form av ei liste over bøker eg ikkje har frå før av.

Lista ser slik ut (i vilkårleg rekkefølgje):
Tore Renberg: Charlotte Isabel Hansen
Jonathan Littell: De velvillige
Paul Auster: The man in the dark
Ma Jian: Beijing Coma
Naja Marie Aidt: Bavian
Ian McEwan: On Chesil Beach
Harry Bernstein: Den usynlige muren
Aleksander Solsjenitsyn: En dag i Ivan Denisovitsj liv
Magda Szabõ: Døren
Romesh Gunesekera: Korallrev
Philip Roth: Hvermann
Johann Grip: Den korte veien hjem
Siri Hustvedt: Det jeg elsket
Dubravka Ugresic: Museum for betingelsesløs overgivelse
Jonas Hassen Khemiri: Montecore
Margit Walsø: Kjære Voltaire



John Ajvide Lindquist - La den rette komme inn

La den rette komme inn
Cappelen 2005
521 sider



Eg har lese ei bok på over 500 sider på ei veke. Eg har ikkje vore sjuk og sengeliggande, eg har ikkje hatt ferie og eg har heller ikkje vore heime og lese meir enn normalt. Men, for å bruke ein oppbrukt klisje i bokomtalar, som eg aldri sjølv hadde trudd eg skulle komme til å bruke, La den rette komme inn er ei bok det verkeleg er vanskeleg å legge frå seg. Sånn heilt på ordentleg. Når eg leser på senga pleier eg vanlegvis å sovne etter ein halvtime, men medan eg har lese La den rette komme inn har eg blitt liggande på sengekanten i timasvis fordi eg bare ikkje kan sovne akkurat nå, det er jo så spennande.

Boka handlar om 12 år gamle Oscar som bur i Blackeberg, ein historielaus drabantby og forstad til Stockholm, og dermed kan ho kallast ein oppvekstroman. Oscar har ei mor som bare vil han godt, ein ansvarslaus og alkoholisert far og han bur i ei blokkleiligheit i Blackeberg i 1981. På skulen blir han mobba på det grovaste, og han har ingen kamerater. Einsemd er eit sentralt tema i historia til Oscar og i romanen elles. Ein dag blir Oscar kjent med ei jente, Eli, som er veldig annleis enn alle andre han kjenner. Ho løyser Rubicks kube på eit blunk, og det er noko med henne som av og til gjer at ho får eit annleis uttrykk i auga.

Historia om Oscar og Eli og det spesielle vennskapet mellom dei to, er også ein kriminalroman i den forstand at det ganske tidleg i romanen blir introdusert eit funn av eit lik. Ein gut er funne hengt opp ned i eit tre, halsen er kutta over og han er tømt for blod. Etterforskarane leikar lenge katt og mus med denne såkalla "ritualmordaren", som etterkvart krever fleire offer. Som lesar får ein tidleg innblikk i ein samanheng som er fjern frå dei ulike forteljande stemmane i romanen.

Boka er også ein grøssar. John Ajvide Lindquist har forsøkt å sette seg inn i korleis det må vere å leve, dersom ein skal leve av menneskeblod. Og i sentrum av historia om Oscar og Eli sitt vennskap og historia om dei mystiske overfalla og drapa, er historia om det å leve eit liv som ikkje toler dagslys, verken i konkret eller overført meining. Det som gjer denne boka veldig spesiell innafor grøssarsjangeren, er at vi tidleg i boka får sympati for vampyren og for dei som står denne nær. Dei skrekkslagne folka som er redde og som ikkje forstår, blir bipersonar eller småkomiske figurar som står i bakgrunnen for forteljinga, som politimannen Staffan og sjukehuspersonalet. Desse forsøker som best dei kan, gjennom forpliktingane dei har gjennom yrka sine å håndtere den uoversiktelege situasjonen i lokalmiljøet. Men dei har ikkje forstått kva som eigentleg hender, og dermed blir deira rollar svært komiske. Dermed er grøssarsjangaren snudd opp ned. Det er ikkje dei uskuldige folka mot det fryktelege og ukjende, men snarare den uskuldige vampyren, som jo ikkje kan hjelpe for at den er smitta, mot dei dumme og uforståande folka. Også her er einsemd eit sentralt tema. Men denne gongen den einsemda vampyren kjenner når den må leve i skjul.

Nokre av skildringane er så tydelege og detaljerte, så konkrete og sanselege, gjennom synsinntrykk, lukter og lydar at det nesten er vemmeleg å lese. Likevel er denne såre undertonen og måten forfattaren har styrt sympatiane til lesaren med på å hjelpe meg med å halde ut det groteske og det skrekkelege i denne romanen. Romanen har mange forteljarstemmer, sjølv om Oscar si stemme er den klaraste og mest dominerande. Desse forteljarane er alltid dei som er annleis og dei som er utstøtt. Ei gruppe mellomaldrande alkoholikarar på den lokale kinesiske kroa blir trukke inn i handlinga, også desse er litt utanfor normen for korleis folk flest skal leve. På mange måtar blir dei skrekkelege og grusomme skildringane litt underordna i den heilskaplege opplevinga av romanen, fordi det er desse såre og einsamme forteljarane som står i sentrum heile tida.

Resultatet er ei god bok. Og ei intens lesaroppleving, som har gjort inntrykk.

Dec 10, 2008

Jungelboka på Det norske teater

I dag har eg vore på teater og sett Jungelboka, ei sterkt modernisert oppsetting av Rudyard Kipling sitt stykke, med "Dansefeber-Adil" som Mowgli. Slangen Ka hadde iført kleda til The Bride i Kill Bill og Baghera framstod som transvestitt. Apekattane var kledd i kvite klede og snakka ein hysteriska morsom overdriven vestkantdialekt. Bruken av sang og dans i stykket var heilt fantastisk og det blei spelt mykje på tekstane i ulike popsangar.
Adil imponerte gong på gong. For ein balanse, for ein rytme, for ein koordinasjon - det var heilt utruleg å sjå på guten!

Oslopuls har anmeldt stykket under overskrifta "En magnetisk tilstedeværelse", og det er ein passande tittel for ei anmelding av oppsettinga. Sjølv om oppsettinga var veldig mykje utanom det vanlege, var det ei utruleg flott teateroppleving.

Dec 6, 2008

Det er laurdag og det er fridag


Og nå skal eg krype under eit pledd på sofaen og kose meg med ein god kopp chai-te, La den rette komme inn, som kom i posten på torsdag (6 veker etter at eg bestilte boka), og heimelaga skikkelege kakemann-hjerter.

Ha ein god laurdag og fridag alle saman!

Marisha Pessl

Special Topics in Calamity Physics
Penguin books LTD 2008
514 sider
Marisha Pessel har fått mykje ros og berømming for debutromanen sin. Aftenposten skriver mellom anna:
"Å lese "Utvalgte emner i katastrofefysikk" er som å være med på en heseblesende, fascinerende omvisning i en eksotisk jungel. Boken er både svært spennende og full av detaljer, og leseren dras fremover og innover samtidig."

Sjølv er eg verken overbevist eller heilfrelst Marisha Pessl- fan etter å ha lese "Special Topics in Calamity Physics". Dei siste 300 sidene er veldig gode, spennande og om desse sidene kan eg gje Aftenposten sin anmeldar rett. Problemet er bare at du må komme gjennom dei første 200 sidene først. Dei er fulle av detaljerte skildringar, sidesprang, bifortellingar og digressjonar. Dette fungerer i slutten, når eg har ei kjensle av at forfatteren vil ta meg med ein plass. Men i første halvdel av boka er desse sidespranga og digresjonane tilsynelatande utan mål og meining. Eg veit ikkje kor eller kva eg skal med alle detaljane. Dette fører igjen til at eg ikkje hugser dei så godt, når eg får bruk for dei mot slutten.

Blue van Meer er ei 16 år gammal jente, som saman med faren flytter på kryss og tvers i Amerika, dei bur aldri meir enn nokre månedar på kvar plass. Likevel er Blue den beste eleven på kullet sitt, då ho kjem til den framståande high school'en St Gallaway. Her blir ho teken varmt i mot av læraren Hannah Schneider, og invitert inn i gruppa "the Bluebloods", som består av denne filmlæraren og seks elevar. Allereide i starten får vi vite at Hannah Schneider døyr, at politiet meiner det er sjølvmord, at Blue ikkje trur politiet sin konklusjon stemmer og at resten av "the Blubloods" anklagar Blue for å vere skuldig i dødsfallet. Mot slutten blir detaljane rundt dødsfallet rulla opp, og denne delen er spennande og med god framdrift. Det tek bare alt for lang tid før ein kjem dit.

På omslaget står det at boka kjem til å få kultklassikarstatus, som "Virgin Suicide". Eg trur ikkje det. Dette er ei passe underhaldande, men litt for langtekkelig bok i grensa mellom chic-lit og kriminalromansjangaren. For meg blir ho ikkje meir enn passe underhaldande, men litt langtekkelig.

Dec 2, 2008

Favorittjulebok-utfordring

Lunacia, forfattaren av bloggen "Av en annen verden" er ein blogger eg følger med på og leser. Nå har ho lagt ut ein utfordring om å skrive om favorittjuleboka:
"Siden vi nå har rundet desember tenkte jeg komme med en liten utfordring: Skriv om dine favorittjulebøker! "

Då eg var lita jente var eg veldig glad i bøkene til Astrid Lindgren. Eg er framleis det så Jovisst kan Lotta nesten allting og Jul i Bakkebygrenda vil aldri gå i gløymeboka. Men det er lenge sidan eg har lese dei nå, og eg er ikkje sikker på om eg ville kome på å sette meg ned for å lese dei utan å ha nokre ungar å lese for.

Eg har to bøker eg framleis blar i ved juletider. Det er desse to.

Selma Lagerlöf er ei dame eg lenge har vore glad i å lese. Ho har eit fantastisk språk og ho fortel forteljingar som er heilt i grenselandet mellom det strengt realistiske og det overnaturlege, på ein måte som apellerar sterkt til meg som lesar og min fantasi.
Eg blei veldig overraska, då eg første gongen oppdaga at det var ho som hadde skrive historia om den nybakte faren som var ute og leita etter nokon å låne eld frå. Dette er ei av dei mange historiene i Kristuslegender, som er den eine favorittjuleboka mi.


Den andre er ein så udødeleg klassikar at det nesten er litt kjedeleg å like boka. Likevel er eg veldig glad i historia til Lev Tolstoj, om Papa Panov, skomakaren som har hatt ein draum om at Jesus skal besøke han. Boka er bygga opp om bibelteksten der Jesus seier "det du gjer mot ein av desse mine minste, gjer du også mot meg". Skomakaren ventar og ventar på å få besøk av Jesus, men dei einaste som kjem er ei mor med eit lite born, ein gatefeiar og ein tiggar.


Begge desse to historiene, historia om Papa Panov og legenda om faren som er ute for å låne eld, er med på å minne meg om kvifor vi feirar jul. Det er også forteljinger som er med på å flytte fokuset vekk frå det materialistiske julemaset og over på andre, og minst like viktige verdiar. Desse to bøkene er viktige å ta vare på, og eg er glad for at dei har overlevd såpass mange generasjonar allereide, slik at eg har fått dei med meg.

Og sidan eg syntest Lunacia sin utfordring var veldig koseleg har eg nå lyst å oppmode dei av dykk som leser dette til å skrive om dykkar favorittjulebok.

Dec 1, 2008

Kva er dette?

Med fare for å understreke poenget frå forrige innlegg for mange gonger, kva er dette?

Dette kom i ein epost frå bokklubbane - frå kven, jo frå BOKklubbane. Dei som selgjer bøker, eller korleis var det nå igjen? Nei, det var dei som ikkje hadde plass til bøker i butikken sin, fordi dei hadde så mykje anna der...



Og jo, i dag fekk eg Gullfisken av Le Celzio i posten. 1 månad og 4 dagar etter bestilling. Dei hadde vel ikkje tid til å sende ho ut tidlegare fordi dei måtte sortere sengetøy og vinstativ.