Aug 3, 2008

Bergljot Hobæk Haff - Skammen

Skammen
Gyldendal 1996
422 sider

Dette er ei av dei bøkene eg har lese i løpet av ferien. Romanen er til tider godt skrive, men nokre av partia kan vere litt langtekkelege. Språkleg sett er det stor variasjon i teksten, nokre avsnitt er skrive med eit språk som gjer det til ei oppleving å lese, medan andre avsnitt er prega av litt overdriven drøy adjektivbruk og lettvindte verkemiddel. Det er stor variasjon på kvaliteten til dei ulike delane av boka, men dei delane som er gode, er så gode at det totalt sett er verdt å lese boka.

Boka handlar om Idun som blir sett på som eit utskot i familien. Ho er tvangsinnlagt på eit psykiatrisk sjukehus, og herifrå fortel ho fortellinga om seg sjølv og familien sin. Historien strekker seg gjennom heile århundret, og Idun fortel historia om familien gjennom tre generasjonar. Fortellinga om Idun er bygga opp gjennom eit virvar av nåtid og fortid, og sjølv stiller fortellaren innimellom sprøsmålsteikn ved kva som eigentleg er sant og ikkje. Hukommelsen er ikkje alltid til å stole på, og dermed må også lesaren vere med på å vurdere korleis ting eigentleg har gått føre seg. Romanen tematiserer i stor grad fenomenet skam, som også tittelen seier, og viser korleis einskildpersonen og familien blir øydelagt av å skamme seg over seg sjølv og kvarandre.

No comments: