May 15, 2011

Lyrikk på ein søndag - W, X, Y, Z... eller ny runde?

Den siste tida har søndagslyrikkpostane vore vanskelegare og vanskelegare å lage. Dels fordi vi har komme til den delen av alfabetet der alle dei vanskelege bokstavane er, men også fordi mange av oppgåvene begynner å bli oppbrukt. Vi har vore innom veldig mange litterære epokar, omgrep og teoretikarar, knytta til dei ulike bokstavane. Og nå begynner det å bli litt tomt for idear hos meg.

Likevel - eg har sett veldig stor pris på aktiviteten rundt desse lyrikkoppgåvene, og eg har lyst til å fortsette å bidra til å oppretthalde eit visst fokus på lyrikk i bloggsfæra. Sjølv har eg lært mange ukjende diktarar å kjenne, både ved å leite etter svar på mine eigne oppgåver, men ikkje minst gjennom å lese svara til dei av dykk som er med og svarer. Og sidan eg er så glad i diktlesing, har eg lyst til å fortsette, men med ein litt anna vri.

Eg har lyst til å gjere om "Lyrikk på ein søndag"-oppgåvene frå å vere alfabetisk organisert til å vere geografisk organisert. Eg har lyst til å leggje ut på ei lyrisk reise, gjennom Europa og vidare til Asia, Afrika og over til det australske og amerikanske kontinetet. I staden for å bruke bokstavar som tema, vil eg bruke land som tema. Og utfordringa vil då kvar søndag vere å gjere seg kjend med og presentere eit dikt og ein diktar frå det aktuelle landet.

Er det stemning for å bli med på ei slik reise?

May 13, 2011

Stafett

Medan folk flest lader opp til holmenkollstafetten, har eg tatt imot ein stafettpinne frå Torbjørn Hauken, som er meir kompatibel med sofalivet. Stafetten blei starta av Dipsolitteraten og du kan lese meir om han i desse postane. Poenget her er å finne eit avsnitt frå ein bok, som er fortald i førsteperson og lime det inn under avsnitta som dei tidlegare deltakarane har limt inn. Resultatet er ei forteljing som begynn å ta form:
Jeg er et sykt menneske… Jeg er et ondt menneske. Et frastøtende menneske er jeg. Jeg tror jeg er syk i leveren. Forresten begriper jeg ikke en døyt av min sykdom, og vet ikke så nøye hvor jeg er syk. Jeg kommer jo tross alt omsider til å være helt død snart. Kanskje i neste måned. Da blir det i april eller mai. For året er bare så vidt begynt, tusener av små ting forteller meg det. Det kan være jeg tar feil, og at jeg kommer til å overleve sankthans, og kanskje til og med den fjortende juli – frihetens dag. Men hva er det jeg sier, kjenner jeg meg selv rett, kunne jeg finne på å holde ut helt til Kristi forklarelsesdag eller Maria himmelfart i august. Men jeg tror ikke det, jeg tror ikke jeg tar feil når jeg sier at disse festlighetene kommer til å finne sted uten meg i år…forresten akter jeg ikke å fortelle hele livshistorien min, det kan dere gi dere nøkken på. Jeg skal innskrenke meg til å skissere i korte trekk hvordan det forholdt seg med dette skrullepetteriet som hendte meg ved juletid i fjor, like før jeg knakk sammen og ble nødt til å dra ned hit og ta det kuli. Da jeg var liten, gjorde jeg sære ting for å bli lagt merke til. Da jeg var seks, pleide jeg å gå og stjele sild fra fiskeboden på markedsdagene. Jeg moret meg med å løpe etter jentene for å gni de nakne leggene deres med foten. På ungdomsskolen gikk jeg med stor sløyfe i stedet for slips for å se romantisk ut og ligne på Byron. Og for å leke billedstormer satte jeg statuen av Jomfru Maria på do. Når jeg gikk inn i en butikk for å prøve et plagg, var det nok at selgeren sa: “Denne er veldig populær, jeg solgte et titalls stykker av den i går” til at jeg ikke kjøpte noe. Jeg ville ikke se ut som de andre. Jeg har alltid hatt et stort behov for å være alene, jeg trenger store flater av ensomhet, og når jeg ikke får det, som jeg ikke har gjort de siste fem årene, kan frustrasjonen iblant bli nesten panisk, eller aggressiv. Men nå var dagen over og jeg kunne kjenne klærne som om de var stivnet på meg mens jeg gikk sammen med de andre tilbake til husene. Overallen som var det eneste vi fikk utenom en genser, og jeg hadde hørt noen si at det bare ville bli en litt tykkere genser til vinteren, og det var alt. Og vi sto i kø for å komme inn og vaske oss i dusjen, og ingen fikk ta av seg før de var inne i dusjrommet, og da jeg endelig kunne ta av meg overallen, var den som en kald klump av gjørme. For meg var den største fornøyelsen på reisene, å komme dit og handle, om og om igjen, vente bak disken mens kniplinger knapper spenner ble pakket inn i papirog folk i køen glodde på en liten femåring som kjøpte strømpebånd og kammer og blanke knapper for en knapp månedslønn til en voksen, summen ble skrevet utenpå pakkene eller på en egen kvitteringsblankett, den ene delen ble dyttet inn i pakkene, den andre fikk jeg. På noen steder kom den første kvitteringen fra et kassaapparat, men ellers foregikk betalingen på samme måte; når vi hadde fått kvitteringen, måtte vi stille oss i en annen kø, kassakøen, der vi ventet foran et støyende kassaapparat for å få betalt summen som stod på kvitteringen, da fikk vi en annen kvittering, med den ble vi sendt til disken vi kom fra, og mot denne kvitteringen fikk vi endelig pakken med varene vi hadde kjøpt. Det passet bra til denne galskapen, hvordan jeg lekte fin dame på handletur, og fordi vi hadde mange rubler fikk jeg leke med ordentlige penger, leke butikk i en ordentlig butikk og leke fin dame som gjorde ordentlige innkjøp.
Eg sender stafettpinnen vidare til Labbens.

Ugly Americans?

For ei tid sidan blogga eg om boka Freedom av Jonathan Franzen. Og i dag kom eg over ein par dagar gammal artikkel om boka i NYRB, "Franzens ugly Americans abroad". Her skriv Tim Parks:

It’s interesting that in this passage the Italian translator has to leave words like “football” (as opposed to soccer), then “Grounds,” and “campus,” in English. This alerts us to a larger problem with translating Franzen; these are not just lists of American things and things American people do, but also—and crucially—of the very words Americans use. Italian has no word for Foosball, nor does it have either the object or the denomination “mechanized recliners,” so that the translator is obliged to explain (and the reader still won’t be able to picture this aberration in all its ugliness).


For the American reader there is the pleasure of recognizing the interiors Franzen so meticulously describes. Not so for the Italian, or German, or Frenchman, who simply struggles through lists of alien bric-a-brac. We might say that if the Swiss Stamm, to attract an international public, has been obliged to write about everyman for everyone everywhere, Franzen, thanks to the size of America’s internal market, but also to the huge pull the country exercises on the world’s imagination, can write about Americans for Americans (which is no doubt as it should be) and nevertheless expect to be read worldwide.

Her gløymer Parks den store påverkinga den amerikanske kulturen og det engelske språket har hatt på oss europearar. Det er ikkje nødvendig å forklare at football ikkje er det same som soccer. Og på Blindern står det skilt med "Blindern Campus". Ordet treng ikkje oversetting. Det er ikkje fordi dei europeiske språka manglar ord, at dei ikkje er oversett, med det er fordi den europeiske lesaren - like som den amerikanske lesaren - også kjenner igjen interiøret Franzen beskriv.


Parks stiller seg uforståande til denne erkeamerikanske romanen sin internasjonale suksess:

But Freedom’s failings are interesting in so far as they deepen the mystery of the book’s international success. It’s one thing for the Americans to hype and canonize one of their favorite authors, but why do the Europeans buy into it?

Etter ei grundigare drøftning av særtrekka til Freedom, som den dystopien han er, kjem han fram til at europearar som kjenner seg kulturelt overlegne amerikanarane, har tatt imot Franzen sin roman med så stor begeistring, ikkje fordi ho er ei god lesaroppleving, men fordi Franzen stadfestar biletet vi liker å oppretthalde, av den dysfunksjonelle amerikanaren:

Franzen is establishing a picture of a dysfunctional America that Europeans feel happy with. With Franzen they can “do” America and have done with it.

Eg må ærleg innrømme at eg kjenner meg ikkje igjen i det biletet av europearen, som Parks maler her. Då eg las Freedom, tenkte eg ikkje over at eg skulle kjenne meg kulturelt overlegen denne dysfunksjonelle amerikanaren. Snarare tenkte eg at min kultur er ein del av den same kulturen som Franzen skisserer. Vi europearar er ikkje så annleis frå amerikanarane, når det kjem til verdimessig og ideologisk forankring. Og når vi ser på miljø- og befolkningseksplosjonsproblematikken, stiller vi ganske likt. Vi veit at store deler av verdas befolkning lev under fattigdomsgrensa og at overbefolkning er eit problem, med vi bruker likevel meir ressurser på å mate kattane våre, enn på å bidra til å utjamne desse forskjellane.


Då eg las Freedom tok eg meg gjentatte gonger i å skamme meg over å vere ein del av det vestlege overflodssamfunnet eg er ein del av (dette blei ikkje betre av at eg las store deler av boka på ferie i Dubai, kor denne problematikken var meir eksplisitt synleg, enn her heime). Det er oss Franzen kritiserer, det er vår kultur som gir oss grunn til å sjå mørkt på framtida. Og eg trur det er derfor vi lar oss gripe av denne misantropiske romanen. Eg tenkte ikkje over at hovudpersonane tilfeldigvis var amerikanarar. Eg tenkte på at vi som lev i dei rike i-landa har rike i-landsproblem, som gjer oss dysfunksjonelle. Også tenkte eg mykje på korleis vi forvalter den fridommen vi har, i vårt samfunn.

Such are the sophistications of the global literary scene.

(Gårsdagens innlegg blei borte, på grunn av problem hos blogspot, så om nokon har lese dette før, stemmer det. Eg poster det likevel ein gong til).

May 9, 2011

Kva skal du lese - veke 19.

Ny mandag og nye leseplanar. Kva skal du lese denne veka?

Svar gjerne i kommentarfeltet eller i eigen blogg.









---------

Eg held framleis på med Tårnet av Uwe Tellkamp. Dette er eit stort verk (både i omfang og litterært) om korleis det er å leve i den akademiske overklassen i Aust-Tyskland, på 80-talet. Skildringane er detaljerte og vi får eit sterkt innblikk i kvardagen til gymnasiasten Christian og hans næraste. Sjølv om skildringane tidvis kan vere litt i overkant detaljrike, er dette ei bok det er verdt å bruke tid på.

På lesebrettet mitt har eg begynt på Seierherrene av Roy Jacobsen. Eg har ikkje lese Jacobsen ennå, så boka blei eit naturleg val då eg skulle teste ut dei norske ebokhandlarane. Det var ein omfattande prosess å få boka over på lesebrettet, men når det var gjort har eg lesestoff for nokre veker. Eg las første kapittel på bussen til og frå jobb på fredag, og eg liker tonen i boka.

Don Quijoute blei dessverre ikkje prioritert forrige veke, så eg har nokre kapittel eg må ta igjen, om eg skal henge med på samlesinga på bokelskere. no.

Elskeren av Marguerite Duras blei innkjøpt forrige veke og skal forhåpentlegvis begynnast på denne veka, som ein del av 1001 bøker-samlesinga på linesbibliotek.

I tillegg har eg Persepolis og Innsirkling 2 heime frå biblioteket. Desse må også lesast, før lånetida går ut.

May 6, 2011

Lesebrettet så langt

Etter nokre dagars bruk, kan lesebrettet oppsummerast slik:
  • Brukarmanualen er litt knapp og systemet er ikkje fullt så intuitivt som Sony har sett føre seg.
  • Brettet er meir håndterleg enn tjukke bøker.
  • Litt klønete å halde, når ein ligg på ryggen og les. Eg trur moglegheita for å halde det godt, utan å komme borti den veldig følsomme touchscreenen og bla ufrivillig, vil betre seg med eit cover.
  • Veldig enkelt å greit å overføre bøker frå bookdepository.co.uk.
  • Nokså nøyaktig like lite enkelt og greit å overføre bøker frå bokskya.no (men det trur eg ikkje er lesebrettet sin feil. Takk til KindleJoy som har vore krisehjelp på epost).
  • Brettet svarer til forventningane når det kjem til busslektyre. Bokmerkefunksjonar og eseløyre-knappar gjer det også mogleg å leggje det raskt vekk, når ein blir ropt opp i venterommet ho legen eller bussen brått kjem.
  • Gode moglegheiter til å juster skriftstorleik. Dette fungerer best med skrift-pdf og i epub-format. Då er det bare å trykke på ein knapp. Nokre bøker kjem imidlertid som bilete-pdf. Her må ein zoome manuelt, og det er litt tungvindt å bla mellom sidene. Men det fungerer. Eg vil likevel dobbeltsjekke at bøker er lagra som tekstfiler, før eg begynner å lese dei, framover.
Brettet har fleire funksjonar eg ikkje har prøvd ut ennå, men eg gleder meg til å fortsette å leite meg fram i denne ebokjungelen.

May 5, 2011

10/52 "Skyggen" av H. C. Andersen

I dag har eg lese "Skyggen" av H. C. Andersen. H. C. Andersen er jo mest kjend som eventyrforfattar. Han har skrive fleire kjende eventyr, som "Den stygge andungen", "Piken med svovelstikkene" og "Den standhaftige tinnsoldat". Blant dei mindre kjende eventyra til H. C. Andersen, er den mindre barnevennlege historia om "Skyggen". Og då eg las denne om igjen i dag, fann eg ut at ho har eit så sterkt novellistisk preg, både med tanke på forteljarmåte, spenningskurve og den manglande moralen til slutt. Derfor vel eg å rekne dette kunsteventyret med blant dei 52 novellene mine. "Skyggen" åpnar slik:
I de hede Lande, der kan rigtignok Solen brænde! Folk blive ganske mahognibrune; ja i de allerhedeste Lande brændes de til Negre, men det var nu kun til de hede Lande, en lærd Mand var kommen fra de kolde; der troede han nu at han kunde løbe om, ligesom der hjemme, jo det blev han snart vant fra. Han og alle fornuftige Folk maatte blive inde, Vindues-Skodder og Døre bleve lukkede den hele Dag; det saae ud som hele Huset sov eller der var ingen hjemme. Den smalle Gade med de høie Huse, hvor han boede, var nu ogsaa bygget saaledes at Solskinnet fra Morgen til Aften maatte ligge der, det var virkeligt ikke til at holde ud! - Den lærde Mand fra de kolde Lande, det var en ung Mand, en klog Mand, han syntes, han sad i en gloende Ovn; det tog paa ham, han blev ganske mager, selv hans Skygge krøb ind, den blev meget mindre end hjemme, Solen tog ogsaa paa den. - De levede først op om Aftenen, naar Solen var nede.
Denne åpningsscena presenterer oss ikkje bare for miljøet for handlinga, men ho presenterer oss også for dei to hovudpersonane. Den kloge mann og Skyggen. I motsetning til den vanlege skyggen, finn skyggen til Den kloge mann ut at han skal lausrive seg frå herren sin og leve sitt eige liv. Han slit seg laus frå mannen, og går på besøk til Poesien, som viser seg å bu på andre sida av gata. Her får han nok åndeleg næring til å etterkvart bli ein mann. Den kloge mann reiser heim frå det varme landet, og etter ei tid oppsøker Skyggen han igjen:
Saa kom den lærde Mand hjem og han skrev Bøger om hvad der var Sandt i Verden, og om hvad der var Godt og hvad der var Smukt, og der gik Dage og der gik Aar; der gik mange Aar.
Da sidder han en Aften i sin Stue og saa banker det ganske sagte paa Døren.
"Kom ind!" siger han, men der kom Ingen; saa lukker han op og der stod for ham saadan et overordentligt magert Menneske, saa han blev ganske underlig. Forresten var Mennesket særdeles fiint klædt paa, det maatte være en fornem Mand.
"Hvem har jeg den Ære at tale med?" spurgte den Lærde.
"Ja det tænkte jeg nok!" sagde den fine Mand, "at De ikke kjendte mig! jeg er blevet saa meget Legeme, jeg har ordentlig faaet Kjød og Klæder. De har nok aldrig tænkt at see mig i saadan en Velmagt. Kjender De ikke deres gamle Skygge? Ja De har vist ikke troet at jeg mere kom igjen. Mig er det gaaet særdeles vel siden jeg sidst var hos dem, jeg er i alle Henseender bleven meget formuende! skal jeg kjøbe mig fri fra Tjenesten, saa kan jeg!" og saa raslede han med et heelt Bundt kostbare Signeter, som hang ved Uhret, og han stak sin Haand ind i den tykke Guldkjæde, han bar om Halsen; nei hvor alle Fingrene glimrede med Diamants Ringe! og det var Altsammen virkeligt.
"Nei, jeg kan ikke komme til mig selv!" sagde den lærde Mand, "hvad er dog alt det!"
"Ja noget Almindeligt er det ikke!" sagde Skyggen, "men De selv hører jo heller ikke til det Almindelige, og jeg, det veed De nok, har fra Barnsbeen traadt i deres Fodspoer. Saasnart De fandt, jeg var moden til at gaae alene ud i Verden, gik jeg min egen Vei; jeg er i de allerbrillanteste Omstændigheder, men der kom en Slags Længsel over mig efter engang at see Dem før de døer, De skal jo døe! jeg vilde ogsaa gjerne gjensee disse Lande, for man holder dog altid af Fædrelandet! - Jeg veed De har faaet en anden Skygge igjen, har jeg noget at betale til den eller dem? De vil bare være saa god at sige det."
"Nei, er det virkelig Dig!" sagde den lærde Mand, "det er dog høist mærkværdig! aldrig havde jeg troet at Ens gamle Skygge kunde komme igjen som Menneske!"
"Siig mig hvad jeg har at betale!" sagde Skyggen, "for jeg vil nødig staae i nogen Slags Gjæld!"
"Hvor kan Du tale saaledes!" sagde den lærde Mand. "Hvad Gjæld er her at snakke om! vær saa fri, som Nogen! jeg glæder mig overordentlig ved din Lykke!
Etter dette møtet, endrer maktforholdet mellom dei to seg. Skyggen blir stadig sterkare, medan mannen blir stadig svakare, og etterkvart seier folk at han ser ut som ein skugge. Dei to bytter roller. Skyggen klarer å imponere prinsessa, idet han presenterer seg som herren, og Den Kloge Mand som skuggen sin. Prinsessa har aldri før møtt nokon som er så klok, at til og med skuggen hans er klok. Og dermed vinn Skyggen prinsessa og halve kongeriket, medan mannen går til grunne.

Novella (og nå seier eg novelle og ikkje eventyr, fordi den onde, maktsjuke og egoistiske skuggen, vinn over den gode, sanningssøkande og godtruande, naive og godtruande Kloge Mand) har tydelege seinromantiske, gotiske aspekt. Skyggen som blir menneske og som sug livet ut av den tidlegare herren sin, har spøkelsesaktige trekk. Det er noko grotesk over måten denne ikkje-levande skapnaden tek over livet til den levande herren sin.

"Skyggen" kan lesast som ei realisering av Platon si hulelikning kor skuggen og det verkelege bytter plass, i Den Kloge Mand si jakt på det gode, det sanne og det skjønne. Det er noko ironisk over måten Den Kloge Mand blir omtalt på. Og dermed blir ikkje "Skyggen" bare ei realisering av hulelikninga, men også ein kommentar som drøftar hulelikninga sitt innhald. Både bruken av ironi og det at skjebnen til Den Kloge Mand får eit så tragisk utfall, skaper usikkerheit rundt korvidt H. C. Andersen godtek Platon si hulelikning. Gjennom å la dei nær sagt absolutte grensene mellom ånd og materie løysast opp, blir "Skyggen" ei kritikk av den rådande verkelegheitsoppfatninga, som stod så sterkt i samtida.

"Skyggen" er tilgjengeleg på Det Kongelige Bibliotek sine nettsider.

Etter å ha lese både "Queen of Spades" og "Skyggen", kjenner eg at eg er i ferd med å bli hekta på noveller frå denne perioden. Eg trur det er tid for å lese Edgar Allan Poe nå. Og dersom nokon har gode tips til andre gode noveller, med dette gotiske preget, tar eg gjerne imot lesetips.

May 3, 2011

Maisalget

For første gong sidan den nye bransjeavtalen trådde i kraft, har maisalget vore skuffande. (For dei som lurer på korfor alle bokhandlarar har salg i mai, er det fordi då er makspristida på bøker frå fjoråret utløpt, og dei ulike kjedane står fritt til å prise bøkene sine, som dei vil). Eg er ikkje skuffa fordi det ikkje er mange gode titlar der, for det er det. Men eg har rett og slett lese omtrent alle bøkene eg har lyst til å lese, som står på salgslistene. I alle fall når eg ser på dei som er best eksponert i nettbokhandlarane. Eg manglar Min Kamp 4 og 5, men eg har ennå ikkje fått somla meg til å lese bind 3, så eg veit ikkje om eg skal kjøpe dei heilt ennå. Dei blir jo ikkje dyrare igjen. Samtidig kan det vere kjekt å ha alle bøkene i same utgåve. Også har eg lyst å lese En dåre fri, men den har eg ikkje funne på tilbod ennå.

Elles oppdagar eg til mi eiga store overrasking at det er lite å hente som eg ikkje har lese endå. Kanskje skal eg takke det fine skulebiblioteket på jobb for dette? Når eg stikker innom der for ein bokprat, er dei veldig kjappe med å bestille inn bøkene eg ønsker meg. For eg trur ikkje eg kjøpte fleire fullprisbøker i fjor enn eg gjorde året før. På mange måtar passer dette bra, for eg skal prøve å ikkje kjøpe så mange bøker, og heller lese det eg allereide har kjøpt (noko som vanskeleg lar seg kombinere med eit stadig sug etter å vere oppdatert på samtidslitteraturen). Det eg kalla kjøpestopp for nokre veker sidan, har riktignok utvikla seg til ein sporadisk kjøpepause, men likevel...

Eg trur kanskje eg må ta turen innom ein bokhandel og sjå på utvalet med mine eigne auge. Eg liker jo bøker til under tohundrelappen.

May 2, 2011

Kva skal du lese? Veke 18

Eg prøver meg på ei ny spalte, her på boklesebloggen min. Ho heiter "Kva skal du lese?" og handler om kva vi alle har tenkt å lese denne veka. Eg håper dette kan bli ei spalte til inspirasjon, kor vi kan finne gode tips til lesestoff hos kvarandre. Om du vil vere med, så kan du svare i eigen blogg og leggje igjen ein kommentar her, slik at eg finn deg. Viss du ikkje har blogg, kan du svare i kommentarfeltet.

Kva har du tenkt å lese denne veka?


Mine leseplaner for veke 18 er:

- Lese ferdig Tårnet av Uwe Tellkamp.
- Lese vidare i Don Quijoute, som eg begynte på i går som eit ledd i ei samlesing på bokelskere.no.
- Fortsette å kose meg med russiske noveller.
- Få tak i Elskeren av Margueritte Duras, til samlesingsprosjektet av 1001 bøker på linesbibliotek.

May 1, 2011

Lyrikk på ein søndag - V

Det blir vanskelegare og vanskelegare å finne på gode ord, som kan vere utgangspunkt for lyrikkoppgåvene, jo lenger ut i alfabetet ein kjem. Dels fordi fleire av dei mindre brukte bokstavane står langt bak i alfabetet. Og dels fordi det er mange av fenomena som begynner å bli oppbrukte, etterkvart som eg har laga ganske mange postar. Det blir litt rart å ha ei oppgåve om v for ververmdung (frammandgjering) når eg hadde u for underleggjering, som i det store og heile er det same, for nokre veker sidan. Etter å ha tenkt meg om i litt meir enn ei veke, kjem eg ikkje på meir enn eit ord som er eit passande utgangspunkt på v.

Og det er V for vår. Nå som det livnar i lundar og lauvast i li, og våren er over oss for fullt. Og hadde det ikkje vore for all denne pollenen, ville våren vore den beste årstida. Samtidig er det så mykje vakkert som skjer ute, at litt allergi får ein vel tåle. Første oppgåve er: Presenter eit dikt om våren.

----------

1. Mitt vårdikt er henta frå "Årstider" av Arild Nyquist. Dette diktet stod i Barnas Beste, og eg hugser at eg likte det veldig godt, då eg var lita jente.
Så kommer våren

og våren er
ei lita gulgrønn jente som kaster farger opp av
kurven sin og setter fuglene tilbake i
trærne og henger sola høyere opp på
himmelen og gir den varmere stråler. Hun tar isen av
vannene og putter god gurglelyd i
bekken igjen - og menneskene får tynnere klær og varme
smil, og kanskje høye iskrem å bære på.

9/52 "The Queen of Spades" av Alexander Pushkin


Nå har eg prøvekøyrd den fine, sølvgrå Sony Readeren min, med ei 28 sider lang russisk novelle. Labbens las "The Queen of Spades", som ei av dei første novellene sine, og inspirerte meg også til å lese denne. Den første eboka eg lasta ned på readeren min, blei gratisversjonen av Best Russian Short Stories frå bookdepository.

"The Queen of Spades" er skriven i 1834 og er prega av den gotiske seinromantikken. Den tyskætta soldaten Hermann er svært redd for å ta sjansar og spele bort arva si, så han er bare tilskodar når dei andre soldatane speler kort. Medan dei andre soldatane speler, fortel ein av dei ei historie om bestemora si. Ho hadde skaffa seg ei stor spelegjeld i Paris, då ho var ung. Då lærte ho noko om korta, som hjelpte henne til å vinne tilbake det ho hadde tapt. Etter det har ho ikkje spelt kort. Ho har heller ikkje delt dette hemmelege, med verken sonar eller barnebarn. Hermann blir besatt av å arve denne hemmelegheita, og han går i gang med ein plan kor han sjarmerer tjenestejenta til den gamle dama for å komme inn i huset. Her forsøker han å truge til seg denne hemmelege kjelda til rikdom:
“If your heart has ever known the feeling of love,” said he, “if you remember its rapture, if you have ever smiled at the cry of your new born child, if any human feeling has ever entered into your breast, I entreat you by the feelings of a wife, a lover, a mother, by all that is most sacred in life, not to reject my prayer. Reveal to me your secret. Of what use is it to you?...May be it is connected with some terrible sin with the loss of eternal salvation, with some bargain withthe␣ devil... Reflect,——you are old; you have not long to live——I am ready to take your sins upon my soul. Only reveal to me your secret. Remember that the happiness of a man is in your hands, that not only I, but my children, and grandchildren will bless your memory and reverence you as a saint...”

The old Countess answered not a word.
Etter dette, døyr den gamle hertuginna. Den seinromantiske gotikken er ikkje framand for spøkelser, og den gamle kjem til Hermann, ufrivillig, seier ho og gir han hemmelegheita likevel. Han skal satse på korta tre, sju og ess, så vil han vinne. Hermann forsøker å spele, som hertuginna har fortald han, og han vinn over 90 000 rubler, før han taper på siste kortet. Det viser seg at esset han trudde han hadde, var "The Queen of Spades", som liknar på hertuginna og som blinkar til han frå kortet. Dermed blir Hermann driven inn i galskapen, og resten av livet sitt han på eit sjukehusrom og seier "Three, seven, ace" om og om igjen.

"The Queen of Spades" er ei svært spennande novelle og som sagt er dei gotiske elementa sterkt tilstade i teksten. Eg grøsser og får frysningar nedover ryggen, når den gamle hertuginna heimsøker Hermann etter gravferda. Eg liker også forteljarstemma, som liksom rettleidar lesaren og som på godt, gammalt 1800-talsvis kjem med viktige tillegg og kloke visdomsord innimellom forteljinga.For eksempel blir det femte avsnittet i novella innleia med: "Two fixed ideas can no more exist together in the moral world that two bodies can occupy one and the same idea in the physical world". Og betre kan vel ikkje Hermann si fiksering på å få greie på hertuginna sin hemmelegheit beskrivast.