Apr 5, 2011

Eit ekte møte mellom to mennesker


Brev 1970-1975
Olav H. Hauge og Bodil Cappelen
Det norske samlaget 2011
307 sider

I februar 1970 tar Bodil Cappelen kontakt med diktaren Olav H. Hauge i eit brev. Her skriv ho:
"Jeg stod opp i morges og tenkte på et rom møbelert med bøker fra gulv til tak. Bli ikke forbauset når jeg skriver slik til deg og du ikke kjenner meg - det går over, man kan vel møtes i et brev så vel som på gaten."
s. 7
Det er meir vanleg at to mennesker som ikkje kjenner kvarandre, møtest på gata enn i eit brev. Likevel blir heile denne samlinga av brevvekslinga mellom dei to kunstnarane ei vakker og annleis skildring av eit møte mellom to mennesker, i brevform. Over ein periode på fem år, skriv dei brev til kvarandre. Dei skriv om det dei er opptekne av i kvardagen. Olav H. Hauge skriv om frukttrea, diktinga, omsettingsarbeidet sitt og det han les. Bodil Cappelen skriv om familien, billedveven, bøker ho les og diktinga til Olav H. Hauge. Og etterkvart som åra går, blir dei betre og betre kjend med kvarandre. Boka sluttar i 1975, når Bodil pakkar saman vevutstyret sitt og reiser til Ulvik for å bu samen med Olav. Og eg synest ho sluttar alt for tidleg. Eg vil lese meir om korleis samlivet mellom desse to blir. Dei er begge spente på korleis det blir, når ei skilt kvinne skal flytte saman med han som har vore aleine heile livet:
"Og du lagar deg til å flytta. Hugså no på det eg sa fyrr: Ta ikkje meir med enn du absolutt treng! Seg at du skulde finna på å reisa att! Du kan aldri vita. Eg har nett lese Kjærleikens ferjereiser (Edvard Hoem), og då ser ein at det er so ymist med den kjærleiken! Det skulde no me vita fyrr. Vert no ikkje skræmd, Bodil, kanskje det kjem til å gå fint òg!"
(s. 303).
Brev 1970-1975 er ei sterk skildring av utviklinga av vennskapet og kjærleiken mellom dei to. Breva er autentiske og det gjer at denne kjærleikshistoria får eit ekte og naturleg preg, som eg aldri har funne i nokon oppdikta roman. Dei to nærmar seg kvarandre, på ein slik vâr og forsiktig måte, og kjenslene som blir uttrykt i breva, blir gradvis sterkare.

Boka er vert å lese, fordi ho fortel denne unike kjærleikshistoria. Og i tillegg til dette, inneheld boka mange svært interessante refleksjonar om arbeidet til dei to kunstnarane, og om uvissa ved å leve eit kunstnarliv. Dei skriv om bøkene dei har lese sidan sist og dei kjem med korte kommentarar til dei siste utspela til Jan Erik Vold og Georg Johannessen i Dagbladet og Vinduet. Dette er med på å gjere boka særleg interessant, som desse passasjane kor Hauge kommenterer Cappelen sine og sine eigne forsøk på å omsette dikta til Emily Dickinson:
Til vanleg nytta ho rim og fast metrum, men det hende ho skreiv utan rim, når dei ikkje kom av seg sjølv. Rett nok var ho fri både med rim og taktar. Ein bør vel gjeva att dikti i same form som dei har på engelsk, so nokonlunde då; då fær ein vel best fram den sereigne tonen dikti hennar har.
(s. 18)

Korleis ein skal setja um, vert dei lærde aldri samde um. Måtane er mange, og kvar lyt velja den måten han/ho meiner er best. No skal ikkje eg laga meg til som ein skulemeister; rett nok har eg prøvt å setja um noko; litt kan eg vel ha lært etter kvart, at det ofte er vanskeleg, ja radt umogeleg, det er visst! Lat oss segja det er umogeleg. Det er vel det som gjer at ein prøver å det. Fyrst og fremst lyt ein prøva å krjupa inn i dikti, og sjå dei innanfrå, finna vekstpunktet, då finn ein gjerne dei norske ordi og formi òg. Noko anna enn originalen vert det alltid.
(s 132-133).
Eg får lyst til å lese meir av Hauge sine refleksjonar om språk, form, innhald og dikting. Eg vil lese eit essay av Hauge om omsetting av Emily Dickinson eller Robert Bly. Men eg får bare desse korte glimta av refleksjonar rundt arbeidet til Hauge. Dei blir avbrotne av ei forteljing om ei bussreise, eller nokre tankar om plommetrea og epletrea. Og det er på mange måtar dette som gjer desse breva så fine å lese. Dei store refleksjonane om livet, kunsten og kjærleiken er ikkje pompøse og altomfattande. Dei blir til ei kvar tid sett inn i ein kvardag - den kvardagen som dei to brevskrivarane lever i.

Takk til Samlaget for leseeksemplar.

4 comments:

Vibeke said...

åhh - denne høres ut som en nydelig bok...

Fin bokanmeldelse fra deg - fikk følelsen av den varsomheten som det sikkert var mellom disse to menneskene.

Janicke said...

Helt enig med deg, det er mange grunner til å lese denne boken!!

Bai said...

Ja, Vibeke, det er ei nydeleg bok. Og Janke, det er mange fleire grunnar til å lese ho også, men innlegget begynte å bli langt nok. Eigentleg kunne eg nesten ha sitert heile boka, trur eg.

Aud Venke said...

No veit eg ka bok eg må kjøpe meg.