Dec 23, 2009

23. desember - Bernhard S. Ingemann

Dagens dikt er ein sangtekst, til ein sang som av underlege grunnar har hamna mellom julesangane. Men han er minst like sterk i gravferder. Diktaren er B. S. Ingemann, og eg har høyrd ei anekdote (anekdote, fordi eg ikkje veit om det er sant), om at det i første utgåva stod "går de til paradis med sang". Diktaren var for deprimert til å inkludere seg sjølv, ein lang periode av livet. Men etter ei tid, endra han teksten og inkluderte seg sjølv. Denne anekdota gjer teksten mykje sterkare, synest eg, sjølv om eg vanlegvis ikkje er nokon tilhengar av å lese tekstar med for stor vekt på forfattarbiografien. Men akkurat denne teksten synest eg blir sterk i lys av denne anekdota.

Deilig er jorden

Deilig er jorden,
prektig er Guds himmel,
skjønn er sjelenes pilgrimsgang.
Gjennom de fagre riker på jorden
går vi til paradis med sang.

Tider skal komme,
tider skal henrulle,
slekt skal følge slekters gang;
aldri forstummer tonen fra himlen
i sjelens glade pilgrimssang!

Englene sang den
først for markens hyrder;
skjønt fra sjel til sjel det lød:
Fred over jorden! Menneske fryd deg.
Oss er en evig frelser født!

3 comments:

knirk said...

Takk for alle fine dikt! Det har vært en fryd å følge. God jul!a

Ingrid said...

Jag tackar också för alla de fina dikter du lagt upp- en stor glädje att titta in på din blogg varje dag. Ingemanns dikt/psalm är verkligen otroligt vacker.

Bai said...

Takk for hyggelege tilbakemeldingar! Det har vore veldig spennande og utfordrande å gjennomføre dette også. Eg hadde ikkje trudd det skulle bli så vanskeleg som det blei å plukke ut 24 velbegrunna dikt.

God jul til begge to!