Apr 13, 2009

Det finaste eg veit

Virrvarr har utfordra lesarane til å presentere det finaste ein veit i bloggen sin, og på denne måten lage noko fint saman. Eg synest dette var ein veldig fin tanke.

Noko av det finaste eg veit er å vere saman med folk eg veit eg kan vere trygg på.
Dette har Haldis Moren Vesaas skrive så vakkert om:

Ord over grind

Du går fram til mi inste grind,
og eg går òg fram til di.
Innanfor den er kvar av oss einsam,
og det skal vi alltid bli.

Aldri trenge seg lenger fram,
var lova som gjalt oss to.
Anten vi møttest tidt eller sjeldan
var møtet tillit og ro.

Står du der ikkje ein dag eg kjem
felle det meg lett å snu
når eg har stått litt og sett mot huset
og tenkt på at der bur du.

Så lenge eg veit du vil koma i blant
som no over knastande grus
og smile glad når du ser meg stå her,
skal eg ha ein heim i mitt hus.

Eg anbefaler forresten å gå inn på Virrvar sitt Revolusjonære Roteloft og lese alle dei flotte tekstane som står i kommentarfeltet hennar. Her er det mykje fint lesestoff, på søndagskvelden.

3 comments:

Ylva said...

Det var en fin dikt! Det är kul att läsa på norska, tycker jag.

Ingrid said...

Åh så vackert. En så fin dikt- den kommer jag att skriva ner i min speciella "diktbok" där jag samlar på mig det som jag tycker är den allra finaste lyriken. Tack Bai!

Boktokig Eva Boström said...

Det var verkligen en fin dikt!