Apr 12, 2009

Bøker i kofferten

Eg er alltid så redd for å ikkje ta med meg nok lesestoff når eg reiser på ferie, anten eg skal vere borte eit par dagar eller fleire veker, må eg vere sikker på at eg har nok bøker i kofferten.

Eg har faktisk gløymd å ta med bøker på ferie ein gong, for å oppdage at tyske bokhandlarar bare selgjer tyske bøker. Eg kan stave meg gjennom tyske tekstar, men det er ikkje ferielesing. Etter å ha tråla ei rekkje bokhandlarar på jakt etter engelske bøker fann eg tilslutt The kite runner. Dette var forsåvidt ei svært god bok, som eg neppe ville ha kjøpt heilt utan vidare, på grunn av min grunnleggjande skepsis ovanfor bestselgjarar. Så alt i alt var det kanskje heldig at eg ikkje hadde hugsa å pakke bøker, og dermed fekk lese The kite runner.

Men eg er redd for å ikkje ta med meg nok lesestoff på ferie. Eg er også redd for å vere på ferie og oppdage at eg ikkje har nokon bøker eg har lyst til å lese der og då. Derfor må eg alltid passe på å ta med meg mange nok bøker på tur, i mange nok ulike sjangrar. Denne påsken hadde eg dermed med meg desse bøkene i kofferten:


The grass is singing av Doris Lessing, Det hvite huset av Orhan Pamuk, Dødsmerket av P. D. James og Den ulende mølleren av Arto Paasilinna. Det er viktig å ha med seg fire bøker på ein 2 døgn lang hyttetur. Eg rakk lese halvparten av The grass is singing. Resten av bøkene har bare fått seg ein luftetur.

Det er langt frå første gongen eg har komt heim med kofferten full av bøker eg ikkje rakk lese. Men eg tenker at det er betre å ha med for mange bøker enn for få. Dersom eg har for mange bøker med meg på tur, kan eg bare ta dei med heim igjen, ikkje sant?

6 comments:

Lille søster said...

Dette var veldig gjenkjennelig. Men det var for øvrig et godt utvalg du hadde tatt med deg.

Aina Basso said...

eg blir alltid litt stressa på ferien viss eg har med for mykje lesestoff. eg vil liksom helst lese ut alt! men det går jo aldri. så då sit eg gjerne og sprengles siste dagen. hehe.

Ingrid said...

Jag tycker precis som du- bättre att ta med sig lite för mycket än tvärt om. Du verkar ha en bra blandning!

Bai said...

Aina, det høyrdest nesten litt slitsomt ut. Eg er glad mine tvangsnevroser ikkje strekker seg så langt. Denne ferien blei det mykje meir strikking og småprating på verandaen i sola, enn lesing og det er heilt greit for meg.

Karin said...

Jeg er helt enig med deg. Ser med skrekk og gru på å ikke ha en bok for hver anledning når man er ute og reiser. I tillegg havner det jo kanskje ei bok eller to i kofferten i løpet av turen, hvis man er i nærheten av bokbutikker da:-)

Anonymous said...

Jeg drar alltid med meg en sekk full av bøker! HA HA - det er skikkelig teit gjort. Men jeg klarer aldri velge.