Nynorskordboka presenterer tre betydningar av ordet:
1 | med.: toleevne ha høg, låg t- for noko |
2 | det å bere over med meiningane el. åtferda til andre; tolsemd (2) vise t- i livssynsspørsmål |
3 | tillate avvik frå ei norm gjenga har ein t- på |
Det er den andre betydninga av ordet toleranse, å bere over med meiningane eller åtferda til andre, eg vil sjå nærmare på.
Det har skjedd noko med samfunnet vårt. For femti år sidan var det radikalt å snakke om kvinner som ikkje arbeidde heime og foreldre som ikkje budde saman med ungane sine. Homofili var ulovleg og ekteskapet var så godt som uoppløyseleg. Dei rådande normene har forandra seg. Sambuarar og aleineforeldre har mange av dei same rettane som gifte foreldre. I fjor blei det vedteke ein kjønnsnøytral ekteskapslov, og kvinner som vil vere heime med ungane sine må forklare dei dei møter kvifor dei ikkje vil arbeide.
Dei standpunkta som var radikale nokre tiår tilbake, er normative i dag. Og dei som står for synspunkter som var normative for nokre tiår tilbake er ikkje bare konservative, men dei er også intolerante. Nina Karin Monsen er ei av desse. Ho har eit verdisyn som har fått medienorge til å rope om toleranse når ho denne veka har vunne Fritt Ord Prisen. Det at ho har fått prisen, vitnar om at det er radikalt å vere konservativ i samfunnsdebatten. Det er mainstream å forfekte dei radikale ideane, medan dei konservative ideane møter sterk motstand.
Mykje av kritikken mot Nina Karin Monsen går på at ho er intolerant. Ho tolererer ikkje folk som lever annleis enn henne og derfor fortener ho ikkje Fritt Ord Prisen. Men kva er det med desse kritikarane, dei som snakkar om toleranse, og som likevel ikkje tolererer utsagna hennar? I mine auge viser dei like lite toleranse, som dei kritserer Monsen for å vise. Dei ber ikkje over med meiningane hennar. Det begynner å sjå ut som om toleranse-omgrepet er forbehalde for dei med politisk korrekte meiningar. Har ikkje dei konservative rett til å bli møtt med toleranse for sine meiningar? Er det ikkje nettopp dei upopulære ideane vi treng å høyre i samfunnsdebatten, dei ideane som setter evna til å bere over med andre sine meiningar på prøve?
Eg ønsker meg ein samfunnsdebatt som er prega av toleranse, også ovafor dei som uttrykker meiningar som blir kritisert for å vere intolerante. Derfor vil eg, til tross for at eg på langt nær er enig i det Monsen står for, likevel gratulere henne med Fritt Ord Prisen.
3 comments:
Dette er det beste innlegget jeg har lest i hele NKMdebatten. Takk!
Takk for det, Maria!
Og jeg er helt uenig med deg! Jeg syntes ikke vi skal tolerere intoleranse. Jeg har fulgt med Nina karin Monsen i mange år, og noen av de eldste bøkene hennes er gode. men de siste syntes jeg "syder" av intoleranse og fordømmelse. Så jeg er en av de som syntes det er virkelig trist at hun har fått prisen. Jeg mener at hun står for det vi skal bekjempe,nemlig intolerante synspunkter som spiller på folks fordommer, stereotypier og forakt for de som velger annerledes.
Post a Comment