Dec 16, 2009

16. desember - Frode Grytten

I dag kjem eit prosadikt av Frode Grytten, frå flammesingelen Norge.

Vinterhuset
Du hører mor di ute i stova. litt seinare hører du røysta til far
din. Lydane er låge, som om nysnøen dempar alt. Du veit ikkje
kva dei driv med der ute, sikkert bare dei vanlige gjøremåla
ein februarmorgon. Snart kjem dei for å vekke deg. Snart kjem
dei for å spørje deg om du har sove godt. Du kjem bare til å strekke
deg og spørje om du kan ligge litt til. Det er ikkje det du vil
seie. Endå veit du ikkje nok til å velje dei rette orda. Kanskje
vil du aldri vite nok til å velje dei rette orda. Mange år frå no
skal du tenke at verken du eller foreldra dine har noko språk
for denne typen kjærleik. Stå opp, lage frukost, fyre i omnen,
få varme i huset.

(Norge og andre dikt. 2009)

4 comments:

Kirsten M said...

takk for fine dikt, dette var nært og fint. I mars kommer han (Grytten)til Vossa Jazz, da vil det nok svinge! Ha en god førjulstid.

Vib said...

Takk for dikt på, for meg en tidlig onsdagsmorgen! :)
God jul!

Christian Jensen said...

hei
takk for dikt. lurte på om du vet om noe dikt aktiviteter i oslo eller noen gode kontakter. jeg er en fra norge men bor i new zealand. er tilbake i norge nå men kan ikke finne noe som helst. sjekk ut min blog http://nameism.blogspot.com/

Bai said...

Eg har skrive eit innlegg her http://boklesebloggen.blogspot.com/2009/09/so-much-to-do-so-little-time.html med lenkar til ulike faste vekentlege aktivitetar i Oslo-området. Eg pleier å følgje med på Blå, Mono, Studentersamfundet og Litteraturhuset sine heimesider for å få med meg litteraturarrangement. Du spør spesifikt etter lyrikkarrangement, og eg kjenner ikkje til nokon faste vekentlege arrangement med lyrikktema, men det er mykje som skjer innimellom, dersom du held deg oppdatert på desse plassane. Litteraturhuset har hatt poesifestival og det er lyrikarar på besøk alle plassane. Elles kan eg anbefale kalenderen til Underskog: http://underskog.no/kalender/liste

Eg trur mange av desse litteraturarrangementa er ferdige for året nå. Programmet til Litteraturhuset, Blå og studentersamfundet veit eg at er avslutta. Men utpå nyåret starter det nok opp igjen med litt fleire spennande arrangement å velgje mellom.