Dec 3, 2009

Knausgård om Hauge

I Min Kamp skriv Karl-Ove Knausgård om den gongen han og to medstudentar reiste til Hardanger for å intervjue Olav H. Hauge for det nynorske studenttidsskriftet TAL.

Knausgård skriv:
"Intervjuet med Hauge hadde gått bra, riktignok etter en forferdelig start, for jeg hadde ikke sagt til ham at vi var tre, så da vi svingte bilen inn på tunet hans, forventet han seg bare én, og ville først ikke slippe oss inn i huset i det hele tatt. De kjem mannsterke, sa han der i døråpningen, og mot det der korthoggede vestlandsaktige følte jeg meg plutselig som en glad, lettlivet, dum, overivrig, impulsiv, rødmusset østlending. Hauge var en åndens fastboende, han rikket seg ikke for noe, jeg var en åndens turist, og hadde tatt med meg mine bekjente for å ta fenomenet nærmere i øyensyn. Det var følelsen min, og av det bistre, nesten fiendtligsinnede oppsynet til Hauge å dømme, antageligvis også hans. Men til sist sa han De får vel koma inn, då, og lusket foran oss inn i stuen, hvor vi satte fra oss våre vesker og fotobager. Asbjørn tok fram kameraet og løftet det opp mot lyset, Espen og jeg tok fram notatene våre, Hauge sat på en benk inntil veggen og så ned i gulvet. Kanskje du kan stille deg foran vinduet der, sa Asbjørn, lyset der ser fint ut. så kan vi ta noen bilder. Hauge så opp på ham, med den grå luggen hengende ned i pannen. Her skal faen ikkje takast noko bilete, sa han. Neivel, sa Asbjørn. Unnskyld så mye. Han trakk seg litt til side og la diskré kamaeraet fra seg i kameravesken. Espen satt ved siden av meg og bladde gjennom notatene, holdt pennen i den ene hånden. Jeg kjente ham og visste at det ikke var konsentrasjon som drev ham til å lese gjennom dem nå, akkurat. Det gikk lang tid uten at noen sa noe. Espen så på meg. Så på Hauge. Jeg har et spørsmål, sa han. Er det greit at jeg stiller det? Hauge nikket og strøk den hengende luggen tilbake, hvor den skulle ligge, med en bevegelse som var overraskende lett og feminin i forhold til den maskuline urørligheten og tausheten han ellers satt i. Espen begynte å stille spørsmålet, han leste opp fra blokken, det var langt og intrikat og inneholdt en liten analyse av et dikt. Da han var ferdig, sa Hauge uten å se opp at han ikke snakket om diktene sine." (s. 330-331)

Det gjekk heldigvis betre med dei tre journalistane etterkvart, men dette avsnittet her, denne beskrivinga av den uvennlege Hauge som blir invadert av skuelystne turistar som skal sjå på han som fenomen, har gjort inntrykk på meg.

Første gongen eg las dette avsnittet tenkte eg at det var då ingen grunn til å vere så lite hyggeleg og medgjerleg, når har først hadde takka ja til å bli intervjua. Også blei eg litt skuffa over Hauge, for at han var slik - eg har alltid sett føre meg Hauge som den venlege og kloke gartnaren som går og puslar i hagen og tek godt imot folk. Eg veit jo at det har vore sagt og skrive mykje om psykisk sjukdom og store problem, når det gjeld Hauge sin person, men eg har ikkje lese det. Eg vil ta vare på dette biletet av han, som dikta hans skapar. Kanskje fordi eg er så utruleg glad i denne lågmælte og kloke stemmen som kjem fram gjennom diktninga hans.

Men så las eg avsnittet om igjen, og kjendte at eg blei irritert på Knausgård og vennene hans. Kunne dei ikkje la den stakkars gamle mannen vere i fred i sin eigen heim? Han vil jo bare vere i fred, stakkars. Det er ikkje hans feil at folk liker det han har skrive, korfor må dei trenge seg slik på?

Etter å ha tenkt ennå litt meir på dette tekstavsnittet, slår det meg at det må jo sjåast i samanheng med heile denne diskusjonen som går kring Knausgård sitt romanprosjekt. Eg kan jo ikkje ta det for gitt at Hauge verkeleg var så uvenleg og avvisande. Det er Knausgård si forteljing, og han skriv jo at han ikkje hadde gitt beskjed om kor mange som kom. Og at han kjendte seg som ein overivring, impulsiv og lettliva austlending. Korleis skal eg eigentleg forhalde meg til denne historia om dette møtet med Hauge? Er det fakta eller fiksjon? Og om det er fakta, kor objektiv er eigentleg forteljinga? Kan eg eigentleg stole på det Knausgård skriv? Om Hauge? Om alle dei andre han skriv om?

Eg veit ikkje korleis eg skal forhalde meg til denne skildringa av Hauge. Og eg veit ikkje om det eigentleg er så viktig, likevel. Tilslutt sitter igjen med setninga:
"Hauge var en åndens fastboende, han rikket seg ikke for noe, jeg var en åndens turist, og hadde tatt med meg mine bekjente for å ta fenomenet nærmere i øyensyn."
Også får eg veldig lyst til å lese Hauge sine dikt. Igjen. For det er jo dikta eg er så utruleg glad i. Det er dei som er så viktige. Og det er jo nettopp fordi eg er glad i dikta og fordi dei er så viktige, at denne skildringa av mannen bak dikta uroar meg slik. Men det betyr ingenting, kven Hauge var og korleis han behandla desse unge studentane. Desse studentane er voksne menn nå, og dei angår ikkje meg. Og Hauge er daud for lenge sidan. Hans personlegheit angår heller ikkje meg. Det som betyr noko - framleis - er dikta, dei han skreiv. Og dei er eg veldig, veldig glad i.

5 comments:

thauke2 said...

Du har så rett, det er dikta som er viktige - eller viktigast? Ein kan vel kanskje ikkje sjå heilt vekk frå at personen/intellektet som har skapt dikta og kan vere av interesseF! Eg høyrde ein gong på 80-talet Hauge lese eigne dikt, og det var spesielt. No må det nemnast at det var i regi av studentklubben ved nordisk institutt i Bergen, og stemninga var vel temmeleg sakral berre fordi vi fekk sjølvaste Olav H på besøk. Det var ingen som tok bilde eller fornærma han på noe vis, vi sat nok berre audmjuke og lytta..
Når det gjeld Knausgårds skildring, synest eg den framfor alt er morsom. Og det tar jo heilt av då han fortel kor naive dei var i møte med Fløgstad!

Noe heilt anna: du er tydeligvis innom 'adventskalendaren' min. No ser eg at fordi eg ikkje kunne vente til desember, som deg, går eg 'tom' om 14 dagar. Då har eg tenkt å kome med min eigen favoritt til komande prisar, og så utforde vidare - ein liten 'bloggarstafett'. Dette er mao eit varsel, men og eit spørsmål: Tar du utfordringa når ho kjem?

Bai said...

Eg er av den oppfatninga at så lenge forfattaren som historisk person ikkje har skrive seg sjølv inn i teksten, slik Knausgård gjer, eller slik Ekelöf hag gjort i nokre av sine dikt, så er ikkje den biografiske og historiske forfattaren så veldig interessant for teksten.

Du bruker begrepet "intellektet" som har skapt dikta. Og sjølvsagt kan personen vere av interesse, men kanskje meir som "skrivar" eller som tekstleg funksjon, enn som historisk og juridisk person. Stemma som kjem til uttrykk i teksten, og som er gjennomgåande i eit forfattarskap, er meir interessant enn det biografiske.

Eg er av dei som meiner at nazismedebatten kring Hamsun er på grensa til fjollete - fordi eg liker å skilje tekst og person. Nazist eller ikkje nazist er ikkje relevant for meg i mi lesning av Pan. Derfor interesserer det meg ikkje.

Må leggje til at du er heldig som har møtt Hauge. Eg veit ikkje oom eg hadde våga, hadde eg hatt sjansen. Og Fløgstad-møtet i Min Kamp var kosteleg.

Når det gjeld utfordringa du kjem med er det vanskeleg for meg å takke ja eller nei nå. Eg vil først vite kva ho går ut på og korleis kvardagen min ser ut om 14 dagar. Akkurat nå veit eg ingen av delene. Men er det spennande og har eg tid, takkar eg sjeldan nei.

thauke2 said...

Eksempelet med Hamsun klårgjer for meg at dette er vi nok og eigentleg ganske einige i, dvs at eg er heilt med på at ein må kunne lese tekstane til Hamsun utan å ta omsyn til hans politiske ståstad. Når du skriv at 'stemma' i teksten er meir interessant enn det biografiske, er vel det ei stemme som spring ut av eit intellekt - og ikkje noe slikt meir eller mindre mystisk som lever sitt eige liv, slik eg har oppfatta at f.eks Herbjørg Wassmo (lenge sidan riktignok!) har sagt i samanheng med spørsmål om korleis ho skriv.

Utfordinga mi vil truleg ikkje trenge å vere særleg arbeidskrevande for deg, eg meiner: Du har jo og eit prosjekt gåande, og eg ser for meg at du har minst ein du meiner er priskandidat!? Ved å varsle allereie no, tenkte eg at du kunne ha kandidaten på vent så lenge . Men no blandar eg meg jo eigentleg inn i dine saker. Orsak!!

Bai said...

Nå las eg invitasjonen til utfordringa di ein gong til, og ser at eg svarte for raskt i stad - ein presentasjon av ein priskandidat eller to, er eg gjerne med på. Bland deg gjerne i mine saker - eg er nesten sikkert med!

Når eg seier stemme så knytter eg det - heilt riktig - til forfattarpersonen, men då til forfattaren som kreativitet, som skrivar. Ikkje den juridiske personen som drikk kaffe latte på kaffebrenneriet, eller noko slikt. Eg trur også tekstar spring ut av eit intellekt og ikkje ei mystisk muse, så slik sett er jo forfattaren si rolle i forhald til teksten interessant. Forfattaren bidreg - men som ein kreativ instans. Og kunnskap om forfattaren sitt liv skal - etter mi meining - vere sekundært i lesninga.

thauke2 said...

Godt sagt og god helg!:)