Eg er heime frå ferie igjen, fleire lesaropplevingar rikare. Den første boka eg las ferdig medan eg var på tur, var Sofi Oksanen si bok, Utrenskning.
Sofi Oksanen
UtrenskningOktober forlag 2010
322 sider
Sofi Oksanen vann Nordisk råds litteraturpris for denne boka, og eg må bare slutte meg til den etterkvart store gruppa folk som seier at dette var velfortent!
Utrenskning er ei svært god bok, og eg vil gjerne lese meir av Oksanen.
Handlinga er lagt til ei lita bygd i Estland, dels i 1992, like før det første presidentvalet i det sjølvstendige Estland og dels til tida under og etter 2. verdskrigen, då Estland var ein del av det kommunistiske Sovjet. Aliide har budd på den vesle garden der ho veks opp på heile livet, og ein dag i 1992 kjem det plutseleg den unge jenta Zara til garden. Aliide er skeptisk, men slepper etterkvart denne jenta som viser seg å vere ei russisk jente som har levd i ei gjeld ho ikkje heilt skjønner kor kjem frå, til halliken sin. Zara har røymd frå denne halliken, og søker tilflukt hjå Aliide. Men etterkvart finn Aliide ut at akkurat hennar gard ikkje var så tilfeldig vald av jenta.
Parallelt med historia om Zara som har røymd til Aliide sin gard, blir også historia om Aliide og søstera Ingel, som forelskar seg i den same guten like før andre verdskrig bryt ut, fortald. Dette er både ei sterk menneskeleg historie, om korleis relasjonane mellom dei to søstrene utvikler seg og samtidig ei historie om mentaliteten til folk under sovjettida. Søstrene må velgje kor dei vil plassere lojaliteten sin, og dei tek to svært ulike val, noko som også pregar relasjonen mellom dei.
Utrenskning er ei svært god bok. Karakterane er truverdige og har både sympatiske og usymatiske trekk, i tillegg til at det historiske og skildringa av mentaliteten til ulike folk til ulike tider er svært sterkt og godt skildra. Forteljinga er rik på detaljar, til tider grufulle og groteske detaljar, men likevel er boka svært godt skrive.
Utrenskning er ei bok som har gjort inntrykk på meg, og eg veit at det er ei slik bok eg vil hugse.