May 1, 2011

9/52 "The Queen of Spades" av Alexander Pushkin


Nå har eg prøvekøyrd den fine, sølvgrå Sony Readeren min, med ei 28 sider lang russisk novelle. Labbens las "The Queen of Spades", som ei av dei første novellene sine, og inspirerte meg også til å lese denne. Den første eboka eg lasta ned på readeren min, blei gratisversjonen av Best Russian Short Stories frå bookdepository.

"The Queen of Spades" er skriven i 1834 og er prega av den gotiske seinromantikken. Den tyskætta soldaten Hermann er svært redd for å ta sjansar og spele bort arva si, så han er bare tilskodar når dei andre soldatane speler kort. Medan dei andre soldatane speler, fortel ein av dei ei historie om bestemora si. Ho hadde skaffa seg ei stor spelegjeld i Paris, då ho var ung. Då lærte ho noko om korta, som hjelpte henne til å vinne tilbake det ho hadde tapt. Etter det har ho ikkje spelt kort. Ho har heller ikkje delt dette hemmelege, med verken sonar eller barnebarn. Hermann blir besatt av å arve denne hemmelegheita, og han går i gang med ein plan kor han sjarmerer tjenestejenta til den gamle dama for å komme inn i huset. Her forsøker han å truge til seg denne hemmelege kjelda til rikdom:
“If your heart has ever known the feeling of love,” said he, “if you remember its rapture, if you have ever smiled at the cry of your new born child, if any human feeling has ever entered into your breast, I entreat you by the feelings of a wife, a lover, a mother, by all that is most sacred in life, not to reject my prayer. Reveal to me your secret. Of what use is it to you?...May be it is connected with some terrible sin with the loss of eternal salvation, with some bargain withthe␣ devil... Reflect,——you are old; you have not long to live——I am ready to take your sins upon my soul. Only reveal to me your secret. Remember that the happiness of a man is in your hands, that not only I, but my children, and grandchildren will bless your memory and reverence you as a saint...”

The old Countess answered not a word.
Etter dette, døyr den gamle hertuginna. Den seinromantiske gotikken er ikkje framand for spøkelser, og den gamle kjem til Hermann, ufrivillig, seier ho og gir han hemmelegheita likevel. Han skal satse på korta tre, sju og ess, så vil han vinne. Hermann forsøker å spele, som hertuginna har fortald han, og han vinn over 90 000 rubler, før han taper på siste kortet. Det viser seg at esset han trudde han hadde, var "The Queen of Spades", som liknar på hertuginna og som blinkar til han frå kortet. Dermed blir Hermann driven inn i galskapen, og resten av livet sitt han på eit sjukehusrom og seier "Three, seven, ace" om og om igjen.

"The Queen of Spades" er ei svært spennande novelle og som sagt er dei gotiske elementa sterkt tilstade i teksten. Eg grøsser og får frysningar nedover ryggen, når den gamle hertuginna heimsøker Hermann etter gravferda. Eg liker også forteljarstemma, som liksom rettleidar lesaren og som på godt, gammalt 1800-talsvis kjem med viktige tillegg og kloke visdomsord innimellom forteljinga.For eksempel blir det femte avsnittet i novella innleia med: "Two fixed ideas can no more exist together in the moral world that two bodies can occupy one and the same idea in the physical world". Og betre kan vel ikkje Hermann si fiksering på å få greie på hertuginna sin hemmelegheit beskrivast.

2 comments:

labben said...

Så kjekt at du likte denne =)

Nå fikk jeg lyst til å lese mer Pushkin, og det passer fint siden jeg kjøpte "The Complete Prose Tales: Alexandr Sergeyevitch Pushkin" på Norli forrige uke.

Jeg ligger altfor langt etter i novelleutfordringen, så jeg må nok lese et par novellesamlinger for å hente meg inn igjen, selv om jeg hadde tenkt å skrive om hver novelle.

Bai said...

Eg ligg også litt etter, men eg tenker at med nytt lesebrett, er bussturen til og frå jobb super til novellelesing, så eg rekner med det vil gå unna etterkvart.