Eg sette meg ned for å lese gjennom bloggane eg abonnerer på, og blei litt overraska då eg kom til bokmerker.org, kor Julie har skrive eit langt og grundig og svært opplysande innlegg om dei ulike litteraturhistoriske retningane sitt syn på historisitet og kontekst. Dette passa jo veldig bra saman med spørsmål 2, i lista under.
Eg kan verkeleg anbefale dette innlegget.
May 24, 2010
Lyrikk på ein (forseinka) søndag - H
Lyrikkutfordringa mi blei forseinka denne veka. Dette skuldast delvis fysiologiske problem hos skribenten (som alltid blir like slått ut av kraftig spreiing av bjørkepollen på denne tida av året, men som likevel aldri lærer å innta dobbel dose allergitablettar tidleg nok) og delvis tekniske problem på skribenten sin pc (som nå heldigvis er så god som ny).Nå er både eg og pc'en velfungerande igjen, og vi er klare med bokstaven H.
1. Haiku er eit kortfatta japansk dikt, med strenge formkrav. Det skal ha 17 rytmiske einingar, fordelt på 3 linjer: 5 i første, 7 i andre og 5 i tredje. Haiku-diktninga har inspirert moderne europeisk og amerikansk diktning, som Ezra Pound og beat-poetane.
Presenter eit haikudikt eller eit haiku-inspirert dikt.
2. Historisk-biografiske metode er ein lesemåte som knytter tekst tett opp til forfattar og forfattarbiografi. Moderne litteraturvitskap har stilt seg kritisk til denne lesemåten, men likevel er det stadig diskusjonar om korvidt ein kan lausrive teksten heilt frå forfattaren som har skrive han, eller ikkje. Kva tankar gjer du deg om dette?
3. Presenter eit dikt av ein forfattar på H.
Eg håper de framleis er med, sjølv om det blei mandag denne veka!
--------
1. Eg vil presentere eit haikudikt av Ezra Pound. (Eg er fascinert over kor få ord som skal til, for å uttrykke ei stemning).
In a station of the Metro
The apparition of these faces in the crowd:
Petals on a wet, black bough.
2. Når det kjem til spørmålet om historisk-biografisk lesemåte, er eg delt. Ofte synest eg det er spennande å lese dikt (og andre tekstar) av forfattarar som eg ikkje veit nokonting om. Og eg blir ofte irritert, når eg har lese ein tekst og får høyre at "det betyr jo sånn og sånn og sånn, for det har onkelen til ein eg kjenner som veit kven forfattaren er sagt". Eg trur ikkje på å fastlåse betydningar, og i alle fall ikkje til å knytte dei til biografien til forfattaren.
Samtidig er forfattaren ein del av den diktariske prosessen. Og eg trur det er litt naivt på andre sida å strekke nærlesingstrikken for langt. For fofattaren har ei viss relavans i forhald til teksten. Men då tenker eg kanskje meir på det Erling Aadland i fleire artiklar har kalla "forfatteren som dikterisk kreativitet". For eg trur forfattaren sitt eg er ein del av den kreativiteten som fører til at teksten blir som han blir. (Dette er forøvrig noko eg synest er veldig spennande å diskutere, så her håper eg på mange spennande svar!)
3. Eg har veldig sansen for Piet Hein sine "Gruk", og dette er eit av mange herlege:
CONSOLATION GROOK
Losing one glove
is certainly painful,
but nothing
compared to the pain,
of losing one,
throwing away the other,
and finding
the first one again.
Labels:
Av Ezra Pound,
Av Piet Hein,
Dikt,
lyrikk på ein søndag,
Om lyrikk
May 18, 2010
Du kan kalle meg lektor. Og litteraturvitar.
I dag var eg på trykkeriet og henta 10 eksemplarer av masteroppgåva mi, fint innbunden, med mitt namn på framsida. Sjå, er ho ikkje fin?
Nå kan eg endeleg smykke meg med titlane "lektor" og "litteraturvitar". Eg har lyst til å be familien min om å bruke desse titlane, bare for ein dag, men eg er redd dei vil le av meg. Forrige veke blei eg utledd etter å ha sagt "Eg er ferdig med oppgåva!" 16 gonger i løpet av første timen etter at ho blei sendt til trykkeriet. Så eg nøyer meg med å seie at du kan kalle meg lektor og litteraturvitar. Men det er ikkje nødvendig å faktisk gjere det.
Den fordomsfulle lesaren
Eg er ein fordomsfull lesar. Eg styrer unna visse bøker, sjangrar og forfattarnamn, fordi eg ikkje trur dei har høg nok kvalitet til at dei er verdt å bruke tid på. Og dersom eg i periodar får det føre meg at eg skal lese desse bøkene, sjangrane og forfattarane, bortforklarer eg det.
Fleire gonger har desse fordommane vist seg å stemme. Bøker som blir omtala som "ei sterk og rørande historie" eller "ei tåredryppande og kjensleladd lesaroppleving" på coveret, gjerne kombinert med ord som "basert på ei historie frå verkelegheita" eller "ei historie frå nåtidas ... " har eg slutta å lese. Dei faller sjeldan i smak. Det er mest fordi språket er for prega av at dette skal vere ei rørande forteljing, og ingenting meir. Og dei gongene eg av ulike grunnar har late meg overtale til å lese bøker som er basert på ei sann forteljing frå verkelegheitas eit-eller-anna, har eg som oftast ikkje komme gjennom dei. Bøker som reklamerer med at dei kunne vore ei sann forteljing, men som likevel ikkje er det, er endå verre. Desse bøkene handlar ofte om tragiske oppvekstar, dårlege vilkår for oppvekst, vonde relasjonar til foreldre eller fattigdom og eit samfunn som ikkje behandlar den forteljande rett. Tusen strålende soler og Little Bee er to eksempler på slike. Dei gir seg ut for å skulle seie noko sant om ein viktig tematikk, og dei når fram til store lesargrupper. Men dei apellerer av ein eller anna grunn ikkje til meg.
Derfor er det litt underleg at eg akkurat nå har to bøker på nattbordet mitt. Begge er baserte på sanne forteljingar om levde liv, og eg liker dei begge to. Dei er svært ulike, men dei har til felles at dei er skrivne med utgangspunkt i vanskelege opplevingar og dei vil seie noko som er sant om ein viktig tematikk. Den eine er romanen Precious, av Sapphire, boka bak kinofilmen som går nå og den andre er den langt meir dokumentarisk prega boka til Arnfinn Nordbø, Betre død enn homofil. Dei er begge bøker i ein sjangar eg vanlegvis går forbi, men som eg av ulike grunnar har fått lyst til å lese. Og dei er begge sterke og oppriktige bøker, som gjer eit ekte inntrykk på meg.
Som den fordomsfulle lesaren eg er, må eg erkjenne at eg har teke feil igjen. Det er ikkje alle bøkene i desse sjangrane som er platte og klisjefylte og prega av språklege overdrivingar, som bare er til for å røre lesaren. Nokre av dei som skriv bøker, basert på sanne historier, skriv godt og dei skriv viktige bøker om viktige tema, som i tillegg er verdt å lese.

Om lesing
May 17, 2010
Gratulerer med dagen!

Hvorhen du går i li og fjell
en vinterdag en sommerkveld
fra fjord til forssevell
fra eng og mo med furutrær
fra havets bryn med fiskevær
og til de hvite skjær
møter du landet i trefarget drakt
svøpt i et gjenskinn av flaggets fargeprakt.
Se en hvitstammet bjerk oppi lien
rammer stripen av blåklokker inn
mot den rødmalte stuen ved veien,
det er Norge i rødt, hvitt og blått.
Ja så hvit som det hvite er sneen
og det røde har kveldssolen fått
og det blå gav sin farge til breen,
det er Norge i rødt, hvitt og blått.
Tekst: Arild Fjellborg.
May 16, 2010
Lyrikk på ein søndag - G
Her kjem søndagens spørsmål på G - ei heil veke for seint.1. Den tyske filosofen Hans Ulrich Gumbrecht ga i 2004 ut boka The Production of Prescence - what Meaning Cannot Convey. Her presenterer han ein kritikk av vestleg humanistisk tenking sitt einsidige fokus på avdekking av meining, og fortolking i kunsten. Han etterlyser eit større fokus på det kropplslege nærværet, det i kunstverket som vender seg mot sansane. Diktet er ei kunstform, kor nærværet er viktig, sjølv om ordet knytter det til meining.
Presenter eit dikt, kor det kroppslege nærværet (altså det som henvender seg til sansane) er tydeleg.
2. Gjendikting er ikkje forbunde med noko som er heilt enkelt. Alle stemninginane i originalspråket skal bringast med over i den nye språkdrakta. Gi eit eksempel på ei vellukka gjendikting av eit dikt.
3. Presenter eit dikt av ein diktar på G.
--------------------------------------------
1. Eit av dei dikta eg veit om, kor det Gumbrecht kaller nærværseffektene er tydelegast, er Obstfelders "Regn". Eg blir nesten våt av å lese dette diktet.
"Regn"
En er en, og to er to -
vi hopper i vand,
vi triller i sand.
Zik zak,
vi drypper på tag,
tik tak,
det regner idag.
Regn, regn, regn, regn,
øsende regn,
pøsende regn,
regn, regn, regn, regn,
deilig og vådt
deilig og råt!
En er en, og to er to -
vi hopper i vand,
vi triller i sand.
Zik zak,
vi drypper på tag,
tik tak,
det regner idag.
2. Øyvind Berg har gjendikta Paul Celan, mellom anna dette sterke diktet:
Tornekrans
Gi avkall på purpur
Natta
klinker timens hjertebank ferdig:
viserne, to spyd,
bores brennende i synet på deg.
Blodsporet mørkner og gir ingen vink.
Kvelden din,
ansiktet avslørt av sjøgang,
sank i det spredte sivet;
hærskaren beseiret av engler
slukner den med sine skritt.
I skogen
snitter vindenes kniver
ditt smakfulle bilde i ask:
skjul meg med nattvinden i dine armer.
På brystet av ask tenner jeg stjerner til avskjed.
Ikke bli. Blomstr aldri mer.
Snølykta sluknet, alt som er blottet står for seg selv....
Jeg rir i natta, jeg vender ikke om.
3. Eg klarer ikkje dy meg, frå å trekke fram Ekelöf i dag også. Denne gongen som Gunnar. I dag er det diktet "Poetik"
"Poetik"
Det är till tystnaden du skall lyssna
tystnaden bakom apostroferingar, allusioner
tystnaden i retoriken
eller i det så kallade formellt fulländade
Detta är sökandet efter ett meningslöst
i det meningsfulla
och omvänt
Och allt vad jag så konstfullt söker dikta
är kontrastvis någonting konstlöst
och hela fyllnaden tom
Vad jag har skrivit
är skrivet mellan raderna
May 12, 2010
Carsten Jensen på Litteraturhuset
I kveld har eg vore og høyrd Carsten Jensen halde foredraget "Hva f... skjedde med Danmark" på Litteraturhuset. For det første var det godt å vere ute blant folk. For det andre var det veldig interessant å høyre han snakke om kor lite dejlig det er å vere utledning i Danmark, så lenge dei høgreekstreme men samtidig populistiske haldningane er så sterke som dei er.
Han snakka mellom anna om Muhammed-karikaturane og om korleis diskusjonen omkring teikningane har blitt ein diskusjon omkring ytringsfridommen. Også stilde han spørsmål med kor vidt ytringsfridom betyr at vi skal omfavne ei kvar ytring, ukritisk til innhaldet. Eg syntest det var fint å høyre nokon seie akkurat dette. Eg har tenkt mykje på akkurat dette, både i samband med Muhammed-karikaturne og i samband med diskusjonane som gjekk kring blasfemiparagrafen for ei tid sidan. Retten til å ytre har blitt viktigare enn respekta for andre menneske og andre kulturar. Carsten Jensen har rett, det er forskjell på å ha ytringsfridom og på å latterleggjere det som er viktig for andre folk. Når det er sagt, meiner eg ikkje at drapstrugslar er ein god måte å svare på. Men det er påfallande at ein så liten del av diskusjonen har handla om innhaldet i desse teikningane. Det var trass alt innhaldet som starta det heile.
Jensen snakka om mykje anna viktig, også. Eg trur eg liker denne mannen. Eg har Vi, de druknede, i ei eller anna pappeske. Eg trur eg skal spa henne fram og lese ho.

May 9, 2010
Ingen lyrikk denne søndagen
Eg beklager å måtte skuffe mine kjære lesarar med at det ikkje blir lyrikkutfordring denne søndagen. Det skuldast at oppgåva eg har jobba med i omlag to år snart, skal sendast til trykkeriet førstkommande tirsdag. Eg klarer ikkje tenke på andre ting denne søndagen.
Eg kjem derimot sterkare tilbake neste søndag, med gjennomtenkte og velutvikla spørsmål omkring bokstaven G.
Eg kjem derimot sterkare tilbake neste søndag, med gjennomtenkte og velutvikla spørsmål omkring bokstaven G.
May 2, 2010
Lyrikk på ein søndag - F

God søndag, kjære lesarar!
Det er tid for F i lyrikkutfordringa. F'en har vist seg å vere ein vanskelegare bokstav enn eg hadde forventa. Men eg har klart å komme fram til tre spørsmål knytta til bokstaven.
1. Frammandgjering er eit omgrep som blei brukt av dei russiske formalistane, for å markere forskjellen mellom daglegspråket og det litterære språket. Dei meinte at ein språkbrukar og lesar har lett for å få eit automatisk forhald til språket, kor gjenkjenning av ord og strukturar gjer at lesaren ikkje legg merke til kva han faktisk les. Victor Skjlovskij meinte at det litterære språket skulle marke avstand til det automatiserte kvardagsspråket, gjennom bruk av frammandgjerande verkemidler, som fekk lesaren til å leggje meir merke til forma. Eksempler på frammandgjerande verkemidler kan vere er metaforar og anna biletspråk, gjentakingar og parallellismer.
Presenter eit dikt kor språket er annleis enn kvardagsspråket.
2. Presenter eit dikt av ein diktar med namn på F.
3. Det er mai, og i mai er vi nordmenn ekstra opptekne av fridom. Presenter eit dikt som handlar om fridom, på eit eller anna nivå.
---------------------------------------------
1.
Diktet "Mitt hjerte" av Jens Bjørneboe er bygga opp omkring ei rekke metaforar som blir stadig meir utvida. Biletspråket fører språket i diktet bort frå den kvardagslege uttrykksmåten, og er samtidig med på å gjere diktet svært rikt på innhald.
MITT HJERTE
Mitt hjerte det er et foreldreløst barn,
det har hverken hjem eller sted å bo,
det har ikke klær, ikke mat og sko,
det har hverken seng eller barnetro.
Det har ingen ro. .
Mitt hjerte det er en fattiggutt.
Han vandrer bestandig fra gård til gård,
han tigger om brød og en melketår,
han tigger om klut å ha på et sår.
Og han tar hva han får. .
Han tigger om filler og ting å ha på,
å få sitte på krakken og hvile en stund,
å få ligge på låven å ta seg en blund.
Men så stanger en stut, og så bjeffer en hund.
En mann bruker munn. .
Mitt hjerte det er et foreldreløst barn,
Det har glemt sin mor. Det har glemt sin far.
Men det spør etter dem overalt hvor det drar.
Og det spørsmål er alt hva det eier og har.
Og det får ikke svar.
*
Så tok jeg i hånden den fattiggutt
og talte til ham: Du vet at du er
den eneste ting ved meg selv jeg har kjær,
Din far har du søkt både fjernt og nær.
Han er ikke her.
Din far han bor bak blåner syv.
Der har han det vakreste slott som fins,
og finner du dit, blir du glad til sinds.
Mitt hjerte, mitt hjerte, da blir du prins.
Da blir du prins.
2.
Min diktar på F er Kolbein Falkeid. Falkeid har eit enkelt og kvardagsleg språk, og er ein svært lett tilgjengeleg diktar. Eit av dei finaste dikta hans, er dette enkle diktet om vener:
Det er langt mellom venner
Det er langt mellom venner.
Mellom venner står mange bekjentskaper
og mye snakk.
Venner ligger som små lysende stuer
langt borte i fjellmørket.
Du kan ikke ta feil av dem.
3.
"Einsamflygningar" av Haldis Moren Vesaas er eit dikt som kan lesast som ei tematisering av det å leite etter fridom:
Einsamflygningar
Barn, ikkje le av den fuglen
som flaksar så hjelpelaust av stad.
Vinden har skilt han frå dei andre
som flyg over havet i ei jamn, tett rad.
Vinden valde ut denne eine
og kasta han ut av den usynlege lei
som fuglar av hans slag plar følje.
Han er ikkje lenger ein av dei.
Sin eigen veg han må finne,
eller? om han trøytnar om litt?
si tapt, la seg falle, gå under,
slik går det desse einsame tidt.
Det mørknar vidt over havet.
Ei frostnatt kvesser sine jarn.
Ein fugl flyr einsam under stjerner.
Ikkje gråt for denne fuglen, barn.
May 1, 2010
Keiseren av Portugalia
Keiseren av Portugalia
Selma Lagerlöf 1914
Omsett av Per Quale
Oktober forlag
230 sider

Eg har lese om att boka Keiseren av Portugalia. Sist eg las ho, var i samband med særemnet mitt om Selma Lagerlöf på vidaregåande. Det er ti år sidan. Boka var flott då og ho var flott nå. Men eg ser at det er andre ting som gjer inntrykk på meg som lesar nå, enn den gongen.
Boka handlar om husmannen Jan på Skrolycka og forhaldet hans til dottera, Klara Fina Gulleborg, som er oppkalla etter sola. Dottera blir som ei sol i det triste livet til Jan, og gjennom oppveksta hennar blir han meir og meir overtydd om at dottera hans er noko heilt spesielt. På grunn av at familien får økonomiske problem, må Klara Gulla reise heimefrå for å tene penger. Ho sender foreldra dei pengane dei treng, for å betale gjelda, og så høyrer dei ikkje frå henne på 15 år. Dette øydelegg gamle Jan. Han blir sjuk av lengsle etter veslejenta, og når rykta begynner å fare i bygda om at Klara Gulla sitt levesett i byen ikkje er som foreldra skulle ønske, blir Jan gal. Han får det føre seg at Klara Gulla er keisarinne av Portugalia, og sjølv går han rundt og omtaler seg som keisaren, faren til keisarinna. Han blir sett på som ein skrulling av sambygdningane, der han går og syng songar med keisarstaven og kasketten som han har fått.
Då eg las boka for ti år sidan, var det forteljingane om Klara Gulla si oppvekst og om den store sorgen til faren som gjorde størst inntrykk. Denne gongen er eg meir fascinert over forteljarstemma i boka. For forteljarstemma har ei slik blanding av empati og distanse til hovudpersonen Jan, at det er som om lesaren får ta del i to sider av forteljinga heile tida. Eg får sjå Jan frå både innsida og utsida på same tid. Og denne karakterframskrivinga blir gjort på ein elegant måte, utan overflødige forfattarkommentarar. I første delen, om barneåra til Klara Gulla får eg sjå både den store kjærleiken og korleis denne grensar til det usunne, gjennom måten kjærleiken blir beskrive. Og når keisaren går omkring i bygda, ser eg både denne opphøgde sida som er knytta til Jan si sjølvforståing og samtidig den latterlege figuren som sambygdingane ser.
Denne tragiske og samtidig vakre historia blir heilt spesiell, gjennom måten ho blir fortald på. Selma Lagerlöf er ein dyktig forteljar!

Subscribe to:
Posts (Atom)