Oct 9, 2008

I dag blir det avgjort

Klokka 13.00 i dag kjem Horace Engdahl til å kunngjere kven som vinner nobelprisen i litteratur i år. Engdahl har allereide skapt blest rundt prisen i år, ved å hevde at den kritisere den amerikanske samtidlitteraturen som for sensitiv for trender i eigen massekultur her:
- USA er for isolert, for avsondret. De lar seg ikke like lett overføre og deltar ikke i den store litteraturdialogen. Deres uvitenhet er hemmende

Han har klart å erte på seg store deler av det amerikanske litterære miljøet med desse utsagna. Mellom anna hevdar amerikanerane at det er 13 år sidan sist dei fekk prisen, og i løpet av desse 13 åra har det vore 9 europearar, så nå er det på tide at amerikansk litteratur blir anerkjent igjen.

For det første kan vi ikkje snakke om Europa på same måten som amerikanarane snakkar om USA. Tyrkia er jo Europa, men Günther Grass, Doris Lessing og Orhan Pamuk kan vel ikkje seiast å høyre til den same kulturen?

For det andre er det då ikkje ein pris som skal delast ut etter geografiske kriterier. Det er litterære kriterier som skal telje. Denne typen kritikk som Svenska Akademien blir møtt med har vore ein av hovudgrunnane til at vår kjære Astrid Lindgren ikkje fekk nobelprisen. Dersom prisen ville gått til ein svenske, i eit så lite land med eit så lite litterært miljø, ville det blitt ramaskrik og skuldingar om favorisering og kjennskap.

Det er synd at ikkje dei litterære kriteria får vege mest i slike samanhengar.




Men tilbake til årets pris, nå 4 timer før han skal kunngjerast. Ladgroves-lista ser slik ut i år:

Claudio Magris 3/1

Adonis 4/1

Amos Oz 5/1

Philip Roth 5/1

Don deLillo 7/1

Haruki Murakami 7/1

Les Murray 7/1

Yves Bonnefoy 10/1

Inger Christensen 14/1

Eg håper på japanaren eller dansken.
Og det er ikkje fordi dansken er skandinavisk, men fordi ho fortener det.

No comments: