Dec 8, 2009

Å skildre eit dikt

Eg koser meg med å lage adventskalender for tida. Eg blar gjennom diktsamlingar og finn fram gullkorn og tekstar eg hadde gløymd at eg hadde lese. Eg bruker mykje meir tid på det, enn eg burde, men kva gjer vel det?

Nokre av dikta eg finn fram kan eg seie mykje om. Men dei fleste er sjølvstendige og fullstendige tekstar, som godt kan stå for seg sjølv. Dersom eg skal forsøke å forklare korfor eg liker diktet blir det ofte oppsummerande. Og i denne oppsummeringa, forsvinn ofte den nerva av spenning, stemning og språk, som eg likte så godt då eg las diktet. Og plutseleg sitt eg igjen med ei veldig platt beskriving av diktet, som ikkje passar saman med diktet i det heile tatt.

Dette har vore ei utfordring i skrivinga av masteroppgåva som eg er i ferd med å ferdigstille. Eg skriv ei lyrikkanalyse, og innimellom lurer eg på om eg liker tekstane eg skriv om, for godt. For det hender at eg stopper opp og kjenner at det er frykteleg vanskeleg å skrive dei utleggingane som er nødvendige, for at eg skal kunne skrive den akademiske teksten eg skriv. Ikkje fordi eg ikkje har noko å seie om diktet, men fordi eg har alt for mykje å seie om diktet. Eg får lyst til å skrive: "Les diktet, lytt til orda og opplev dei, på same måten som eg gjer, og kjenn på stemninga. Eg liker denne stemninga". Slikt høyrer sjølvsagt ikkje heime i ein akademisk tekst, som ei masteroppgåve jo er.

På søndag fekk eg ein spennande kommentar på kalenderdiktet her i bloggen, frå min observante lesar Thauke2. Og denne kommentaren sette ord på mykje av det som eg har tenkt på, medan eg har skrive masteroppgåva mi, i samband med dette å skulle skildre, samanfatte og skrive om eit dikt. Thauke2 skreiv:
"Jovisst er teksten vakker, og jeg vet han har skrevet mye som fortjener den betegnelsen (...) men det er da mer enn det å si - eller?"
I denne kommentaren sett han fingeren på det som er så vanskeleg, når eg skal beskrive eit dikt. Og det er eit godt - og viktig - spørsmål Thauke2 stiller. For det er som oftast mykje meir å seie om eit dikt enn at det er "vakkert". Og når eg les diktet, anar eg kva det er, dette som er meir enn det vakre. Men når eg skal prøve å beskrive dette som eg anar, dette som er meir enn det vakre, eller kanskje dette som gjer at det vakre blir vakkert, kjennest det ofte som om diktet klappar saman.

Eg har lyst til å seie les diktet, høyr på orda, opplev den stemninga eg opplevde då eg las dette. For mange gonger er det nok. Dikta har jo stått på eigne bein, lenge allereide. Og mange dikt kan ein seie mykje meir om. Men er det nødvendig, alltid?

Mange gonger kan det vere spennande å utforske diktet og undersøke kva det er som skaper den stemninga eg som lesar opplever. Kjem opplevinga av teksten frå lydane? Klangen? Rimet? Rytmen? Orda? Språket? Biletbruken? Tematikken? Meininga? Bodskapen? Eller er det kombinasjonen av alle desse, og fleire andre faktorar, som skaper ei stemning? Går det an å definere klart og eintydig kva det er som gjer at eg liker eit dikt? I mange tilfelle, ja. Og det er både spennande og interessant å undersøke nærare nøyaktig kva det er i teksten som gjer at eg som lesar opplever lydane og orda slik eg opplever dei. Det går an å undersøke desse tinga, og i mange tilfelle blir også lesinga av diktet rikare av slike undersøkingar. Men det er ei balanse mellom det å gjere slike undersøkingar av eit dikt, og samtidig unngå å redusere diktet til ei oppsummering av seg sjølv. For slike oppsummeringer, tar ofte bort ein del av opplevinga av teksten, og det vakre forsvinn i samanfatninga. Derfor er det av og til godt å bare kunne lene seg tilbake og lytte, kanskje til og med utan å forstå så veldig mykje.

7 comments:

Lille søster said...

Det må være vanskelig å skrive akademisk om dikt. Jeg leser i hvert fall på en helt annen måte, ikke analytisk.
Som diktskriver savner jeg ofte lesninger utover at diktet er "fint". Men det er vanskelig å si så mye om dikt, jeg vet det.

Bai said...

Det skjønner eg godt. Det blir vel ofte litt snever feedback i skrivinga. Samtidig er det lettare å seie noko om korfor eit dårleg dikt ikkje fungerer enn korfor eit godt dikt fungerer. Dei gode dikta står jo veldig stødig på eigne bein, og det kjennest bare dumt å forsøke å støtte dei opp.

Anonymous said...

Enig med deg: noen dikt kan bli åpnet gjennom analyse (jeg hadde Atle Kittang som foreleser på franskstudiet i 1972, og han serverte noen fantastiske analyser av tekster som var helt lukket for meg i utgangspunktet), andre dikt kan bli punktert. Det må absolutt være en utfordring når du skal og må behandle poetiske tekster akademisk i en masteroppgave! Her i bloggen kan du jo nøye deg med å fortelle om din egen opplevelse, hvis du i det hele tatt trenger å kommentere en tekst som sitter som et skudd - men bare for dem som er mottakelige...

Det blir litt som subtil humor: hvis den må forklares, forsvinner det morsomme!

(Hvis spamordet er fint eller morsomt, pleier jeg formidle det videre. Dette liker jeg: askagnec)

Titta

torbjørn hauken said...

Kor observant eg er kan nok diskuterast, men eg synest iallfall at Børli-diktet du har med i dag er eit fint metadikt om det du skriv om her!

Boktokig said...

Javisst är det en bra bok!

Bai said...

Det er derfor eg liker det Børli-diktet så godt :)

Bai said...

Titta, så morsom ide å presentere spamord - den skal eg ta med meg vidare!

At dei gode dikta er som subtil humor var godt sagt. Det skal eg ta med meg.