Jul 28, 2009

Tematrio - barndomsskildringar

Denne veka ber Lyran oss bloggarar om å fortelje om barndomsskildringar.

1. Kompani Orheim av Tore Renberg, den frittståande fortsettinga på roman- og filmsuksessen Mannen som elsket Yngve, kor det vanskelege forholdet mellom Jarle Klepp og faren hans blir skildra på ein sterk og vakker måte.


2. En rekke avbrutte forsøk av Selma Lønning Aarø er ei rekke avbrotne forsøk på å skrive ein oppvekstroman. Selma skriv, og blir avbroten av familien sine korrigeringar og tillegg. Boka drøftar og problematiserer dei mange konfliktane ein står ovafor, når ein skal skrive ei sann historie, på ein svært humoristisk måte.

3. Ut og stæle hester av Per Petterson er ei vakker bok med ein heilt fantastisk tone. Den gamle mannen blir minna om sommaren då han var 15. Språket er ei oppleving i seg sjølv.

2 comments:

Ingrid said...

Jag tänker absolut läsa Renbergs bok och blir intresserad av Selma Lönning Aarö också. Renberg har jag hört talas om men inte Lönning Aarö- verkar spännande!!

Bai said...

Dei to første bøkene til Renberg, Mannen som elsket Yngve og Kompani Orheim er veldig gode og bør lesast. Den første har fått mest merksemd, men eg liker nesten den siste best. Men så stoppar det litt der. Charlotte Isabell Hansen, som kom hausten 2008 var direkte skuffande.

Selma Lønning Aarø sine bøker er også av varierande kvalitet, men En rekke avbrutte forsøk er veldig lesverdig.