Jul 29, 2009

Kva skulle vi gjort utan svensk TV?

Eg har ein aversjon mot norske tv-seriar. Dei er alt for overrealistiske. Dette har ført til at eg har gått glipp av "Himmelblå", denne serien som har gjort Helgelandskysten til det mest ettertrakta feriemålet for nordmenn i år. "Alle" snakka om "Himmelblå" i vinter. Serien fortsetter til hausten, og har fått mykje gratisreklame både i VG og Se og Hør. Eg har ikkje sett ein einaste episode, men likevel lurer eg på kva som har skjedd med Kim. I tillegg lurer eg på kva som er grunnen til at "alle" snakkar om kva som skjedde med Kim. Derfor gleder det meg å sjå at svensk TV skal begynne å sende serien i kveld. Då kan eg gi første episode ein sjanse, sjølv om eg er grunnleggande skeptisk til norske tv-seriar. I kveld klokka 23.40.

Jul 28, 2009

The 2009 longlist for Man Booker- prisen er lagt ut

The 2009 longlist for Man Booker-prisen ser slik ut i år:

Author Title

Byatt, AS The Children's Book

Coetzee, J M Summertime

Foulds, Adam The Quickening Maze

Hall, Sarah How to paint a dead man

Harvey, Samantha The Wilderness

Lever, James Me Cheeta

Mantel, Hilary Wolf Hall

Mawer, Simon The Glass Room

O'Loughlin, Ed Not Untrue & Not Unkind

Scudamore, James Heliopolis

Toibin, Colm Brooklyn

Trevor, William Love and Summer

Waters, Sarah The Little Stranger

Eg får alltid så lyst til å ta med meg slike lister på biblioteket, låne alle bøkene og lese dei, slik at eg er godt førebudd og verkeleg kan gjere meg opp ei meining om prisutdelinga, når den tida kjem. Eg rekk sjeldan gjennom meir enn ei eller to av bøkene før vinnaren er offentleggjort. Men eg ser fleire bøker på lista, som eg har lyst til å lese. Eg må bare finne ut kva for ein ende eg skal begynne i, først.

Tematrio - barndomsskildringar

Denne veka ber Lyran oss bloggarar om å fortelje om barndomsskildringar.

1. Kompani Orheim av Tore Renberg, den frittståande fortsettinga på roman- og filmsuksessen Mannen som elsket Yngve, kor det vanskelege forholdet mellom Jarle Klepp og faren hans blir skildra på ein sterk og vakker måte.


2. En rekke avbrutte forsøk av Selma Lønning Aarø er ei rekke avbrotne forsøk på å skrive ein oppvekstroman. Selma skriv, og blir avbroten av familien sine korrigeringar og tillegg. Boka drøftar og problematiserer dei mange konfliktane ein står ovafor, når ein skal skrive ei sann historie, på ein svært humoristisk måte.

3. Ut og stæle hester av Per Petterson er ei vakker bok med ein heilt fantastisk tone. Den gamle mannen blir minna om sommaren då han var 15. Språket er ei oppleving i seg sjølv.

Jul 27, 2009

Bokbloggturne



Cappelendamm lanserer Gayle Foreman si bok Hvis jeg blir gjennom ein bokbloggurne. Eg er så heldig at eg skal få vere med.



Boka blir lansert i begynnelsen av august, med Ladybug sitt blogginnlegg. Vidare skal alle som er med på bokbloggturneen skrive ei omtale av boka som skal postast på kvar sin dato.



For nokre dagar sidan fekk eg denne boka i postkassa, heilt gratis frå forlaget. Den 18. august skal eg poste eit innlegg om henne i bloggen min. Eg kjenner ikkje forfattaren, og er spent på å lese boka. Eg har fått ein epost frå Cappelendamm, med ei liste over dei andre som er med. Og her er det linkar til fleire nye bokbloggarar som eg ikkje har vore innom før.

Jul 22, 2009

Eit kvardagsdikt

So much depends
upon

a red wheel
barrow

glazed with rain
water

beside the white
chickens.

William Carlos Williams.

Jul 21, 2009

Å lese sakte

Det har blitt lite tid til boklesing og bokblogging i det siste. Eg har vore gjennom ein lengre periode med sjukdom i vinter og vår. Men nå er eg meir eller mindre frisk. Dermed skal eg ta igjen alt det eg ikkje har fått gjort, medan eg har vore sjuk og har hatt unormalt god tid til å lese bøker. Eg skal pusse opp eit hus og skrive ferdig ei masteroppgåve. I tillegg skal eg treffe alle dei folka eg ikkje har treft på lenge, forsøke å bevege meg og komme i form igjen og begynne å tenke på kva eg skal finne på når eg blir ferdig med Blindern-livet. Den siste månaden har dagane bare forsvunne for meg. Det er bare nokre veker igjen av sommaren, ein sommar kor eg skulle få gjort så uendeleg mykje, men som har gått så utruleg fort.

Ved sida av senga heime har eg to halvlesne bøker, Sara Stridsbergs Drömfakulteten og Naja Maria Aidts Bavian. Den første, ein svært spennande oppbygd og poetisk collage-liknande roman og den andre ei novellesamling som gir eit breidt innblikk i vanlege folk og mindre vanlege folk sin kvardag. Felles for dei begge er at dei må lesast sakte. For det er forskjell på bøker. Nokon kan lesast fort. Ein må finne ut kva som skjer vidare. For det er det som skjer som er viktig i boka. Andre bøker må lesast sakte. Dei har gjerne eit så rikt språk, at ein må lese den same sida fleire gonger, fordi det er så vakkert, slik som Drömfakulteten. Eller dei inneheld så sterke forteljingar at ein må ta ei pause mellom dei, slik som Bavian.

Det er fint å lese slike bøker som skal lesast sakte, innimellom alt det travle.