Apr 18, 2009

Arto Paasilinna - Den ulende mølleren

Den ulende mølleren
1981
Oversatt av Nøste Kendzior
Aschehoug 2006
218 sider

Gunnar Huttunen kjem flyttande til ei lita nord-finsk bygd, kjøper ei gammal mølle, setter ho i stand og forsøker å etablere seg som ny møllar i bygda. Han blir sett på som litt sær allereide då han kjøper den gamle mølla. Ungdommane i bygda kjem opp til han om kveldane og han underheld dei med dyreimitasjonar og imitasjonar av folk i bygda. Dette liker ikkje det etablerte bygdefolket. Då det etterkvart viser seg at denne møllaren har eit ustyrleg behov for å gå ut i skogen og ule, når han møter motgang, blir han raskt erklært galen av bygdefolket. Det hjelper ikkje at han har ein klønete måte å oppføre seg på saman med andre folk på. Bygdefolket meiner at han er ein galning som bør sperrast inne, på grunn av ulinga, herminga og eit uheldig utbrot i den lokale butikken, der Gunnar kastar vekta til kjøpmannen i brønnen. Dette fører til ei jakt på den ulande møllaren, kor bygdefolket, lensmannen og etterkvart militæret er involvert. Sjølv om folk flest meiner Gunnar er galen, får han blant anna støtte frå den utsendte hagekonsulenten, Sanelma Kÿrämö, som har kome for å lære bygdefolket å dyrke grønnsakar. Gunnar og Sanelma utvikler etterkvart eit romantisk forhald, som blir begrensa og hemma av Sanelma si frykt for at bygdefolket si vurdering av den galne mannen skal vere riktig.

Den ulende mølleren er ei passe absurd og passe realistisk bok. Gunnar Huttunen framstår som ein svært sympatisk karakter i utgangspunktet, sjølv om eg som lesar av og til ristar på hovudet, saman med Sanelma Kÿrämö, og vil spørre kvifor han handlar som han gjer. For Gunnar er svært impulsiv, og dei impulsive handlingane gjer det ikkje lettare for han å overtyde lege og lensmann om at han ikkje er galen. Som lesar synest eg litt synd i Gunnar, som stadig øydelegg for seg sjølv. Han får aldri nokon reell sjanse til å gjere reide for kvifor han oppfører seg som han gjer, og dermed blir han på mange måtar uskuldig dømd på bakgrunn av folkesnakket. Samtidig har Gunnar skuld i det ryktet han har fått. Som lesar blir eg usikker på korleis eg skal forhalde meg til Gunnar. Han er ikkje fullt så galen som bygdefolket vil ha det til. Samtidig gjer han mange dumme ting, som gir grunnlag til fordommar og frykt, kanskje nettopp fordi han ikkje får tak i dei gjeldande normene.

Paasilinna skildrer denne framveksten av kollektive fordommar og frykt, og viser fram dei sosiale mekanismene som verkar når eit individ ikkje klarar å tilpasse seg samfunnet han lever i. Samtidig skildrar han Gunnar, som utan tvil er annleis, på ein veldig fin måte. Gunnar har sin eigen rasjonalitet, og sjølv om denne ikkje stemmar med bygdefolket sin rasjonalitet, får lesaren ta del i Gunnar sin tankegang og bakgrunnen for handlingane hans. Dette skapar ei spenning i boka, mellom sympatien for Gunnar og ei forståing for bygdefolket sine reaksjonar ovanfor Gunnar. Denne historia om normar og fordommer ovanfor dei som er annleis enn det dominerande fellesskapet har jo blitt fortald før. Likevel er Paasilinnas variant veldig god. Dei absurde elementa gjer boka underhaldande. Og den sympatiske måten forteljarstemma lever seg inn i tankesettet til Gunnar Huttunen på, gjer boka svært god.

Historia om Gunnar Huttunnen og Sanelma Kÿrämö er i tillegg ei vakker historie om eit skjørt og sårbart forhald, som utvikler seg til tross for ei rekkje prøvelsar.

Den ulende mølleren er ei flott bok. Ho tapar ein del på dårleg korrekturlesing, mange skrivefeil og einskilde svært underlege formuleringar. Dette vitner om sløvt arbeid frå Aschehoug si side, og slikt synest eg er skuffande, når eg les ei ellers god bok. For boka var svært god.

4 comments:

knirk said...

Denne forfatteren har jeg aldri lest. Men nå har jeg hørt så mye om ham at jeg er til bristepunktet nysgjerrig - eh...er det en mann forresten? Arto. Høres ut som en mann. Skal jeg begynne med Den ulende mølleren eller bør man begynne å lese noe annet først?

Bai said...

Wikipedia påstår at Arto er ein mann :-)

Eg har ikkje lese Paasilinna før, og syntest Den ulende mølleren var ei god bok. Det var den einaste boka av han eg fann på biblioteket før påske. Og som du var eg også svært nysgjerrig på denne forfattaren.

Anne W said...

Arto er en produktiv mannlig finsk forfatter. Jeg har lest tre av bøkene hans nå og er helt betatt. Harens år nok favoritten så langt. Anbefales på det sterkeste!

Anonymous said...

Jeg har lest flere bøker, hørt på flere lydbøker og til og med bestilt noen filmer som er laget av bøkene... Litt i overkant, kanskje, men det er morsomme bøker han skriver :)