Apr 6, 2009

Litteraturas nobelpris-utfordring

Forrige veke oppdaga eg kor få nobelprisvinnarar eg har lese. Denne veka oppdaga eg at den svenske bloggen Litteratura har gåande ei utfordring om å lese ein nobelprisvinnar i månaden. Dei begynte med LeClezio i februar. Eg LeClezios Gullfisken rundt jul og hopper over han i denne omgang. I mars var det Doris Lessing og i april er det Orhan Pamuk som skal lesast. Denne utfordringa passer meg veldig godt, sidan eg akkurat har innsett at eg har lese alt for få nobelprisvinnarar i utgangspunktet. Eg vil vere med på dette, og kjem til å finne fram The grass is singing og Det hvite slottet som årets påskelesing. Trur eg skal klare å ta igjen forspranget - det er jo ikkje så stort.

2 comments:

Lille søster said...

Ja, det er kanskje lettere å få lest disse bøkene hvis en får litt drahjelp. Jeg oppdaget hvor få nobelprisvinnere jeg hadde lest da Lyran hadde sin tematrio. Særlig nye nobelprisvinnere. Har lånt med meg Doris Lessing hjem før påske. Har også en del Pamukbøker stående, som mannen min har kjøpt. Kanskje jeg skal kaste meg på jeg også.

Bai said...

Ja, eg som ser på meg sjølv som relativt belest, blei overraska då eg gjekk gjennom lista for å finne trioen min. Eg har ikkje lese mange. Så det passa bra med ein slik utfrdring. Heng deg på du også!