
Ny mandag og nye leseplanar. Kva skal du lese denne veka?
Svar gjerne i kommentarfeltet eller i eigen blogg.
---------
Eg held framleis på med Tårnet av Uwe Tellkamp. Dette er eit stort verk (både i omfang og litterært) om korleis det er å leve i den akademiske overklassen i Aust-Tyskland, på 80-talet. Skildringane er detaljerte og vi får eit sterkt innblikk i kvardagen til gymnasiasten Christian og hans næraste. Sjølv om skildringane tidvis kan vere litt i overkant detaljrike, er dette ei bok det er verdt å bruke tid på.
På lesebrettet mitt har eg begynt på Seierherrene av Roy Jacobsen. Eg har ikkje lese Jacobsen ennå, så boka blei eit naturleg val då eg skulle teste ut dei norske ebokhandlarane. Det var ein omfattande prosess å få boka over på lesebrettet, men når det var gjort har eg lesestoff for nokre veker. Eg las første kapittel på bussen til og frå jobb på fredag, og eg liker tonen i boka.
Don Quijoute blei dessverre ikkje prioritert forrige veke, så eg har nokre kapittel eg må ta igjen, om eg skal henge med på samlesinga på bokelskere. no.
Elskeren av Marguerite Duras blei innkjøpt forrige veke og skal forhåpentlegvis begynnast på denne veka, som ein del av 1001 bøker-samlesinga på linesbibliotek.
I tillegg har eg Persepolis og Innsirkling 2 heime frå biblioteket. Desse må også lesast, før lånetida går ut.