Jun 15, 2009

Helle Helle - Hus og hjem

Helle Helle
Hus og hjem
Samleren 1999
Oversatt av Trude Marstein
Oktober 2001
214 sider

Denne helga har eg verkeleg kost meg med ei utruleg flott lesaroppleving. Eg har lese Helle Helles Hus og hjem, som seilte rett inn på topp-ti lista mi.

Anne er omkring 30 år og flytter tilbake til den vesle byen kor ho veks opp etter å ha budd i København i ein del år. Ho kjem aleine, fordi sambuaren Anders skal jobbe ein månad til i København. I denne vesle, namnlause byen, tek ho opp kontakten med barndomsvenninnene Anita og Charlotte igjen. Det eldre ekteparet Svend og Ellen ønsker henne velkommen frå nabohuset. Anne sitt hus er like ved prestegården, og Anne utvikler eit svært nært forhold til presten Jens, før Anders kjem flyttande etter.

Anne gjer veldig lite. Ho skal male, pakke ut eksene med ting og komme i orden, medan ho venter på at Anders skal komme til byen. Ho sitter stort sett inne og drikker vin, søv eller gjer ingenting, og ho unnskulder seg stadig for at ho ikkje har kome i orden. Ho er tiltakslaus og til tider apatisk og Hus og hjem har svært lite handling.

Eg blir betatt av språket i boka. Det er eit språk som er så enkelt og så finslipt at eg klarer ikkje la vere å bli fascinert over det. Eg tenker at eg skulle ønske eg også kunne skrive slik. Det er ingen personskildringar i boka, men ei rekke dialoger mellom karakterane. Desse dialogane er fulle av nærver og dei skildrar ei rekke spenningsfyllte relasjonar, utan å komme med vurderande tankereferat. Fråveret av handling gjer at relasjonane får lov til å vere i fokus. Dette gjer boka til ei spennande og annleis lesaroppleving. Eg liker det.

Jun 13, 2009

Bøker eg har gitt opp

Den siste veka har eg begynt på to bøker eg har gitt opp å lese. Begge bøkene har eg lagt bort av same grunn; eg klarer ikkje la meg engasjere i hovudpersonane.

Forrige helg begynte eg å lese Foxfire av Joyce Carol Oates.

Foxfire handlar om ei gruppe jenter som dannar ein gjeng, Foxfire, for å ta hevn over det mannsdominerte samfunnet. Boka er ei retrospektiv forteljing, fortald av ei av desse fem jentene. Forteljaren er delvis den voksne som ser tilbake på ungdomstida og delvis tenåringsjenta som fortel her og nå. Forteljinga vekslar mellom første og tredje person på ein lite vellukka måte. Desse forteljartekniske spranga kunne ha gitt ein spennande effekt, men denne gongen synest eg rett og slett at det fungerer såpass dårleg, at det bare blir slitsomt å lese. Eg kjenner at eg burde la meg engasjere av desse jentene, men eg klarer det rett og slett ikkje. På side 65 syntest eg det var nok.

Sidan den litterære reisa i "Jorda rundt på 8 bøker" skulle gå til midtausten denne månaden, hadde eg tenkt å lese Tusen strålende soler av Khaled Hosseini, som eg har hatt ståande i bokhylla ganske lenge.

For to år sidan las eg The Kite Runner, ei bok eg ikkje hadde planlagt å lese, men som eg endte opp med å lese likevel, fordi eg var på ferie og mangla lesestoff. Med dette utgangspunktet blei eg veldig positivt overraska over den rørande og varme forteljinga om den vesle guten i Kabul. Dette har også gitt meg høgare forventningar til Tusen strålende soler.

Den første delen av boka handlar om Mariam som 15 år gammal mister mora og blir gifta bort til ein 45 år gammal mann, med stygge hender i tida før 1978. Del to handlar om Laila, dottera til den radikale læraren som mista jobben då kommunistane inntok Afghanistan og søstera til to guttar som døyr i krigen. På baksida av boka står det at desse to "blir allierte i kampen mot en brutal ektemann og et krigersk, kvinneundertrykkende samfunn."

Eg kom til side 148, og innan då rakk eg bli så kvalm av det klisjefyllte språket at eg innsåg at eg orkar ikkje lese 200 sider til med dette. Laila sitt forhold til mora blir for eksempel skildra slik:
"Hun kom aldri til å sette merke i Mammis hjerte slik som brødrene hennes, for Mammis hjerte var som en blek strand der Lailas fotspor alltid kom til å bli skyllet bort av de sorgtunge bølgene som steg og sank, steg og sank." (s. 148) Dette sitatet er dessverre representativt for språket i boka.

Boka er kritikkarrost og berømma fordi det er ei viktig bok som viser fram kvinnene si stilling i Afghanistan. Khaled Hosseini har nådd eit enormt stort publikum med denne boka, og han har vist fram det som er bak burkaen til nokre av kvinnene i Afghanistan. Og det er viktig. Men eg orkar ikkje lese bøker, når eg irriterer meg over språket. Og i dette tilfellet er språket så platt at det rett og slett blei nok.

I dag skal eg ta ein tur på biblioteket og sjå om eg får tak i den boka eg eigentleg hadde tenkt å lese frå Midtausten denne månaden, nemlig A woman in Jerusalem av Abraham B. Yehoshua.

Jun 8, 2009

Paul Auster - Brooklynsk dårskap

Brooklynsk dårskap
Oversett av Knut Ofstad
Aschehoug 2006
349 sider
Original tittel: Brooklyn Follies
2005.

Denne boka kjøpte eg for lenge sidan, fordi eg syntest biletet på framsida var så nydeleg. Her ser vi ein gammal mann som står i eit vegkryss og kikkar oppi ein bærepose. Bak han står ein yngre mann midt i vegen med ein badeball. Til venstre for mannen med bæreposen (eller, til venstre for han i biletet, men strengt tatt til høgre for mannen; eg blir alltid usikker på om det kallast høgre eller venstre i slike tilfelle) ligg det ein caps på gata. Bak capsen står det ei dame og ser på mannen med badeballen. Det er sjeldan eg kjøper bøker fordi eg blir betatt av framsida til boka, men denne var eit unntak. Eg blir fascinert av biletet, og særlig av den gamle mannen med bæreposen. Han har stoppa opp i eit vegkryss og kikker oppi posen og ser ut til å lure på kva han har gløymd å kjøpe.

Dersom eg ikkje hadde vore så impulsiv og kjøpt boka fordi eg likte omslaget, ville eg nok ha tenkt meg om to gonger og fått tak i boka på engelsk. For det er ei god bok, men det er mange ordspel som forsvinn i oversettinga, og som derfor ser snodige ut. Så nå har eg notert meg at Paul Auster ikkje er ein forfattar som skal lesast i oversett utgåve, neste gong.

Heldigvis var Brooklynsk dårskap ei så god bok at det var verdt å lese ho sjølv om oversettinga innimellom baud på nokre underlege ordspel. Vi møter den pensjonerte forsikringsselgjaren Nathan Glass som har fått lungekreft, mista kontakten med eks-kona og dottera og flytta til Brooklyn. Her samlar han på anekdoter som han skal sette saman til Boken om menneskelig dårskap. Plutseleg møter Nathan nevøen sin, Tom, som arbeider i eit antikvariat. Desse to einsomme mennene tar opp kontakten og etablerer eit sterkt vennskap. Dei møter ei rekke menneske. Nokre av desse er familiemedlem, medan andre er nye bekjentskap. Felles for dei menneskene dei møter er at historia deira blir sentral i boka.

Brooklynsk dårskap er ein roman med ei einheitleg handling. Samtidig er det ein roman som er bygga opp av ei rekke små historier om ulike menneske og møtene mellom desse. Boka er svært rik på detaljerte skildringar og digresjonar og avstikkarar frå forteljinga om Nathan og Tom. Desse små forteljingane som blir fortalde innimellom, gir boka eit lett og humoristisk preg.

Språket er også lett og humoristisk, og boka får eit preg av å verkeleg vere ei forteljing. Forteljarstemma i boka, Nathan, henvender seg innimellom direkte til lesaren gjennom utsegn som for eksempel "med fare for å kjede leseren" og liknande. Dette er eit grep eg vanlegvis ikkje er så begeistra for, men i Brooklynsk dårskap er dette preget av at boka er ei forteljing som blir fortald meg som lesar så godt gjennomført, at eg synest det er greit. Brooklynsk dårskap er ein underhaldande roman - som i tillegg har eit fascinerande bilete på framsida.

Jun 4, 2009

Å vere i ei forteljing

For nokre dagar sidan skreiv Spectatia eit blogginlegg omkring Athol Fugards formulering The only safe place in the world is inside a story. Etter å ha lese dette innlegget har eg gått omkring med dette Fugard-sitatet i bakhovudet dei siste dagane.

Eg leser for tida Brooklynsk dårskap av Paul Auster. Det er ei av desse bøkene eg merkar at eg burde ha lese på engelsk, men som eg likevel har lånt på norsk på biblioteket. Brooklynsk dårskap er ein roman som inneheld svært mange anekdoter og korte forteljingar. Og i går kveld las eg ei anekdote om Kafka som møter ei lita jenta som gret over at ho har mista dukka si. Kafka seier, for å trøyste henne at dukka er ikkje borte, ho har bare lagt ut på ei reise. Han veit dette fordi han har fått eit brev frå dukka, som han skulle gi til jenta. Kafka går heim, skriv brevet. Ikkje nok med at han skriv dette brevet, men han let dukka love å skrive til jenta kvar dag. Kvar dag i tre veker skriv Kafka eit nytt brev frå dukka til jenta, om oppvekst, skulegang og etterkvart avslutter han brevskrivinga med å fortelje jenta at dukka har forlova seg og skal gifte seg.

"På det tidspunktet har piken selvfølgelig kommet over savnet av dukken. Kafka har gitt henne noe annet i stedet, og innen de tre ukene er omme, har brevene leget sorgen hennes. Hun har fortellingen, og når et menneske er så heldig å leve inne i en fortelling, å leve i en fantasiverden, forsvinner den virkelige verdens smerter. For så lenge fortellingen fortsetter, eksisterer ikke lenger virkeligheten." (Brooklynsk dårskap, s. 182).

Denne historia om Kafka og breva frå dukka er veldig rørande. Ho har også gitt meg mykje å tenke på, særskilt sidan eg las ho i forlenginga av dette sitatet frå Fugard. Eg er ikkje sikker på om eg ville ha bite meg merke i denne forteljinga, på same måten, hadde det ikkje vore for at eg hadde tenkt på dette sitatet dei siste dagane.

Kanskje ein av grunnane til at den einaste trygge plassen vi kan vere, er inni ei forteljing, er nettopp dette som Paul Auster skriv: "Så lenge fortellingen fortsetter, eksisterer ikke lenger virkeligheten". Og dette er med på å gjere forteljinga til ein trygg stad, så langt unna alle dei verkelege farane og truslane vi kan møte i kvardagen.

Jun 2, 2009

Lesestoff i sommarsola

Bloggen har blitt nedprioritert dei siste dagane, til fordel for det utruleg fine veret. Eg har prioritert å smøre meg inn med solkrem og ta med bøkene mine ut dei siste dagane. Her kjem ei rask presentasjon av det eg har lese:

Utskudd av Sadie Jones var ei, for meg, ukjendt bok av ein ukjendt forfattar. Eg hadde gløymd å avbestille ho i bokklubben.

Vi møter Lewis som mister mora si som tiåring og følgjer han gjennom tenåra. Lewis blir sett på som eit håplaust tilfelle av fleire av sambygdingane. Folkesnakket og folk sine haldningar til Lewis gjer at han får vanskeleg for å vise fram dei gode sidene ved seg sjølv og historia til Lewis blir ein stadig meir negativ spiral. Lewis er ein plaga gut, som trenger å bli sett. Den vesle nabojenta Kit ser han og dei to utvikler eit spesielt forhold.

Utskudd er ei mørk og dyster historie, som viser korleis mennesker kan påverke kvarandre både på godt og vondt. Det er ei veldig god bok.






William Goldings Lord of the Flies er ein klassikar det kanskje ikkje er nødvendig å seie så mykje om. Eit fly har styrta og ei gruppe born er aleine på ei aude øy, kor dei må klare å samle inn det dei treng av mat på eiga hand. Det danner seg raskt to grupperingar på øya, med to leidarar. For Ralph er bålet det viktigaste. Bålet gjer det mogleg å vise forbipasserande skip at det er folk på øya og dermed representerer det det langsiktige håpet om å bli redda. Den andre gruppa har ein leiar som er i stand til å skaffe dei kjøt, og dermed gjere borna mette umiddelbart. Det er ei sterk og grusom forteljing om kva slags krefter som bur i folk.

Seinast i det siste nummeret av Morgenbladet, var det ein notis om at Lord of the Flies var anbefalt å lese på BI, fordi det var ei bok som sa langt meir om ulike formar for leiarskap enn fleire psykologibøker. Så denne boka frå 1954 er framleis aktuell.






Den siste boka eg har lese den siste tida er Hvermann av Philip Roth. Boka åpner med ei skildring av gravferda til den namnlause hovudpersonen, kor vi møter dottera som forguder faren og dei to sonane som avskyr han. I fortellinga om livet til hovudpersonen er dei mange møtene med døden sentrale. Forteljarstemma høyer til den gamle mannen som ser tilbake på livet sitt, som misliker den han sjølv har blitt og som ikkje har ei forklaring på kvifor livet har utvikla seg som det har gjort. Han framstår til tider som ein usympatisk type, særskilt når han fortel om då han sveik den andre kona si til fordel for den tredje kona, som var halvparten så gammal som han. Han forsøker å begrunne og forklare bort dei svika han har gjort, men han framstår ikkje som ein som tar ansvar for måten livet har utvikla seg.

Forteljinga er kort, med sine 156 sider er det vanskeleg å vite om eg skal kalle ho ein kort roman eller ei lang novelle. Den namnlause karakteren og tittelen Hvermann, gir inntrykk av at boka handlar om noko som gjeld alle menneske. Døden står som eit sentralt tema i teksten og undergangsstemninga er dominerande. Denne kombinasjonen av det allmennmenneskelege og det forgjengelege, gjer at boka blir ei påminning om døden som den uungåelege avslutninga på livet.

May 27, 2009

Bokhylla.no

Til stor glede for alle bokelskarar melder dei norske avisene om at Nasjonalbiblioteket har lagt ut 10 000 bøker tilgjengeleg på nett, på det nye nettstedet bokhylla.no. Tekstane skal representere eit tverrsnitt i den norske litteraturen, og er dermed frå 1690-, 1790-, 1890- og 1990-talet. Dei nyare bøkene kan lesast, medan eldre bøker kor rettigheitstida har gått ut kan lastast ned.

Eg gleder meg over dette tiltaket. Eg gleder meg over at det i større og større grad blir mogleg å få tak i tekstar av ulike slag, elektronisk. Eg må ikkje lenger ut av huset, til bibliotek eller bokhandel for å finne ei bok eg gjerne skulle slått opp i. Eg kan i stadig større grad finne boka på nett.

Likevel er eg framleis veldig glad i å lese bøker på papir som heng saman i bokformat. Dei gongene eg har fått pdf av bøker som ennå ikkje er gitt ut, har eg printa dei ut fordi eg synest det er slitsomt å lese på skjerm. Då har eg endt opp med å sitte med ei lefse med A4-ark, som ikkje er langt unna ei pocketbok i pris. Slike lefser er uhåndterlige og dårleg egna til for eksempel lesing på senga. Eg innser at det er på tide å få tak i eit lesebrett. Eg er litt nysgjerrig på desse. Korleis er dei for eksempel i sterkt sollys? Blir skjermen svart, som på laptopen, eller går det an å ha med lesebrettet på stranda?

Til tross for at eg er av den konservative typen som faktisk liker bøker, som bøker, med papir og papirlukt, spennande omslag og i eit praktisk format, synest eg bokhylla.no er eit flott prosjekt. Eg gleder meg til å kunne hente fram tekstar der.

May 24, 2009

Eit kvardagsdikt

Stillheten, sier jeg
og mener dette som er mer enn ordene
alt det vi strekkes oss mot bakenfor
og gjennom ordene
De hvite skyer, høye trær med mørke
tunge kroner, speilet
i dypet av ditt øye
Og jeg strekker meg imot det
strekker fram et ord, som på
et sølvbrett, og med hvite
eller sorte hansker
Stillheten, sier jeg
og vannet kruses, alle bilder
krølles sammen
Kan du tie, mann!
Jeg kan ikke

Av Paal Brekke. Samlede dikt [1], s. 224.

May 22, 2009

PoemHunter.com

Eg har oppdaga ei fantastisk webside, nemlig PoemHunter.com. Dette er ein database som i følgje reklamen inneheld 310 931 dikt av 24 752 ulike poetar, 124 601 songar av 10 145 artistar og 64 870 sitat.

Eg kjem stadig over namn på poetar eg gjerne skulle ha lese meir av og forsøker å henge opp ein post-it-lapp inni hovudet mitt. Denne ramlar gjerne vekk innan eg kjem meg til ein bokhandel eller eit bibliotek, og poeten forblir ulesen. Nå har eg funne ein ny plass og leite etter tekstar, med ein gong eg tenker på dei. Så nå gjenstår det bare å overvinne dei mentale sperrene mot å lese på skjerm.

May 20, 2009

Ian McEwan - Lørdag

Saturday
Oversatt av Halvor Kristiansen
Lørdag
Gyldendal 2005
270 sider


I Lørdag møter vi den lykkeleg gifte og veltrente hjernekirurgen, Henry Perowne, som bur i eit stort og dyrt hus sentralt i London saman. Rosalind, kona er vellukka advokat og sonen Theo er ein lovande gitarist. Denne laurdagen skal dottera Daisy komme heim frå Paris med prøvetrykket av diktsamlinga ho skal gi ut. Det er ein svært trygg, rik og vellukka familie som har det godt og er glade i kvarandre. Handlinga i romanen er lagt til ein laurdag i februar 2003. Perowne våknar midt på natta og ser eit brennande fly flyge over London. I og med at det skal vere demonstrasjonar mot Storbritania si deltaking i krigen i Irak denne dagen, er dette urovekkande. Frykta for terror og redsla for at alt det trygge skal gå i grus blir aktivert med synet av dette flyet, og er eit av dei gjennomgåande tema i boka. På veg til ein squash-kamp kolliderer Henry Perowne med ein brutal type, Baxter. Perowne kjem unna konfrontasjonen med å audmjuke Baxter ved hjelp av sine kunnskaper som lege. Seinare viser det seg at Baxter ønsker å få gjenoppretta ryktet sitt, og kjem etter Perowne for å ta igjen.

Eg klarte ikkje bli heilt engasjert av Lørdag. Historia er fortald gjennom Henry Perowne sine synsvinkel, men i tredjeperson. Til tross for denne tredjepersonsforteljinga har lesaren tilgang til alle tankane og kjenslene til Perowne, og ikkje til dei andre karakterane. Dermed ligg synsvinkelen og forteljaren sine sympatier hos Perowne. Likevel blir hovudpersonen omtala med etternamn gjennom heile romanen. Dette irriterer meg, fordi det skaper ei unødvendig distanse mellom hovudpersonen, som skal vinne min sympati og meg som lesar. Lørdag har ei spennande forteljing med mange interessante betraktningar om samtida, kulturen og verdssamfunnet anno 2003. Historia om Perowne og familien hans, og etterkvart om Baxter si rolle i forhold til dei andre karakterane er spennande og godt fortald. Eg vil gjerne vite kva som skjer vidare på handlingsplanet. Men likevel er det noko i teksten som skaper ei distanse til karakterane på det personlege planet. Sidan dette er ein roman der den personlege utviklinga, tankane og kjenslene til karakterane har fått stor vekt, blir denne distansa forstyrrande. Dermed blir eg verken overbegeistra eller målbunden etter å ha lese Lørdag.

May 18, 2009

Jorda rundt på 8 bøker: En dag i Ivan Denisovitsj liv av Aleksandr Solzjenitsyn

Jorda rundt på 8 bøker starter i Aust-Europa, og eg har vald å lese En dag i Ivan Denisovitsj liv denne månaden. Dette er ei av dei mange bøkene eg lenge har tenkt på at eg skulle ha lese.

Sidan det framleis er mai ei stund til, skal eg ta meg ein tur på biblioteket og sjå om eg får tak i Kafkas Forvandlingen også, og forlenge opphaldet i Aust-Europa med denne.

Men først, litt om En dag i Ivan Denisovitsj liv.

En dag i Ivan Denisovitsj liv
Aleksandr Solzjenitsyn
USSR 1962
Oversatt av Natalia Fredriksen
Tiden Norsk Forlag 1963
214 sider

Ivan Denisovitsj Sjukhov er dømd til ti års straffearbeid i ein russisk fangeleir, etter å ha blitt anklaga for spionasje. En dag i Ivan Denisovitsj liv er historia om ein dag i denne fangeleiren, frå morgonrevelja til sola går ned.

"Klokka fem klang som alltid reveljen - hammerslag mot en skinnestump utenfor stabsbrakka. Kimingen trengte svakt inn gjennom det fingertjukke rimlaget på rutene og stilnet snart. Vokteren var ikke lysten på å slå lenge i denne kulda."

Første avsnittet i boka presenterer lesaren for den uuthaldelege kulda, voktaren og brakkene fangane bur i. Vidare gir boka detaljerte skildringar av livet til fangane sett gjennom Sjukhovs auge. Desse skildringane er til tider i overkant detaljerte for min smak, arbeidet fangane gjer blir for eksempel gjenfortald på eit slikt detaljnivå at det nesten blir litt langdrygt. Samtidig er kanskje dette eit poeng i seg sjølv, murararbeidet Sjukhov gjer denne dagen er langdrygt og hardt i den uuthaldelege kulda. Mykje av dagen til Sjukhov og dei andre fangane går med på å finne på små ting han kan gjere for å gjere dagen lettare og sikre seg goder. Ved å vere hjelpsom og vennleg mot dei rette personane, kan han kanskje skaffe seg ein ekstra porsjon suppe eller brød i løpet av dagen.

Eg lar meg imponere over den usentimentale og nøkterne tonen i forteljinga. Sjukhov ser ikkje på seg sjølv som eit offer, til tross for at han blir drive til slavearbeid i fleire titals minusgrader. Han tar sjølv ansvar for å gjere det beste utav akkurat denne dagen, og denne grunnleggjande haldninga til livet er beundringsverdig. Eg er vanlegvis ikkje så veldig glad i å trekke inn biografiske element frå forfattaren sitt liv i lesinga av bøker, men i forhold til En dag i Ivan Denisjovitsj liv klarer eg ikkje å sjå vekk i frå at denne romanen er basert på forfattaren sine eigne erfaringar frå straffearbeid i fangeleir. Den grunnleggjande positive haldninga til Ivan Denisovitsj gjer romanen til ei sterk lesaroppleving, og lesaropplevinga blir endå sterkare sett i lys av forfattaren si eiga historie.