Showing posts with label Om ebøker. Show all posts
Showing posts with label Om ebøker. Show all posts

May 6, 2011

Lesebrettet så langt

Etter nokre dagars bruk, kan lesebrettet oppsummerast slik:
  • Brukarmanualen er litt knapp og systemet er ikkje fullt så intuitivt som Sony har sett føre seg.
  • Brettet er meir håndterleg enn tjukke bøker.
  • Litt klønete å halde, når ein ligg på ryggen og les. Eg trur moglegheita for å halde det godt, utan å komme borti den veldig følsomme touchscreenen og bla ufrivillig, vil betre seg med eit cover.
  • Veldig enkelt å greit å overføre bøker frå bookdepository.co.uk.
  • Nokså nøyaktig like lite enkelt og greit å overføre bøker frå bokskya.no (men det trur eg ikkje er lesebrettet sin feil. Takk til KindleJoy som har vore krisehjelp på epost).
  • Brettet svarer til forventningane når det kjem til busslektyre. Bokmerkefunksjonar og eseløyre-knappar gjer det også mogleg å leggje det raskt vekk, når ein blir ropt opp i venterommet ho legen eller bussen brått kjem.
  • Gode moglegheiter til å juster skriftstorleik. Dette fungerer best med skrift-pdf og i epub-format. Då er det bare å trykke på ein knapp. Nokre bøker kjem imidlertid som bilete-pdf. Her må ein zoome manuelt, og det er litt tungvindt å bla mellom sidene. Men det fungerer. Eg vil likevel dobbeltsjekke at bøker er lagra som tekstfiler, før eg begynner å lese dei, framover.
Brettet har fleire funksjonar eg ikkje har prøvd ut ennå, men eg gleder meg til å fortsette å leite meg fram i denne ebokjungelen.