May 22, 2011

Lyrikk på ein søndag - Sverige

Det er søndag og vi reiser til Sverige.

Presenter ein svensk diktar og eit dikt.

-------

Ein av dei første svenske diktarane eg blei kjend med, var Karin Boye. Ho har skrive mange flotte dikt, og det mest kjende (det som eg også skal presentere i kveld) er diktet "Ja visst, gör det ont". Eg blir aldri heilt ferdig med denne teksten, og eg kan lese det om og om igjen. Det er verkeleg eit av dei sterkaste dikta eg veit om:
"Ja visst gör det ont"

Ja visst gör det ont när knoppar brister.
Varför skulle annars våren tveka?
Varför skulle all vår heta längtan
bindas i det frusna bitterbleka?
Höljet var ju knoppen hela vintern.
Vad är det för nytt, som tär och spränger?
Ja visst gör det ont när knoppar brister,
ont för det som växer
och det som stänger.

Ja nog är det svårt när droppar faller.
Skälvande av ängslan tungt de hänger,
klamrar sig vid kvisten, sväller, glider -
tyngden drar dem neråt, hur de klänger.
Svårt att vara oviss, rädd och delad,
svårt att känna djupet dra och kalla,
ändå sitta kvar och bara darra -
svårt att vilja stanna
och vilja falla.

Då, när det är värst och inget hjälper,
Brister som i jubel trädets knoppar.
Då, när ingen rädsla längre håller,
faller i ett glitter kvistens droppar
glömmer att de skrämdes av det nya
glömmer att de ängslades för färden -
känner en sekund sin största trygghet,
vilar i den tillit
som skapar världen.

May 19, 2011

Lese ferdig?

Eg har lese dei første 610 sidene av den 804 sider lange romanen Tårnet av Uwe Tellkamp. Eg plukka med meg boka på mammutsalet, fordi Torbjørn anbefalte boka for eit års tid sidan, i den fine "Tysktime"-spalta si.

Den første delen var gripande. Dei detaljrike skildringane av livet i Dresden på 80-talet, sensuren i bokbransjen, korrupsjonen på sjukehuset, mangelen på varer og den stadige frykta for å komme med systemkritiske ytringar til feil person er fascinerande ei god stund.

Men så kjem det til eit punkt der det kjennest som om eg har lese det før. Det er ei framdrift i boka, i form av at tida går. Bresjnev blir skifta ut med Andropov, som blir skifta ut med Gorbatsjov. Og Christian går frå å tenke kritiske tankar om utdanningssystemet og gymnaset han er elev ved, til å tenke kritiske tankar om verneplikta og militærtenesta. Men framdrifta på handlingsplanet er svært langsom, og det verkar som om boka gjentek seg sjølv. Dei detaljerte skildringane, som var så interessante dei første 300 sidene, begynner å bli direkte kjedelege over dei neste 300 sidene. Over dei siste 75 sidene eg har lese, har eg stadig tenkt "kom til poenget...", når eg for eksempel les 2,5 sider lange digresjonar om klesvask i familien sitt hus, over dei siste tjue åra:
...Så for seg de okselignende vaskestampene med jernbeslag rundt som bøkkeren hadde laget i en tidligere tidsalder, en kvalitetsvare som såpefabrikanten vel hadde hatt ansvaret for. På trebukker sto de, truende, over sluket, som stadig gikk tett. Da måtte de mannlige beboerne stikke lange ståltrådstenger ned i mørket i håp om at det forstoppede vaskevannet ville finne veien til de hengende rørene i hagen ... Dit førte imidlertid også toalettrørene i Tusenøynehuset, og de hadde en tendens til å gå tett. Stahl hadde forklart for Meno at hvis slike rør gikk for bratt nedover, forsvant riktignok væsken fort, men alt det faste ble liggende igejn ... og så måtte man pirke videre. Til dette bød hageskuret på fem meter lange stenger med øse i enden; den gang Hanna og Meno flyttet inn i Tusenøynehuset, hold skipslegen et lite innføringskurs i bolighverdagens gjenvordigheterog særheter i en gammel bygning som ikke var blitt sanert på flere tiår. (s. 600)
Eg har hatt ein pause i boka, nå som eg har lese Elskeren av Marguerite Duras. Og nå har eg lyst på ein pause til, for å lese ei av dei andre bøkene eg har liggjande. Men erfaringsvis veit eg at det å ta fleire pausar i same bok, betyr at boka ikkje blir ferdiglesen. Kan eg leggje bort ei bok, etter 600 sider? Eg gjer vanlegvis det, når ei bok ikkje fengar lenger. Men denne klarer eg ikkje heilt å leggje frå meg. Må eg vite korleis det går? Tårnet har noko, som gjorde at eg las dei første 300 sidene med stor begeistring. Men er det nok til at eg skal utsette andre lesarprosjekt ytterlegare, for å komme gjennom dei siste 200 sidene? Og skjer det i det heile tatt noko meir, over dei siste 200 sidene?

May 17, 2011

Eit nasjonaldagsinnlegg, i all hast


Det burde ha ringt ei bjelle, då alle bloggane eg abonnerer på og alle mine bekjente på facebook skreiv om ferdigstrykne bunadsskjorter og ferdigbakte kaker i går. Og likevel står eg her i dag, med krøllete skjorte og kakeingrediensene liggjande kvar for seg i kjøleskapet.

Som de sikkert skjønner, blir det ingen bilete av ferdigpynta festbord her. Det er godt eg ikkje skriv ein interiørblogg, det kunne fort ha blitt stusseleg. Heldigvis skal vi bort om nokre timar, så eg er ikkje så bekymra for det festbordet. Det viktigaste er å få bakt kaka som eg har lova å ta med til selskapet.

I år droppar vi å ta turen ned til Oslo sentrum, til Karl Johan og til Slottsplassen, og nøyer oss med bileta på tv. Det er mykje folk i byen, og med dårlig rygg, er det ikkje noko særleg å gå i kø på bunadskor utan demping. Derfor blir det 17.mai-tog på NRK til morgonkaffien i år - og ein roleg morgon på 17. mai - det er kanskje eit av privilegia med å ikkje ha forventningsfulle ungar i hus. Men nå er det tid for å stryke skjorter og flagg og få kaka inn i ovnen. Det blir heilt sikkert ein fin dag, sjølv om ingenting var klart, kvelden før.

Gratulerer med dagen og ha ein god 17. mai, kjære lesarar!


"Millom bakkar og berg"
av Ivar Aasen

Millom bakkar og berg ut med havet

heve nordmannen fenget sin heim,

der han sjølv heve tufterna gravet

og sett sjølv sine hus uppå deim.


Han såg ut på dei steinutte strender

det var ingen, som der hadde bygt.

"Lat oss rydja og bygja oss grender,

og so eiga me rudningen trygt".


Han såg ut på det bårutte havet;

der var ruskutt å leggja ut på;

men der leikade fisk ned i kavet,

og den leiken den vilde han sjå.


Fram på vetteren stundom han tenkte:

Giv eg var i eit varmare land!

Men når vårsol i bakkarne blenkte,

fekk han hug til si heimlege strand.


Og når liderna grønka som hagar,

når det laver av blomar på strå,

og når næter er ljosa som dagar,

kann han ingenstad vænare sjå.


May 16, 2011

Kva skal du lese - veke 20?

Det er mandag igjen. Fortel om leseplanane dine for veka!

Eg held framleis på med Tårnet av Uwe Tellkamp, som eg begynte på i påsken. Det er ei god bok, men ho er lang og tung.

Eg har også begynt på Elskeren av Marguerite Duras. Denne skal lesast saman med ei rekke andre bloggarar, etter initiativ frå Linesbibliotek, og bloggast førstkommande søndag. Halvvegs i boka, liker eg ho godt, og eg er spent på kva dei andre samlesarane synest.

Elles held eg framleis på Seierherrene på lesebrettet mitt. Eg er ikkje klar for å melde meg inn i Roy Jacobsen sin fanklubb heilt ennå, men det er greit lesestoff på bussturar og liknande.

Kva skal du lese denne veka?

Gratulerer, Jon Fosse!

Kl. 11.00 i dag kunngjorde kulturminister Anniken Huitfeldt at Jon Fosse skal få flytte inn i Statens Æresbolig, Grotten, ved slottet. Er det nokon norsk forfattar som fortener dette, så er det Fosse. Jon Fosse er ein stor språkkunstnar og han fortener denne anerkjenninga!

Den ekstremt produktive forfattaren Jon Fosse er mest kjend som dramatikar, og dramatikken hans er omsett til over 40 språk. Han har også skrive fleire romanar og dikt, mellom anna ein av mine favorittromanar Morgon og kveld. Tittelen Morgon og kveld er ein allusjon til begynnelsen og slutten på livet, som romanen handlar om. I første del følgjer vi Olai som venter på at sonen Johannes skal bli født, i naborommet. I andre del følgjer vi Johannes den dagen han døyr. Morgon og kveld er roman rik på symbol, med eit vakkert språk som viser fram dei store grenseovergangane i livet. På same måte som Fosse skildrar overgangen mellom fødsel og liv, liv og død i Morgon og kveld, skildrer han overgangen mellom det friske og det gale mennesket, fantasi og verkelegheit i Melancholia I-II. Dette er ein sterk roman som tek utgangspunkt i livet til kunstnaren Lars Hertervik. Også Andvake er ein kort, men vakker roman, som er høgst lesverdig.

Dramatikken til Fosse er skriven for scene, men fleire av stykka hans er godt egna som lesestykke også. Eg har lese "Sonen" og "Draum om hausten", og i begge stykka er dei mange mellomromma mellom menneskene og alt det som ikkje blir sagt, veldig framtredande. Det er ein kunst å skildre mellommenneskelege relasjonar, slik som Fosse gjer det i desse stykka. Det er ein kunst han meistrar.

Vil du ha ein smakebit på diktinga til Jon Fosse, anbefaler eg deg å sjå han lese "Kven er det som skriv, er det meg?" her.

Gratulerer, Jon Fosse! Eg håper du får mange produktive år i Grotten. Det er ingen andre enn deg, som fortener å bu der, akkurat nå. - Også håper eg ikkje du tar Huitfeldt på ordet, og bytter ut havet med Slottsparken. Eg liker å lese om havet.

May 15, 2011

Lyrikk på ein søndag - Norge

Sidan responsen var god på forrige innlegg, går eg i gang med ein ny runde med søndagslyrikk. Sidan denne runden blir geografisk organisert, har eg bytta ut bokstavane med ein globus.

For å klargjere konseptet for eventuelle nye deltagarar, begynte "Lyrikk på ein søndag"-postane med at eg fekk eit innfall om å lage oppgåver til alle bokstavane i alfabetet og poste dei her på søndagar. Stadig fleire deltakarar har komme til, og om de trykker på fana med "Lyrikk på ein søndag" finn de lenke til alle postane mine. Derifrå kan de, gjennom kommentarfeltet, finne fram til svært mange spennande dikt. Om du har lyst til å vere med på denne reisa, er det bare å svare på spørsmålet i eigen blogg og leggje igjen ein kommentar, slik at vi andre finn posten din. Ta gjerne med deg "logoen" også, om du vil.

Eg var litt usikker på kor eg skulle begynne. Etter å ha tenkt meg litt om kom eg fram til at sidan det er 17. mai denne veka, passar det eigentleg bra å begynne med Norge.

Og oppgåva som kjem til å gå igjen i møte med dei ulike landa, framover lyder som så:
Presenter eit dikt av ein norsk diktar og fortel oss litt om diktaren.

--------------

Det nærmar seg 17. mai, og ingen diktar er vel meir naturleg å tenke på i desse tider, enn sjølve 17. mai-faren, Henrik Wergeland (der fekk eg lurt inn w-en også!). På barneskulen lærte vi at han hadde skrive "Ja vi elsker" og at han var veldig glad i barn og ville at alle barn skulle gå i tog og feire at vi var blitt lausrivne frå Danmark i 1814. Men viss vi ser nærmare på korleis han presenterer seg sjølv, skjønner vi jo at han hadde ei voksen side også. Han var ein kranglefant. Han krangla med Johan Sebastian Welhaven og med Morgenbladet (og ganske mange andre). Riktignok meiner han sjølv at han ikkje er i slet lune, når han kjeftar på journalistane i Morgenbladet:
Som insektets stikk i
muslingen, avler
fornærmelser kun perler i mitt
hjerte.
De skulle engang pryde
min ånds diadem.
Er det ikkje ein fantastisk, pompøs arrogans over ei slik utsegn?

Det er vanskeleg å velje ut eit Wergelands-dikt og presentere det. Men til slutt blei det eit dikt eg har lese mange gonger før, men som eg likevel stopper opp ved kvar gong. Det blir fortald at han skreiv dette på dødsleiet, til blomen, gyldenlakken som veks utføre vinduet hans. Og det er fullt av dei flotte naturskildringane, som er så mykje meir enn naturskildringar, som Wergeland er så kjend for.

"Til min Gyldenlak" (1845)

Gyldenlak, før du din glans har tapt,
da er jeg det hvorav alt er skapt;
ja før du mister din krones guld,
da er jeg muld.

Idet jeg roper: med vindvet opp!
mitt siste blikk får din gyldentopp.
Min sjel deg kysser, idet forbi
den flyver fri.

To gange jeg kysser din søte munn.
Ditt er det første med rettens grunn.
Det annet give du, kjære husk,
min rosenbusk!

Utsprungen får jeg den ei å se;
thi bring min hilsen, når det vil skje;
og si, jeg ønsker, at på min grav
den blomstrer av.

Ja si, jeg ønsker, at på mitt bryst
den rose lå, du fra meg har kyst;
og, gyldenlak, vær i dødens hus
dens brudebluss!Gyldenlak, før du din glans har tapt,
da er jeg det hvorav alt er skapt;
ja før du mister din krones guld,
da er jeg muld.

Idet jeg roper: med vindvet opp!
mitt siste blikk får din gyldentopp.
Min sjel deg kysser, idet forbi
den flyver fri.

To gange jeg kysser din søte munn.
Ditt er det første med rettens grunn.
Det annet give du, kjære husk,
min rosenbusk!

Utsprungen får jeg den ei å se;
thi bring min hilsen, når det vil skje;
og si, jeg ønsker, at på min grav
den blomstrer av.

Ja si, jeg ønsker, at på mitt bryst
den rose lå, du fra meg har kyst;
og, gyldenlak, vær i dødens hus
dens brudebluss!


Det gjekk litt fort i går, og eg skjønner at barnelærdommen ikkje sitt heilt spikra. "Ja vi elsker" er sjølvsagt skriven av Bjørnstjerne Bjørnson.

Lyrikk på ein søndag - W, X, Y, Z... eller ny runde?

Den siste tida har søndagslyrikkpostane vore vanskelegare og vanskelegare å lage. Dels fordi vi har komme til den delen av alfabetet der alle dei vanskelege bokstavane er, men også fordi mange av oppgåvene begynner å bli oppbrukt. Vi har vore innom veldig mange litterære epokar, omgrep og teoretikarar, knytta til dei ulike bokstavane. Og nå begynner det å bli litt tomt for idear hos meg.

Likevel - eg har sett veldig stor pris på aktiviteten rundt desse lyrikkoppgåvene, og eg har lyst til å fortsette å bidra til å oppretthalde eit visst fokus på lyrikk i bloggsfæra. Sjølv har eg lært mange ukjende diktarar å kjenne, både ved å leite etter svar på mine eigne oppgåver, men ikkje minst gjennom å lese svara til dei av dykk som er med og svarer. Og sidan eg er så glad i diktlesing, har eg lyst til å fortsette, men med ein litt anna vri.

Eg har lyst til å gjere om "Lyrikk på ein søndag"-oppgåvene frå å vere alfabetisk organisert til å vere geografisk organisert. Eg har lyst til å leggje ut på ei lyrisk reise, gjennom Europa og vidare til Asia, Afrika og over til det australske og amerikanske kontinetet. I staden for å bruke bokstavar som tema, vil eg bruke land som tema. Og utfordringa vil då kvar søndag vere å gjere seg kjend med og presentere eit dikt og ein diktar frå det aktuelle landet.

Er det stemning for å bli med på ei slik reise?

May 13, 2011

Stafett

Medan folk flest lader opp til holmenkollstafetten, har eg tatt imot ein stafettpinne frå Torbjørn Hauken, som er meir kompatibel med sofalivet. Stafetten blei starta av Dipsolitteraten og du kan lese meir om han i desse postane. Poenget her er å finne eit avsnitt frå ein bok, som er fortald i førsteperson og lime det inn under avsnitta som dei tidlegare deltakarane har limt inn. Resultatet er ei forteljing som begynn å ta form:
Jeg er et sykt menneske… Jeg er et ondt menneske. Et frastøtende menneske er jeg. Jeg tror jeg er syk i leveren. Forresten begriper jeg ikke en døyt av min sykdom, og vet ikke så nøye hvor jeg er syk. Jeg kommer jo tross alt omsider til å være helt død snart. Kanskje i neste måned. Da blir det i april eller mai. For året er bare så vidt begynt, tusener av små ting forteller meg det. Det kan være jeg tar feil, og at jeg kommer til å overleve sankthans, og kanskje til og med den fjortende juli – frihetens dag. Men hva er det jeg sier, kjenner jeg meg selv rett, kunne jeg finne på å holde ut helt til Kristi forklarelsesdag eller Maria himmelfart i august. Men jeg tror ikke det, jeg tror ikke jeg tar feil når jeg sier at disse festlighetene kommer til å finne sted uten meg i år…forresten akter jeg ikke å fortelle hele livshistorien min, det kan dere gi dere nøkken på. Jeg skal innskrenke meg til å skissere i korte trekk hvordan det forholdt seg med dette skrullepetteriet som hendte meg ved juletid i fjor, like før jeg knakk sammen og ble nødt til å dra ned hit og ta det kuli. Da jeg var liten, gjorde jeg sære ting for å bli lagt merke til. Da jeg var seks, pleide jeg å gå og stjele sild fra fiskeboden på markedsdagene. Jeg moret meg med å løpe etter jentene for å gni de nakne leggene deres med foten. På ungdomsskolen gikk jeg med stor sløyfe i stedet for slips for å se romantisk ut og ligne på Byron. Og for å leke billedstormer satte jeg statuen av Jomfru Maria på do. Når jeg gikk inn i en butikk for å prøve et plagg, var det nok at selgeren sa: “Denne er veldig populær, jeg solgte et titalls stykker av den i går” til at jeg ikke kjøpte noe. Jeg ville ikke se ut som de andre. Jeg har alltid hatt et stort behov for å være alene, jeg trenger store flater av ensomhet, og når jeg ikke får det, som jeg ikke har gjort de siste fem årene, kan frustrasjonen iblant bli nesten panisk, eller aggressiv. Men nå var dagen over og jeg kunne kjenne klærne som om de var stivnet på meg mens jeg gikk sammen med de andre tilbake til husene. Overallen som var det eneste vi fikk utenom en genser, og jeg hadde hørt noen si at det bare ville bli en litt tykkere genser til vinteren, og det var alt. Og vi sto i kø for å komme inn og vaske oss i dusjen, og ingen fikk ta av seg før de var inne i dusjrommet, og da jeg endelig kunne ta av meg overallen, var den som en kald klump av gjørme. For meg var den største fornøyelsen på reisene, å komme dit og handle, om og om igjen, vente bak disken mens kniplinger knapper spenner ble pakket inn i papirog folk i køen glodde på en liten femåring som kjøpte strømpebånd og kammer og blanke knapper for en knapp månedslønn til en voksen, summen ble skrevet utenpå pakkene eller på en egen kvitteringsblankett, den ene delen ble dyttet inn i pakkene, den andre fikk jeg. På noen steder kom den første kvitteringen fra et kassaapparat, men ellers foregikk betalingen på samme måte; når vi hadde fått kvitteringen, måtte vi stille oss i en annen kø, kassakøen, der vi ventet foran et støyende kassaapparat for å få betalt summen som stod på kvitteringen, da fikk vi en annen kvittering, med den ble vi sendt til disken vi kom fra, og mot denne kvitteringen fikk vi endelig pakken med varene vi hadde kjøpt. Det passet bra til denne galskapen, hvordan jeg lekte fin dame på handletur, og fordi vi hadde mange rubler fikk jeg leke med ordentlige penger, leke butikk i en ordentlig butikk og leke fin dame som gjorde ordentlige innkjøp.
Eg sender stafettpinnen vidare til Labbens.

Ugly Americans?

For ei tid sidan blogga eg om boka Freedom av Jonathan Franzen. Og i dag kom eg over ein par dagar gammal artikkel om boka i NYRB, "Franzens ugly Americans abroad". Her skriv Tim Parks:

It’s interesting that in this passage the Italian translator has to leave words like “football” (as opposed to soccer), then “Grounds,” and “campus,” in English. This alerts us to a larger problem with translating Franzen; these are not just lists of American things and things American people do, but also—and crucially—of the very words Americans use. Italian has no word for Foosball, nor does it have either the object or the denomination “mechanized recliners,” so that the translator is obliged to explain (and the reader still won’t be able to picture this aberration in all its ugliness).


For the American reader there is the pleasure of recognizing the interiors Franzen so meticulously describes. Not so for the Italian, or German, or Frenchman, who simply struggles through lists of alien bric-a-brac. We might say that if the Swiss Stamm, to attract an international public, has been obliged to write about everyman for everyone everywhere, Franzen, thanks to the size of America’s internal market, but also to the huge pull the country exercises on the world’s imagination, can write about Americans for Americans (which is no doubt as it should be) and nevertheless expect to be read worldwide.

Her gløymer Parks den store påverkinga den amerikanske kulturen og det engelske språket har hatt på oss europearar. Det er ikkje nødvendig å forklare at football ikkje er det same som soccer. Og på Blindern står det skilt med "Blindern Campus". Ordet treng ikkje oversetting. Det er ikkje fordi dei europeiske språka manglar ord, at dei ikkje er oversett, med det er fordi den europeiske lesaren - like som den amerikanske lesaren - også kjenner igjen interiøret Franzen beskriv.


Parks stiller seg uforståande til denne erkeamerikanske romanen sin internasjonale suksess:

But Freedom’s failings are interesting in so far as they deepen the mystery of the book’s international success. It’s one thing for the Americans to hype and canonize one of their favorite authors, but why do the Europeans buy into it?

Etter ei grundigare drøftning av særtrekka til Freedom, som den dystopien han er, kjem han fram til at europearar som kjenner seg kulturelt overlegne amerikanarane, har tatt imot Franzen sin roman med så stor begeistring, ikkje fordi ho er ei god lesaroppleving, men fordi Franzen stadfestar biletet vi liker å oppretthalde, av den dysfunksjonelle amerikanaren:

Franzen is establishing a picture of a dysfunctional America that Europeans feel happy with. With Franzen they can “do” America and have done with it.

Eg må ærleg innrømme at eg kjenner meg ikkje igjen i det biletet av europearen, som Parks maler her. Då eg las Freedom, tenkte eg ikkje over at eg skulle kjenne meg kulturelt overlegen denne dysfunksjonelle amerikanaren. Snarare tenkte eg at min kultur er ein del av den same kulturen som Franzen skisserer. Vi europearar er ikkje så annleis frå amerikanarane, når det kjem til verdimessig og ideologisk forankring. Og når vi ser på miljø- og befolkningseksplosjonsproblematikken, stiller vi ganske likt. Vi veit at store deler av verdas befolkning lev under fattigdomsgrensa og at overbefolkning er eit problem, med vi bruker likevel meir ressurser på å mate kattane våre, enn på å bidra til å utjamne desse forskjellane.


Då eg las Freedom tok eg meg gjentatte gonger i å skamme meg over å vere ein del av det vestlege overflodssamfunnet eg er ein del av (dette blei ikkje betre av at eg las store deler av boka på ferie i Dubai, kor denne problematikken var meir eksplisitt synleg, enn her heime). Det er oss Franzen kritiserer, det er vår kultur som gir oss grunn til å sjå mørkt på framtida. Og eg trur det er derfor vi lar oss gripe av denne misantropiske romanen. Eg tenkte ikkje over at hovudpersonane tilfeldigvis var amerikanarar. Eg tenkte på at vi som lev i dei rike i-landa har rike i-landsproblem, som gjer oss dysfunksjonelle. Også tenkte eg mykje på korleis vi forvalter den fridommen vi har, i vårt samfunn.

Such are the sophistications of the global literary scene.

(Gårsdagens innlegg blei borte, på grunn av problem hos blogspot, så om nokon har lese dette før, stemmer det. Eg poster det likevel ein gong til).

May 9, 2011

Kva skal du lese - veke 19.

Ny mandag og nye leseplanar. Kva skal du lese denne veka?

Svar gjerne i kommentarfeltet eller i eigen blogg.









---------

Eg held framleis på med Tårnet av Uwe Tellkamp. Dette er eit stort verk (både i omfang og litterært) om korleis det er å leve i den akademiske overklassen i Aust-Tyskland, på 80-talet. Skildringane er detaljerte og vi får eit sterkt innblikk i kvardagen til gymnasiasten Christian og hans næraste. Sjølv om skildringane tidvis kan vere litt i overkant detaljrike, er dette ei bok det er verdt å bruke tid på.

På lesebrettet mitt har eg begynt på Seierherrene av Roy Jacobsen. Eg har ikkje lese Jacobsen ennå, så boka blei eit naturleg val då eg skulle teste ut dei norske ebokhandlarane. Det var ein omfattande prosess å få boka over på lesebrettet, men når det var gjort har eg lesestoff for nokre veker. Eg las første kapittel på bussen til og frå jobb på fredag, og eg liker tonen i boka.

Don Quijoute blei dessverre ikkje prioritert forrige veke, så eg har nokre kapittel eg må ta igjen, om eg skal henge med på samlesinga på bokelskere. no.

Elskeren av Marguerite Duras blei innkjøpt forrige veke og skal forhåpentlegvis begynnast på denne veka, som ein del av 1001 bøker-samlesinga på linesbibliotek.

I tillegg har eg Persepolis og Innsirkling 2 heime frå biblioteket. Desse må også lesast, før lånetida går ut.