Showing posts with label 1990-talet. Show all posts
Showing posts with label 1990-talet. Show all posts

Jul 16, 2011

Mr. Vertigo

Mr. Vertigo
Paul Auster
Faber and Faber Ltd. 1994
246 sider


I was twelve years old the first time I walked on water. The man i the black clothes taught me how to do it, and I´m not going to pretend I learned that trick overnight.
Slik begynner Mr. Vertigo av Paul Auster, forteljinga om den foreldrelause Walter, som blir berømd som Walt the Wonderboy. Som niåring blir han plukka opp på gata av Master Yehudi, ein ungarnsk jøde som har tatt til seg den funksjonshemma, svarte guten Aesop og bur saman med Mother Sioux, barnebarnet til Sitting Bull. Master Yehudi lover Walter at dersom han ikkje klarer å lære han å lette frå bakken innan han er tretten, skal Walter få lov til å hugge hovudet av han. Walter stoler blindt på Master Yehudi. For å lære å flyge, må Walter gå gjennom 33 trinn, kor fleire av dei minner om barnemishandling. Likevel lærer han seg å stole på Master Yehudi og utvikler eit avhengigheitsforhold til han. Etter fleire år med hardt arbeid, letter endeleg Walter frå bakken og etter endå meir trening, begynner han å reise rundt å halde forestillingar som Walt the Wonder Boy, guten som kan flyge, og han gjer stor suksess med showa i lufta. Men suksessen får ikkje vare livet ut: Walt det Wonderboy når puberteten og blir svimmel av å lette frå bakken.

Mr. Vertigo er ei spennande bok, full av dramatikk og action. Walter si livshistorie er ei reise i historien om Amerika i første halvdel av 1900-talet. Walter tar oss med gjennom depresjonen på den aude landsbygda i Midtvesten, til Chicago sitt mafiamiljø, vi får delta i showbiz i dei store byane og inn i den tørre ørkenen i Nevada. Det er nesten som på film:
If this was a movie, here´s where the calendar pages would start flying off the wall. We´d see them fluttering against a background of country roads and tumbleweed, and then the names of those towns would flash by as we followed the progress of the black Ford across a map of eastern Oklahoma. The music would be jaunty and full of bounce, a suncopated chug-chug to ape the noise of ringing cash registers. Shot would follow shot, each one melting into the other. Bushel baskets brimming with coins, roadside bungalows, clapping hands and stomping feet, open mouths, bug-eyed faces turned to the sky. The whole sequence would take about ten seconds, and by the time it was over, the story of that month would be known to every person in the theater. (s. 109)
Og fordi Paul Auster er ein slik dyktig forteljar, lar eg meg overbevise av den aldrande Walt si engasjerande, men samtidig så urealistiske og usannsynlege, forteljing om livet sitt. Walter utvikler seg som kunstnar, før han faller frå den store høgda han står på. Og dei refleksjonane han gjer seg om denne utviklinga, er sannsynlege og realistiske, og ikkje minst gode:
I was evolving into an artist, a true creator who performed as much for his own sake as for the sake of others. It was the unpredictability that exited me, the adventure of never knowing what was going to happen from one show to the next. If your only motive is to be loved, to ingratiate yourself with the crowd, you´re bound to fall into bad habits, and eventually the public will grow tired of you. You have to keep testing yourself, pushing your talent as hard as you can. You do it for yourself, but in the end it´s this struggle to do better that most endears you to your fans. That´s the paradox. People begin to sense that you´re taking risks for them. They´re allowed to share in the mystery, to participate in whatever nameless thing is driving you to do it, and once that happens, you´re no longer just a performer, you´re on the way to becomming a star. (s. 117).
Desse refleksjonane om kunstnaren si rolle og kunstnaren sin funksjon går igjen, både under oppturen til Walt the Wonder Boy og i Walter sine seinare tilbakeblikk over livet sitt. Dei er med på å løfte det som elles er ei moderne legende, eit eventyr eller ein fabel til noko meir. Både fordi dei er med på å gi Walter identitet, men ikkje minst fordi dei gir meg som lesar noko å tenke på. Spørsmåla om kva kunsten er og kva som er kunstnaren si rolle går stadig igjen, også i avslutninga av romanen:
Deep down, I don´t believe it takes any special talent for a person to lift himself off the ground and hover in the air. We all have it in us - every man, woman and child - and with enough hard work and concentration, every human being is capable of duplicating the feats I accomplished as Walt the Wonder Boy. You must learn to stop being yourself. That´s where it begins, and everything else follows from that. You must let yourself evaporate. Let your muscles go limp, breathe until you feel your soul pouring out out of you, and then shut your eyes. That´s how it´s done. The emptiness inside your body grows lighter that the air around you. Little by little, you begin to weigh less than nothing. You shut your eyes; you spread your arms; you let yourself evaporate. And then, little by little, you lift yourself off the ground.
Like so. (s. 244).
Walter sitt liv er ikkje bare den eventyrlege forteljinga om Walt the Wonderboy si utvikling til å bli ei stjerne, etterfulgt av fallet. Det er også ei forteljing om utvikling av kjærleik, tillit og lojalitet og om det saknet som brutale tap kan føre med seg. Det er ein annleis roman, ein roman som ikkje liknar på noko av det eg har lese tidlegare. Samtidig blir eg fanga av Auster si forteljing og av den gode forteljaren han er.

Aug 15, 2010

Trekkoppfuglen

Haruki Murakami
Trekkoppfuglen
Originaltittel: Nejimaki-dori kuronikure (1995)
Oversatt av Kjell Risvik
Pax forlag 2005.
636 sider


Mykje av lesetida mi i sommar har gått med på å lese Murakami sitt storverk Trekkoppfuglen om igjen. I 2006 las eg denne boka, som den første boka eg las av Murakami, og med denne fekk eg auga opp for eit svært spennande forfattarskap. Sidan Murakami kjem til Oslo om ei veke, og sidan eg nesten får sjå han då, fann eg ut at eg skulle lese om igjen denne boka som eg jo hugsar godt, fordi ho gjorde inntrykk, men som eg likevel ikkje hugsa godt når eg begynte å lese ho om att.

Den lange og kronglete historia om Trekkoppfuglen begynner den dagen ei framand kvinne ringer den arbeidslause mannen Toru Okada, medan han kokar spagetti til lunsj. Han tek seg ikkje tid til å snakke med henne, men blir likevel litt nysgjerrig på kven denne kvinna er, fordi ho veit så mykje om han. Omtrent samtdig forsvinn katta som Toru Okada og kona Kumiko har hatt saman, og som har vore ein lykkebringar over ekteskapet deira.

Etter katta si forsvinning oppstår ei rekke underlege, absurde og surrealistiske hendingar, og lesaren blir introdusert for eit omfattande og forvirrande persongalleri. Søstrene Malta og Kreta Kano som framtrer både på ordentleg og i draumane til Okada, ein type draumar som ikkje er heilt som andre draumar, sidan det er ei form for reell kommunikasjon i desse draumane. Okada blir også kontakta av Løytnant Mamiya som var i hæren saman med den avdøde synske rådgjevaren Honda, som ekteparet blei sett i kontakt med. Etter Honda arvar Okado ein tom boks, som Mamiya kjem for å overlevere, og denne overleveringa blir starten på eit vennskap kor Mamiya fortel om dei grufulle opplevingane han hadde under andre verdskringen i Mandsjuria og seinare i Sovjet. Okada møter også den trøblete tenåringsjenta Mai Kasahara, som nesten tek livet av han då han klatrar ned i ein tom brønn for å tenke. Dette opphaldet i brønnen får stor betydning for Okada, og etter dette får han Okada eit underleg merke på kinnet, som viser seg å vere viktig i forhaldet til den underlege kvinna som kallar seg Muskat og sonen hennar Kanel.

Trekkoppfuglen har eit innfløkt og tidvis forvirrande persongalleri, hendingane vekslar mellom forteljingar frå fortida, nåtidsberetningar i første person frå Okada sin ståstad, surrealistiske hendingar i grenseland mellom draum og verkelegheit og ei samanfletting av både forteljingane frå fortida og dei underlege verkelege og uverkelege hendingane i nåtida. Språket er fengslande, forteljinga har god driv, og det er ei bok det ikkje blir kjedeleg å lese til tross for at ho er lang. Mykje av drivkrafta i boka ligg bak spørsmålet om kor forfattaren vil med alle desse underlege historiane, som delvis blir fletta saman etterkvart. Samtdig med alt det absurde og grenseoverskidande, er grunntonen i boka svært jordnær, gjennom forteljarstemma til Okada, som er ein mann som i utgangspunktet har realistiske forventningar til korleis ting skal henge saman. Tankane og refleksjonane han gjer seg om alle desse underlege hendingane og spørsmåla han stiller er med på å gjere boka truverdig, til tross for at ho til tider tippar litt langt over i det surrealistiske og absurde. Og det er dette som gjer boka så utruleg god.

Mar 18, 2010

The Blindfold - Siri Hustvedt

The Blindfold
Siri Hustvedt
Picador USA, 1992
224 sider

Eg liker Siri Hustvedt. Eg liker henne betre og betre jo meir eg les av henne. Eg liker måten ho skriv på og emna ho skriv om. Ho er i ferd med å få status som ein av mine favorittforfattarar.

The Blindfold er boka om Iris Vegan, ei ung student-jente som bur i New York, og hennar vanskelege famling og leiting etter eigen identitet. Boka er delt i fire delar, og kronologien mellom desse fire delane i forhald til kvarandre er tidvis uklar. Eg har prøvd å skrive eit lite samandrag av handlinga i desse fire delane, men det blei så platt, oppramsingsprega og lite vellukka at eg rett og slett hoppar over handlingsreferatet frå denne boka. Eg nøyer meg med å seie at i desse fire delane av boka møter Iris ulike menneske og ulike gjenstander som preger henne på ulike måtar. Identitetsforvirring, kjønnsroller og forhald til dei rundt Iris, pregar forteljinga.

Fleire av 1900-talet sine store filosofiske spørsmål blir tematiserte i denne romanen. I tillegg til spørsmål om kjønn og identitet, blir spørsmål om forhaldet mellom språk og verkelegheit reiste. Iris får i oppdrag å skildre ei rekke gjenstander, og i denne prosessen blir spørsmåla om språket eigentleg strekker til aktualisert. Forhaldet mellom liv og kunst, verkelegheit og fiksjon er eit anna spørsmål som blir reist i boka. Det er fleire episodar der Iris på ulike måtar går inn i eit kunstverk. Fotografvennen George tek eit bilete av henne, som begynner å leve sitt eige liv. Ho møter kunstkritikaren Paris, som ber henne skildre maleriet "Tempest" av Giorgione. Her tek ho plassen til mannen i venstre hjørnet og skildrer biletet frå hans synsvinkel. Seinare kler Iris seg ut i gutteklede og tek samtidig namnet og historia til Klaus, hovudpersonen i ei novelle ho arbeider med å omsetje. Også sjølve forteljarståstaden og skildringa av Iris som ein person med ustabile og upålitelege karaktertrekk, er med på å reise spørsmål om kva som er sant og kva som ikkje er sant, innad i forteljinga. Kan ho fortelje ei sann historie om sitt eige liv, eller er ho - med eit sideblikk til tittelen - "blinda" av sin eigen ståstad?

The Blindfold er ei veldig god bok. Ho er velskriven og rommar veldig mykje. Som sagt: Eg liker Siri Hustvedt. Og på tirsdag var eg så heldig at eg fekk med meg Bokprogrammet på NRK, som handla om henne. Så nå ser eg fram til eg skal få tak i den siste boka til Hustvedt.

Mar 7, 2010

Å skildre det ubeskrivelege

Akkurat nå er eg nesten ferdig med å lese The Blindfold av Siri Hustvedt. I første delen av boka skal hovudpersonen Iris beskrive ein bomullsdott:
That night I worked for hours on the description. I held the cotton ball with a pair of tweezers up to the light, trying to find words that would express it, but the thing was lost to language; it resisted it even more that the glove. And when i tried metaphors, the object sank so completely into the other thing that I abandoned making comparisons. What was this piece of waste? As i sat sniffing the fibers and poking at the brown stain with a needle, I was overwhelmed by a feeling of disgust. The cotton ball tld me nothing. It was a blank, a cipher; it probably had no connection to anything terrible, an yet I felt as if I had intruded on a shameful secret, that I had seen what I should not have seen. (s.25).
Eg trur dette er den beste skildinga av det ubeskrivelege eg har lese nokon gong. Opplevinga av at språket kjem til kort og at orda ikkje strekk til, er så godt skildra i denne enkle hendinga.

Det er ganske enkelt godt skrive.

Jun 15, 2009

Helle Helle - Hus og hjem

Helle Helle
Hus og hjem
Samleren 1999
Oversatt av Trude Marstein
Oktober 2001
214 sider

Denne helga har eg verkeleg kost meg med ei utruleg flott lesaroppleving. Eg har lese Helle Helles Hus og hjem, som seilte rett inn på topp-ti lista mi.

Anne er omkring 30 år og flytter tilbake til den vesle byen kor ho veks opp etter å ha budd i København i ein del år. Ho kjem aleine, fordi sambuaren Anders skal jobbe ein månad til i København. I denne vesle, namnlause byen, tek ho opp kontakten med barndomsvenninnene Anita og Charlotte igjen. Det eldre ekteparet Svend og Ellen ønsker henne velkommen frå nabohuset. Anne sitt hus er like ved prestegården, og Anne utvikler eit svært nært forhold til presten Jens, før Anders kjem flyttande etter.

Anne gjer veldig lite. Ho skal male, pakke ut eksene med ting og komme i orden, medan ho venter på at Anders skal komme til byen. Ho sitter stort sett inne og drikker vin, søv eller gjer ingenting, og ho unnskulder seg stadig for at ho ikkje har kome i orden. Ho er tiltakslaus og til tider apatisk og Hus og hjem har svært lite handling.

Eg blir betatt av språket i boka. Det er eit språk som er så enkelt og så finslipt at eg klarer ikkje la vere å bli fascinert over det. Eg tenker at eg skulle ønske eg også kunne skrive slik. Det er ingen personskildringar i boka, men ei rekke dialoger mellom karakterane. Desse dialogane er fulle av nærver og dei skildrar ei rekke spenningsfyllte relasjonar, utan å komme med vurderande tankereferat. Fråveret av handling gjer at relasjonane får lov til å vere i fokus. Dette gjer boka til ei spennande og annleis lesaroppleving. Eg liker det.

Mar 29, 2009

Meir krim

Kakkerlakkene
Aschehoug 1998
337 sider
Kakkerlakkene er historia om den gongen Harry Hole blir sendt til Thailand for å bistå politiet i Bangkok med etterforskinga av mordet på den norske ambassadøren. Eg koste meg med denne boka. Ho var passeleg lett å lese og passeleg spennande.


Rødstrupe
Aschehoug 2000
434 sider



I Rødstrupe blir Harry Hole forflytta til POT og begynner å nøste opp i ein sak etter at dei har funne patronane av ei sjeldan rifle. Det blir trekt trådar tilbake til frontkjemparane under andre verdskrigen og det nynazistiske miljøet i Oslo. Boka setter fokus på den delen av historia om andre verdskringen som ikkje så ofte blir fortald. Og plottet er godt komponert.

Likevel synest eg ho var litt langdryg. Dette skuldast delvis at det blei litt mykje med nesten 800 sider Harry Hole på ei drøy veke. Delvis skuldast det at eg skjønte korleis dei ulike parallellhistoriane var knytte saman relativt tidleg, og blei lei av å vente på at Hole skulle skjønne det. Men eg trur Rødstrupe hadde vore betre om eg hadde latt det gå litt meir tid i mellom desse to bøkene.

Så konklusjonen er vel at eg liker Harry Hole, men eg anbefaler han i passelege porsjonar.

Aug 3, 2008

Bergljot Hobæk Haff - Skammen

Skammen
Gyldendal 1996
422 sider

Dette er ei av dei bøkene eg har lese i løpet av ferien. Romanen er til tider godt skrive, men nokre av partia kan vere litt langtekkelege. Språkleg sett er det stor variasjon i teksten, nokre avsnitt er skrive med eit språk som gjer det til ei oppleving å lese, medan andre avsnitt er prega av litt overdriven drøy adjektivbruk og lettvindte verkemiddel. Det er stor variasjon på kvaliteten til dei ulike delane av boka, men dei delane som er gode, er så gode at det totalt sett er verdt å lese boka.

Boka handlar om Idun som blir sett på som eit utskot i familien. Ho er tvangsinnlagt på eit psykiatrisk sjukehus, og herifrå fortel ho fortellinga om seg sjølv og familien sin. Historien strekker seg gjennom heile århundret, og Idun fortel historia om familien gjennom tre generasjonar. Fortellinga om Idun er bygga opp gjennom eit virvar av nåtid og fortid, og sjølv stiller fortellaren innimellom sprøsmålsteikn ved kva som eigentleg er sant og ikkje. Hukommelsen er ikkje alltid til å stole på, og dermed må også lesaren vere med på å vurdere korleis ting eigentleg har gått føre seg. Romanen tematiserer i stor grad fenomenet skam, som også tittelen seier, og viser korleis einskildpersonen og familien blir øydelagt av å skamme seg over seg sjølv og kvarandre.