Jun 2, 2009

Lesestoff i sommarsola

Bloggen har blitt nedprioritert dei siste dagane, til fordel for det utruleg fine veret. Eg har prioritert å smøre meg inn med solkrem og ta med bøkene mine ut dei siste dagane. Her kjem ei rask presentasjon av det eg har lese:

Utskudd av Sadie Jones var ei, for meg, ukjendt bok av ein ukjendt forfattar. Eg hadde gløymd å avbestille ho i bokklubben.

Vi møter Lewis som mister mora si som tiåring og følgjer han gjennom tenåra. Lewis blir sett på som eit håplaust tilfelle av fleire av sambygdingane. Folkesnakket og folk sine haldningar til Lewis gjer at han får vanskeleg for å vise fram dei gode sidene ved seg sjølv og historia til Lewis blir ein stadig meir negativ spiral. Lewis er ein plaga gut, som trenger å bli sett. Den vesle nabojenta Kit ser han og dei to utvikler eit spesielt forhold.

Utskudd er ei mørk og dyster historie, som viser korleis mennesker kan påverke kvarandre både på godt og vondt. Det er ei veldig god bok.






William Goldings Lord of the Flies er ein klassikar det kanskje ikkje er nødvendig å seie så mykje om. Eit fly har styrta og ei gruppe born er aleine på ei aude øy, kor dei må klare å samle inn det dei treng av mat på eiga hand. Det danner seg raskt to grupperingar på øya, med to leidarar. For Ralph er bålet det viktigaste. Bålet gjer det mogleg å vise forbipasserande skip at det er folk på øya og dermed representerer det det langsiktige håpet om å bli redda. Den andre gruppa har ein leiar som er i stand til å skaffe dei kjøt, og dermed gjere borna mette umiddelbart. Det er ei sterk og grusom forteljing om kva slags krefter som bur i folk.

Seinast i det siste nummeret av Morgenbladet, var det ein notis om at Lord of the Flies var anbefalt å lese på BI, fordi det var ei bok som sa langt meir om ulike formar for leiarskap enn fleire psykologibøker. Så denne boka frå 1954 er framleis aktuell.






Den siste boka eg har lese den siste tida er Hvermann av Philip Roth. Boka åpner med ei skildring av gravferda til den namnlause hovudpersonen, kor vi møter dottera som forguder faren og dei to sonane som avskyr han. I fortellinga om livet til hovudpersonen er dei mange møtene med døden sentrale. Forteljarstemma høyer til den gamle mannen som ser tilbake på livet sitt, som misliker den han sjølv har blitt og som ikkje har ei forklaring på kvifor livet har utvikla seg som det har gjort. Han framstår til tider som ein usympatisk type, særskilt når han fortel om då han sveik den andre kona si til fordel for den tredje kona, som var halvparten så gammal som han. Han forsøker å begrunne og forklare bort dei svika han har gjort, men han framstår ikkje som ein som tar ansvar for måten livet har utvikla seg.

Forteljinga er kort, med sine 156 sider er det vanskeleg å vite om eg skal kalle ho ein kort roman eller ei lang novelle. Den namnlause karakteren og tittelen Hvermann, gir inntrykk av at boka handlar om noko som gjeld alle menneske. Døden står som eit sentralt tema i teksten og undergangsstemninga er dominerande. Denne kombinasjonen av det allmennmenneskelege og det forgjengelege, gjer at boka blir ei påminning om døden som den uungåelege avslutninga på livet.

10 comments:

Spectatia said...

Det er alltid veldig interessant å lese om andres oppfattninger av Roths bøker - selv om, eller kanskje spesielt når, de ikke overensstemmer med mine egne.

Jeg vet at du ikke er alene om å oppfatte denne hovedpersonen som usympatisk, men selv kan jeg ikke se det som hans mest fremtredende trekk. Jeg oppfatter ham som ganske reflektert og med en relativt sunn forståelse for menneskets begrensninger, noe som gjør at jeg faktisk for det meste sympatiserer med ham.

snowflake said...

Sån tur att du glömde avbeställa då. :-)

Ingrid said...

Philip Roth's bok "Everyman" ligger i min bokhylla och väntar på att bli läst!

Ylva said...

På den beskrivningen låter det inte som "hvermann", men det verkar vara en intressant bok.

Bai said...

Spectatia, eg oppfatta hovudpersonen som usympatisk og til tider egoistisk på grunn av måten han oppfører seg på ovanfor andre menneske. Han ser ikkje seg sjølv i forhold til dei andre, noko scena med jenta som joggar forbi han på stranda tydeleggjer. Men han er jo reflektert og sjølvkritisk også.

Ylva, eg stussa også på tittelen medan eg las boka og synest denne er veldig interessant. Ho handlar jo i stor grad om mennesket sine begrensningar, som Spectatia seier. Både i form av dei begrensingane ein har i forhold til andre og i forhold til det faktum at ein må forhalde seg til døden. Og slik sett skildrar han noko allmennmenneskeleg. Men tittelen er svært interessant. Kven er eigentleg "hvermann"?

Spectatia said...

Om Everyman på Wiki.

Spectatia said...

Jeg blir jo så entusiastisk når noen vil diskutere Roth at nå har jeg funnet fram scenen med joggeren og lest den igjen.

Kanskje mangler jeg noe fundamentalt, men jeg tror egentlig ikke han er så unik i sitt syn på seg selv i forhold til andre. Derimot er han veldig ærlig med hvem han er og det er det jeg liker med flere av Roths hovedpersoner.

Bai said...

Han er ærleg, det er eg enig med deg i. Og han fortel historia om seg sjølv på ein veldig beint-fram-måte, utan å forsøke å forklare bort og dekke til. Men eg blir likevel irritert på han, fordi han ikkje tar ansvar for seg sjølv, eller ser at det er hans val som har fører han dit han er.

Takk for link til oppslaget om "Everymann". Eg kjendte ikkje til dette, men eg hadde, frå tittelen på boka forventa ein veldig ordinær protagonist. Og det er jo denne mannen.

Anonymous said...

Hørest ut som en interessant bok. Men mener du alvorlig talt at 150 sider er for lite for at en bok skal kalles roman? dET ER JO NÅ I DET SISTE EN HAR BEGYNT Å SKRIVE MURSTEINER. fØR VAR JO 150 SIDER AKSEPTABELT FOR EN ROMAN. Personlig kan jeg ikke fordra lange bøker som skal tvære ut innholdet. Ja til flere ROMANER på 150 sider.

Bai said...

For all del, ein kan kalle ein roman på 150 sider ein roman. Og dei skrivande kan sikkert skrive kortare romanar enn dette. Men denne teksten har eit novellistisk preg. Vi følgjer ein hovudperson gjennom heile teksten og det er ei veldig einskapleg og samla handling. Dermed synest eg han havnar i grenselandet mellom desse to sjangrane.